Forside:Heimar og folk i Bykle

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Om Heimar og folk i Bykle
Heimar og folk i Bykle, band I.

Heimar og folk i Bykle er ei gards- og ættesoge i fem band for Bykle kommune i Setesdal, forfatta av Aanund Olsnes og utgjeve i 2006. Bykle hadde ei ættesoge frå 1966, Gards- og ættesoge for Bykle, med eit stutt utdrag av kultursoga av Knut Gjerden og Bjørgulv Holen. Kring 1990 byrja folk i kommunen å sjå på om det var mogleg å få ei oppdatert soge, som også tok for seg historia til sjølve garden, og ikkje berre ætta.

Det vart nedsett ein komite med Bjarne Tveiten som leiar, og Aanund Olsnes frå Vinje vart tilsett som forfattar hausten 1998. Kommunens kulturkonsulent Astri Rysstad og vikaren hennar, Helene Fredly, var koordinator, medan nemnda og forfattaren tok seg av det faglege. Medlemene i nemnda var frå starten Tora Mosdøl, Gerd Fosse Hovden, Per Breivegen, Bjarne Tveiten og Folke Nesland. Tveiten og Nesland gjekk etter ei tid ut av nemnda, og i staden kom Leonhard Jansen og Angerd Mosdøl inn. Jansen vart ny leiar. Per Breivegen gjekk bort sumaren 2005, året før boka kom ut.

Bygdebøker i fleire band blir gjerne utgjeve over fleire år, men i Bykle valde ein å gje ut alle fem band samstundes.   Les meir ...

 
Smakebitar frå artiklar
Dette er stoga i Der nede ein gong i 1960-åra. Diverre brann dette huset 6.10.2005, så her ser ikkje lenger såleis ut. Bilete frå Torjus Lunden på grannebruket.

Bureisingsbruket Myro Der nede i Bykle kommune, som ligg vestom Bjørnarågardane, ned mot Bjørnaråhylen, vart utskilt frå Der heime i 1921. Det er litt rart at det skulle verta kalla Nordigard i matrikkelen, ettersom det ligg sør for det hitt, jamgamle bureisingsbruket i Bjørnarå, som vert kalla Uppigard, men såleis er det. Til dagleg går likevel båe bruka under namnet Myro, Nordigard er Myro Der nede, Uppigard er Myro Der uppe, og dette virkar meir logisk.

Det var Hallvard Knutsson Skarberg og kona, Jorunn, fødd Haugen, som fekk kaupe denne parsellen av Der Heime. Seljaren var Tarjei, son åt Jorunn, som hadde overteke Der heime etter faren. Jorunn var enke etter Bjørgulv T. Bjørnarå då ho gifte seg med Hallvard i 1910. Hallvard var son åt Knut Ånundsson Skarberg, som på denne tid var brukar i Der heime, og kona, Torbjørg Hallvardsdotter, fødd Uppstad.   Les mer …

Støylo 1.1.2006.
Foto: Aanund Olsnes

Støylo i Bykle kommune har tunet sitt oppi bakkane vestom Strandestøyl og nordom Storstein. Eigedomen vart formelt utskilt frå Systog Trydal så seint som i 1919, då Tarjei Olsson Trydal skreiv skøyte til den yngre broren Ånund, men bruket var etablert som plass ei god tid fyre dette.

Dei fyrste me veit om budde her er oppskrivne i 1865-folketeljinga som fylgjer:

Thoræ Olsdatter Pige med Plads ug 52
Berget Olsdatter do ug 47
Aldersoppgåvene i folketeljinga tykkjest så rette som ein kan vente, ettersom Tore var fødd 1814 og Birgit i 1820. Ugifte jenter med sin eigen husmannsplass var ikkje særleg vanlege, korkje i Bykle eller andre stader, men når ein finn døme på det, kan ein vera tolleg sikker på at det dreiar seg om gardmannsdøtrer som, heller enn å verta gåande som tenestejenter for bror sin, har fått seg plass som erveoppgjer. Såleis også her: Tore og Birgit var døtrene av Olav Tarjeisson i Systog og kona, Eli Åsmundsdtr.. Då foreldra utpå 1840-talet overlet bruket sitt til eldstesonen og sjølve tok foddog, fekk dei to ugifte døtrene bygsle Støylo på livetida.   Les mer …

Loptet frå Gjerden Der inne vert tidfest til 1600-talet. I dag står det i Huldreheimen, og då dette biletet vart teke, 20.7.2005, var det under restaurering.
Foto: Dag Rikard Olsnes

Der inne er eit av dei eldste bruka på Gjerden i Bykle. Etter det me kom til i bolken om den udela garden er Åvold Tarjeisson den fyrste kjende oppsitjaren her. Nett kva tid han døydde er uvisst, men siste venda me har funne han nemnd er i 1661. Sidan er han ikkje med i kjeldene våre, så han har vel lide av ein gong ved dette leitet. Rett nok vart ikkje skiftet etter han tinglyst fyrr i 1667, men at det stundom kunne taka nokre år mellom eit dødsfall og bokføringa av erveoppgjeret, var ikkje uvanleg. Sorenskrivaren utførde ikkje tinglysingar frå Bykle på kvar tingsamling, men tok fyre seg ein bunt når han tykte han hadde høveleg mange.

