Under trolldomsprosessene i Finnmark ble personer av begge kjønn ført for retten for brudd på trolldomslovgivningen. De trolldomsmistenkte ble rettsforfulgt i kriminalsaker, side om side med personer anklaget for mord, tyveri og andre forbrytelser. Forfølgelse av antatte trollfolk fant sted over store deler av Europa i løpet av perioden som kalles nytid eller tidlig moderne tid, fra 1500-1800. Det var en sammenhengende periode med trolldomsforfølgelse fra 1560 til 1782, med 1600-tallet som det mest intense hundreåret. Les mer …
Lars Jacobsen Hætta vart dømt til døden etter opprøret, men sidan han berre var 18 år gamal vart han benåda til livsvarig fengsel. Han vart frigjeve i 1867. Foto: Sophus Tromholt (1882/1883)
Ved Kautokeino-opprøret i 1852 gjekk ei gruppe samar til åtak på representantar for det norske samfunnet. Opprørarane drap handelsmannen og lensmannen i Kautokeino, sette fyr på huset til handelsmannen og piska soknepresten og huslyden hos presten og handelsmannen. Opprørarane vart overmanna av andre samar. To av opprørarane vart drepne i denne kampen. Sidan vart to av leiarane deira avretta ved halshogging. Opprøret er historisk eineståande; konflikt mellom samiske interesser og det norske storsamfunnet har elles ikkje ført til valdeleg konflikt med tap av menneskeliv. Etter opprøret følgde ein periode med sterkare fornorsking av det samiske folket i Noreg. Opprøret er utypisk for samisk kultur, og det er vanskeleg å forstå eller forklare bakgrunnen for opprøret. Men opprøret må ha hatt samanheng med fleire forhold. Les mer …
Kåte (frå samisk) og gamme er fellesnamn for ei gruppe bygningstypar som særlig er typiske for samisk kultur i Skandinavia. Vi kan skilje mellom fleire hovudtypar med kvar sine namn, bruksområde og utbreiing: kløftstongskåte (lavvo); bogestongskåte og lafta kåter. Kløftstongskåta eller lavvoen (frå nordsamisk lávvu og lulesamisk lávvo) blir bygd opp kring tre relativt kraftige stenger som er rette av form og med kløft i øverenden. Desse tre blir lent opp mot kvarandre som grunnramme, og så blir lettare strangar skorda opp mot dei og teltduken lagt kring til slutt. Bogestongskåta har vore den vanligaste kåtetypen. Ved permanente kåter legg ein opp ein steinring der veggen skal stå. Det indre rammeverket er to par stenger med boga øverende og tre tverrstenger: éi som bind i hop bogestengene i toppen og samtidig fungerer som oppheng for gryter over eldstaden i midten, og to som avstiver stengene på høgre og venstre side sett frå inngangen. Opp mot denne grunnramma, som blir oppsett innanfor eller oppå steinringen, blir så lettare, rette støttestenger oppsette i varierande antal, og veggene blir lagt på enten i form av teltduk eller i form av strangar (eller fjøler) med fleire lag never utanpå. Les mer …
Trolldomsprosessane i Europa frå 1420-åra til kring 1750, i nyare tid òg kjent som hekseprosessane eller heksejakta, var ei organisert jakt på personar ein meinte var trolldomskunnige. Trolldomsprosessane fann hovudsakleg stad i protestantiske område, men var òg vanleg i Frankrike og Polen. I katolske kjerneområde som Spania, Portugal og Italia vart ein liknande funksjon utført av Inkvisisjonen. Dei fleste av dei dømte i prosessane i Noreg var kvinner og har frå 1700-talet av — etter at trolldomsprosesstida var over — gjerne vorte kalla hekser. Totalt vart omkring 50 menn og 250 kvinner dømte til døden i Noreg; totalt er det dokumentert at 307 personar vart avretta. Eit unntak frå hovudregelen elles i Nord-Europa var Island, der berre menn vart dømte for trolldom. Blant samane var det òg fleire menn enn kvinner som vart skulda. Den første norske saka kom i 1570-åra, og den siste avrettinga fann stad i 1695. Dei fleste avrettingane i Noreg vart utførte ved brenning på bål. Brenninga vart sett som ei rensing av den dømte. Les mer …
|