Haugo (Bykle gnr 12/4)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Haugo
Holen 23.jpg
Haugo 1965.
Foto: Fjellanger-Widerøe
Rydda: omkr. 1829
Utskilt: 1906
Stad: Nordbygdi
Sokn: Bykle
Kommune: Bykle
Fylke: Aust-Agder
Gnr.: 12
Type: Småbruk

Haugo låg like nordom tunet i Der uppe, eit av dei to hovudbruka på Holen i Bykle kommune. Som namnet tilseier var terrenget her litt meir homput og kupert enn nede ved dei to hovudbruka.

Plassen vart teken i bruk som fast bustad på slutten av 1820-talet, og den fyrste me veit om budde her var Gunleik Torleivsson Holen, som var den nest eldste av sønene åt Torleiv Hallvardsson Tveiten i Holen Der uppe og kona, Ingebjørg Torleivsdotter.

  • Gunleik Torleivsson Holen, f 1792, d 1831
g 1829 m Ingebjørg Taraldsdotter Byklum, f 1796, d 1870. Born:
  • Torleiv, f 1830, d 1830
  • Gunleik, f 1831, d 1831

Ingebjørg Taraldsdotter vart oppskrive med adresse Byklum då ho gifte seg, så ho har nok vore tenestejente på eitt av Byklumbruka på den tid. Men ho var fødd i Trydal, og foreldra hennes var Tarald Asbjørnsson [Systog] Stavenes og kona, Sigrid Tarjeisdotter, fødd Røysland.

Eit par år etter at både mannen og dei to sønene frå fyrste ekteskapet hennes var borte, gifte Ingebjørg seg omatt med Tarjei Mikkelsson Byklum, og budde med han i Torsbu Byklum (gnr 13, bnr 4). Korleis det vidare gjekk med henne, kan ein lesa i bolken om det bruket.

Haugo-plassen vart straks etter at Gunleik var død overteken av den yngste av brørne hans, som var nygift, og hadde bruk for ein stad å vera.

  • Torleiv Torleivsson Holen, f 1804, d 1894
g 1830 m Margit Knutsdtr. Hisdal, f 1806, d 1874. Born:
  • Ingebjørg, f 1831, d 1831
  • Torleiv, f 1832, d 1832
  • Torleiv, f 1833, d 1833
  • Torleiv, f 1834, d 1910, arb., ug
  • Ingebjørg, f 1837, g 1858 m Olav Auversson Gjerden, sjå Lii under Gjerden.
  • Jorunn, f 1841, d 1841
  • Knut, f 1843, g 1881 m Birgit Ånundsdtr. Holen, sjå Haugen under Byklum.
  • Hallvard, f 1848, g 1882 m Birgit Knutsdtr. Byklum, sjå Haugebakk under Byklum.
  • Jorunn, f 1851, d 1881, ug
  • Knut, f 1842, d 1842

Margit Knutsdotter var frå Lisle Hisdal. Foreldra hennes var Knut Hallvardsson Stavenes og kona, Jorunn Kristensdotter, fødd Hisdal.

Torleiv hadde eit par born attåt dei som er opplista ovanfor. Dottera Margit kom til verda i 1827. Mora var Anne Sigurdsdotter, enka etter Olav Torsson Mosdøl, som døydde i 1820.

Margit Torleivsdotter gifte seg i 1850 med Tarjei Torsson Tveiten på Plasset under Sygard Tveiten (Valle) (jfr. Valle III, s. 305). Mor hennes døydde som fatiglem i 1853.

Ei jente som heitte Ingebjørg Olavsdotter, fødd 1805, var tenestejente på Vodden hjå Knut Olavsson Nesland. Ho fekk i 1830 ein son som vart kalla Olav. Etter det Knut Nesland visste å fortelje til presten, var det Torleiv Torleivsson Holen som var faren (mora må ha nekta å opplyse det), så barnet vart innskrive i kyrkjeboka som Olav Torleivsson. Ingebjørg døydde ugift i Byklum i 1878. Foreldra hennes var Lisle-Olav Drengsson Byklum og kona, Tone Knutsdotter, fødd Berdalen. Olav Torleivsson har me ikkje sett noko til i seinare kjelder.

Torleiv og kona hans budde fleire stader. Fyrst var dei busetar hjå far hans i Der uppe eit bil, sidan bruka dei Nordstog Stavenes frå 1832 til 1836, dinest var dei innom på ein plass under Mosdøl i 1837, og deretter kom dei hit og var her ein 10 års tid. Men i 1848 budde dei i Haugen under Byklum, og der vart dei sidan verande.

