Forside:Lesja kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Akershus • Buskerud • Innlandet • Oslo • Telemark • Vestfold • Østfold
TIDLIGERE FYLKE: Hedmark • Oppland (Distrikt: Hadeland • Land • Gjøvik og Toten • Gudbrandsdalen • Valdres)
KOMMUNE: Dovre • Etnedal • Gausdal • Gjøvik • Gran • Lesja • Lillehammer • Lom • Nord-Aurdal • Nord-Fron • Nordre Land • Ringebu • Sel • Skjåk • Søndre Land • Sør-Aurdal • Sør-Fron • Vang • Vestre Slidre • Vestre Toten • Vågå • Østre Toten • Øyer • Øystre Slidre
TIDLIGERE KOMMUNE: JevnakerLunner

Om Lesja kommune
0512 Lesja komm.png
Lesja kommune er ei fjellbygd i Innlandet fylke, tidlegare Oppland, på overgangen mellom Gudbrandsdalen og Romsdalen i Møre og Romsdal fylke. Bygda ligg på vasskiljet mellom Aust- og Vestlandet, og Lesjaskogsvatnet er kjelde både for Gudbrandsdalslågen og Rauma.Noverande Lesja kommune er ein del av det gamle Lesja prestegjeld, og vart etablert som Lesja herad ved innføringa av formannskapslovene i 1838. I 1861 vart annekssokna Dovre og Øvre Folldal fråskilt Lesja herad og prestegjeld. Dombåsgrenda vart da overført frå Lesja til Dovre kommune.

Bygda kan inndelast i desse grendene rekna nordfrå: Bjorlie, Rånå, Einbu, Kyrkjekretsen, Nørdre Verket, Søre Verket, Nordmo, Lyftingmo, Kyrkjebygde, og Kjøremsgrende. Dei samsvarar med skulekretsane inn til 1960-åra.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Lesjaverk 1963 med den freda hovudbygninga frå 1734.
Lesja jernverk vart oppretta med tildelinga av privilegiet på jernverksdrift i Lesja hovedsokn til Jørgen Fillipsen og Joachim Irgens i 1660. Drifta kom gradvis i gang i åra etter etableringa. Lesjaskogsvatnet vart oppdemt i begge endar for å skaffe vasskraft til verksanlegget, som vart bygd opp i austre enden av vatnet. Ved anlegget kom det etter kvart masomn av såkalt vallonsk type og stangjernshammar. Også i Håmårfossen i Rauma nedafor Kvamsgardane vart det bygd stangjernshammar, truleg så tidleg som i 1670-åra. Malmen vart funne fleire stader over Lesjaskogen: ved Slettom og i Gruvlie mellom Brandlie og dei gamle gardane i Nørdre Verket. Malmen frå Gruvlie vart køyrt ned til Bryggja og transportert derfrå til masomnen ved hjelp av lektarar sommarstid og med slede på isen om vinteren.   Les mer …

Poul Holst Irgens, blyanttegning av ukjent opphavsperson.
Poul Holst Irgens (fødd ca. 1724, død 1784) kom til Lesja jernverk som «Directeur» og gifta seg i 1757 med Birgitte Marie Reinholdtsdtr. Ziegler, enkje etter førre verkseigaren Hans Jensen Holmboe. I Irgens si tid gjekk drifta ved verket godt, og han kjøpte opp fleire gardar i bygda og Romsdalen. Irgens var òg ved Røros gruver og frå 1756 direktør ved Folldal kopparverk. I 1767 kosta Irgens nytt tårn og tre nye kyrkjeklokker på Lesjaskog kyrkje, som den gongen stod ved verket. Han ble utnevnt til bergråd.   Les mer …

Sy Kvamsetra i Grøndalen
Foto: Arnfinn Kjelland (2004)

Grøndalen er ein markert dal som går sørover frå hovuddalen litt nord (vest) for Lesjaskog sentrum. Dalen er dominert av elva Grøna, som kjem som to løp frå høgfjellet, Stor-Grøna frå fleire tjønner innunder Grønhøi (1650 m.o.h.) og Løyfthøene (1946 m.o.h.) og Vesl-Grøna frå Grøntjønne. Ein gamal ferdselsveg frå Skjåk via Lordalen kjem ned til Lesjaskog langs Stor-Grøna gjennom Grøndalen.

