Hans Ruø

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Hans Ruø.
Foto: Hentet fra Fugelsøy (1963): Frøyaboka

Hans Johannessen Ruø (f. 22. januar 1878 på Ruøy i Aure kommune, død 6. juni 1968) var lensmannFrøya i 23 år. Han var sentral i arbeidet med å få transportert den norske gullreserven over til Storbritannia i mai 1940.

Familie

Hans Ruø var son av fiskarbonde Johannes S. Ruø (1839-1903) og Marit J. Ramsvik (1845-1926). Han vart gift i 1912 med Valborg A. Sæter frå Valsøyfjord.

Utdanning og arbeid

Ruøy vart uteksaminert frå 5. Divisjons underofficersskole i 1901. Frå februar 1903 til 12 oktober 1925 var han autorisert lensmannsbetjent i Aure. Han vart deretter lensmann på Frøya. Under krigen vart han avsett av okkupasjonsmakta, men byrja igjen då freden kom. Hans gjekk av med pensjon i 1948, og ekteparet Ruø busette seg då i Aure.

Gulltransporten

I 1940 fekk Hans Ruø rekvirert to større fiskefarty frå Frøya til den såkalla "gulltransporten", som skulle frakte det norske gullageret over til Storbritannia. Skøytene transporterte gullet opp til Tromsø.

Kjelder