Systog (Bykle gnr 17/2)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Systog
Trydal 20.jpg
Systog 1965.
Foto: Fjellanger-Widerøe
Alt. namn: Systog Trydal
Rydda: 1578
Utskilt: Fyre 1624
Stad: Trydal
Sokn: Bykle
Kommune: Bykle
Fylke: Aust-Agder
Gnr.: 17
Bnr: 2
Type: Gardsbruk

Systog er eitt av bruka på Trydal i Bykle kommune, og truleg det opphavlege hovudbølet. I avsnittet om det udela Trydal kom me til at brørne Tarald og Svenke Torgrimssøner truleg dela garden ikkje lenge etter at dei hadde overteke han i 1578, og at Svenke var den fyrste kjende oppsitjaren på det austlegare av dei to bruka, altså i Systog.

Om familiane til Tarald og Svenke vantar det ein del opplysningar, men etter det Alfred Ryningen har funne ut, var dei søner åt Torgrim Ulvsson på Brottveit (jfr. Valle III, 315 f). Når det gjeld Svenke, veit me ikkje kven han var gift med, men me kjenner til at han hadde iallfall ein son, og eit brev frå 1597 tyder på at denne sonen har vore oppsitjar på eit bruk i Trydal alt ved det leitet. Om dette er rett, har han nok overteke bruket åt faren fyre dette året, og då vil me tru at Svenke har vore død.

  • Svenke Torgrimsson Brottveit, til stades 1578, d fyre 1597(?)
g m ukj. Born, iallfall:
  • Torbjørn, g m Gjertrud (?), sjå nedanfor

I 1610 var også Torbjørn borte, meiner me, for når me frå det året finn det eldste skattemanntalet med namn på bønder, ser me at oppsitjaren på det Trydal som me meiner Svenke hadde hatt, det året var ei kvinne, Gjertrud heitte ho. Kvinner i skattemanntal på denne tid var enker, og Gjertrud var rimelegvis enka etter Torbjørn.

  • Torbjørn Svenkesson Trydal, til stades 1597, d fyre 1610 (?)
g m Gjertrud (?), n, 1610. Born, iallfall:
  • Såve, g m ukj., sjå nedanfor

Såve Torbjørnsson sat på det same Trydal som Torbjørn og Svenke frå og med 1617 og til og med 1649. Det skulle vera rart om ikkje denne mannen var son åt Torbjørn Svenkesson. Eit anna moment, som styrker tanken om ei ubrote odelsrekkje i Systog Trydal frå 1578 og frametter, er eit odelssøksmål som vart framsett vel så 100 år seinare, i 1683. Då dukka det brått opp ein Torbjørn Såvesson, som var busett på Sudigard Berdal i Vinje, og saksøkte dei dåverande oppsitjane for retten til å eige og bruke den delen av Trydal som Torgrim Taraldsson i si tid hadde selt til Jorunn Eivindsdotter og sønene hennes. Dette har me kome nærare inn på i bolken om Nordstog, men Torbjørn Såvesson må også noterast mellom borna åt Såve Torbjørnsson på bruket her. Ettersom han heitte etter farfaren reknar me med at han var den eldste av sønene.

At bukkane i gamle dagar drap orm, som denne teikninga frå 1555 (Olaus Magnus) tyder på, er nok ei skrøne. Men iallfall er dette det eldste geitebiletet me har sett, og som det går fram av lista svara Gunnar i Trydal straffeskatt for to geiter. Me trur vel helst at han hadde fleire.

