Neire Dysje (Bykle gnr 8/2)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Neire Dysje
Utskilt: 1815
Stad: Botnen
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 8
Bnr: 2
Type: Gardsbruk
Dette biletet er teke i Sandbekksosen i Bossvatn. Sandbekk er ein støyl på sørsida av vatnet som høyrde til Neire Dysje. Mannen på land er Juel Lund. I båten sit Thina Lund (som seinare gifte seg med Ånund Brotteli), Søren Lund og Ragna Abrahamson - kona til August Abrahamson som tok biletet. Dette var truleg ein gong i den tida då Søren Lund åtte Brotteli, dvs. mellom 1903 og 1907. Frå Setesdalsmuseet.

Neire Dysje var ein av Dysjegardane i Bykle kommune. Som det går fram av bolken om den udela garden, vart dette bruket utskilt i 1815. I og for seg kunne ein godt tenkt seg at det hadde vore husmannsplass tidlegare, men me har ikkje sett noko som peikar i den lei.

I den gamle gards og ættesoga (89) les me at «Åvold Jonsson kjøpte garden av Mikkelsen Bratteland» og at det «ser ut som om Mikkel Olsen Bratteland fekk garden etter Ole Tallaksen Dysje, eller borna hans». Dette er iallfall delvis gale, ettersom Olav Tallaksson aldri hadde noko gardsbruk å selje, han var busete hjå broren. Når det gjeld Mikkel Bratteland, har me ikkje sett at han heller åtte noko i Dysje, men for den skuld kan han kanskje ha gjort det ei tid. Det me veit heilt sikkert er at Åvold fekk skøyte på bruket hjå Åsmund Sørensson. Dette var i 1815, i 1819 vart det halde delingsforretning og skyldsetjing, og overdragingsdokument vart tinglyst i 1820.

Åvold Jonsson var frå Vatnedalen, og son åt Jon Åvoldsson Nesland og kona, Tore Bjørgulvsdotter, fødd Breive. Åvold åtte Ryningen nokre år, men selde det bruket til Salmund Snæresson Ryningen i 1797. I 1800 kaupte han Attistog Gjerden hjå Bjørgulv Åsmundsson, og etter at han gifte seg i 1805 budde han og huslyden hans der. Ettersom det var der alle borna vart fødde, har me valt å plassere hovudomtalen av denne huslyden i Attistog-bolken.

Etter at Tarjei Oddsson tok Attistog på odel i 1815, kaupte Åvold bruket her i staden. Han fekk eit år på seg til å flytje, men rakk aldri å gjera det, ettersom han døydde i oktober 1816, nokre dagar fyre den fastsette flytjedatoen. Ved dødsfallet vart Åvold oppskriven som «leilending» i Attistog Gjerden, etterdi Tarjei Oddsson hadde overteke eigedomsretten der. Kona og borna åt Åvold flutte åt Dysje våren 1817, og budde her frametter.

Dei fleste av borna åt Hæge og Åvold vart verande i Bykle og Valle, men Kjetil Åvoldsson reiste til Hjelmeland i 1832, og tente på ymse gardar i den bygda, til han gifte seg der 14 år seinare.

  • Kjetil Åvoldsson Gjerden, f 1812, d 1892
g 1846 m Guri Nilsdtr., f 1823, d 1896. Born:
  • Nils, f 1846, til Amerika 1883
  • Jone, f 1849, ikkje funne 1900
  • Margrete, f 1852, ikkje funne 1900
  • Knut, f 1854, til Amerika 1883
  • Helene, f 1857, g m Østen Ivarsen, 1900 busett Lund, Stjernarøy, gnr 23, bnr 3, 5 døtrer
  • Kjetil f 1859, g m Bertha Ågesdtr. Mjølhus, f 1874, 1900 busett Mjølhus, Hjelmeland, gnr 70, bnr 6, 3 døtrer
  • Guri, f 1860, g m Rasmus Jonassen Østerhus, f 1847, 1900 busett Førre, Hjelmeland, gnr 34, bnr 2-3, 1 son
  • Marte, f 1862, ikkje funne 1900
  • Nils (y.), f 1864, ikkje funne 1900

Me veit ikkje anna om bakgrunnen åt Guri Nilsdotter enn at ho var fødd i Suldal.

