Jostedal

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra Jostedalen)
Hopp til: navigasjon, søk
Nærleiken til breen har alltid prega livet i Jostedalen. Her Nigardsbreen fotografert av Knud Knudsen mellom 1895 og 1902.

Jostedal (Jostedalen, Justedalen, Jøstedalen) er ei bygd og ein tidlegare kommune i Sogn og Fjordane fylke, som i 1963 vart ein del av nye Luster kommune. Jostedal er òg namnet på eit kyrkjesokn, og det var namnet på eit prestegjeld fram til 2004. I dag omfattar skulekrinsen Jostedal den tidlegare kommunen. Bygda er særleg kjend for segna om Jostedalsrypa og for Jostedalsbreen, spesielt Nigardsbreen.

Dalføret og bygda Jostedalen

Dalføret Jostedalen munnar ut i Sognefjorden ved Gaupne. Hovuddalføret går nord-sør og deler seg kring 50 km frå Gaupne og 10 km etter den siste busetnaden (Fåberg) i Sprongdalen og Stordalen. Dei nedste grendene og gardane i dalføret har ikkje vorte rekna til bygda Jostedalen og har aldri høyrt til Jostedal prestegjeld/kommune/skulekrins - det gjeld frå sør Gaupne, Røneid, Stegagjerde, Leirmo og Alsmo, og sidedalane Leirdalen og Vigdalen.

Bygda Jostedalen byrjar fyrst kring 15 km nordover dalføret frå Gaupne, ved Haukåsgjelet. Jostedal var dermed ein av få reine innlandskommunar i Sogn og Fjordane. Bygdesentrumet er i dag Gjerde, og bygda har kring 430 innbyggjarar (2010). I aust grensar Jostedalen mot området som no utgjer Breheimen nasjonalpark, og i vest mot Jostedalsbreen nasjonalpark.

Busetnaden finn ein over ei strekning på kring 20 km i hovuddalføret Jostedalen mellom grendene Myklemyr og Fåberg, og i sidedalen Krundalen.

Jostedalen har i dag 26 matrikkelgardar. Framover på 16- og 1700-talet låg gjerne talet på gardbrukarar oppunder 30 før bruksdelinga skaut fart utover 1800-talet. Dei gamle gardane låg gjerne oppe i dalsida medan busetnaden i bygda i dag er dominert av dei nyare grendene i dalbotnen.

Tek ein utgangspunkt i dei fem skulekrinsane som eksisterte frå midten av 1800-talet til 1960-åra, kan busetnadsstrukturen framstillast slik (frå sør mot nord):

Jostedal kommune

Jostedal kommune vart oppretta med formannskapslovene i 1837. 1. januar 1963 vart Jostedal kommune som då hadde eit innbyggjartal på 796, slegen saman med Hafslo og Luster kommunar til den nye Luster kommune.[1]

Jostedal kommune og Jostedal prestegjeld hadde same geografiske utbreiing så langt attover ein kjenner til og fram til kommunesamanslåinga i 1963.

Liste: Ordførarar i Jostedal kommune

Jostedal prestegjeld og sokn

Jostedalen låg øyde etter svartedauden og fekk truleg fast busetnad att ein gong mellom 1560 og 1590. Det fyrste dokumentet etter øydetida som nemner Jostedalen, er ei presteskatteliste som er datert til 1596.[2] Jostedalen hadde då eit "kapell" og prest, men kyrkja og presten hadde framleis ingen tiende eller andre visse inntekter. Den neste kjelda som nemner prest eller kyrkje, er frå 1605 då Jens Jonasson er nemnd som sokneprest.

Jostedalen er til liks med Luster fråverande i manntala over kongetienda for Sogn 1607-1614, noko som kan kome av at Jostedalen har hatt ei tilknyting til Dale (Luster) prestegjeld, som på denne tida var eige len. Når det galdt dei andre skattane, var Jostedalen likevel knytt til Marifjøra skipreide, ikkje Luster, og i dei årlege tiendemanntala frå 1615-16 til 1618-19 er Jostedalen omtala under Hafslo prestegjeld som "et lidet annex".[3] Den kyrkjelege tilknytinga til Hafslo kan likevel ikkje ha vara lenge. Frå 1620/21 var det ny sokneprest (Mikkel Nilsson), og Jostedalen er i 1620-åra nemnd som eit annekssokn til Luster.[4] Også i 1632 var Jostedalen nemnd som eit annekssokn i Luster prestegjeld.[5] I 1636 er så Jostedalen nemnd som eige prestegjeld, og ein plan om samanslåing med Gaupne til eit nytt prestegjeld vart truleg aldri gjennomført.[6]