I 1614 heitte oppsitjaren i Systog Gunnar. Om hausten det året var han til Rike med kretur og heimil for å få fastsett kor mykje han skulle yte i straffeskatt til kongens kasse på grunn av skatte- og militærnektinga til setesdalsbøndene i åra 1611-13. Det han hadde å syne fram, og verdet av det, var som fylgjer:

  • 1 liten forbrent kjele (1 ort)
  • 1 lita jerngryte (2 ort)
  • 2 gamle tjeld (3 ort)
  • 1 gamal hest (5 rd)
  • 2 kyr (6 rd)
  • 1 årsgamal kvigekalv (1 rd)
  • 1 spekalv (2 ort)
  • 2 sauer og 2 geiter (2 rd)
  • 1 sumarlan og 1 sumarkje (1 ort)
  • 1 lita utslite øks (10 skilling)

Dette var så lett å telje i hop at sorenskrivaren råka rett sum: 16 rd 1 ort 10 skilling, og liksåvel todelinga for å finne skatten gjekk greitt: 8 rd 17 skilling skulle Gunnar ut med.

Men kva var så Gunnar for kar? Ein skal vel ikkje sjå bort ifrå at han kan ha vore ein elles ukjend son åt Torbjørn Svenkesson, og i så fall bror av Såve Torbjørnsson, som overtok som oppsitjar i 1617, men ei vel så rimeleg løysing kunne vera at Gunnar var ein uskyld person som bruka garden for Gjertrud og Såve medan dei venta på at Såve skulle verta vaksen nok til å overtaka ansvaret for drifta.

Om dette siste er rett gjete, var altså Såve vaksen nok seinast i 1617. Var han då 25 år og myndig, var han truleg fødd kring 1592. Men me kan au finne døme på folk som overtok gardar i 16-17-årsalderen, og såleis kunne han kanskje ha vore fødd så seint som 1600. Men kva tid han enn var fødd, så var han eigar og brukar på garden frå 1617 og godt og vel 30 år frametter. Siste venda me finn han nemnd er i kontribusjonsmanntalet frå 1649, der han står som eigar av 1 1/2 hud og brukar av 1 hud.

Den siste halve huda i bruket var det i 1649 Aadne Såvesson som bruka. Denne Aadne, eller Arne, som me vil kalle han (i bygdemålet heitte han tvillaust Åni, men i framstillinga her har me valt å nytte Arne som normalform), var heilt sikkert son åt Såve Torbjørnsson. Det ser ut til at han har fått bruke tredjeparten av garden til faren. Om det dermed vart eit nytt bruk, er likevel snautt. Helst dela dei i fyrste omgang bruken av eigedomen utan å kløyve opp gardsvaldet, og i så fall hadde Arne berre ein ideell part. Denne parten, og Arne sjølv, dukkar fyrste gongen opp i skattelistene i 1645. Det skulle ikkje vera særleg dristig å gjeta på at Arne då anten har vore gift eller gjekk i giftetankar, og eit oppslag i manntalslistene frå midten av 1660-åra syner at han truleg var gamal nok til det. Etter manntalet frå 1664 var han det året 38 år, og då altså fødd ca 1626, så i 1645 har han vel vore kring dei 20.

Så langt komne kan me endeleg setje opp eit, framleis uheilt, familieoversyn for Såve:

  • Såve Torbjørnsson Trydal, f 1592-99, n 1617-49, d fyre 1651
g m ukj. Born, iallfall:
  • Torbjørn, f ca 1648, n 1683, 1694, då busett Sudigard Berdal, Vinje, g m NN Olavsdtr. Tveiten, sjå nedanfor
  • Arne, f ca 1626, n 1670, g m Anne Tarjeisdtr.(?), sjå nedanfor
  •  ? Eli, g m Olav Niklosson Åkre, sjå Utistog Stavenes, gnr 16 bnr 4-5.

Meir har me ikkje å melde om Såve Torbjørnsson, så då kan me gå over til borna hans. At Torbjørn truleg var eldstemann, byggjer me på at han heitte etter farfaren. Når han ikkje vart den neste oppsitjaren på bruket her, vil me tru at det kjem av at han hadde fått høve til å skaffe seg ein større gard i Vinje. I 1694 var det ein «Torbjørn Trydal» som selde ein part i Tveiten i Valle til Knut Bjørgulvsson Tveiten. Av samanhengen går det fram at denne Torbjørn var gift med ei syster åt Knut, men kva ho heitte er ikkje nemnt. Ettersom Torbjørn Såvesson er den einaste Torbjørn med etternamn Trydal me veit om i denne tida, reknar me med at det var han som hadde mågskap til Tveiten (jfr. Valle III, 294).

