Glidbjørg (Bykle gnr 16/11)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Glidbjørg
Stavenes 61.jpg
Nordstog Glidbjørg i slåtten ein gong i 1970-åra. Bilete frå Marie Glidbjørg.
Alt. namn: Nordstog Glidbjørg
Fyrst nemnd: 1625
Rydda: Fyre 1350
Utskilt: 1913
Stad: Stavenes
Sokn: Bykle
Kommune: Bykle
Fylke: Aust-Agder
Gnr.: 16
Bnr: 11
Type: Gardsbruk

Glidbjørg (Nordstog Glidbjørg) ligg vestom Otra og heilt i nordenden av det gamle stavenesgardsvaldet i Bykle kommune. Såleis er det vel enklast å seia at han ligg mellom Berdalen og Stavenes. Mot nord deildar eigedomen mot Berdalen, mot vest går han til Otra, mot sør og søraust til Glidbjørgåi, men likevel slik at ein teig på sørsida av elva høyrer Glidbjørg til. Etter jaktkartet skal det samla gardsvaldet vera på 12 489 mål, men dette er dela på fleire bruk, og den nærare fordelinga dei imellom har me ikkje funne skikkelege oppgåver om.

Når me ovanfor har sett bruksnamnet Nordstog i parentes, er det avdi dette namnet har vore nytta om det opphavlege bruket etter at Systog vart utkløyvd i 1920.

Gardsnamnet har etter Amund B. Larsen (Norske Gaardnavne 11, 214) samanheng med det gamalnorske verbet glitra, som han legg ut som «glimre, glindse, skinne». Tydinga skulle då verta «Det glitrande berget», noko som passar godt, ettersom det ovanfor garden ligg eit noko høgt berg som vert kalla Glitretind. Når dette berget er vått, og får solskin på seg, glitrar det i det, og det kan snautt vera større tvil om at dette er opphavet til gardsnamnet.

Eldste kjende dokument som nemner garden er eit brev om ei ervesemje frå 1625. Her går det fram at Jon Knutsson Kyrkjebø i Kviteseid hadde kome til med verbroren Tarjei Torleivsson Håtveit i Nissedal om korleis eigedomane etter Knut Auversson, far åt Jon, skulle delast, og båe karane fekk partar i Glidbjørg og Stavenes (jfr. Kviteseid bygdesoge I, 1956, 314). Dette må tyde på at Glidbjørg var ein eigen gard i 1625, og at busetnaden ikkje var ny då, for ein ny rudningsplass i Bykle i 1620-åra ville snautt ha vore ein del av godset til ei rik ætt i Telemark.

Eit par år etter at Jon og Tarjei dela eigedomen finn me likevel den fyrste kjende oppsitjaren. Det var ein Tellef Glidberg, som er notert som skatteytar i Bykle i 1628. Rett nok er han berre nemnd denne eine venda, så han kan ikkje ha sete lenge, men at han var innom og budde her ei stund tykkjest rimeleg sikkert. Utanom Tellef har me ingen namn i vise til i Glidbjørg, korkje fyre han eller etter han, fyrr me kjem til byrjinga av 1800-åra.

Dette meiner me kjem av at her i lange tider ikkje var nokon. Mest truleg var garden ein øydegard frå høgmellomalderen, som hadde stått folketom frå 1350 og frametter til Tellef prøva seg på å taka han opp or øyde kring 1625, men Tellef fekk det nok ikkje til som han ynskte, og etter hans tid gjekk det bortimot 200 år fyrr det atter kom bufaste folk her.

Johannes Skar har fortalt at rudningsmannen i i Glidbjørg heitte Helleik Kjetilsson, og at han rudde og bygde her i byrjinga av 1820-åra er sikkert nok. Men i fylgje vitneprova åt Olav Såvesson Stavenes, Olav Knutsson Nesland og Asbjørn Knutsson Berdalen i ei rettssak i 1844, som me kjem attende til nedanfor, hadde Sigbjørn Åsmundsson i Systog Stavenes for «henved 40 år siden hugget det fornødne tømmer til badstue og bygninger på husmandspladset» i Glidbjørgskogen. Dette tyder på at Sigbjørn har vore i ferd med å etablere seg i Glidbjørg fyre han fekk overtaka Systog Stavenes i 1806. Men som ein ser står det berre at han hadde hogge hustømmer, ikkje at han hadde bygt husa, så det kan me ikkje vita at han hadde gjort. Sannsynlegvis er då samanhengen at han har vore i tvil om han fekk overtaka Systog, som morbroren i Berdalen fyrebils sto som eigar av, og difor emna på sin eigen heim i Glidbjørg. Men då han, etter at mor hans var død, likevel fekk Systog, kunne han gjeva opp glidbjørgplanen.