I 1865 budde Kjetil og Guri og borna deira på eitt av bruka i Førre i Jøsenfjorden, Hjelmeland, og Kjetil åtte bruket sitt. I 1865-folketeljinga er namnet hans skrive «Kittel Ovesen». Som det går fram ovanfor emigrerte Knut og Nils Kjetilssøner i 1883, men korleis det var med dei andre 4 som me vantar i 1900 er uvisst.

Som nemnt andre stader i boka er emigrantprotokollen frå Stavanger ein ufullstendig rekonstruksjon, og ein kan difor ikkje utan vidare gå ut ifrå at dei ein ikkje kan finne i 1900-folketeljinga var døde fyre denne vart oppteke.

Jon Åvoldssson sto nærast til å overtaka Neire Dysje etter mora, og det var det nok også meininga at han skulle, men så drukna han i Bossvatn i januar 1841, berre eit halvår etter at han hadde gift seg, så det vart ikkje noko av.

  • Jon Åvoldsson Dysje, f 1805, d 2.1.1841
g 11.6. 1840 m Jorunn Olsdtr. Viki, f 1815, g 2. m Torleiv K. Rygnestad, til USA 1879. Ikkje born.

Jorunn kom frå Nistog Viki i Valle. Foreldra hennes var Olav Eivindsson Dale og kona, Torbjørg Gunnulvsdotter, fødd Kvestad.

Etter at Jon var død gifte Jorunn seg oppatt med Torleiv Knutsson på plassen Drenkadøl under Systog Rygnestad. Den mannen døydde i frå henne i 1859, og 20 år seinare, altså i 1879, reiste ho, etter kva utvandrarlista frå det amerikanske Setesdalslaget opplyser, til USA saman med sonen Knut (jfr. Valle III, 274; VI, 391 f).

Kvifor ikkje Borghild Åvoldsdotter og mannen hennes fekk overtaka bruket etter at broren var borte, endå dei då var nærast til det, veit me ikkje. Det me ser er at Hæge Kjetilsdotter i 1842 overdrog det til den framleis ugifte yngstedottera, Anne, på dei vilkår at mora skulle ha kår frå det tidspunktet då skøytet vart skrive, men sitje med eigedomsretten så lenge ho livde, noko som var ei nokså uvanleg løysing. Anne gifte seg nokre år etter at mora var borte.

  • Anne Åvoldsdotter Dysje, f 1816, d 1886
g 1. 1844 m Vetle Pedersson Ljosådalen, f 1807, d 1846. Born:
  • udøypt jente, f 1845, d 1845
g 2 1848 m Olav Olsson Håtveit, f 1818, dødsår ukj. Born:
  • Olav, f 1849, g 1878 m Anne Olavsdtr. Bjones, sjå nedanfor
  • Åvold, f 1852, d 1929, ug, sjå nedanfor
  • Dødfødd gut, 1855
  • Dødfødd gut, 1856
  • Dødfødd jente, 1860
Jordeplekvern var ein reiskap dei hadde på dei fleste gardar, og endå finst det att mange av dei. Dei er alle frå 1800-talet. Kverna me har bilete av her var av den vanlegaste modellen. Ho kjem frå Myri Holen og står framleis i Holsloptet, men det var større trong for biletet på denne staden. Det kjem frå Setesdalsmuseet, og museets registreringsnummer på kverna er KB077. Desse kvernene er til å mala koka jordeple på, og ein kunne lure på kva dei skulle med alle desse opmalne, koka jordepla. Svaret er at dei primært vart nytta til baking. Når dei fyrst hadde skaffa seg kvern, mol dei vel også til graut, men grautjordepla var det godt nok å stampe. Men dei som skulle i lefse eller braud laut vera finmalne, og ha jamn konsistens, og då var kverna ein stor fyremon. Nokre hadde også særskilde kverner til rårasping av jordepla, som var i bruk når dei skulle brukast til bryggjing, eller til å laga potetmjøl, men dette var ein heilt annan type kvern. Inni ei høveleg kasse var montert ei trehjul med rivjern ikring og sveiv i navet. Kassa sto på ein bukk, og under denne plasserte ein eit kjerald til å samle opp jordepleraspet. Desse kvernene var langt sjeldnare, og idag er det få såvorne å finne.