Når det gjeld Eli Såvesdtr., som var gift med Olav Niklosson i Utistog Stavenes, kan ho ha vore herifrå, men ho kan au kanskje ha vore dotter åt Såve Knutsson Loftsgarden i Mosdøl. Ingen av dessse løysingane er sikre, men båe er mogelege.

Det ser ut til at det er Arne Såvesson som i nokre kjelder vert kalla Lisle-Arne, då i motsetnad til Store-Arne Eivindsson i Nordstog, som var noko eldre. Lisle-Arne kjem inn som oppsitjar i Systog kring 1650. Dei opplysningane me har om han og huslyden hans kan setjast opp som fylgjer:

  • Arne Såvesson Trydal, f ca 1626, d etter 1683, fyre 1689
g m Anne Tarjeisdtr.(?), f ca 1617 (?), d 1721. Born, iallfall:
  • Tarjei, f ca 1644, d ca 1716, g m ukj., sjå nedanfor

Me veit ikkje visst kven Arne var gift med, men har funne ei enke Anne Tarjeisdotter, som skal ha vore 104 år gamal då ho vart gravlagd frå Trydal 13.7.1721, og kanskje var det ho som hadde vore kona hans? Dette høver i det minste godt med at ho og Arne hadde ein son som heitte Tarjei. I den mon aldersoppgåva ved dødsfallet er rett, var Anne fødd ca 1617, og såleis omlag 9 år eldre enn mannen sin, men ein slik aldersskilnad er i og for seg godt mogeleg. Så langt attende som dette lyt me likevel koma ihug at det var nokså vanleg at ingen visste nett kor gamle folk var, og at presten, når det døydde nokon som vart rekna for svært gamle, berre gav opp ein tilfeldig alder over 90.

I dei to manntala frå 1664 finn me Tarjei Arnesson, som ser ut til å vera son åt Arne Såvesson. Denne Tarjei-en var då 20 år, står det. Aldersoppgåvene i manntala frå 1660-åra er usikre, men namna torer me tru på. Me torer også å tru at Tarjei var vaksen til å taka over garden då faren døydde eller tok foddog, noko me meiner skjedde utpå 1680-talet, då Arne kverv or skattelistene på den tida.

Alfred Ryningen har funne ein Tarjei Arnesson Trydal busett på Nomeland i Valle kring 1670 (Valle III, 650). Me vil tru at han har rett i at dette er vår mann. Iallfall er det godt rom for det, ettersom han ikkje overtok farsgarden fyrr over 10 år seinare.

Vidare ser det ut til at Targjerd Tarjeisdotter, som var gift med den neste husbonden på garden, var dotter hans. Om ho var einaste barnet, eller om eventuelle brør var døde, kjenner me ikkje til. Men då Targjerd var borte, og enkemannen i 1741 gav over garden til neste generasjon, viste han til eit «adkomstbrev» til 9 kalveskinn i Trydal (me gjet på at dette har vore eit skifte etter far hennes) dagsett 14.10.1716.

Når dotter åt Tarjei i 1716 fekk berre 9 skinn, tyder det på at far hennes har selt ifrå ein part på 3 skinn. Dette må vera Storstein, som dukka opp som eige bruk i 1711. Vidare reknar me med at Tarjei var død då dottera fekk heimel, og at han døydde fyre kyrkjeboka byrjar. På denne bakgrunnen set me opp det fylgjande familieoversynet.

  • Tarjei Arnesson Trydal, f ca 1644, d fyre 1714
g m ukj. Born, iallfall:
  • Targjerd f ca 1670, g m Tarjei Tarjeisson, sjå nedanfor

Me kjenner ikkje namnet på kona åt Tarjei.