Hustømmeret frå plassen tok han då rimelegvis med seg, og hadde han ferdig noko hus, så er nye tømrer greie å taka ned og setje oppatt.

Såleis ser det då likevel ut til å stemme at Helleik Kjetilsson var den som rudde og bygde i Glidbjørg. Me hermer det Skar har å fortelje om han og familien hans (Gamalt or Sætesdal II, 257):

Sitat Helleik, son hans [dvs. son av numedølen Kjetil Skavleim i Løyning], rudde i Glibbjørg. Helleik var so god ein arbeidskar - han spadde upp eit halvt mål til dagen. Og Torbjørg, kona var på eit vis som han, ho sette snorur og fanga fugl som den beste kar. Dei fødde upp tie born. Og dei livde godt med den store flokken. Sitat

Då Helleik vart konfirmert i Bykle i 1805, vart han i samsvar med adressa åt faren oppskriven med etternamnet Løyning, og sameleis då han gifte seg i 1818. Fyrste åra av ekteskapet heldt han og huslyden hans til som busetar (innerstar) i Løyning, men ein gong i åra mellom 1821 og 1825 flutte dei til Utistog Stavenes, der Ingebjørg, syster åt Helleik, var gift med oppsitjaren, Ånund Pålsson. Til å byrje med var dei busetar («innerstar»), men i 1827 er Helleik oppskriven som leiglending (dvs. brukar) i Nordstog, og året etter fekk han husmannskontrakt i Glidbjørg.

I husmannskontrakta, som ikkje vart tinglyst, men i staden innført i forliksprotokollen - det var langt billegare, må vita - vart grensene for plassen fastsette som fylgjer: Mot vest gjekk Glidbjørg til Otra, mot sør og søraust til Glidbjørgsåi, men likevel slik at ei slåtte sunnanfor elva høyrde til plassen, mot nord og nordaust høyrde det til Glidbjørg til ein møter Berdalen-eigedomen.

Helleik og kona hans fekk plassen på «begge deres levetid», dvs. på livetida til den av dei som livde lengst. Når leigetida var ute, dvs. når båe ektemakane var døde, skulle plassen gå attende til oppsitjarane i Utistog Stavenes utan noko vederlag til ervingane av plassfolka, står det. Dei fyrste 3 åra skulle dei ha plassen vederlagsfritt, men frå og med 1831 skulle dei svara ei leige på 6 speciedalar i året. For denne leiga skulle dei då få bruke plassen innom dei ovannemnde grensene, og ha rett til å hente det dei trong av hustømmer og brenneved i skogen. Bruken av skogen skulle sidan verta eit konfliktemne, som me kjem attende til nedanfor, men lat oss fyrst få med oss eit oversyn over familien åt rudningsmannen:

g 1818 m Torbjørg Auversdtr. Vatnedalen, f 1797, d 1871. Born:
  • Kjetil, f 1819, g 1.1847 m Ingebjørg Folkesdtr. Breive, g 2. 1854 m Anne Asbjørnsdtr. Berdalen, sjå Berdalen Der nede
  • Anne, f 1821, g 1855 m Alv Olavsson Gjerden, sjå Myri under Gjerden, gnr 15, bnr 105
  • Turid, f 1825, d 1867, ug
  • Auver, f 1827, g 1855 m Borghild Eivindsdtr. Stavenes, sjå Hisdal og Bratteland
  • Hæge, f 1830, d 1867, ug
  • Eivind, f 1832, dverg, dødsår ukj.
  • Birgit, f 1835, g 1858 m Hallvard Sigbjørnsson Vatnedalen, sjå Vatnedalen, Der hite
  • Sigbjørn, f 1837, g 1.1871 m Åshild Auversdtr. Gjerden, g 2.1887 m Ingebjørg Auversdtr. Gjerden, sjå nedanfor
  • Hallvard, f 1841, d 1874, g 1874 m Anne Gjermundsdtr. Lie, Mo, sjå nedanfor
  • Olav, f 1843, g 1865 m Hæge Eivindsdtr. Stavenes, sjå Strandehagen i Trydal

Tone Auversdotter kom frå Myri Holen. Foreldra hennes var Auver Jonsson og kona, Turid Sigbjørnsdotter, fødd Vatnedalen.

