Huldreheimen (Bykle)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Huldreheimen i Bykle er eit bygdetun med seks gamle bygningar frå Øvre Setesdal i lia ovanfor Gjerden Der inne. Det var ekteparet Anton Raabe (1889–1959) og Tore Segelcke (1901–1979), som kaupte ihop og flutte hit desse husa i åra 1945–1948. Tomta til tunet fekk dei kaupe hjå Margit Gjerden, som også selde dei loptet frå Der inne, som sidan vart kalla Margitsloptet. Alle husa er flytte til staden: Ei støylsbu frå Finndalen i Valle, eit kvernhus frå Vodden Nesland, eit stolpehus frå Uppstad i Hylestad, ei årestoge frå Valle og to lopt frå Bykle, det ovannemnde Margitsloptet frå Gjerden og Ryningsloptet frå Nordbygdi.

I utgangspunktet var tanken å gjera Huldreheimen til ein høveleg feriestad i borgarleg, nasjonalromantisk ånd, og såleis vart han også bruka. Men etter kvart fann eigarane ut at han også var eigna til bygdetun, og i 1948 overdrog dei tomt og bygningar med alt sitt innhald av gamal lausøyre til Bykle kommune, på dei vilkår at kommunen ikkje skulle flytje bygningane til ei anna tomt, og at gjevarane skulle ha rett til å bruke husa som feriestad så lenge dei ynskte. Denne retten nytta dei seg sidan av i mange år, ho heilt til utpå 1970-talet. Dei gjekk godt ihop med bygdefolket, som dei både respekterte og vart respekterte av.

På 1960-talet vart samlinga opna for turistar og andre interesserte, og frå 1978 kom organiseringa av museet i fastare former. Dåverande eigar av Gjerden Der inne, Gunhild Gjerden, var fast omvisar for museet. Ho hadde god kontakt med Raabe og Segelcke, og passa hus og samlingar som om dei hadde vore hennes eigne.

Bykle kommune har halde bygningane ved like, men ingenting har vorte endra. Huldreheimen står som den gjorde då kommunen overtok i 1948. Sidan har Setesdalsmuseet overteke det faglege ansvaret for museet, iallfall så langt det gjeld registreringa og forvaltinga av den omfattande lausøyresamlinga.

Etter som tida gjekk synte det seg at fleire av bygningane ikkje var godt nok grunna. Dette gjorde det nødvendig med ein større restaureringsjobb på dei to lopta sumaren 2005. Nå skal dei vera attendeførde til god stand.

Anton Raabe var kirurg i Oslo. Tore Segelcke var kanskje den fremste kvinnelege skodespelaren her i landet frå midten av 1920-åra og frametter. I 1999, i samband med hundreårsjubileet til Nasjonalteateret kom ho på frimerke.


0941 Bykle komm.png Huldreheimen (Bykle) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Der inne • Neste bolk: Nordstog