Når det gjeld mannen åt Targjerd,veit me namnet, men ikkje mykje meir enn det. I manntalet frå 1718 er han oppførd som oppsitjar i Trydal og 46 år. Då han vart gravlagd 11.3. 1742, vart det oppgjeve at han var 70 år. Me torer vel då seia at han helst var fødd ein gong i åra 1668-1772. I den gamle gards- og ættesoga (29) les me at han var frå Holen. I så fall var han eldste son åt Tarjei Andresson i Der uppe og kona, Torbjørg Auversdotter. Dette kan godt vera rett, jamvel om me ikkje har funne den samtidskjelda som ligg til grunn for opplysninga.

Det er rimeleg at det kan kan ha vore ei markering av at dei budde på hennes ættegard, og ikkje hans, då dei veik av frå dei vanlege oppkallingsreglane og gav eldstesonen det gamle Trydalsnamnet Arne (altså etter farfar hennes), og ikkje Tarjei, som både hans og hennes fedrar heitte. Då passar det godt at både den andre og den tredje sonen i huslyden var døypte Tarjei. Desse opplysningane har me frå skiftet etter Tarjei og Targjerd frå 1741, som også er utgangspunktet for det fylgjande familieoversynet:

  • Targjerd Tarjeisdotter Trydal, f ca 1670, d 1741
g m Tarjei Tarjeisson (Holen?). f ca 1668-72, d 1742. Born, iallfall:
  • Arne, f ca 1703, d 1733, g 1731 m Birgit Sveinsdtr. Gjerden, sjå nedanfor
  • Tarjei (e.), f ca 1708, g m Borghhild Sveinsdtr. Hoslemo, sjå nedanfor
  • Tarjei (y.), f 1717, d 1769, ug
  • Anne, f ca 1713, g m Niklos Såvesson Stavenes, sjå Nordstog Stavenes, gnr 16, bnr 2

Elles veit me ikkje meir om Tarjei Tarjeisson enn at han drygde til året fyre han døydde med å taka foddog og overlata eigedomen til neste generasjon. Eldste sonen døydde 8 år fyre faren, og kunne då ikkje godt få garden. Me set likevel opp det lisle me veit om han her.

  • Arne Tarjeisson Trydal, f ca 1703, d 1733
g 1731 m Birgit Sveinsdtr. Gjerden, f ca 1711, d 1790, g 2. 1740 m em Ulv Danielsson Åmli, sjå Valle II, 284. Born, iallfall:
  • Åsne, f 1732, d etter 1801, g 1753 m Hallvard Knutsson Helle, sjå nedanfor

Arne Tarjeisson døydde i 1733, etter berre 2 års ekteskap. Han hadde vore innrullert soldat sidan 1723, og difor finn me dødsfallet hans notert i ei militærrulle frå 1734.

Kona av Arne heitte heilt sikkert Birgit Sveinsdotter, jamvel om presten skreiv henne opp som «Berte» då ho gifte seg. I kyrkjeboka står adressa hennes ved giftarmålet slik oppført at ho like fort kan lesast Jare som Jore. Frå Jorde i Valle var ho ikkje, seier Alfred Ryningen, «det ser ikkje ut til å ha vore nokon Svein der på den tida» (Valle II, 284). Difor held han det for meir rimeleg at ho var frå Gjerden i Bykle. Dette er heilt sikkert rett, for det er på det reine at Svein Gunsteinsson Ryningen og familien hans ved dette leitet budde i Attistog. I 1740 gifte Birgit seg omatt med Ulv Danielsson Åmli i Valle, og fekk 4 born med han. Når det gjeld desse og etterkomarane deira, nøyer me oss med å syne til Vallesoga (Valle II, 284 ff).