I dalen ligg det nokre setrar: to på austsida av elva og ei på vestsida. Dessutan er det tufter etter ei gammal seter der. Den gamle garden Grønved ligg i det ein kan rekne som Grøndalen. Går vi opp setervegen frå Grønfossen på austsida av Grøna, kjem vi fyrst til setra til Ner-Enstad. Litt lenger inn ligg setra til Sy Kvam. Går vi opp på vestsida av elva, kjem vi fyrst til tuftene etter Kvislesetre, og så til setra til Oppistugu Kvam. Det er om lag fem km frå riksvegen og inn til setrane på austsida av elva. Vegen på vestsida av elva er nok noko lenger.   Les mer …

Utsyn over Lesjaskog frå Mølmshaugen til Nørdre Høe 2004.

Tragedien på Lesjaskog seinhaustes 1957 er ei hending som gjorde eit djupt inntrykk på mange menneske. Dei to små barna til Sigrunn (1930-2010) og Syver Mølmshaug (1927-2010), Berit (akkurat fylt 5 år) og Hans Petter (knapt 3 år) forsvann frå heimgarden og vart ikkje attfunne før etter to veker.

Ungane gjekk frå Mølmshaugen i to-tida om ettermiddagen 22. november for å sjå til faren. Syver og ein arbeidskamerat dreiv med skogsarbeid om lag 400 meter frå garden, på sørsida av Rauma og til venstre over Haugabrua, som ikkje hadde rekkverk og som ungane måtte krysse. Det var ein ettermiddag med snø i lufta, og det blir som kjent tidleg mørkt på denne årstida.   Les mer …

K.G. Wågen vart gjerne midtpunktet der han var til stades. Her (med tversoversløyfe) frå eit konfirmasjonsselskap i Skjåk i 1963.
Foto: Kristian Hosar.
Kristian Gerhard Wågen (fødd 9. september 1891 i Tingvoll, død 10. september 1982 i Skjåk) var lærar, underoffiser og lokalpolitikar. Han verka det meste av sitt vaksne liv i Skjåk. Der markerte han seg sterkt som kommunist på 1920-talet. Han gjorde mykje for å betre skulestellet i bygda, og har mykje av æra for at det kom i gang realskule i Lom og Skjåk. Han var målmann, og arbeidde for språkskifte til nynorsk i kommunen. I april 1940 stilte han som befal for lokale frivillige til motstand mot invasjonstroppane. Under okkupasjonen vart han arrestert og send til Kirkenes under læraraksjonen. Han vart også arrestert av Gestapo ved eit seinare høve. Wågen var handlekraftig, etter måten sjølvmedviten og hevda klåre meiningar. Han må seiast å ha vore ein omstridd person i Skjåk, iallfall i tida før krigen. Det hekk mykje saman med dei radikale politiske haldningane hans, men også med sider ved hans personlege livsførsel som folk ikkje tykte høvde så godt til hans rolle som kyrkjesongar, lærar og barneoppdragar.   Les mer …

Kvernhuset i 2006
Foto: Arnfinn Kjelland

Lorkverna er eit kulturminne og kulturvernanlegg restaurert og rekonstruert av Lesja historielag i åra 2000-2010. Kulturminnet og anlegget ligg i Lordalen, ved elva Lora om lag 5 km oppover langs sørsida av elva frå bommen på Lordalsvegen.

Den nåverande Lorkverna er bygd på same staden som det låg ei større kvern eller bygdemølle. Ho er dokumentert attende til midten av 1700-talet, da Systugu Tynnøl hadde lott i ei kvern i Lora. Sjølv om det altså er nærare 10 km unna, syner det kor viktig det var å ha tilgang til kvern med sikkert vatn året rundt. Dei mange bekkekvernene kunne nok berre brukast om våren og hausten, sjeldan om vinteren. Ved Lora var det sikker vassføring året rundt.   Les mer …
 
Sjå òg
 
Kategoriar for Lesja kommune
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
 
Andre artiklar