Vetle, fyrste mannen åt Anne, kom frå Ljosådalen. Peder Vetlesson Mæland og kona, Ingebjørg Bjørnsdotter, fødd Ljosådalen, var foreldra hans. Han vart midsumars 1846 funnen død på heia, står det i kyrkjeboka, men nokon spesifikk dødsårsak er ikkje nemnd. Ved dødsfallet hadde han berre vore gift i vel 2 år.

Anne gifte seg 2 år seinare omatt med Olav Olsson. Då han gifte seg, vart han oppskriven med etternamnet Røysland, så då har han vel budd einkvarstad der, men han var fødd i Hjartdal. Dette vart notert i kyrkjeboka, då han vart konfirmert i Valle i 1834. Der står det også at foreldra hans heitte Olav Sørensson Håtveit og Hæge Olavsdotter. Om desse har budd i Valle, veit me ikkje visst, men me finn dei ikkje nemnde i Vallesoga. Derimot har me sett at ein hjartdøl som heitte Søren Olsson Håtveit i 1836 fekk sonen Aslak med Sigrid Åmundsdotter Bjåen. Me kan ikkje seia at me veit at den mannen var skyld Olav her, men det virkar mykje truleg.

Anne og Olav hadde truleg problem med å greie seg på bruket, for alt i 1852 selde dei det til Olav Gunnarsson i Evre Dysje. Prisen då var 120 speciedaler, noko som tykkjest helst noko lågt, og som iallfall var for lite til å dekkje pantegjelda, som var på 169 speciar. Seljarane heldt likevel fram med å bu her, men etter salet har dei då vore bruksfolk eller husmannsfolk under oppsitjarane i Evre.

I 1865 sat Anne og Olav med 5 kyr, 20 sauer og 18 geiter. Sånaden då var 1 1/2 tunne korn og 5 1/2 tunner jordeple. Ti år seinare hadde dei hest, men berre 2 kyr og 2 kalvar, 4 sauer og lam og 7 geiter og kje. Av bygg sådde dei då 2 1/2 tunner, men sette berre 1 1/2 tunner jordeple.

Nå er det noko usikkert korleis det vidare gjekk med eigarskapen til bruket, men tydelegvis har her vore minst ein handel som ikkje vart tinglyst. I den gamle gards- og ættesoga (89) les me at Åvold Olavsson Dysje «fekk garden av broren Olav, eller av faren Ole Olsen Røysland», og sjølv selde vidare til Andres Torleivsson Strandestøyl, og stort nærare kjem me ikkje, tinglysingar vantar.

Men me veit at Andres Torleivsson og Åse Auversdotter frå Strandestøyl budde her i 1900, og at dei var eigarar er også sikkert, ettersom Åse sidan kunne selje bruket. Det bør vel au nemnast at Andres hadde odelsrett, ettersom han var son åt den eldre systera av Anne Åvoldsdotter.

Men fyre Andres og Åse kom inn i biletet rakk Olav Olavsson Dysje, son åt ovanomtala Anne Åvoldsdotter og Olav Olavsson, å gifte seg og bu her ei stund.

  • Olav Olavsson Dysje, f 1849, utflytt til USA 1883, d 1913
g 1878 m Anne Olavsdtr. Nesland, f 1853, dødsår ukj. Born:
  • Anne, f 1878, lagnad ukj.

Anne Olavsdotter var dotter åt Birgit Tarjeisdotter Bjones. Faren var Olav Auversson Gjerden. Anne vaks opp i Bjones, og vart konfirmert derifrå i 1867 («kundskab og flid god»). Etter at mor hennes gifte seg med Andres Hallvardsson Nesland i 1874, budde ho saman med mora og stykfaren på Libu-plassen til ho gifte seg med Olav Dysje i 1878.

