Forside:Gaular kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Gå til: navigasjon, søk

ØSTLANDET • SØRLANDET • VESTLANDET • MIDT-NORGE • NORD-NORGE
Rogaland • Hordaland • Sogn og Fjordane • Møre og Romsdal
Sogn • Sunnfjord • Nordfjord
Jølster • Førde • Gaular • Fjaler • Askvoll • Naustdal • Flora • Bremanger

Om Gaular kommune
1430 Gaular komm.png
Gaular kommune ligg i Sogn og Fjordane og grensar til Askvoll og Førde i nord, Balestrand i aust, Høyanger i sør og Fjaler i vest. Einaste tettstad i kommunen er administrasjonssentert Sande.

Gaular er ein landbrukskommune, der særlig storfe- og sauehald er viktig. Elva Gaula har godt laksefiske, og er utbygd med laksetrapper.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Gustav Ludvig Indrebø (1889-1942) var ein filolog, historikar og lærar, som var fødd i Samnanger i Hordaland. Han arbeidde mykje med norrøn filologi, eldre norsk historie og stadnamn. Norsk språkhistorie var også eit viktig arbeidsfelt for Indrebø. Han var elles svært aktiv innanfor målrørsla, som talsmann for den tradisjonelle høgnorsklinja (det opprinnelege nynorske skriftmålet som Ivar Aasen utarbeidde; Aasen-normalen). Gustav Indrebø var bror til biskop Ragnvald Indrebø (1891-1984).   Les mer …

Familien Tjønneland i 1933.
Foto: Ukjent.
Elling K. Tjønneland (fødd 29. januar 1881 i Gaular, død 1960 i Skjåk) var folkeskulelærar i Skjåk frå 1904 til han gjekk av med pensjon i 1951. I sine haldningar og gjennom si verksemd i og utanom lærargjerninga svara han godt til dei gjengs førestillingane om den typiske vestlandslærar. Han ivra for fråhaldssaka og målsaka, og var elles aktiv i skulepolitikk, helsearbeid og ungdomslagsarbeid. Hans arbeid for nynorsk skulemål skaffa han ikkje berre vener i bygda. Under okkupasjonstida var han ein frittalande antinazist, og han var aktivt med i den organiserte sivile motstandskampen. Han var fødd og oppvaksen på gardsbruket Tjønneland (også kalla Stølen eller Knutsstølen) i Viksdalen sokn i Gaular. Det var eit lite, veglaust og tungdrive bruk som ligg 570 meters høgde over fjorden. Foreldra var Knut Sørensson Tjønneland (1832-1917) og Olina Ellingsdotter (fødd Hellebust, 1842-1903). Elling var den sjuande av ein syskenflokk på ni. Tjønneland tok lærareksamen ved Volda lærarskule i 1903. Etter eit vikariat i Horte og Håland krinsar i Landvik (nåverande Grimstad kommune), kom Tjønneland til Skjåk hausten 1904. Der var han lærar samstundes i Øygard og Gjeilo krinsar fram til 1916.   Les mer …

 
Sjå óg
 
Eksterne ressursar
Forside:Gaular kommune/Eksterne ressursar
 
Kategoriar for Gaular kommune
ingen underkategorier
 
Mest lest