Jernvegen 5-7 (Bykle)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Jernvegen 5-7
Utskilt: 1997
Stad: Hovden
Sokn: Bykle
Kommune: Bykle
Fylke: Aust-Agder
Gnr.: 2
Bnr: 701-702
Type: Bustadseigedom

Jernvegen 5-7 er ein bustadseigedom på Hovden i Bykle kommune. Dette er en vertikaldelt tomannsbustad som vart oppsett av Stein Erik Justnes og Frode Longnes i 1996. Justnes, som budde i nr 5, selde sin halvpart i 2002, men er framleis på Hovden. Kauparane var:

  • Morten Gustav Rentsch, f 1965
sb m Kristin Egeland, f 1979. Born:
  • Emilie, f 2001

Kristin er dotter åt Laila og Einar Egeland (sjå Blesterkroken 1, bnr 351). Ho er assistent i barnehagen på Hovden. Morten kjem frå Kristiansand, og er son åt Erna og Arvid Rentsch. Han driv firmaet Hovden Turistservice. Rentsch/Egeland er framleis på Hovden, men i 2006 vart husveret deira her overteke av Ingemar Jegteberg, som då flutte hit frå Kyrkjebygdi. Det me elles har å melde om han står i bolken om huset han hadde der (Myri 1, gnr 14, bnr 66).

Frode Longnes, som hadde den andre halvparten av tomannsbustaden, dvs. nr 7, døydde i 2001. I 2002 vart husveret overteke av Bjørn Erling Auestad (sjå Glidbjørg, gnr 16, bnr 11), som i 2003 selde det vidare til Edvin Norheim.

  • Edvin Norheim, f 1976

Edvin kjem frå Flekkerøya ved Kristiansand og er son åt Ernst og Elisabeth Norheim. Han har vore busett på Hovden sidan 1998, og arbeider i byggevareforretninga Montér Hovden.


0941 Bykle komm.png Jernvegen 5-7 (Bykle) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Jernvegen 1-3 • Neste bolk: Jernvegen 9

Koordinater: 59.55523° N 7.36433° Ø