I 1865 hadde Helleik og Tone hest, 9 storfe, 20 sauer og 8 geiter. Dei sådde 1 1/2 tunne bygg og sette ut 6 tunner jordeple.

Dei av borna i familielista ovanfor som vaks opp, vert nærare omrødde der dei budde. Ein av dei tek me fyre oss med det same, ettersom han vaks opp, men døydde ung, og budde her på bruket.

Det gjeld då Hallvard Helleiksson. Han gifte seg i mai 1874 med Anne Gjermundsdotter Lie, fødd 1849 i Mo i Telemark. Foreldra hennes heitte Gjermund Herjusson Kleivi og Anne Hermodsdotter, og budde ved det leitet då dottera gifte seg på plassen Bjønnemyr under Dalen. Hallvard og Anne budde nokre månader som innerstfolk hjå foreldra hans i Glidbjørg. Men så døydde Hallvard, 31 år gamal, 17.10.1874, berre 5 månader etter brudlaupet. Anne flutte då heimatt til foreldra i Mo, og fekk våren etter ei dotter som vart døypt Anne, liksom mora. Den sistnemnde Anne døydde truleg som lita, ettersom mora, då ho fekk ei ny dotter i 1888, gav også henne namnet Anne. Denne dottera vaks opp. Mora vart sidan omattgift med Tarjei Olavsson Bilstad i Mo (jfr Mo bygdebok I, 591f).

Helleik Kjetilsson døydde i 1864. Sonen Sigbjørn har nok drive bruket vidare eit par år på grunnlag av husmannskontrakta åt foreldra, men ettersom det ser ut må han ha fått kaupe det til sjølveigareigedom fyrst på 1870-talet, og det mest trulege er vel at dette skjedde i samband med at den gamle kontrakta gjekk ut då mora døydde i 1871. Det er ikkje tinglyst noko kaup, og eigedomen var ikkje matrikulert, men for det fyrste ser ein at presten frå 1873, og (nesten) alltid sidan, omtalar Sigbjørn som gardmann og sjølveigar i kyrkjeboka (ei registrering som «husmann» i 1880 oppfattar me som eit mistak), og for det andre vart det i 1879 tinglyst eit rettsforlik mellom Peter Krag, som eigar av bnr 7 (Glidbjørgskogen), og Sigbjørn Helleiksson, som eigar av «Glidbjørgplassen». Sigbjørn var altså eigar av Glidbjørg, og mest truleg frå 1871.

Men då Kjetil, eldste bror hans, døydde hausten 1873, og den 19 år gamle brorsonen Asbjørn Kjetilsson, vart sitjande som eigar av Der nede i Berdalen, flutte likevel Sigbjørn til Berdalen med huslyden sin for å vera brukar. Difor står det i folketeljinga frå 1875 at Glidbjørg det året sto tomt. Sigbjørn nytta likevel åkrane her, og sådde 2 1/2 tunner bygg og 3 tunner jordeple, men både menneska og kretura var altså i Berdalen. Buskapen var forresten hest, 3 kyr og 3 ungnaut, 19 sauer og 13 geiter, står det. Men då Sigbjørn og Torbjørg sumaren etter døypte sonen Helleik, var dei attende i Glidbjørg, ser me, så opphaldet i Berdalen varde berre snaue 3 år.

Ovanfor nemnde me eit rettsforlik frå 1879. Dette var konklusjonen på ei noko langvarig usemje om eigedomsretten til Glidbjørgskogen. Denne hadde Olav Torleivsson i Utistog Stavenes selt til trelasthandlaren Peder Claussøn Topdahl i Kristiansand i året 1700. Utetter på 1700- og 1800-talet gjekk han frå den eine utanbygds eigaren til den andre. Etter det me kan skjøne hadde dei byklebøndene som selde skog til byfolk frå slutten 1600-talet og utetter, vore av den meining at det dei selde var dei trea som sto der, ikkje sjølve skoggrunnen. På dette grunnlaget hadde då bøndene i Stavenes rekna med at Glidbjørgskogen var deira, og henta det dei trong derifrå av hustømmer og ved, utan at nokon hadde sett spørjeteikn ved at dei hadde rett til det. Men då konsul Peder Mørch kaupte skogen hjå assessor Kjørboe i 1843, er det likt til at han hadde planar om å utøve eit meir aktivt eigarskap enn fyremennene. I 1844 stemnde han såleis stavenesbøndene for å få fastslege kven som var retteleg eigar. Året etter fall det dom der Mørch fekk medhald. Likevel ser det ut til at iallfall oppsitjarene i Glidbjørg heldt fram med å hogge det dei trong til heimebruk. I 1873 selde enkefru Mørch Glidbjørgskogen og ei rekkje andre skogeigedomar i Bykle til ingeniørkaptein Peter Krag, og Krag stemnde nokre år seinare Sigbjørn Helleiksson, som nå var eigar av Glidbjørg, med krav om erstatning og mulkt for ulovleg hogst.

