Høsting av tobakk på Torsrud på Spikkestad 1943. «Bondetobakk» kalt «Havanna» og «Virginia» var de mest vanlige dyrkede sorter. Foto: Røyken historielag hovedsamlingen 1998-2001 (RHB-0072) NEG 202 Tobakk er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 2004 med tittel Tobakk. Utsendar var Norsk etnologisk gransking. Denne spørjelista vart sendt ut i samband med den nye røykelova som vart sett i kraft 1. juni 2004. Denne spørjelista har samanheng med NEG 92 Bruk av tobakk, som vart sendt ut i 1962 om same emnet. Les mer …
Elisabeth (Lily) Weiser-Aall (fødd 18. desember 1898 i Wien, daud 26. februar 1987 i Oslo) var ein austerrisk-norsk folklorist og etnolog. Ho vert ofte skildra som ein av dei framste etnologane i si tid, og var ei føregangskvinne for forsking på dei etnologiske og folkloristiske felta.Lily tok dei fyrste tre åra av folkeskulen heime og det 4. året ved privatskula Brabbé i Wien. I 1909 tok ho til studia ved gymnaset Foreldreforeiningas privatmiddelskule i Wien, men heldt fram ved Mädchenobergymnasium des Vereines für erweiterte Frauenbildung frå 3. klasse av. Den 7. juli 1917 avla ho eksamen arium med utmerkelse.
I oktober 1917 byrja Lily ved det filosofiske fakultetet ved universitetet i Wien, der ho studerte både tysk litteraturhistorie og filosofi. Etterkvart tok ho også til å studere både norrønt og kunnskap om den germanske oldtiden. Medan Lily gjekk i skulen lærte ho seg fransk språk, men på universitet lærte ho seg også engelsk, og etter eit opphold i Sverige sommaren 1920, også svensk. Til same tid byrja ho å studere folkloristikk/etnologi og mytologi. Då skreiv ho dissertasjonen sin om historia til juleskikkene. Les mer …
|