Margit vart gravlagd frå Byklum i 1874, Torleiv 20 år seinare. Dei neste plassfolka me veit om her er brordotter av Torleiv og mannen hennes.

  • Ingebjørg Hallvardsdotter Holen, f 1821, d 1888
g 1850 m Olav Åsmundsson Dysje, f 1820, d 1892, ikkje kjende born.

Olav Åsmundsson var son åt Åsmund Sørensson Dysje og kona, Birgit Tarjeisdotter, fødd Ryningen. Då han fekk livstidsfeste på Haugoplassen hjå Hallvard, bror åt Ingebjørg, i 1859, vart han oppskriven med etternamn Byklum, så me må vel rekne med at dei har budd einkvarstad der frå dei gifte seg og frametter.

Kontrakta av Olav er særmerkt. Han betala ei innfestingsavgift på 60 speciedalar, men slapp årleg leige. Av festepengane skulle 20 dalar betalast attende «naar festet ophører», står det. Ettersom avtala var avgrensa til livetida av plassfolket, må ein vel oppfatte dette som ei husmannskontrakt. Men elles må Haugo i praksis ha fungert nærast som eit sjølveigande småbruk medan Olav og Ingebjørg budde her.

Mellom dei sakene Olav kan ha tilvirka i smia er også jernskoningar til mykjagreipar. Greipane vart gjorde av bjørk, det gjaldt å spara på metallet, men ytst på tindane skodde dei med spissar av jern, slik at reiskapen skulle tola meir slitasje. Desse tindespissane laut smeden lage. Greipen på biletet finst i Henriksen-samlinga, Setesdalsmuseet registrerte han som MOR00205, og skaffa biletet.

Etter det den gamle gards- og ættesoga (50) kan fortelje, øydela Olav synet sitt i smia, og vart sidan kalla «Blind-Olav». Kva tid dette skjedde veit me ikkje, men iallfall står det at han var blind i folketeljnga frå 1865, så ulukka må ha skjedd fyre denne vart oppteke.

På denne tid fødde dei 2 kyr, 4 sauer og 4 geiter på plassen, og sådde 2 skjepper bygg og 3 tunner jordeple. Ti år seinare, i 1875, hadde dei 2 kyr og 7 sauer, men berre ei geit.

I 1865 hadde dei buande ein busete og tenestekar som heitte Torbjørn Salmundsson. Han var fødd i 1826 som son åt Salmund Snæresson på Ryningen, og hadde vore med i den fyrste emigrantflokken frå Bykle til USA i 1846, men kom attende til Bykle fyre 1865 (sjå Holenplasset). Han døydde som busete her i Haugo nest fyre jol 1882.

Ingebjørg Hallvardsdotter døydde sumaren 1888. Olav Åsmundsson hadde kontrakt på livetida, men var blind og lite arbeidsfør. Han forpakta difor bort plassdrifta til ein ny familie som flutte inn på denne tid. Kona i nykomarfamilien var frå Holen Der uppe og yngste dotter av bror åt Ingebjørg.

  • Anlaug Torleivsdotter Holen, f 1857, til USA 1893, d i Minnesota 1943.
g 1882 m Olav Olavsson Stavenes, f 1850, d i Minnesota 1917. Born:
  • Olav, f 1882, d 1883
  • Ingebjørg, f 1884
  • Olav, f Mo 1886, d 1887
  • Olav, f 1888, g m Jorunn O. Nesland, f 1898
  • Torleiv, f 1892, d 1893
  • Torleiv, f 1896
  • Halvor, f 1899

Olav O. Stavenes var son åt Olav Torleivsson Bjørnarå i Nordstog Stavenes og kona, Ingebjørg Olavsdotter, fødd Trydal.

Med same dei hadde gift seg flutte Olav og Anlaug til Sudistog NordgardenFroland i Mo, gnr 27, bnr 3, som dei då hadde fått kaupe. Dei greidde ikkje økonomien på det bruket, og etter to-tre år laut dei selje (Mo bygdebok I, 410). Dei vart endå buande eit bil som busetar, men seinast våren 1887 var dei attende i Bykle. Dei var då busetar hjå bror hans i Stavenes eit tak. Men i 1888 flutte dei inn her i Haugo. I folketeljinga frå 1891 står det at Olav Åsmundsson «lever af indtægten av sin husmandsplads som han har bortforpagtet», men året etter døydde han.

Etter 1893 kverv Anlaug og Olav frå dei norske kjeldene våre. Me har funne Anlaug att på ein farm i Hamre Township, Beltrami Co., Minnesota i den amerikanske 1930-folketeljinga. Hamre Township er i grannelaget til byen Grygla. I 1930 var ho enke, ettersom Olav hadde døytt i 1917. I 1930 hadde ho med seg dei vaksne sønene Torleiv og Halvor, som båe var fødde i Minnesota. Anlaug døydde i 1943, og vart altså 86 år.

