Oscar Handeland ved skrivebordet, 1941. Foto: NLM-arkivet Oscar Handeland ( 1890- 1967) var i heile sitt yrkesaktive liv tilsett i Norsk Luthersk Misjonssamband som historikar, redaktør i Kineseren ( Utsyn) og lærar i kyrkje- og misjonshistorie ved misjonsskulen på Fjellhaug på Sinsen i Oslo. I denne artikkelen vert det gjort greie for hans arbeid som historikar med særleg vekt på hans framstilling av lekmannsrørsla i høve til den offisielle kyrkja.
I 1916 utgav fellesstyret (hovudstyret) i Det norske lutherske Kinamisjonsforbund ei historiebok om organisasjonen. Den har tittelen 25 år. Det står ikkje noko om kven som har skrive boka. Seinare vart det klart at forfattaren var Oscar Handeland. Handeland var på den tida redaksjonssekretær i Kineseren og medhjelpar eller assistent for Johannes Brandtzæg. Brandtzæg var sekretær (generalsekretær) i Kinamisjonsforbundet. Les mer …
Foto: Britt Kjellesvik Rage
Kristnebleie var ein mykje brukt dåpsskikk på Vestlandet med å leggja ein brodert duk over brystet på dåpsbarnet når ein heldt det fram til døypefonten. Kristnebleien var dekorert med forskjellige symbol som skulle halda vonde maktar ute. Det er ei smal, avstiva smekke utan knyteband, som berre var meint å leggja oppå barnet, frå halsen til føtene. Smekken var utbreidd særleg på Vestlandet, frå Vest-Agder og langs kysten til Sogn og Fjordane. Det finst også nokre få døme på dåpssmekker frå Telemark og Aust-Agder, men desse er av ein mindre type. Brystduken har gått under forskjellige namn og har gjerne hatt ein ulik form, alt etter dei ulike landsdelane. På Vestlandet har ein gjerne nytta omgrepet «kristnaduk», mens ein i Agder har brukt termen «smykke». Men som oftast har ein kalla denne brystduken for «bleie» eller «kristnebleie», truleg eit namn som har vorte overført frå ein tidlegare type plagg, det kvite dåpslakenet som vart kalla bløye eller bleie. Kristnebleien må difor vera av yngre type enn dåpslakenet. Les mer …
Tryggheim bedehus, i Evje sentrum, vart vigsla i 1904, og er det eldste i Evje og Hornnes kommune Bedehus i Evje og Hornnes. For femti år sidan var det på landsbasis om lag 2500 bedehus. Mange bedehus er på grunn av folkeflytting og mindre interesse for bedehusverksemda nedlagde. Det er uvisst kor mange bedehus som no er i aktivitet. Truleg er det bortimot 2000. I Evje og Hornnes vart det i fyrste halvdel av 1900-talet reist fem bedehus. Dei er alle fortsatt i drift. I denne artikkelen vert det kort gjort greie for dei fem bedehusa, samstundes som aktiviteten på bedehusa vert sett inn i ein breiare samanheng. Les mer …
Slik såg leirstaden ut i mange år.
Evjetun leirstad og ungdomssenter i Evje på Agder er ein av dei om lag tretti leirstadane Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM) har i Noreg. Evjetun er ein topp moderne leirstad som driv forskjellige former for barne- og ungdomsarbeid. Sjølve «flaggskipet» på Evjetun er leirskuleverksemda, ti veker om våren og ti om hausten. Då kan det vere opp mot 120 leirskuledeltakarar per veke. Evjetun vart bygt i 1961. Då reiste NLM mange leirstader kring i landet.
2. pinsedag 1961 vart Evjetun leirstad vigsla av hovudstyreformann Kristian Haanes. Bortimot tusen menneske – langt over det ein hadde reikna med – var møtt fram til vigslingshøgtida, skriv krinssekretær Olav Kleven i Ut i all verden nr. 3 1961. Les mer …
|