Etter det Tellef B. Nesland opplyser (Slektsoversikt for Nesland), reiste Anne og Olav til USA i 1883. Birgit og Andres, altså mor og stykfar åt Anne, slo fylgje med dei dit. Nå har me ikkje lukkast i å finne dei att i nokon emigrantprotokoll, men etterdi Tellef B. Nesland sine årstalsoppgåver jamt over tykkjest bra pålitelege, reknar me likevel med at desse opplysningane er temmeleg rette. Andres og Birgit døydde i Marshall County, Minnesota, i nærleiken av Grygla, og me skal difor halde det for truleg at også Olav og Anne budde der, men det har me ikkje fått stadfest.

Anne Åvoldsdotter, mor åt Olav og Åvold, døydde på Dysje i 1886. Folketeljnga frå 1891 viser at bruket det året sto tomt.

Åvold Olavsson budde i 1891 som busete hjå Olav Gunnarsson i Evre Dysje. I 1900 var han hjå Helleik Auversson på Bratteland. Han var jordbruksarbeidar om sumaren og dreiv med rjupefangst om vinteren, står det i folketeljinga frå det året. I 1903, eller kort etter, flutte han ihop med enka Åse Knutsdotter Nesland (fødd 1836) på Naustdøl under Vodden Nesland (sjå bolken om den plassen). Dei budde saman der i mange år, står det i den gamle gards- og ættesoga (77), truleg til Åse døydde i 1916.

Åvold budde sidan fleire stader, men då han døydde i 1929, var han busete einkvarstad i Byklum.

Ein gong på 1890-talet overtok Andres Torleivsson Strandestøyl og huslyden hans bruket, og flutte hit, men nett kva tid dei kom, er uvisst. Hovudomtalen av desse folka står i bolken om Strandestøyl under Brotteli, men det som hende etter at dei flutte hit, tek me på denne staden.

Ingen av desse folka vart gamle. Fyrst var det Andres som døydde, det var i 1905. Etter dette vart Åse Auversdotter, enka, og Borghild, dottera, buande. «Der eg er, der skal Åse vere, og der Åse er, der skal eg vere», hermer dei etter Borghild. Såleis gjekk det, for den 6. august 1910 drukna dei båe. Forteljinga om denne dramatiske hendinga har sidan livt i folkeminnet. Her gjev me henne att etter det Folke Nesland har fortalt:

Åse og Borghild med kyrne sine på Sandbekkstøylen. Teikning Tove Krogh 2005.
Dei var på støylen Sandbekk på sørsida av Bosvatn med to kyr. Desse var dei meinte på å frakte heim over Dysjesundet på ein stokkepråm (flote), men karane som var til stades på Sandbekk ville ikkje vera med på dette, det var altfor hard vind til slik ferdsle, meinte dei, og rodde fyre over vatnet utan kyrne. Åse og Borghild vart att, og skulle passe dyra til veret besna, men i kveldinga hadde dei likevel lagt utpå med dei to kyrne på floten. Om morgonen fann dei kyrne på eit svaberg ved Småvikane. Det vart sokna etter dei to omkomne, men dei fanst aldri att. Det vart sett opp ein jarnkross til minne om ulukka på Sundsnes ved Småvikane, men denne er nå borte.

Åse og Borghild vart dei siste som budde på Neire Dysje. Men i 1908, altså 2 år fyre ulukka, hadde Åse selt bruket til Thorvald Heiberg for 2000 kr, på vilkår av «personlig brugsret for sig og for sin datter Borghild, saa længe de lever eller bryder sig om at sidde paa gaarden, mod at [den nye eier] til enhver tid betaler skatter og afgifter, og holder husene paa gaarden i stand. Saavel Aase som Borghild fraskriver sig [...] odelsret til Dysje.»

I og med dette salet vart bruket ein del av Njardarheim, og kom under tilsyn av jaktoppsynsmennene i Brotteli.

Eksterne lenkjer


0941 Bykle komm.png Neire Dysje (Bykle gnr 8/2) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Evre Dysje • Neste bolk: Bratteland

Koordinater: 59.31569° N 7.09698° Ø