Hovdestøylen hotell

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Hovdestøylen hotell
Utskilt: 1978
Stad: Hovden
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 2
Bnr: 275 og 342
Type: Næringseigedom

Hovdestøylen hotell er den andre, større hotellverksemda på Hovden i Bykle kommune. Hovdestøylen hotell opna i 1982, etter at Tuls og Carl Otto Schiørn hadde kaupt eit område på 76 mål frå A/S Sætersdalen (gnr 2, bnr 275) og eitt til på 26 mål hjå Bykle kommune (gnr 2, bnr 342) i 1978.

Carl Otto Schiørn , f 1938

g m Tuls (Gunhild), f 1935

Ekteparet Schiørn hadde tidlegare vore daglege leiarar ved Hovden høyfjellshotell i åra 1970 til 1977, og fått den verksemda over i lønsam drift. Så ville dei ha sitt eige hotell, og i åra som fylgde bygde dei opp Hovdestøylen, og den store hyttegrenda som ligg kringom hotellet, med ei mengd hus, hytter og lopt i gamal stil med torvtak og brunbeisa vegger. Den samla visuelle verknaden kan gjeva assosiasjonar i retning av ein millomalderlandsby. I alle høve er det ei særmerkt bygningsmasse, som det knapt finst maken til nokon stad.

Ekteparet Schiørn dreiv Hovdestøylen til i 2006, då dei selde til ei gruppe av nye eigarar, ihopsett av Oddbjørn Pedersen-Rise, Kenneth Pedersen-Riise og Jorgeir Hamre Mediås.


0941 Bykle komm.png Hovdestøylen hotell er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Hovden høyfjellshotell • Neste bolk: Fritzmann-hytta