Forside:Valdres

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

ØSTLANDET • SØRLANDET • VESTLANDET • MIDT-NORGE • NORD-NORGE
Østfold • Akershus • Oslo • Hedmark • Oppland • Buskerud • Vestfold • Telemark
Hadeland • Land • Gjøvik og Toten • Gudbrandsdalen • Valdres
Etnedal • Sør-Aurdal • Nord-Aurdal • Øystre Slidre • Vestre Slidre • Vang

Om Valdres
Kart over Valdres, med den historiske vandreruta Stølsrute teikna inn.

Valdres er eit landskap i Oppland, med kommunane Nord-Aurdal, Sør-Aurdal, Øystre Slidre, Vestre Slidre, Vang og Etnedal.Dalføret femner størstedelen av nedbørsområdet for Begnavassdraget nord for Sperillen og den øvre delen av Etnedal landskapsområde med kringliggande fjellstrok. I sør finn ein Begnadalen og Hedalen. I nord er Valdresflye ein del av Jotunheimen. Valdres reknast med til Austlandet, men er òg eit grenseområde til Vestlandet. Den eldste busetninga i dalen kom vestfrå, og Valdres var lenge under Gulatingslagen. I 1153 vart dalen ein del av Stavanger bispedøme.

Den største tettstaden, og den einaste mer over 1000 innbyggjarar er Fagernes i Nord-Aurdal. Fagernes som fekk bystatus i 2007 og har drygt 1900 innbyggjarar (2018). Andre tettstader, med folketal per 2018 i parentes, er: Leira i Nord-Aurdal (873), Bagn i Sør-Aurdal (668), Aurdal i Nord-Aurdal (681), Beitostølen i Øystre Slidre (349), Slidre i Vestre Slidre (346), Røn i Vestre Slidre (283), Heggenes i Øystre Slidre (283), Moane i Øystre Slidre (230) og Bruflat i Etnedal (248).

E16 og fylkesveg 51 går gjennom Valdres. Det er bussamband frå fleire stader i dalen til Oslo, Bergen, Gjøvik og Gol. Valdresbanen gjekk til Fagernes, og vart nedlagd i 1989. Fagernes lufthamn, Leirin var den høgast liggande flyplassen i Nord-Europa, på 822 moh. Den hadde daglege avgonger til Oslo lufthavn, Gardermoen. Lufthamna vart opna i 1987, og nedlagd i 2018.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Kirken sett mot nord. Det lille hvite påbygget er sakristiet.
Foto: Wolfmann
(2017)

Slidredomen, opprinnelig Mariakirken i Slidre eller bare Slidre kirke, i dag Vestre Slidre kirke, er den største kirken i Valdres og omtalt som Valdres' hovedkirke. Den er viet til Jomfru Maria og er bygget i romansk stil med runde buer over dører og vinduer. Det er et tørrmurt steingjerde rundt kirkestedet og med en port med årstallet 1170.

Den er første gang nevnt i skriftlige kilder i 1264 da den fattige Torstein ble utnevnt av pave Urban IV til prest i «ecclesia santae Mariae de Slidrum».   Les mer …

Skip og kor, frå Gamle norske kirker, utg. 1922.
Hedalen stavkyrkje står i bygda Hedalen i Sør-Aurdal, sør i Valdres. Ho vart reist som ei einskipa langkyrkje kring 1165, og vart i 1699 ombygd til ei korskyrkje. Den vestre delen av skipet er den opphavlege stavkyrkja. Ho er framleis soknekyrkje for Hedalen sokn. Kyrkja trakk òg folk frå mellom anna Ådalen, dei andre delane av Sør-Aurdal, Etnedal og Hallingdal til feiring av jonsok og mikkelsmess heilt fram til «Hedalsmessa» vart avskaffa kring 1850.Kyrkja vart stilhistorisk datert til kring 1165. Det er ikkje alltid lett å treffe blink med slik datering, men i dette høvet har seinare årringdatering vist at tømmeret vart hogd vintrane 1161/1162 og 1162/1163.   Les mer …

Kart over Vassfaret frå ca. 1840, teikna av kaptein Lund.
Foto: Statens kartverk

Vassfaret er eit område mellom Valdres og Hallingdal. Vassfaret er i dag eit populært friluftsområde. Ein viktig grunn til det er Mikkjel Fønhus sine naturskildringar, der han ofte henta inspirasjon frå Vassfaret og Vidalen. Vassfarstammen av brunbjørn vert rekna som den siste heilnorske brunbjørnstammen. Tidleg i 1980-åra vart han erklært som utdødd, men det har vore bjørn der òg i seinare år. Ulven vart tidleg utrydda i området, men det er jerv og gaupe der. I 1906 døydde den tretten år gamle Johan Sagadalen av skadane han fekk då han gjekk på ein brunbjørn. Ved Blåfjellhaugane står det ei minneplate som fortel om denne hendinga. Det er ellers eit rikt dyreliv, med mellom anna rev, grevling, rådyr, hare, mårdyr og gnagarar.

  Les mer …

Petter Lillebrænd.
Foto: Studentene fra 1915 (1942)
Petter Lillebrænd (født 16. august 1896 i Nord-Aurdal, død 3. januar 1987 i Gjøvik) var realfagslektor og yrkesskolerektor. Han jobbet ved Gjøvik høyere skole i 30 år (1922–1952), var rektor ved Gjøvik yrkesskole i tretten år (1952–1965) og representerte Venstre i Gjøvik bystyre i 33 år (1929–1959, 1964–1967) hvorav 19 år i formannskapet. Lillebrænd, som hadde befalskurs fra 1916, deltok i felttoget 1940 og ga seinere ut boka I krig langs Begna i 1949. Han skreiv også kapitlet «Skolen under okkupasjonens trykk 1940–1945» i skolens jubileumsbok Fra borgerskole til videregående skole. Her heter det at Lillebrænd selv ble fengslet like etter skolestart høsten 1942, og satt en måned.   Les mer …

Gravminnet åt familien Espelien/Klevgaard på Bruflat kyrkjegard.
Foto: Dag Gurihus (ca. 2006)
Gudbrand Klevgaard (fødd 17. mars 1866 i Etnedal, død 7. juli 1945) var lærar ved Bruflat skule i Etnedal i 34 år. Han var òg klokkar, lokalpolitikar, lokalhistorikar, folkeminnesamlar med meir. Han vart tildelt Kongens fortenstmedalje i sølv.   Les mer …

Mikkjel Fønhus (t.v.) i samtale med kaptein Kristen Femundshytten på «Femund II»
Foto: Ukjent / Glomdalsmuseet
Mikkjel Fønhus (født 14. mars 1894 i Sør-Aurdal, død 28. oktober 1973 samme sted) var journalist, skribent og forfatter. Med unntak av to korte opphold i hovedstaden, først som student og senere som journalist i Norske Intelligenz-Seddeler, bodde han hele livet i Sør-Aurdal. Han foretok flere reiser, blant annet til Afrika, Nord-Amerika, Finland, Nord-Norge og Svalbard, da først og fremst for å skaffe materiale til sine fortellinger. Svært mye av hans forfatterskap er villmarksromaner, dyreskildringer, dyrs atferd og formidling av trolske stemninger i naturen.   Les mer …
 


 
Kategoriar for Valdres
 
Andre artiklar