Lesja kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Lesja kommune
0512 Lesja komm.png
Basisdata
Kommunenummer 0512
Fylke Oppland
Kommunesenter Lesja
Areal 2259  km²
Areal land 2175.3  km²
Areal vann 83.7  km²
Folketall 2 048 (2017)
Grunnlagt 1837
Målform Nøytral
Nettside Nettside

Lesja kommune er ei fjellbygd i Oppland fylke på overgangen mellom Gudbrandsdalen og Romsdalen i Møre og Romsdal fylke. Bygda ligg på vasskiljet mellom Aust- og Vestlandet, og Lesjaskogsvatnet er kjelde både for Gudbrandsdalslågen og Rauma.

Om kommunen

Noverande Lesja kommune er ein del av det gamle Lesja prestegjeld, og vart etablert som Lesja herad ved innføringa av formannskapslovene i 1838. I 1861 vart annekssokna Dovre og Øvre Folldal fråskilt Lesja herad og prestegjeld. Dombåsgrenda vart da overført frå Lesja til Dovre kommune.

Bygda kan inndelast i desse grendene rekna nordfrå: Bjorlie, Rånå, Einbu, Kyrkjekretsen, Nørdre Verket, Søre Verket, Nordmo, Lyftingmo, Kyrkjebygde, og Kjøremsgrende. Dei samsvarar med skulekretsane inn til 1960-åra.

Den 25. september 1941 skjedde den fryktelege Gautsjøulykka i Lesja.

Ordførarar i Lesja 1837-

  • Johannes J. Tøndevold (1797-1875) ordførar 1838-49
  • Peder Skotte (1818-1904) ordførar 1850-53
  • Syver Hogsvold (1812-1877) ordførar 1854-55, 1864-67 og 1872-73
  • Hans G. Koldstad (1800-1873) ordførar 1856-63
  • Peder Bj. Holager (1833-1913) ordførar 1868-71, 1878-79, 1886-87 og 1890-91
  • Hans H. Hatrem (1839-1933) ordførar 1874–77, 1884–85 og 1888–89
  • Per Koldstad (1825-1904) ordførar 1880-83
  • Anders E. Norderhus (1855-1924) ordførar 1892-1901
  • Ola O. Rolstad (1864-1954) ordførar 1902–13, 1917–19 og 1923–25
  • Ole Ekre (1869-1928) ordførar 1914-16, 1920-22 og 1926-28
  • Sigvart Alstrup H. Jordhøy (1874-1953) ordførar 1929-37
  • John Botheim (1894-1975) ordførar 1938-40 og 1945 og 1946–47
  • Ola O. Mølmen (1911-89) ordførar 1947-55, 1960-63 og 1968-69
  • Sverre J. Botheim (1909-1982) ordførar 1956–1959 og 1964–67
  • Andreas Mølmen (1925-1976) ordførar 1970-72
  • Karl Stålaker (1917-2000) ordførar 1972-75
  • Jo Nordahl Bottheim (1934-) ordførar 1976-88 og 1992-1999
  • Osvald Haugbotn (1940-2002) ordførar 1988-91
  • Per Dag Hole (1959-) ordførar 2000-2011
  • Steinar Tronhus (1956) ordførar 2011-2015
  • Mariann Skotte (1976) ordførar 2015-

Kart

<googlemap version="0.9" lat="62.15" lon="8.83" type="terrain" zoom="9" width="600" height="400" overview="yes"></googlemap>

<googlemap version="0.9" lat="62.180887" lon="8.85498" zoom="9"></googlemap>

Eksterne lenkjer

Litteratur