Då eldstesonen var død, vart det den nest eldste som fekk garden:

  • Tarjei Tarjeisson Trydal (y.), f ca 1708, d 1750
g 1737 m Borghild Sveinsdtr. Hoslemo, g 2. 1752 m Pål E. Stavenes, sjå nedanfor. Born:
  • Ånund f 1738, d fyre 1757 ug
  • Arne f 1739, d 1764 ug, skifte 1764
  • Margit, f 1743, d 1743

Foreldra av Borghild Sveinsdotter var Svein Knutsson og Margit Gunnarsdotter i Uppigard Hoslemo. Etter at at Tarjei var død i 1750, sat Borghild enke i 2 år. Så gifte ho seg oppatt med Pål Eivindsson Stavenes, som flutte hit og var husbond nokre år. Hovudomtalen av dette ekteparet står i bolken om Utistog Stavenes, der Pål var ifrå. Han hadde beste odelen til farsgarden, og kring 1760 flutte han heimatt, for ved dette leitet var odelsguten vaksen nok til å taka styringa sjølv.

  • Arne Tarjeisson Trydal, f 1739, d 1764, ug.

Arne tok som nemnt over garden ca 1760, men var ikkje interessert i å slå seg til ro som gardbrukar i Trydal, det han hadde hug til var å drive med handel. Difor gjorde han med det same etter overtakinga avtale med Hallvard Knutsson Helle, som var gift med Åsne, syskenbarnet hans, om at han skulle kaupe eigedomen.

Hallvard hadde ikkje reide pengar til ein slik handel, men Arne var ikkje verre på det enn at han let han få eigedomen på avbetaling. Den prisen dei vart samde om var 400 dalar. Dette kan tykkjast nokså høgt, men avspeglar truleg det reelle gardverdet på denne tid, som var mykje høgre enn dei prisane som vart nytta ved overdraging til livservingar.

Nå hadde kona åt Hallvard Helle odel, og det jamvel betre odel enn Arne, veit me. Men dersom Hallvard hadde teke garden på odel, slik ein kan få inntrykk av i den gamle gards- og ættesoga (28), skulle nok ikkje Arne ha gått med på noko anna enn kontant oppgjer. I staden vart det altså ei avbetalingskontrakt i all minneleghet, og ikkje nok med det, dei to frendane har også vorte samde om at Arne skulle bruke garden for Hallvard, iallfall inntil vidare, og iallfall så langt Arnes mange og lange handelsferder til Kristiansand, Ryfylke og Telemark kunne gjeva rom for.

Annleis kan me ikkje oppfatte det, når me ser at Arne er oppskriven som bruksmann på garden i ekstraskattemanntalet frå 1762. Dette manntalet var det soknepresten som hadde utarbeidd, veit me, og det bygde heilt sikkert på nyinnsamla informasjon, ikkje på gamle skattelister. Difor er det nok au påliteleg at Arne i 1762 budde ugift i Systog, og at han hadde ei tenestejente som heitte Signe. Farsnamnet hennes vert ikkje oppgjeve, men me kan iallfall rekne med at det var ho som passa huset når Arne var bortreist. Og det må han ha vore ein god del.

Dette ser me greitt av skiftet etter Arne, som vart halde i juni 1764, for han døydde alt i mars det året, berre 25 år gamal. I dette skiftet går det fram at han hadde pengar til gode mange stader i Bygland, Evje og Iveland, ei lang rekkje mindre summar, frå 5 og opp til 20 dalar. Tilsvarande var der også ei rekkje mindre gjeldspostar, noko til folk i Ryfylke, noko til røldølar og vinbyggjar.

Dessutan var der der eitt større uteståande krav, på 114 dalar, på Hallvard Knutsson Helle. Panteobligasjonen som Hallvard hadde skrive til Arne i 1760 var på 410 dalar (salssummen for garden med tillegg av brevløysings- og tinglysingskostnader). Av dette skjønar me at Hallvard sidan 1760 hadde betala av 296 dalar på gjelda si, eller nærare 100 dalar i året, så han har ikkje vore pengelaus akkurat.

