Gegabu (Bykle gnr 15/94)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Gegabu
Gjerden 64b.jpg
Gegabu pr 30.6.2006.
Foto: Aanund Olsnes
Rydda: 1980
Utskilt: 1984
Stad: Bykle (Kyrkjebygdi)
Sokn: Bykle
Kommune: Bykle
Fylke: Aust-Agder
Gnr.: 15
Bnr: 94
Type: Bustadeigedom

Gegabu i Øvre Sarv i Bykle vart oppsett til tenestebustad for I/S Øvre Otra i 1980, men papirarbeidet drog ut nokre år, så kraftselskapet fekk ikkje skøyte på tomta hjå kommunen fyrr i 1984.

Dei fyrste me veit om budde her er Ivar Jordansen og huslyden hans. Dei hadde tidlegare halde til i eit hus i Nedre Sarv, i Kraftbo, bnr 81. Hit flutte dei i 1981.

  • Ivar Åge Jordansen, f 1949
g m Gunn Bentsen, f 1959. Born:
  • Runar, f 1970, mekanikar, g m Anne Kari, busett Ulefoss.
  • Håvard, f 1972, driv målarforretning, g m Tong, busett Oslo.
  • Trude, f 1976, butikksjef, g m Freddy Hansen, busett Ulefoss.

Ivar Jordansen kjem frå Askim, og er son åt Åge og Sonja Jordansen. Bestefaren kom frå Sverige og heitte opphavleg Jordan Samuelson, men då han gjorde nordmann av seg, snudde han på namnet og kalla seg Samuel Jordansen, og sidan har etterkomarane hatt Jordansen til familienamn. Ivar er utdanna maskiningeniør, og var maskinmeister i Holen kraftstasjon frå september 1979 og ut oktober 1983, då han fekk ei tilsvarande stilling i Vrangfoss og Eidsfoss Kraftverk (Norsk Hydro), tok med seg huslyden og flutte til Ulefoss. Der bur dei framleis, men han arbeider nå for Hydro på Rjukan.

Gunn Jordansen kjem frå Jevnaker, og er dotter åt William og Eva Bentsen. Ho er for tida (2006) aktivitør for psykisk utviklingshemma.

Då Jordansen flutte til Ulefoss, overtok Olav Mandt både huset og jobben hans.

  • Olav Mandt, f 1945
g m Gudveig Haugholmen, f 1939. Born:

Olav er frå Uppigard Lofthus i Eidsborg, Tokke, og son åt Lars og Anniken Mandt. Han er maskiningeniør av utdanning, og arbeider nå som driftsingeniør for Agder Energi, etter at han tidlegare var maskinmeister i I/S Øvre Otra. Olav er politisk engasjert, og har representert Høgre i kommunestyre og formannskap.

Gudveig er frå Bandaksli, Tokke, og dotter åt Johan og Margit Haugholmen. Ho er produksjonsarbeidar på vindaugsfabrikken.

Familien Mandt flutte saman med A/S Thor Furuholmen frå Haukeli til Bykle i 1978, og budde det fyrste året i eit av husa til entreprenørselskapet i Øvre Sarv, Furubo, bnr 68. Då Olav gjekk over frå Furuholmen til I/S Øvre Otra hausten 1979, flutte dei til Kraftsletta, bnr 82, og dinest til Turbo, bnr 74, inntil dei kom til huset her i 1983. I 2001 kaupte dei det hjå kraftselskapet.


0941 Bykle komm.png Gegabu (Bykle gnr 15/94) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Solvang • Neste bolk: Bergly