Nordstog Grasbrokke (Bykle gnr 17/14)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Nordstog Grasbrokke
Trydal 44.jpg
Nordstog Grasbrokke 24.1.2006.
Foto: Aanund Olsnes
Rydda: 1914
Utskilt: 1919
Stad: Trydal
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 17
Bnr: 14
Type: Småbruk

Det er rimeleg å tru at Nordstog Grasbrokke var ein del av Grasbrokkeplassen frå gamalt, jamvel om det etter tinglysingane kom beinveges frå Systog Trydal. Då det fyrst på 1950-talet vart samla inn virke til bokverket Norges bebyggelse, gav oppsitjaren, Kjetil Torleivsson, opp at han hadde overteke eigedomen i 1914. Dette skal me ikkje draga i tvil, jamvel om han ikkje fekk skøyte fyrr 5 år seinare, i 1919, forresten same dagen som broren Åvoll fekk skøyte på Systog Grasbrokke. Me vil då tru at både Åvoll og Kjetil har kome til med Tarjei Olavsson i Systog Trydal om at dei skulle kaupe kvar sin part av plassen i 1914, men utsett skylddeling og tinglysing nokre år.

Me har også ei oppgåve etter Kjetil om at våningshuset på bruket sto ferdig i 1938, og liksåvel dette er sikkert rett. Men som så mange andre stader har nok huset vorte oppført i fleire byggjestig, og det fyrste var sikkert under tak fyre 1920. I 1939 fekk Kjetil også ferdig ny uthusbygning.

Kjetil var frå Grasbrokke og son åt Torleiv Åvollsson Trydal og kona, Gunvor Kjetilsdotter.

Kjetil T. Trydal med høybyr ein gong i 1930-åra. Foto frå Vegestogsamlinga.
  • Kjetil Torleivsson Trydal, f 1891, d 1971
g 1922 m Ingebjørg Olavsdtr. Holen, f 1903, d 1980. Born:
  • Torleiv f 1922, g 1958 m Sigrid Gunnarsdtr. Gjerden, sjå nedanfor
  • Gunvor f 1925, omsorgsarb, busett Bygland, g 1. 1947 m Tore Åsulvsson Vegusdal, g 2. m Ole Os, born:
  • Åsulv
  • Kåre
  • Arne
  • Bjørg
  • Ingebjørg, f 1927, husmor, g 1948 m Alf Holteberg, Trøgstad, born:
  • Aud Ingebjørg, f 1952
  • Kjetil, f 1959
  • Anne f 1929, dreiv pleieheim, g m Louis Aaseby, Trøgstad: born:
  • John Boren, f 1954
  • Rune Hilding, f 1959
  • Olav (e.), f 1931, lagerarb., g m Berit Johnsen, busett Oslo, born:
  • Kjetil
  • Espen
  • Olav (y.), f 1934, salssjåfør, busett Kristiansand, g m Anne Lise Buli, f 1940, born:
  • Ingebjørg, f 1961
  • Svein f 1963
  • Arne f 1963
  • Ingrid, f 1948, omsorgsarb., busett Kristiansand, g hv, born:
  • Tove, f 1969
  • Heidi, f 1975
  • Peder

Ingebjørg Olavsdotter var frå Der uppe i Holen, dotter åt Olav Mikkelsson Holen og kona, Ingebjørg Olavsdotter, fødd Haugen.

Kjetil arbeidde som vegvaktar, men dreiv også litt jordbruk heime. Fyrst på 1950-talet sat dei med ei kyr og eit par ungdyr, 2 griser og ei handfull sauer.

Dei fleste av borna åt Kjetil Torleivsson tykkjest ha fare tidleg or bygda, men Torleiv overtok bruket heime i 1956 og budde her til 1972.

  • Torleiv Kjetilsson Trydal, f 1922
g 1958 m Sigrid Gunnarsdtr. Gjerden, f 1936. Born:
  • Inger Borgny, f 1959, heimehjelpsleiar, busett Oslo, g hv m Hallgeir Tangen, born:
  • Tom Kjetil, f 1982
  • Tina, f 1984
  • Kari Grete, f 1962 sekretær, busett Oslo, g m Kjetil Tangen, born:
  • Stian, f 1985
  • Andreas, f 1989
  • Stine, f 1991
  • Egil, f 1964, byggearbeidsleiar, busett Oslo, g m Marianne Økland, born:
  • Morten, f 1988
  • Håkon, f 1992
  • Astrid, f 1995
  • Gunn Britt, f 1969, sekretær, busett Nittedal, g m Egil Knapper, born:
  • Joachim f 1996
  • Anders, f 2000

Sigrid Gunnarsdotter er frå Kanada i Jåro, og dotter åt Gunnar Olavsson Gjerden og kona, Torbjørg Olavsdotter, fødd Kyrvestad.

Då Torleiv gifte seg, arbeidde han på kraftanlegg, og vart oppskriven som hjelpemontør, sidan var han lastebilsjåfør og lastebileigar. I 1972 flutte han og familien hans til Oslo, der han har drive som skogsarbeidar, medan Sigrid har vore bussjåfør. Etter at dei gjekk av med pensjon har dei vore her på bruket det meste av tida.


0941 Bykle komm.png Nordstog Grasbrokke (Bykle gnr 17/14) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Grasbrokke • Neste bolk: Systog Grasbrokke