Etter domen i 1845 kunne det ikkje lenger vera nokon tvil om kven som åtte skogen, og Sigbjørn laut difor gå inn på det ovannemnde rettsforliket. I fylgje dette skulle han yte ingeniørkapteinen 20 kr i vederlag for hogsten, og dertil bøte 5 kr til Bykle fatigkasse. For ettertida skulle Sigbjørn og seinare oppsitjarar i Glidbjørg ha høve til å hente bjørk og eventuell turrfuru i Glidbjørgskogen til eige bruk, men ikkje hogge tømmer eller anna virke for sal.

Skogen vart i 1895 matrikulert som bnr 7 under Stavenes. Dette bruksnummeret er i dag i eiga til A/S Sætersdalen, men i 1955 og 1956 vart det selt ifrå to nokså store delar. Det var Hallvard Helleiksson Jeiskelid på Glidbjørgsmoen som kaupte Moskogen, skyldsett til 38 øre, og så var det Sigbjørn Helleiksson Glidbjørg, som kaupte eit skogstykke, som vart matrikulert under nemninga «Barskog til Glidbjørg», med ei skyld på 29 øre. Dermed hadde A/S Sætersdalen att eit stykke med ei landskyld på 21 øre, men brorparten av gardsskogen er altså attende hjå oppsitjarane.

Men nå over til den nye oppsitjaren frå 1871:

  • Sigbjørn Helleiksson Glidbjørg, f 1837, d 1897
g 1.1871 m Åshild Auversdtr. Gjerden, f 1854, d 1880. Born:
  • Torbjørg, f 1871, d 1883
  • Tone, f 1873, g 1899 m Eivind Hallvardsson Bø, sjå Strondi Trydal
  • Helleik, f 1876 g 1900 m Margit Knutsdtr. Breive, sjå Jeiskelid
  • Auver, f 1878, g 1906 m Anne Knutsdtr. Breive, sjå Breive, Haugen, bnr 2
  • Hallvard, f 1880, d 1881
g 2.1883 Ingebjørg Auversdtr. Gjerden, f 1863, d 1923. Born:
  • Åshild, f 1883, d Kr.sand 1911, ug.
  • Hallvard, f 1885, g 1916 m Margit Sjursdtr. Vatnedalen, sjå nedanfor
  • Torbjørg, f 1887, d 1889
  • Olav, f 1888, d 1889
  • Olav, f 1890, g 1917 m Signe Sjursdtr. Vatnedalen, sjå Systog Glidbjørg
  • Torbjørg, f 1892, gardkone, d 1972, g 1916 m Johan Nøkleby, Koppang, busett Åsheim, Rauland (jfr. Norske Gardsbruk, Telemark, II, Oslo 1955, 1155), born:
  • Hansteen, f 1920, d 2001
  • Hilleborg, f 1922
  • Sigvart, f 1924, d 1949
  • Olav f 1927
  • Anders, f 1931
  • Johan f 1934

Dei to konene av Sigbjørn Helleiksson var systrer, døtrer åt Auver Olavsson Gjerden og kona, Tone Pålsdotter, fødd Gjerden (sjå Myri under Gjerden).

I 1913 vart Glidbjørg endeleg formelt utskilt frå Utistog Stavenes og tildela bnr 11 og ei skyld på 28 øre. To år seinare skreiv Olav T. Stavenes og Ingebjørg Auversdotter ut skøyte på bruket til Hallvard Sigbjørnsson, son hennes. Kaupesummen vart sett til kr 700, og oppgjort med foddog til Ingebjørg. Når Olav T. Stavenes var med i denne handelen, var det berre ein formalitet, som var nødvendig avdi bruket på papiret framleis låg under Utistog, men i røynda hadde oppsitjarane i Glidbjørg, slik det går fram ovanfor, vore sjølveigarar attende frå 1871.