Det kan ein vel ikkje seia at Arne heller var, jamvel om han snautt var særleg rik. Men utan å eige gard hadde han ein bruttoformue på 452 dalar. Med ei gjeld på 190 dalar var såleis buet hans verd 262 dalar netto. I dette inngjekk lausøyre for omlag 90 dalar, deriblant 5 kyr med 3 kalvar, 18 sauer og 3 geiter, resten av buet var uteståande krav, omlag på høgde med gjelda. Når me nå kjem ihug at 114 dalar av dei uteståande krava var restgjelda av Hallvard Helle, skjønar me at Arne sidan han selde garden har lagt ut ein god del meir pengar enn det han fekk inn. Forklaringa på dette kan ikkje vera investeringar i gardsdrift, og då lyt me konkludere med at kreturhandelen hans ikkje kan ha vore særskilt lønsam.

Men i 1764 var han i alle høve død og borte og utan livservingar, dei som ervde han var mora og dei to små halvsyskena Ånund og Hæge. Då vert det eit spørsmål kven Hallvard K. Helle sette inn til å bruke vidare. Det kan kanskje ha vore ein truleg utanbygds mann som heitte Tørres Andersen, som er nemnd som brukar i Systog i den gamle gards- og ættesoga (28). Men me har elles ikkje funne han omtala (om enn nokre mogelege skyldfolk er nemnde i Valle (Valle, V, 242 f). Då veit me ikkje kvar namnet hans er henta, og etterdi den gamle boka heller ikkje knyter noko årstal til namnet, vert det noko på vona om og i til felle kva tid han kan ha vore her, Då er det vel fare for at me sit att med eit hol i brukarrekkja frå 1764 og fram til midten av 1770-åra.

Men frå ca 1775 veit me kven som overtok. Det var Tore, eldste dotter åt Hallvard K. Helle, og mannen hennes.

  • Tore Hallvardsdtr. Helle, f 1754, d 1844 (Valle I, 298)
g 1775 m Arne Ånundsson Rysstad, f 1750, d 1828. Born:
  • Ånund, f 1775, d 1802, ug
  • Olav, f 1776, d 1779
  • Birgit, f 1779, g 1808 m Svein Pålsson Hovet, busett Hovet, Hylestad, bnr 1, jfr Valle II, 158
  • Olav, f 1784, g 1808 m Ingjerd Bjugsdtr. Brokke, busett Århus, Rysstad, bnr 2, jfr Valle I, 299
  • Tarjei, f 1788, d 1862, g 1825 m Åshild Bjørgulvsdtr. Kveste, busett ma. plass under Uppistog Rysstad, jfr. Valle I, 358

Arne Ånundsson var frå Århus, Rysstad, bnr 2, og son åt Ånund Arnesson Rysstad og kona, Hæge Olsdotter, fødd Besteland.

Tore og Arne budde her frå 1775 til 1798. I det sistnemnde året flutte dei til heimebruket hans på Rysstad, som då hadde vorte ledig etter far hans. Året etter sette dei bort Systog til ein bruksmann og familien hans. Han var son åt Torleiv Tarjeisson, fødd Nesland, og kona, Birgit Knutsdotter, fødd Løyland, som budde i Bjørnarå Der heime.

  • Knut Torleivsson Bjørnarå, f 1768, d 1850
g 1795 m Gyro Torleivsdtr. Trydal f 1777, d 1833. Born:
  • Torleiv (e.), f 1797, d 1857, ug., vanfør og lam
  • Torbjørg, f 1800, d 1811
  • Birgit, f 1803, g 1820 m Folke Øyulvsson Brokka, sjå Trydal Der inne, bnr 1
  • Torleiv (y.), f 1805, d 1853, g 1835 m Ingebjørg Mikkelsdtr. Sandnes, sjå nedanfor
  • Gunnar, f 1808, g 1849 m Tore Torsd. Homme, sjå nedanfor
  • Torbjørg, f 1811, d som lita (?)
  • Torbjørg f 1818, d som lita (?)
  • Torbjørg, f 1819, d 1831, ug

Foreldra åt Gyro var Torleiv Bjørgulvsson Uppstad og fyrste kona Torbjørg Knutsdotter, fødd Kvósåk. I 1791 gifte Torleiv seg som enkemann til Trydal Der inne, og difor vart Gyro oppskrive med etternamn Trydal då ho gifte seg.

