Stavenes (Bykle gnr 16)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Stavenes
Stavenes 1.jpg
Stavenes i juli 1990. Bruket med det raude tilbygget på løa er Teigen, det neste bruket er Systog, og dinest fylgjer Nordstog. I øvre høgre hyrne av biletet skimtar ein Tuptin, der det gamle klyngetunet låg. Biletet ligg i arkivet til Bykle kommune, og vart teke i samband med registreringa av faste kulturminne.
Stad: Stavenes
Sokn: Bykle
Kommune: Bykle
Fylke: Aust-Agder
Gnr.: 16
Type: Gardsbruk

Stavenesgardane i Bykle ligg på austsida av Otra. Tunstadene ligg omlag i breidd med Bykle kyrkje, men det opphavlege gardsvaldet strekkjer seg frå Glidbjørg i nord og til Bjones i sør.

For å koma til Stavenes kryssar ein elva ein stad mellom Róta og Høymyr, køyrer søretter langsmed Otra eit stykke, kryssar deretter dei lange Tveitstøylmyrane og Tjønnemyrane, og kjem så endeleg fram etter kring 5 kilometers køyring. Bruka ligg i dag meir eller mindre på stripe. Det fyrste ein kjem til er Utistog, dinest fylgjer Systog, Teigen, Nordstog og Nybu.

Gardsvegen er av nokså ny dato, og vart bygd i 1978. Tidlegare hadde dei ein veg som stemnde beint på garden vestantil bygda, og ei hengebru over Otra. Avstanden frå Bykle kyrkje til Stavenes er omlag 3 km i luftline. Men beinvegen let seg ikkje med rimeleghet ruste opp til moderne biltrafikk.

På nordsida av garden er berre myrbrot, men til dei hine sidene lyfter det seg åsar og fjell, mest mot vest og sudvest - mot Hårshovden og Hjeddenuten - men også på austsida stig det monalag oppetter Nybufjellet og Storebakk.

Når det gjeld tydinga av gardsnamnet, så er ho tilsynelatande beint fram nok: Stav- er stav og -nes er nes. Korleis staven kan ha vorte ihopknytt med neset og kva som har vorte oppfatta som nes i dette lendet, er meir uvisst. Amund B. Larsen (Norske Gaardnavne 9, 214) skriv som fylgjer:

Sitat Jeg har ikke hat Anledning til at danne mig en Mening om, enten Stav- (som i det hele er et meget almindeligt 1ste Sammensætningsled Stednavne i Fjeldegne i Sætersdalen) indgaar i dette aardsnavn som Fællesnavn, eller om det er et Elvenavn (eller maaske Fjeldnavn?). Gaarden synes at ligge paa et Fremspring mellem Otra og Stavenesaaen. Sitat

Dette er ikkje utan vidare lett å skjøne, men med namnet «Stavenesaaen» må vel vera meint Bjorbekken, og då er det råd å få til at Stavenes ligg på eit «fremspring» mellom denne og Otra. At dette kan vera opphavet til -nes-namnet er likevel vanskeleg å tru, såvidt langt som det er frå gardane og ned til elva. Heller vil me tru at -nes i Stavenes siktar til ryggen mot Bjorbekken, der alle gardstuna nå ligg, særleg når me tek omsyn til at det eingong gjekk ein bekk i den gamle Bekkedalen som møter Bjorbekken nedanfor tunet i Utistog.

Registrerte oldfunn er det skralt med i dette området, men for den skuld er det mykje rimeleg at her kan liggje eitt og anna eldgamalt i jorda, ettersom her er lite undersøkt av arkeologar, og garden truleg lyt vera av dei eldre i bygda. Dette siste byggjer me ma. på at her var så høg landskyld som 2 huder, noko som i Bykle vil peike i retning av busetnad i fyrrhistorisk tid (dvs fyre år 1000), eller iallfall i høgmellomalderen (dvs. fyre 1350). Pollenalysar utførde av botanikaren Helge Irgens Høegh på 1980-talet peikar i retning av samanhengjande jordbruksbusetnad i Bykle heilt attende til den yngre steinalderen, men ingen av dei undersøkte pollenprøvene er tekne i Stavenes.