Hallvard S. Glidbjørg. Biletet er truleg teke kring 1910, hit frå Setesdalsmuseet.
Margit S. Glidbjørg, f. Vatnedalen. Biletet er truleg teke kring 1910, og vart skaffa av Ingebjørg Vegestog.
I 90-årsdagen til Margit Glidbjørg. Framme: Margit Sørensen, Margit Glidbjørg, Anne Glidbjørg. Attanfor: Åshild Ranestad, Ingebjørg Bakken, Sigbjørn Glidbjørg, Marie Glidbjørg. Det er interessant å leggje merke til at heile flokken nyttar Vest-Telemarksbunad. Det var noko mora hadde med seg frå Vatnedalen, fortalde Marie Glidbjørg då ho lånte oss biletet.
  • Hallvard Sigbjørnsson Glidbjørg, f 1885, d 1930
g 1916 m Margit Sjursdtr. Vatnedalen, f 1889, d 1988. Born:
  • Ingebjørg, f 1916, g 1935 m Dreng Tarjeisson Bakken, sjå gnr 6, bnr 25 Bakken
  • Margit, f 1918, g m Erling Sørensen, Bjelland, busett Bjelland, ikkje born
  • Åshild, f 1920, g m. Sverre Ranestad, d 1988, busett Landås, Iveland, born:
  • Laila, f 1942
  • Helen, f 1944
  • Henry, f 1946
  • Helge, f 1956
  • Anne, f 1922, d 2003, ug
  • Sigbjørn, f 1925, d 1998, ug, sjå nedanfor
  • Marie, f 1927, busett Kristiansand, ug

Margit Sjursdotter var frå Vatnedalen, dotter åt Sjur Sjursson og kona, Åshild Knutsdtr., fødd Stavenes. Signe, syster hennes, var gift med Olav Sigbjørnsson i Systog, bror åt Halvard.

I 1920 skøytte Hallvard ifrå ein parsell av garden til broren, Olav. Denne rudde seg bureisingsbruk her, og nybruket vart kalla Systog Glidbjørg. Det fekk bnr 13, og vart tildela ei landskyld på 5 øre. Det gamle Glidbjørg vart etter dette gjerne omtala som Nordstog. Eit tredje bruk, Moen, kom til i 1936. Det var Kjetil, yngste bror åt Hallvard og Olav, som då fekk skilt ut denne parsellen frå Utistog Stavenes. Dette bureisingsbruket fekk ei skyld på 26 øre og vart bnr 16 under Stavenes. Me nemner det her, avdi det ligg innmed bnr 11 og bnr 13, og gjerne vert omtala som Glidbjørgsmoen. I matrikkelen er elles namnet Smylemoen nytta.

Hallvard Sigbjørnsson døydde i 1930. Han var då nett ferdig med å setje opp nytt bustadhus. Dette er ei tradisjonell setesdalsstoge i 1 1/2 høgd, og har ei grunnflate på 6 x 13 m.

Margit fekk i 1944 ferdig ny uthusbygning. I 1953-54 sat ho med hest, 5 kyr og 5 kalvar, 7 sauer og 24 geiter, står det i Norges Bebyggelse. Etter same boka var her då 45 mål innmark, av dette 35 mål fulldyrka.

I 1954 gjekk bruket over til sonen, Sigbjørn. Han og systera, Anne, arbeidde med jord og dyr her til dei gjekk av med pensjon.

  • Sigbjørn Hallvardsson Glidbjørg, f 1925, d 1998, ug

Sigbjørn hadde sonen Kjell Ove, fødd 1970. Han vaks opp hjå mora, Guri Kjellfrid Jeiskelid frå Glidbjørgsmoen. Kjell Ove døydde i 1989.

Då Sigbjørn døydde, overtok Magne Drengsson Bakken, nest yngste son åt Ingebjørg Hallvardsdotter, eigedomen. Han på si side overdrog han kort etter til sonen, Bjørn Erling Bakken Auestad.

Bjørn Erling og kona hans overtok Bykle hotell frå 1.9.2003, og arbeider båe på hotellet. Dei bur her på bruket, og har renovert og bygd om huset frå 1930.

  • Bjørn Erling Bakken Auestad, f 1974
g m Hanna Lindfors, f 1976. Born:
  • Kim Sigbjørn, f 2004

Hanna Lindfors Auestad kjem frå Lojo i Finland, ein by like sørvest for Helsingfors. Namna åt foreldra hennes er Rolf og Maja Lindfors.

Den dyrka jorda på bruket, som vert rekna til å vera på kring 20 mål, vert i dag bruka av Siv Kristin Jeiskelid i Systog. Totalarealet skal vera på ca 7000 mål.


0941 Bykle komm.png Glidbjørg (Bykle gnr 16/11) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Nybu • Neste bolk: Systog Glidbjørg