Forside:Volda kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Rogaland • Vestland • Møre og Romsdal • Trøndelag
DISTRIKT: Sunnmøre • Romsdal • Nordmøre
KOMMUNE: VanylvenSandeHerøyUlsteinHareidVoldaØrstaStrandaFjordSykkylvenSulaGiskeHaramÅlesund
TIDLIGERE KOMMUNE: Norddal • Skodje • Sandøy • Stordal • Ørskog • (Hornindal)

Om Volda kommune
1519 Volda komm.png
Volda kommune er ein av kommunane på Sunnmøre i Møre og Romsdal. Kommunen grensar i nord til Ørsta og Ulstein, i sør til Stad og Stryn, i øst til Stranda og i vest til Vanylven. I sjøen er det grense til Herøy. Volda kommune omkransar, eller er delt av Voldsfjorden, med fjordgreinane Dalsfjorden og Austefjorden. Kommunen fekk sin noverande form i 2020, då tidlegare Hornindal kommune og to kretser frå Ørsta kommune vart innlemma. Administrasjonssenteret er tettstaden Volda med blant anna sjukehus og Høgskulen i Volda. Kommunen har fire kyrkjer, Volda kyrkje, Dalsfjord kyrkje, Austefjord kyrkje og Kilsfjord kyrkje.   Les mer ...
 
Smakebitar fra artiklar
Dette bilde av «Sigfred» er teke frå kaia på Vik. I bakgrunnen ser ein garden Hunneset
.

MB «Sigfred» N-20-BR, var bygd i 1948 ved L/L Vik Båtbyggeri. Registreringsbokstavane fortel at båten er registrert i Nordland fylke, og i Brønnøy fiskeridistrikt i Sør- Helgeland. «Sigfred» var truleg den fyste båten over femti fot som var bygd på Vik. Spesifikasjonar frå fiskeriregisteret er på båtlista for Vik. Båten var bygd for Arne Iversen, Brønnøysund, og vart overlevert 1 eller 2 mars 1949.

Båten var som alle kravellbygde båtane på 1940, 50 og 60 talet bygd på doblingspant. I artikelen om doblingspant vert begrepet forklart. Båten hadde to køyer i kahytta og seks køyer i lugaren. Lugarkappe, lukekarm og keising var i stål. Byssa var i akterkant av keising. I akterkant rorhus var ein liten bestikklugar med kartbord. Oppgang frå keisinga til rorhuset var under kartbordet. Elles alle instrument som var vanleg den tida. Instrument vert elles skifta og fornya etter kvart som forbetringane dukkar opp, og det elles er formålstenleg.   Les mer …

Kart over indre del av Austefjorden
Løfoll notlag var eit notlag i Austefjorden i Volda kommune. Notlaget (Løfoll bruk 66/2) hadde ei landnot. Eigarar: Sivert E. Løfoll og sønene Sverre og Erik bruk 66/4. Fyrst brukte dei nota frå ein stor færing, truleg bygd av Rasmus Høydalsvik (truleg den yngste av Rasmus-ane. Der var ikkje mindre enn tre samtidige Rasmus Høydalsvik som bygde båt samtidig ei tid i Vikane). Sigurd Løfoll fotel at då han kom flyttande til Folla saman med foreldre og syskjen i 1944, var nota der, men han veit ikkje kor lenge den hadde eksistert då.   Les mer …

Nøre Bjørkedalen
Foto: Arnfinn Kjelland
Bjørkedalen er eit bygdelag lengst sør i Volda kommune på grensa mot Nordfjordeid og Sogn og Fjordane. Bygda er dominert av Bjørkedalsvatnet, og består av matrikkelgardane Søre Bjørkedalen, Eidseflot, Løset, Helset og Nøre Bjørkedalen.   Les mer …

Røde Kors-huset i Volda
Foto: Arnfinn Kjelland

Volda Røde Kors Hjelpekorps vart stifta i desember 1944 under namnet Volda Raude Kors Hjelpekorps. Stiftingsmøtet skulle vore 5. desember, men vart utsett på grunn av bombeangrepet i Ørstafjorden der reisesekretæren frå Norges Røde Kors, Kåre Bertelsen, deltok i hjelpearbeidet. Hendinga var nok medverkande til at 55 personar teikna livvarig medlemskap og om lag like mange meldte seg til teneste i hjelpekorpset.

Alt 23. mars 1945 fekk korpset bokstaveleg talt sin «elddåp», i samband med flyangrepet i Dalsfjorden. Da vart mange såra tyskarar frakta til Volda, der hjelpekorpsfolk hjelpte til.

Etter fredsslutninga kom det evakuerte frå Finnmark til Volda. Hjelpekorpset samla inn pengar og deltok i mottaksarbeidet elles.   Les mer …

Sigurd Bjørkedal
Foto: Heidi T. Sletten (2009)
Sigurd Asgeir Bjørkedal (fødd 6. mai 1920, død 15. mars 2011 i Eid) var båtbyggjar, bonde og lokalpolitikar i Volda kommune. Bjørkedalen i Volda har lange båtbyggjartradisjonar, og han var ein vesentleg tradisjonsberar innanfor dette feltet. Arbeidet hans var viktig for å ivareta tradisjonen med å klinkbyggje trebåtar både lokalt på Sunnmøre og i nasjonal samanheng. 21. november 2009 fekk Sigurd HM Kongens fortenestemedalje i sølv. Sigurd Bjørkedal var son av båtbyggjar Daniel Jakobsson Bjørkedal (1880-1960) og Kanutte Severine Sivertsdotter (1888-1985). Sigurd var gift med Signe Aasen (1923-2006) frå Nordfjord. Dei budde på farsgarden Jakobsgarden på Søre Bjørkedalen, Volda. Saman med Signe fekk Sigurd sjølv seks barn, derav tre søner som og vaks opp med arbeidet i båtskotet og i dag fører handverket vidare. Sigurd tok ikkje berre vare på arven frå forfedrane sine, men formidla den òg vidare til sønene sine.   Les mer …

Dette er «Varnes», truleg ein av fyrste turane med båten. På dekket framom rorhuset står Klara Marie Velle og Inge Rolv Velle.
MB «Varnes» F-10-LB. Kjenningsignal: 3YGO. L/L Vik Båtbyggeri bygde denne båten i 1946 for Alf Nilsen, Kjøllefjord i Lebesby. Det vart bygt nokre båtar i storleik rundt 35 fot. Desse båtane har det no seinare vore vanskeleg å spore opp. Varnes fann ein på eit bilde der fiskerimerket var synleg. I fiskeriregisteret finn ein namn på eigar, og det gir spor for meir opplysningar. Håkon Høydalsvik hugsar frå då båten var bygd. Båten var bygd tradisjonelt på doblingspant, truleg 5-toms tømmerbreidd. Korleis den tradisjonelle oppbygginga av skrog var ved Vik, har artikkelen Hud og dekk litt meir detaljar om.   Les mer …
 
Sjå òg
 
Kategoriar for Volda kommune
 
Andre artiklar