Forside:Lom kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Akershus • Buskerud • Innlandet • Oslo • Telemark • Vestfold • Østfold
TIDLIGERE FYLKE: Hedmark • Oppland (Distrikt: Hadeland • Land • Gjøvik og Toten • Gudbrandsdalen • Valdres)
KOMMUNE: Dovre • Etnedal • Gausdal • Gjøvik • Gran • Lesja • Lillehammer • Lom • Nord-Aurdal • Nord-Fron • Nordre Land • Ringebu • Sel • Skjåk • Søndre Land • Sør-Aurdal • Sør-Fron • Vang • Vestre Slidre • Vestre Toten • Vågå • Østre Toten • Øyer • Øystre Slidre
TIDLIGERE KOMMUNE: JevnakerLunner

Om Lom kommune
0514 Lom komm.png
Lom kommune er ein kommune og ei bygd i Ottadalen i Innlandet fylke. Kommunen grensar i nordvest til Skjåk, i nord til Lesja, i aust og søraust til Vågå, i sør til Vang og i sørvest til Luster. Noverande Lom kommune er hovudsoknet, Garmo sokn og Bøverdalen sokn av det gamle Lom prestegjeld, og vart etablert som Lom herad ved innføringa av formannskapslovene i 1838. I 1866 vart Skjåk sokn fråskilt Lom herad og prestegjeld.   Les mer ...
 
Smakebitar fra artiklar
Hytta ved Pollvatnet. Hildur og Jo Turtumøygard sitjande til høgre.

Jo Turtumøygard (fødd i Lom 18. mars 1898, død same stad 5. januar 1984) var lærar. Han hadde mangfelte interesser, og var aktiv på mange måtar innan kulturliv, organisasjonsarbeid og generelt samfunnsengasjement. Ikkje minst er han kjend som ein forkjempar for lokalt kulturvern. Særleg arbeidet i Lom heimbygdslag og bygdemuseet opptok han sterkt i seinare år. Han har mykje av æra for at heimen til Tor Jonsson vart teke vare på og gjort til museum. Turtumøygard var ein nær ven av den ein god del yngre diktaren.

  Les mer …

Andreas Austlid.
Foto: Ukjent
Friskulen i Lom var grunnlagt og driven av Andreas Austlid i åra 1871-1879. Det var ein privatskule for born under konfirmasjonsalderen, med eit alternativt pedagogisk tilbod i høve til den ordinære allmugeskulen. Skulen heldt til på garden Ofigsbø i Bøverdalen i Lom. Verksemda vekte strid i bygda. Austlid hadde vorte oppmoda om å setja i gang med tiltaket av lomværar han hadde vore saman med på Christopher Bruuns folkehøgskule på Romundgard vintrane 1869-1870 og 1870-1871. Det var fyrst og fremst Hallvard Ofigsbø (1846-1928) som stod bak initiativet. Han hadde gått på folkehøgskulen hjå Bruun både på Sel (1869) og i Gausdal (1871). Han var med som lærar saman med Austlid den fyrste vinteren, da det gjekk 14 elevar der.   Les mer …

Erik Rudser.
Foto: Ukjent
Erik Johannessen Rudser (fødd i Skjåk 17. desember 1867, død i Lom 25. august 1949) var lærar og kyrkjesongar i Lom hovudsokn i meir enn ein mannsalder. Han var ein oppglødd norskdomsforkjempar, og som skulestyreformann fekk han mykje å seie for språkskiftet til nynorsk i Lom.Han var fødd på garden Nistun Russar på Ramstadstronda i Skjåk, der foreldra var brukarar. Faren var Johannes Gregoriussen (1830-1907). Mora Marit Erlandsdotter (fødd 1834) var frå Kvåle i Skjåk. Erik var den sjette av i alt ni born.   Les mer …

Andreas Austlid.
Foto: Ukjent
Andreas Austlid (fødd 26. desember 1851 i Gausdal, død 27. august 1926Østre Toten) var folkehøgskulemann og lærebokforfattar. Han dreiv friskule i Lom, var lærar ved fleire folkehøgskular, og grunnla sjølv Møre folkehøgskule. Austlid var forfattar av det fyrste heile leseverket for barneskolen på nynorsk. Han var fødd på garden Austli i Østre Gausdal, ein mellomstor gard med tre-fire husmannsplassar den tida Andreas voks opp. Andreas var nesteldste son til husbondsfolket der, Anders Eirikson frå Midtvoll (1812-1889) og Ingeborg Andersdotter frå Toft (fødd 1824). Foreldra hadde kjøpt Austli i 1849. Etter den vanlege allmugeskolen gjekk Andreas i to vintrar på Christopher Bruuns folkehøgskule på Romundgard i Sel (1869-1871). Han var også med den fyrste vinteren etter at skulen vart flytta til heimbygda hans (1871-1872). Tida på folkehøgskulen vart skilsetjande for Andreas, og la retninga for hans seinare virke.   Les mer …

Reinheimen er ei nyare nemning på eit fjellområde som i grove trekk er avgrensa av Ottadalen i sør, Lesjadalføret i nord og Tafjordfjella i vest. Namnet Reinheimen vart først nytta av fjelloppsynsmann Olaf Heitkøtter i ei bok frå 1970-talet. Tidlegare hadde ikkje området noko felles namn. Det er mange minne etter den gamle villreinfangsten i området; dyregraver (fangsgroper) og massefangstanlegg.   Les mer …

Lomsk såmaskin
Foto: Arnfinn Kjelland
Den såkalla lomske såmaskina var ei radsåmaskin for korn som etter kvart erstatta såing av åkrane for hand i Nord-Gudbrandsdalen og i andre fjellbygder på Aust- og Vestlandet. Den sette såkornet like djupt i jorda, og det gjekk ikkje med meir enn knapt det halve i høve handsåinga. Maskina vart forbetra i fleire omgangar og var i bruk til ut på 1900-talet. Sokneprest Niels Petersen i Lom skal etter Ivar Kleiven ha vore den som fekk ei slik maskin til bygda i 1780-åra. Rolv K. Øygard meiner Vass-Per fann opp maskina kring 1806. Men stykket hans i Årbok for Gudbrandsdalen inneheld i alle fall ein faktisk feil; han påstår at den første maskina Per laga kom til Sygard Geilo og at presten Petersen fekk sjå ho der og kjøpte ho. Det må da ha vore etter 1806, men Petersen reiste frå Lom alt i 1797.   Les mer …
 
Sjå òg
 
Kategoriar for Lom kommune
ingen underkategorier
 
Andre artiklar