Knut og Gyro tykkjest ha budd med foreldra hans fyrste par åra dei var gifte. Til Systog kom dei i 1799, og bruka her til 1806, då ein ny eigar kaupte bruket og flutte inn. Etter dette drog dei nedi Oveinang, til Brokka. Fyrst var dei vel bruksfolk der, men i 1810 fekk dei kaupe halve Brokka (gnr 22, bnr 1) av Tallak Øyulvsson Brokka. Der vart dei buande. Både Torleiv (y.) og Gunnar Knutssøner heldt til der med familiane sine. Torleiv (y.) kvarv likevel tidleg or soga, han drukna under tømmerfloting i 1853, og han og kona Ingebjørg var barnlause. I 1854 overtok Torleiv Knutsson (e.) heimelen til bruket, men då han var vanfør og lam, var det broren Gunnar som laut stå for gardsdrifta. Då Torleiv døydde i 1857 vart det Gunnar sin tur til å taka over som eigar av bruket i Brokka (jfr. Valle VI, 415 f).

Også i Systog Trydal kom det til fleire eigarskifte. Fyrst i 1804 då Arne Hallvardsson Helle fekk skøyte på eigedomen hjå far sin, sidan i 1806 då Arne selde vidare til Tarjei Olsson Berg, son åt Olav Gunnarsson, fødd Flateland, og andre kona, Tore Såvesdotter, fødd Berg (jfr. Valle III, 163).

I motsetnad til Arne Helle flutte Tarjei Berg hit og tok garden i bruk. Korleis han elles stuka kjem me snart til, men lat oss nå like godt fyrst som hente inn eit oversyn over familien hans, slik det står i Vallesoga (VI 177):

  • Tarjei Olsson Berg, f 1765, d 1821
g 1.1792 m Tore Augundsdtr. Bø, f 1765, d 1804. Born:
  • Olav, f 1792, tvill., g 1812 m Eli Åsmundsdtr. Rygnestad, sjå nedanfor
  • Birgit, f 1792, tvill., g 1814 m Hallvard Folkesson Løyland, busett Nistog Flateland, sjå Valle III, 179
  • Jon, f 1796, d 1871, ug, busett Flateland, «Sindssyg fra sit 30. aar»
  • Sigrid, f 1799, g 1821 m Gunstein Gjermundsson Stavenes, sjå Uppistog Byklum, gnr 14, bnr 5,
  • Augund, f 1802, d 1803
  • Anne, f 1804, d 1804
g 2. 1806 m Ingebjørg Tarjeisdtr. Mosdøl, f 1785, d 1807. Born:
  • Knut, f 1807, d 1807

Tore Augundsdotter Bø, fyrste kona åt Tarjei, var frå Nørdre Bø i Valle, bnr 1, og dotter åt Augund Lidvardsson Bø og kona, Sigrid Såvesdotter, fødd Berg (jfr. Valle VI, 177).

Ingebjørg Tarjeisdotter Mosdøl, som vart andre kona av Tarjei i 1806, var dotter åt Tarjei Tovsson Mosdøl og kona, Jorunn Jonsdotter, fødd Brotteli. Det vart eit stutt ekteskap, for Ingebjørg døydde eitt år etter brudlaupet, og vart gravlagd saman med ein 4 dagar gamal son.

Tarjei overtok bruket av faren i Berg i 1796. I ungdomen hadde han drive som kretur- og slaktehandlar, noko han etter Vallesoga (III, 380) skaffa seg løyve til hjå amtmannen i 1791.