Åvold og kona hans hadde rett nok bruka 15 skinn veit me, men det dei åtte var berre 4 nottungar, står det i skiftet, og ettersom 1 nottung landskyld i Bykle tykkjest vera det same som 1/2 kalveskinn, var heile den faste eiga i buet berre 2 kalveskinn, dvs. 2/15 av den jorda Åvold hadde bruka, som då han døydde svara omtrentleg til dei seinare Der Inne og Nordstog.

Me set inn oversynet over familien hans på denne staden:

  • Åvold Tarjeisson Gjerden, n 1623, d ca 1661
g 1. m ukj., d fyre 1645.   Les mer …

Haugebakk i Bykle ligg vestom Kroné og litt høgre i terrenget, altså ikkje fullt så langt ut på bruna mot åjuvet. Tilliks med Kroné har Haugebakk gått ut ifrå Uppistog, og også tilliks med Kroné vart det eit sjølveigande småbruk. Men Haugebakk vart aldri matrikulert for seg sjølv, og difor er eigedomen utan eiga landskyld og eige bruksnummer. Ein grunn til at dette i seinare tid ikkje har vorte oppfatta som nødvendig, er rimelegvis at oppsitjaren i Haugebakk etter 1949 også har ått Kroné, og at dei to bruka sidan då har vore rekna som eitt, med bnr 6 under Byklum, men utan at denne faktiske samanslåinga nokon gong har vorte formalisert.

Bruket kom til ved at Hallvard Torleivsson kaupte ein utmarksteig av Ånund Pålsson på Kultro i 1883, dyrka han opp, sette seg opp hus, og flutte hit.

Hallvard var frå Uppistogshaugo, foreldra hans var Torleiv Torleivsson Holen og kona, Margit Knutsdotter, fødd Hisdal.   Les mer …

Nesland Der heime 1965.
Foto: Fjellanger-Widerøe

Der heime var hovudbølet på Nesland i Bykle kommune.

Ved jordebytet i 1682 (sjå bolken om den udela garden) tykkjest Gunnar Knutsson, som vart sitjande med det største bruket, ha vore ein mann i 70-årsalderen. Han hadde likevel nokså unge søner, går det fram av manntalet frå 1666, men sannsynlegvis var han to vender gift. Kva konene hans heitte, veit me ikkje.

  • Gunnar Knutsson Nesland, f ca 1609-1613, d fyre 1683
g 1. m ukj. Born, iallfall:
  • Bjørgulv, f ca 1635, n 1664-1668, 1712, g m ukj., sjå Valle III, 628
  • Olav, n 1683, g m Tore Jonsdotter, sjå nedanfor
  • Vetle, f ca 1644, d ca 1720, ug, sjå Sygard, jfr nedanfor
  • Tone, g m Torleiv Olavsson Stavenes (e.), sjå Utistog Stavenes, gnr 16, bnr 4-5
g 2. m ukj. Born:
  • Åsmund, f ca 1651, sjå Mosdøl
  • Nottov, f ca 1653, n 1664, lagnad ukj.
  • Knut, f ca 1654, ug., «død udi armod» fyre 1700, sjå Mosdøl
  • Gunnulv, f ca 1659, sjå Mosdøl
Gunnar åtte i 1670 attåt Nesland Der heime også 1/2 hud i Mosdøl. Me reknar med at dette er forklaringa på at tre av sønene hans sidan budde der.   Les mer …

Solbakken 18.8.2005.
Foto: Aanund Olsnes
(2005)

Solbakken er eit småbruk som ligg mellom Nordgarden og Midbø. Det vart formelt utskilt frå Nordgarden i 1928, då det vart tinglyst at Åsne O. Breive hadde kaupt denne parsellen hjå Hallvard Hallvardsson i Nordgarden. I røynda hadde ho og Knut T. Byklum, mannen hennes, båe budd her frå 1920, og Knut iallfall frå 1914.Åsne var dotter åt Olav Alvsson Breive i Der uppe og kona, Åshild Hallvardsdotter.

Me veit ikkje kva foreldra åt Tomas Jonsen heitte, men han tykkjest ikkje ha vore nærskyld dei andre samane me høyrer gjete i Bykle. I fylgje kyrkjeboka var han fødd i Vilhelmina sokn i Västerbotten i Sverige, og ettersom han vert oppført med reingjetar som yrkesnemning, reknar me med at han arbeidde for Breive Reindriftssamlag. Det kan tenkjast at han er identisk med den Tomas Jonsson frå Vilhelmina som vart fødd 11. mai 1882 i Susendalen i Hattfjelldal kommune av foreldra John Tomasson Slettfjell (f 1850) frå Susendalen og Elisabet Andrietta Larsdotter (f 1852) frå Lappmarken. Tomas og Åsne budde hjå far hennes i Der uppe det året dei var gifte. Sidan budde ho truleg hjå broren på Flaten til ho gifte seg omatt med Knut T. Byklum i 1920.   Les mer …
 
Sjå også:
 
Eksterne ressursar
 
Kategoriar for Heimar og folk i Bykle
ingen underkategorier
 
Andre artiklar