Jernvegen 18 (Bykle)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Jernvegen 18
Utskilt: 1998
Stad: Hovden
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 2
Bnr: 776
Type: Bustadseigedom

Jernvegen 18 er ein bustadseigedom på Hovden i Bykle kommune. Dette huset vart oppsett av Stein Egil Hegland i 1998. Våren 2004 vart det overteke av dei som bur her nå (2006):

  • Tom Are Strømsvik f 1967
g m Berit Follerås, f 1972

Tom Are er opphavleg frå Tromsø, og son åt Eldrid Straumsvik og Jan Arne Olsen. Då han kom til Hovden, hadde han budd fleire år i Vrådal. Berit kjem frå Songdalen, og er dotter Liv og Torstein Follerås.

Tom Are er turistvert, og er med og driv Hovden Høyfjellssenter. Berit er lærar ved Hovden VGS.


0941 Bykle komm.png Jernvegen 18 (Bykle) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Jernvegen 24 • Neste bolk: Jernvegen 16

Koordinater: 59.5552° N 7.36551° Ø