Holen (Bykle gnr 15/47)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Holen
Alt. namn: Der uppe
Rydda: 1974
Utskilt: 1975
Stad: Bykle (Kyrkjebygdi)
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 15
Bnr: 47
Type: Bustadeigedom

Holen, også kalla Der uppe, i Nedre Sarv i Bykle ligg like ovanfor Holen (aust), bnr 44 og Holen, bnr 45. Ho vart formelt utskilt frå bnr 11 då Mikkel O. Holen fekk skøyte på henne hjå Bykle kommune i 1975. Etter det me skjønar må han ha skaffa seg ei fyrebils avtale om tomtekaupet noko tidlegare, for huset var ferdig i 1974, og Mikkel og Gyro, kona hans, flutte hit då.

Mikkel O. Holen og Bjørgulv F. Nesland hentar joletre 1982.
Foto: Folke Nesland

Mikkel O. Holen var son åt Olav Mikkelsson Holen og kona, Ingebjørg Olavsdotter, fødd Myri i Gjerden. Mikkel dreiv Holen Der uppe, heimebruket sitt, frå 1934 og til oppdemminga av Bossvatn gjorde det turvande å flytje ifrå. Mikkel, Gyro og borna deira er nærare omrødde i bolken om det bruket (gnr 12, bnr 2).

Det gamle eldhuset i Der uppe, som skal vera frå 1600-talet, hadde Mikkel bruka som snikkarverkstad. Dette huset tok han ned og flutte med seg til den nye verestaden. Her dreiv han ma. og laga kubbestolar. Ein av desse kaupte Bykle kommune til 80-årsgåve til kong Olav i 1982. Etter at Mikkel døydde i 1990 vart eldhuset flutt endå ein gong. Det står nå i Bakken (Åsen) Mosdøl (gnr 13, bnr 9) hjå Olav Mikkelsson.

Etter at Mikkel og Gyro båe var borte, kaupte Bykle kommune tomta og bustadhuset. Kommunen overdrog i neste omgang eigedomen til Jon K. Byklum. Han er frå Kosi, og det står noko lite meir om han i bolken om den verestaden (gnr 14, bnr 28).

Mikkel O. Holen dreiv mykje med trearbeid. Her makslar han på ein kubbestol. Bilete frå Setesdalsmuseet.
Mikkel O. Holen i ferd med å gjera ferdig eit laggekjerald, truleg eit grautspann.
Foto: Folke Nesland


0941 Bykle komm.png Holen (Bykle gnr 15/47) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Solvang • Neste bolk: Woltsbu