Ingerid Johanna Lavik

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Ingerid Johanna Lavik (fødd 20. mars 1913 i Austevoll, død 23. september 2001 i Klepp) var husmor og folkeminnesamlar.

Biografi

Då Lavik blei fødd, fekk ho namnet Ingrid Johanna Ivarsdotter Nauthella.[1] Ho budde på plassen Nauthella under garden Kolbeinsvik i Austevoll. Foreldra var Ivar Knutsen og Johanne Absalonsdatter, begge frå Austevoll.[2] Ho hadde fire sysken, blant dei Knut Olai Nauthella (1904-1938) som òg var folkeminnesamlar.[3][4]

I 1937 gifta ho seg med Sigmund Johannesson Lavik frå Lavik i Sogn, og ho tok då etternamnet hans.[5] Dei fekk fem barn.[3]

Virke som folkeminnesamlar

I 1934 samla Lavik materiale frå Eksingedalen i Modalen som ho sendte inn til Norsk Folkeminnesamling ved Universitetet i Oslo. Lavik samla inn minne om skikkar knytte til bryllaup og jul, segn, forteljingar om dei lokale gardane, menneska og landemerka.[6] Mykje av materialet er om huldra, og dette er ei av forteljingane ho skreiv ned:

For so umlag 60 år sidan, vilde hi syskin frå Ekse taka ein tur til støls. Då dei var komen middvegs gjer vegen ein sving um ein stor haug. Syskini tok av vegen, vilde ganga beint yver haugen. Nett komen yver høgdi fekk dei auga på eit sers fint kvinnfolk; ho låg i ei liti hola og sov. Ho var raudleitt, fint kledd og med eit fagert sylvbelte um livet. Syskini stod litt og såg på henne, men so rann det i tankane at det var ei huldra. Då tok dei på heimvegen fortare enn fort. Dei torde ikkje ganga til støls, den dagen.[7]

Materialet Lavik samla har blitt brukt i fleire publikasjonar, mellom anna i For konge og fedreland: Kvinner og menn i norsk krigshverdag 1550-1905 (2006) av Ørnulf Hodne og i Frå Fjon til Fusa: Årbok for Nord- og Midhordaland Sogelag (1952) av Arne Bjørndal og Conrad Clausen (red.).

Referansar

  1. Lillejord, Sigmund og Eilef Steinsland. Bygdebok for Modalen herad: Mo sokn og Eksingedalen sokn. Band 1: Gards- og ættesoga. Modalen Sogenemnd, 1984. s. 530.
  2. Digitalarkivet, "Folketelling 1910 for 1244 Austevoll herred: Ivar Knutsen" URL: https://www.digitalarkivet.no/nn/census/person/pf01036689002778
  3. 3,0 3,1 Geni.com, "Ingerid Johanne Lavik" Lasta ned 15.4.2021, URL: https://www.geni.com/people/Ingerid-Johanne-Lavik/6000000099912379833
  4. NFS-Nauthella 1-5 (Norsk Folkeminnesamling, Universitetet i Oslo).
  5. Bergen Arbeiderblad, 27. mai 1937.
  6. NFS-I. Nauthella 1-4 (Norsk Folkeminnesamling, Universitetet i Oslo).
  7. NFS-I. Nauthella 3 (Norsk Folkeminnesamling, Universitetet i Oslo).

Litteratur og kjelder