Olav Olavsson, fødd 1888, må vera den Olav Stavenes som i fylgje jubileumsboka for Grygla gifte seg med Jorunn O. Nesland, fødd 1898, ei dotter åt Olav K. Nesland og kona, Birgit Drengsdotter, fødd Mosdøl, som emigrerte frå Vodden Nesland i 1900.

I 1902 gifte Olav Mikkelsson Holen frå Der uppe seg. Han og Ingebjørg, kona hans, flutte då hit. I 1906 vart plassen utskilt som eit eige bruk. Det fekk bnr 4 og ei skyld på 9 øre. Ingen heimelsovergang vart tinglyst, men me reknar med at Olav åtte bruket. Han og Ingebjørg budde her til dei fekk overtaka Der uppe frå foreldra hans i 1916. Dei er nærare omtala der.

Ved dette leitet hadde den yngre bror hans gift seg, og hadde bruk for ein verestad. Då Olav flutte ut, flutte difor Torleiv inn. Me har ikkje funne noka tinglysing, men reknar med at han etter kvart fekk skøyte på bruket hjå broren. Etter ei oppgåve i Norges Bebyggelse var han eigar frå 1925.

Torleiv Mikkelsson (Haugo) Holen (1888- 1979) og kona Tore Olavsdtotter, fødd Trydal (1898-1989) er her fotograferte i 1920 med borna Mikkel (f 1917), Ingebjørg (f 1918) og Olav (f 1920). Bilete frå Tore K.Mosdøl.
  • Torleiv Mikkelsson Holen, f 1888, d 1979
g 1915 m Tore Olavsdtr. Trydal. f 1898, d 1989. Born:
  • Mikkel, f 1917, d 1975, ug
  • Ingebjørg, f 1918, g 1940 m Olav Pålsson Tveiten, sjå Nordgarden Breive.
  • Olav, f 1920, g m Elna Henningsen, Kjøllefjord, sjå Dalheim, gnr 2, bnr 78
  • Gunvor, f 1922, d 1922
  • Gunvor, f 1924, d 1986, ug
  • Ingebjørg, f 1926, tvill. husmor, g m Gaut Borgan, Namsos, busett Flateland, Valle, ikkje born
  • Gunhild, f 1926, tvill., d 1926
  • Gunhild, f 1927, husmor, g m Gunnar Guttormsen, Arendal, busett Dalen i Telemark, sidan Valle og Lillesand, born:
  • Tarjei, f 1929, d 1995, anleggsarb., busett Porsgrunn, ug
  • Tarald, f 1931, tvill., ind.arb., g m Anna Viola Frendberg, Dalsäd, Sverige, busett Trollhättan, Sverige, born:
  • Lennart
  • Ånund, f 1931, tvill., d 1931
  • Ånund, f 1933, sjømann, g m Gunhild Singstad, Lensvik, busett Lensvik, Sør-Trøndelag, born:
  • Ragnhild, f 1935, d 1935

Tore Olavsdotter kom frå Systog Trydal. Foreldra hennes var Olav Tarjeisson Trydal og kona, Gunvor Ånundsdotter, fødd Berdalen.

Torleiv sette opp mykje nye hus på bruket. Fyrst var det uthusbygningen, han sto ferdig i 1929. I 1938 var den nye stoga ferdig, ho var på 6 x 10 m i halvanna høgd. I 1940 kom det nytt eldhus på plass, i 1947 hønsehus og i 1952 smie. I 1953 vert det gjeve opp at dei sat med 2 kyr, 1 kalv og 5 sauer.

Torleiv og Tore sat med bruket til i 1965, då dei skøytte det frå seg til sønene. Sidan vart dei endå buande her i 10 år til. Då den fyreståande neddemminga i 1975 gjorde det turvande å taka ut, flutte dei til dottera i Nordgarden Breive, og budde der.

I 1965 vart ein teig på 80 mål kring støylen Tykkholt utskild og skøytt over på sonen Tarjei, medan den eldre broren, Olav, overtok resten av eigedomen. I 1991 overtok Torleif Holen Guttormsen i Vennesla Haugo frå Olav, medan broren, Paul Ansgar Guttormsen i Lillesand, overtok Tykkholt frå Tarjei året etter. Dei to brørne har kvar si hytte.


0941 Bykle komm.png Haugo (Bykle gnr 12/4) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Der uppe • Neste bolk: Nygård