Nokre brende beinrestar frå ei åkerrein på Teigen (bnr 1) har vorte daterte (C14-analyse T 6986) ) til å vera frå seinmellomalderen (1350-1500), men denne dateringa er ikkje eigna til å plassere den eldste busetnaden på Stavenes i tid, og fortel berre at der må ha vore folk på Teigen i den nemnde perioden. Det ville me rekna med også utan jordfunnet.

Men om ein då tykkjest ha grunn til å tru at busetnaden er mykje gamal, så har me ingen kjelder som beinveges kan stadfeste denne tanken - ingen registrerte oldfunn og ingen mellomalderdiplom. Skriftlege kjelder som omtalar Stavenes finn me ikkje fyrr mot slutten av 1500-åra.

Det eldste dokumentet som nemner gardsnamnet er eit brev frå 1592. Dette fortel at soknepresten i Valle dette året sette sak mot Dreng Hoftuft, avdi Dreng skulle ha gjeve range opplysningar om korleis forfedrane hans og fleire andre i Setesdal hadde gjeve nokre gardar og gardpartar til kyrkja, deriblant eit laupsland i Stavenes. Me veit ikkje meir om denne saka, men det er kjent frå nyare kjelder at ei hud, dvs. halve garden, høyrde til Valle sokneprestembete («prestebordet»), og det er rimeleg å tru at det er denne eiga saka dreia seg om. Om halve garden var eitt laupsland, kan me vel slutte at mellomalderskylda på heile garden må ha vore to laupar smør. Når så garden seinare vart skyldsett til 2 huder, er det greitt at ein laup med mellomalderskyld i dette tilfellet har svara til ei skyld på ei hud på 1600-talet, men me torer ikkje påstå at dette samhøvet gjeld alle stader.

Med ei landskyld på 2 huder vart garden rekna som såkalla «halvgard» i dei eldste skattelistene. I Bykle var det i dei fyrste tiåra av 1600-talet berre ein «fullgard», det var Byklum, medan Stavenes, Nesland, Tveiten, Gjerden, Trydal og Breive var halvgardar, resten var «øydegardar» og «husmannplassar». I 1838 vart den gamle skylda rekna om til 4 dalar 4 ort 16 skilling (= 592 skilling), medan den nye skylda i 1886 vart sett til 9,64 mark. Av dette skjønar me at Stavenes har vore oppfatta som ein av dei større og betre gardane i bygda.

Det er truleg at garden har vore dela i to bruk langt att i tida, men sidan gjekk dei i hop til eitt att. I 1610 var her to oppsitjarar, som me vil tru bruka garden saman. Frå 1624 og til slutten av 1650-åra finn me berre ein oppsitjar omtala, han åtte halve eigedomen, men bruka kyrkjejorda attåt sitt eige bruk, skjønar me. I 1660-åra var det to bruk og to brukarar, og ved det leitet vil me rekne med at garden hadde blitt dela i to bruk. Den neste garddelinga, som kløyvde kvart av dei eldre bruka opp i to nye delar har nok kome noko etter år 1700. Iallfall ser me i ein skattematrikkel frå 1712 at her då er 5 bruk med 5 oppsitjarar. Desse bruka må ha vore Utistog, Systog, Nordstog og Teigen - og dertil heilt sikkert husmannsplassen Bjones, som er den einaste eininga som er nemnd med bruksnamnet.

Både Glidbjørg og Bjones skriv seg attende til mellomalderen, men låg i øyde etter Svartedauden, og gjekk innatt i morbruka inntil dei vart utskilde på nytt lag og omsider matrikulerte til eigne einingar, Bjones i 1845 og Glidbjørg i 1874. Nybu er eit bureisingsbruk frå 1908.

