Sollid (Bykle gnr 15/35)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Sollid
Gjerden 47b.jpg
Sollid pr 30.4.2006.
Foto: Aanund Olsnes
Rydda: 1969
Utskilt: 1967
Stad: Bykle (Kyrkjebygdi)
Sokn: Bykle
Kommune: Bykle
Fylke: Aust-Agder
Gnr.: 15
Bnr: 35
Type: Bustadeigedom

Sollid er det øvste huset i Nedre Sarv i Bykle, og ligg like ved sidan av Asparås, bnr 32. Tomta vart utskilt frå bnr 11 i 1967, då Bjug K. Sollid og kona, Gyro, kaupte henne av Tarald S. Rygnestad.

Bjug og Gyro hadde budd i Sollid, gnr 13, bnr 38, og får nøyare omtale der. Tomta her kaupte dei etter at dei hadde selt damrettar til I/S Øvre Otra, og rekna med at heimen deira kom til å verta neddemt. Dei sette seg opp nytt hus her, og flutte inn i 1969.

Bjug døydde i 1998, medan Gyro framleis (hausten 2004) bur her.


0941 Bykle komm.png Sollid (Bykle gnr 15/35) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Asparås • Neste bolk: Ryningen