Forside:Jostedalen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Om Jostedalen
Nærleiken til breen har alltid prega livet i Jostedalen. Her Nigardsbreen fotografert av Knud Knudsen mellom 1895 og 1902.

Jostedal (Jostedalen, Justedalen, Jøstedalen) er ei bygd og ein tidlegare kommune i Sogn og Fjordane fylke, som i 1963 vart ein del av nye Luster kommune. Jostedal er òg namnet på eit kyrkjesokn, og det var namnet på eit prestegjeld fram til 2004. I dag omfattar skulekrinsen Jostedal den tidlegare kommunen. Bygda er særleg kjend for segna om Jostedalsrypa og for Jostedalsbreen, spesielt Nigardsbreen. Busetnaden finn ein over ei strekning på kring 20 km i hovuddalføret Jostedalen mellom grendene Myklemyr og Fåberg, og i sidedalen Krundalen.

Jostedalen har i dag 26 matrikkelgardar. Framover på 16- og 1700-talet låg gjerne talet på gardbrukarar oppunder 30 før bruksdelinga skaut fart utover 1800-talet. Dei gamle gardane låg gjerne oppe i dalsida medan busetnaden i bygda i dag er dominert av dei nyare grendene i dalbotnen.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Thor Bakkens Eftf i Jostedalen.
Foto: Oddmund L. Hoel (2012)
Thor Bakkens Ettf er ein daglegvarehandel på Gjerde i Jostedalen i Sogn og Fjordane. Butikken har sidan 2007 vore med i Joker-kjeda og er den einaste attverande daglegvarebutikken i Jostedalen. Landhandlaren Hans Hansson BjørgeHafslo starta opp handelsverksemda på Gjerde 3. januar 1903. Etter to-tre år tok Thor Bakken over. Sonen hans, Kristen Bakken (fødd 1920), vart styrar 1. juni 1941 og overtok verksemda 1. januar 1954 under firmanamnet Thor Bakkens Etterfylgjar. Han driv framleis butikken.   Les mer …

Mor og son, Brita og Mons H. Takle.
Foto: Norland, Bergen.

Mons H. Takle (fødd 7. mars 1877 i Brekke, død 18. juli 1958 i Askøy) var lærar og kyrkjesongar. Han var son av gardbrukar Hans Monsson Takle og Brita Monsdotter og bror til læraren Magnus Takle.

Mons Takle tok lærareksamen på Stord lærarskule i 1898 og var lærar i Jostedalen frå 1899 til 1903. Deretter var han lærar i Lindås fram til 1917, i framhaldsskulen i tre år og andrelærar ved Nordhordland fylkesskule i eitt år. Frå 1919 var han lærar og kyrkjesongar i Brekke.   Les mer …

Anders Andersson Haugen (døypt 11. juni 1809 i Jostedalen, død 29. mai 1882 i Ørskog) var frå garden Haugen i Krundalen i Jostedalen. Han var son til Anders Andersson Haugen og Mari Johnsdotter. Anders gifte seg 12. juni 1835 med Mari Tøgersdotter (1810-1888) frå Kruna. Ho var dotter av gardbrukar og lensmann Tøger Larsson Kruna. Syskena til Anders og Mari, Lars Tøgerson Kronen og Johanna Andersdotter, vart òg gifte med kvarandre. Anders fekk skøyte på hovudbruket på Haugen 19. oktober 1836, men han og Mari dreiv ikkje garden lenger enn til 1853. Anders selde då garden til Halvor Sjurson Haugen, og Anders og Mari flytte til ØrskogSunnmøre og året etter vidare til Grytten.   Les mer …

Nigard, fotografert av Knud Knudsen i 1870-åra.

Nigard (gnr. 202/3) er eit gardsbruk under matrikkelgarden Mjølver i Jostedalen, Luster kommune. Bruket har gjeve namnet til den kjende Nigardsbreen som har skapt stor dramatikk i soga til Nigard. Nigard var bruket som vart hardast råka av den sterke framrykkinga til Nigardsbreen frå slutten av 1600-talet til midten av 1700-talet.

Den fyrste kjelda som fortel om problem for Nigard, er matrikkelutkastet frå 1723. Her heiter det at «breen forøges frem Voxer og fremskyder sig alt dybere og dybere ofver gaardens tilliggende marcher, og kand formedelst kulden udaf samme Jisfield, ingen sæd voxe». Matrikkelkommisjonen gjorde difor framlegg om ei nedsetjing av skatten med 12 merker smør (ca 1/5 reduksjon). Dette var den einaste garden i Jostedalen der det var framlegg om reduksjon, men matrikkelen vart aldri sett i kraft. På hausttinget 1735 vart det teke opp eit tingsvitne der allmugen vitna at «breen nu paa et steen Kast, nær gaardens huuse har nærmet sig». Størstedelen av beite- og slåttemarka til den gamle storgarden var bortteken, og leiglendingen Guttorm Johannesson Nigard måtte tigge både såkorn og eiga føde. Gardeigaren Christopher Munthe hadde ikkje fått betaling for jordleiga på årevis.   Les mer …

Sjur Hesjevoll.
Foto: Henta frå Folkemusikk og folkemusikkutøvarar i Noreg (1996)
Sjur O. Hesjevoll (fødd 19. mars 1914, død 18. desember 1994) frå Jostedalen i Sogn og Fjordane var spelemann, biletkunstnar og tredreiar. Hesjevoll var son av Anna Sjursdotter f. Krokgjelet og Ola Halvorson f. Fåberg. Dei fekk tolv born, og Sjur var den tiande i rekkja. Han budde på heimgarden Hesjevollen i Jostedalen fram til 1968. Då fekk han bygt seg verkstad og husvære på Stein, like ved Svoi på Øvste Hesjevoll. Av utdanning hadde han folkeskulen. Han hadde ingen utdanning som spelemann eller kunstmålar ut over nokre brevkurs. Når det gjeld trearbeidet hadde han nok likevel godt ein god skule heime. Fyrste fela si fekk han som 5–6-åring, og musikken vart den største gleda hans gjennom livet. Han hadde gode læremeistrar og førebilete i dei kjende jostedalsspelemennene Johannes Ormbergstølen, Martin Halveg og Olav Sperle.   Les mer …

Pesta kommer. Av Theodor Kittelsen, teikna 1894-95.

Jostedalsrypa er ei segn om ei jente som var den einaste overlevande i Jostedalen etter Svartedauden. Det er den mest kjende norske segna om Svartedauden, men liknande motiv går att i ei rad segner både frå andre delar av Noreg og andre land.

Somme versjonar av segna hevdar at stormannsfamiliar i Sogn flykta opp i Jostedalen for å kome unna pesten. Bygdefolket prøvde å isolere seg fullstendig, og brev ut og inn av bygda vart lagde under ein stein, Brevsteinen. Pesten kom likevel til dalen, og alle unnateke den vesle jenta døydde. I dei versjonane av segna der det vert sagt kvar ho kjem frå, vert ho heimfesta til garden Bjørkehaugen i Mjølvergrendi.

Då buskapen frå Jostedalen kom til ei grannebygd, ante folket der uråd, og dei drog til Jostedalen for å undersøkje tilhøva. Det varierer med versjonane om folket kom over Jostedalsbreen frå Nordfjord, frå Skjåk i Gudbrandsdalen eller frå fjordbygdene i Luster. Dei fanga den ville jenta og tok ho med seg.   Les mer …
 
 
Kategoriar for Jostedalen
ingen underkategorier
 
Mest lest