Inntil 1857 låg tuna til alle dei 4 hovudbruka i Stavenes samla i ein krull i nordenden av det som nå er Teigen og Nordstog. Men så vart stavenesbøndene samde om at dei skulle flytje tuna, og leggje dei etter kvarandre langs hadda frå Bjorbekken og ned mot Nybu. Dette var eit privat tiltak, og for så vidt utan samanheng med offentlege utskiftings- og utflytjingsrørsler. Etter det folk i dag veit å fortelje var grunnen til at dei valde å flytje husa fyrst og fremst at det vart for lite vatn på den gamle tunstaden, og det lyder ikkje urimeleg. Men ein skal vel for den saks skuld ikkje sjå bort i frå at dei kan ha tenkt på tunflytjinga som ei fyrebuing av ei komande utskifting av innmarka på garden. For denne var karakterisert av ei temmeleg vidtgåande teigblanding, der kvart bruk åtte ei mengd med småstykke, som var spreidde over heile det området som i dag utgjer den samla innmarka til garden. Dette må ha fortona seg som upraktisk i mange samanhengar, og utskifting var ein tanke som var mykje framme på 1800-talet. I Stavenes hadde dei såleis gjennomført ei utskifting og oppløysing av mykje gamalt sameige i gardsskogen alt i 1834.

Nå vart det likevel ikkje noko utskifting av innmarka i 1800-åra. Fyrst i 1924 vart denne operasjonen gjennomførd. Målsetjinga med han var å gjeva kvar av dei fire einingane samanhengjande jordteigar i tilknyting til gardstuna. Med eitt unntak vart dette oppnådd. Unntaket var at Teigen vart tildela eit nokså stort jordstykke nordom Utistog, som ikkje heng i hop med resten av bruket.

Dei nemnde omkalfatringane førde til at dei bruka som fanst til i eldre tid ikkje har særleg likskap med dei me kjenner i dag. Men dei fleste av brukseiningane går altså langt attende i tid, og for å skaffe oss eit samla oversyn over dei, set me opp tabellen nedanfor. I tillegg til bruka i tabellen kjem ei rekkje med teigar utan busetnad, og ein del hyttetomter. Desse spring me over. I det fylgjande tek me fyre oss dei busette einingane i tabellen, ei om gongen.

Bruksdeling i Stavenes, gnr 16

Bnr Bruksnamn Utskilt frå Merknad/Kategori Etbl.år Matr.år Skyld 1723
Skinn
Skyld 1838
Skill.
Skyld 2003
Øre
1 Teigen Bnr 2 Gardsbruk Ca 1710 Ca 1710 6 134 162
2 Nordstog Heile gnr 16 Gardsbruk Fyre 1540 1660 6 131 190
3 Slåtter Bnr 2 Slåtter til Systog Trydal 1876 1876 3 5
4-5 Utistog Heile gnr 16 Hovudbøle/gardsbruk Fyre 1350 1660 9 246 262
6 Systog Bnr 4-5 Gardsbruk Ca 1710 Ca 1710 3 111 130
7 Glidbjørgskogen Heile bnr 16 Skogstykke 1700 1895 90 21
8 Bjones Bnr 1,2,4,5 Underbruk. Plass, sidan sjølveigarbruk Fyre 1350 1843 19 18
9 Sanden Bnr 8 Plass, sidan sjølveigarbruk Ca 1875 1878 1 2
10 Nybu Bureisingsbruk 1908 1908 23
11 Glidbjørg Bnr 4-5 Plass, sjølveigarbruk frå ca 1873 Fyre 1350 1913 23
13 Systog Glidbjørg Bnr 11 Bureisingsbruk 1920 1920 5
14 Sanden Bnr 8 Bureisingsbruk 1921 1921 1
16 Glidbjørgsmoen Bnr 4-5 Bureisingsbruk 1936 1936 44
17 Moskogen Bnr 7 Skogstykke til bnr 16 1955 1955 38
18 Barskog til Glidbjørg Bnr 7 Skogstykke til bnr 11 1956 1956 29


0941 Bykle komm.png Stavenes (Bykle gnr 16) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Sarvsvegen 37 • Neste bolk: Teigen