Aanen Paus var Bullsgårdens første eier. Bygningen er en del endra etter brann i 1830.
Aanen Paus (født 1727 i Kviteseid) var trelasthandler og kjøpmann i Fredrikstad. Opprinnelig borger fra Christiania hvor han drev med trelasthandel. I den forbindelse kom han til Fredrikstad. Han giftet seg med en datter av den rike kjøpmannen og vinhandleren Lorentz Koch og tok borgerskap i Fredrikstad i 1767. Les mer …
Lars Abraham og Gro Qvisling. Foto: Ukjent
Lars Abraham Rasmusson Qvisling (fødd i Nissedal 1816 død i Fyresdal 1876) var lensmann og bonde i Fyresdal. Lauritz Ibsen var ein bondeson frå Kvislemark nær Slagelse på Sjælland som levde i perioden 1634 – 1703. Som ung kom han til Kristiania, tok teologisk embetseksamen og vart slottsprest på Akershus festning. Då han kom til Noreg tok han tilnamnet Quislin som skulle vere ei etterlikning av Kvislemark. To søner og to døtre endra namnet til Qvislin for å gjere det meir norsk. Lars Abraham sette så på ein g i slutten. Seinare vart namnet endra til Quisling. Eine son til Lauritz Ibsen Quislin, Abraham Larsen Quislin, var ei tid kapellan hjå presten Jakob Hansen Morland i Vinje. Han overtok kallet og gifta seg med dottera til Morland, Susanne. Son deira, Lauritz Qvislin, var ei tid kapellan i Fyresdal hjå presten Peder Bloch, og gifta seg med den eldste dottera hans, Anne Jørgine. Han blei sidan sokneprest i Tinn. Les mer …
Vegårsheirørsla var ei religiøs vekking i Aust-Agder og Telemark i 1860-70-åra.
Over Vrådal i Vest-Telemark gjekk det i 1860 ei eigedomleg vekking. Ekteparet John og Aashild Undeberg si trufaste forbøn var spira til denne, og den gudfryktige kvinna Gunhild Veamyrane spela ei stor rolle i denne rørsla.
I Vegårshei i Aust-Agder opplevde ein like etter, i 1870-åra óg ei omfattande vekking der sjømannen Tarjei Dalane og lensmann Knut Aas var sentrale skikkelsar. Det var menn som ikkje grov sine pund ned, men bruka sine nådegåver. Ikkje bare på Vegårshei, men óg utanfor bygda for dei som frimodige apostlar med den glade bodskap. Les mer …
Øyskogen med gravhaugar og furutre. Foto: Olav Momrak-Haugan (2010)
Øyskogen ligg midt i sentrum av Fyresdal og like ved Moland kyrkje. Dette er eit parkliknande område med mange svære furutre og ei rekke med gravhaugar, meir enn 20 i talet. I dette landskapet er det så etter kvart kome til ei gruppe med bygningar av ulik slag som utgjer ein del av Fyresdal Bygdemuseum. Presten Iver Andreas Teisner var og ordførar ein lengre periode. Han gjorde ein heilt utruleg innsats for kommunen og som takk for dette fekk han ein stor bauta sentralt i området.Øyskogen er ein mykje bruka stemneplass, og det er Fyresdal kommune sin 1000-års stad. Les mer …
|