Prestegjeldet hadde såleis berre eitt sokn, og dette vart lagt til grunn for den nye kommunen frå 1837/38. Frå 1967 omfatta Jostedal prestegjeld òg Gaupne sokn og Fet og Joranger sokn attåt Jostedal sokn. Gaupne hadde tidlegare høyrd til Luster prestegjeld, medan Fet og Joranger hadde høyrt til Hafslo prestegjeld.

I Jostedal sokn er det ei kyrkje, Jostedal kyrkje, som stod ferdig i 1660. Staden har vore kyrkjestad frå 1200-talet, og ein reknar med at det har stått ei eldre stavkyrkje der. I prestegjeldet var det frå 1967 elles fire kyrkjer: Fet kyrkje frå 1894, og Joranger kyrkje frå 1600-talet, begge på Indre Hafslo og tilhøyrande Fet og Joranger sokn, og Gaupne gamle kyrkje frå kring 1650 og Gaupne kyrkje frå 1907 i Gaupne sokn. Jostedalen, Gaupne, Fet og Joranger har alle hatt kyrkje frå mellomalderen.

Folketalsutvikling

Tidspunkt Folketal Kjelde/merknad
1759-60 248 Sjeleregister 1759-60[7]
1769 268 Folketeljinga 1769, utg. 1980[8]
1801 444 Folketeljinga 1801, Digitalarkivet[9]
1815 520 Folketeljinga, NSD Kommunedatabasen
1825 553 Folketeljinga, NSD Kommunedatabasen
1835 631 Folketeljinga, NSD Kommunedatabasen
1845 802 Folketeljinga, NSD Kommunedatabasen
1855 884 Folketeljinga, NSD Kommunedatabasen
1865 885 Folketeljinga, NSD Kommunedatabasen
1875 855 Folketeljinga, NSD Kommunedatabasen
1891 903 Folketeljinga, NSD Kommunedatabasen
1900 938 Folketeljinga, NSD Kommunedatabasen
1910 943 Folketeljinga, NSD Kommunedatabasen
1920 956 Folketeljinga, NSD Kommunedatabasen
1930 964 Folketeljinga, NSD Kommunedatabasen
1946 977 Folketeljinga, NSD Kommunedatabasen
1960 822 Folketeljinga, NSD Kommunedatabasen
1963 796 Ved samanslåinga med Luster og Hafslo, SSB rapport 13/99

Bygda Jostedalen hadde i 2010 kring 430 innbyggjarar.

Notar

  1. «Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen» av Dag Juvkvam for Statistisk sentralbyrå.
  2. Presteskatten 1596 (Jostedal historielag)
  3. Kongetienda 1614-18 (Jostedal historielag)
  4. Kyrkje- og presteinntekter 1624-26 (Jostedal historielag)
  5. Kyrkjerekneskapar (1631-1722) (Jostedal historielag)
  6. Brev om sokneinndelinga 1636 (Jostedal historielag)
  7. Sjeleregister 1759-60 (Jostedal historielag)
  8. Folketeljinga 1769 (Jostedal historielag)
  9. Folketeljinga 1801 (Jostedal historielag)

Litteratur

  • Laberg, Jon: «Jostedal. Ei stutt utgreiding um bygdi og folket der.» I: Tidsskrift utgjeve av Historielaget for Sogn, 1939, 1944 og 1948 (digital utgåve, Jostedal historielag)
  • Øyane, Lars E.: Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Luster kommune. Gaupne 1994 Digital utgave på bokhylla.no
  • Espe, Alfred: Jostedalen. Frå istid til sjølveigartid. Jostedal historielag. Jostedalen 2002
  • Øvregard, Kåre, Asbjørg Ormberg og Oddmund L. Hoel. Jostedal kyrkje. Fakta, segn og soge gjennom 350 år. Skald. Leikanger 2010
  • Øvregard, Kåre: Skulen i Luster gjennom 250 år. Kulturhistoriske glimt frå skulen sitt arbeid i dei ulike krinsane. Luster kommune. Gaupne 1996