Sitat H. C. D. V. v. LevetzoW [...] Amtmand over Nedenæs og Raabøygdelagets Amter giør vitterligt, at Tarje Olsen Berge af Valle [...] bliver herved bevilget, at maa saavel i bemeldte Fogderie som tilgrændsende Bøygder, af Almuen tilforhandle sig Slagte-Quæg og Fæde Wahre, og samme udi nærmeste Kiøbstæder forhandle [...]

Christiansand dend 3die Marti Aar 1791

Sitat

Etter at han gifte seg i 1792, vart det nok mindre av handelsferder, iallfall ser me at han gav opp handelsløyvet sitt i 1795. I 1798, då han selde bruket sitt i Berg, kaupte han att eit større bruk i Flateland, som han hadde odel til gjennom faren. Der budde han og huslyden til 1802, men det året selde han det bruket, som var på nesten 2 huder (20 1/2 kalveskinn ) til Arne Bjørnsson Haugen for 1400 dalar, kaupte att Der inne i Breive av Knut Bjørgulvsson Breive, og flutte dit. Der gjekk det ikkje så vel for han. I 1803 miste han og Tore eit halvårsgamalt gutebarn, og då Tore gjorde barsel på nytt sumaren etter, døydde både ho og det nyfødde barnet.

Sidan budde Tarjei i Breive i to år til, men akta seg tydelegvis nedatt i lågare lende. I 1805 ser me at han på vegner av sonen, Olav, stemde Tarald Ånundsson Åmli, Olav Ånundsson Berg og Svein Drengsson Røysland for odelsinnløysing av det bruket i Berg han hadde selt til dei i 1798. Dette gjekk greitt, for på vintertinget året etter fekk han skøyte av dei for 2144 dalar, men selde samstundes 6 kalveskinn i garden til Arne Hallvardsson Helle for 1200 dalar, og kastebytte same dagen dei 9 skinna han hadde att i Berg til Arne Hallvardsson mot 9 kalveskinn i Trydal. Dermed hadde han fått hand om Systog.

Men endå var han ikkje ferdig med dagens arbeid denne februardagen i 1806. Med eigedomen sin i Breive til pant fekk han låne 1054 dalar hjå lensmann Øystein Tovsson Sandåk i Vinje og Aslak Åsmundsson Botne, også han frå Vinje. Kva skulle han så med denne kapitalen? Jau, han hadde framleis odelsretten til dei 20 1/2 kalveskinna i Flateland, og stemnde likegodt med det same Arne Bjørnsson for odelsløysing av det bruket han hadde selt til han 4 år tidlegare. Men Arne Bjørnsson var så uhuga på dette, synte det seg, at han heller enn å gjeva garden ifrå seg gjekk med på betale Tarjei 700 dalar for å sleppe, 200 med det same og 500 til i 2 avdrag.

Gjelda til Øystein Sandåk og Aslak Botne hadde Tarjei då pengar til å betale. Det gjorde han også, obligasjonen vart innløyst og sletta i 1807, men det ser ut til at han bruka godset sitt i Breive til betaling, for som det er fortalt i bolken om Breive, åtte dei to vinbyggjane Der inne frå det tidspunktet.

Etter at andre kona døydde i 1807 gav Tarjei tilsynelatande opp å styre med kvinnfolk, men gardhandel var han ikkje ferdig med. Etter Vallesoga (VI, 178) fekk eldstesonen, den nå 19 år gamle Olav, skøyte på dei 20 1/2 skinna i Flateland av Arne Bjørnsson i 1811. I fylgje ei kvittering i Statsarkivet var prisen nå 2100 dalar, (I Valle VI, s. 178 står 2500 dalar. Det må koma frå ei anna kjelde.) og desse pengane lånte Olav av faren. Samstundes gav Tarjei Olav skøyte på Systog Trydal, men bruket her selde Olav med det same vidare til Ånund Pålsson Stavenes, son åt den Pål Ånundsson som hadde budd her tidlegare, for 3500 dalar. Denne handelen gjekk fyre seg med farens fulle samtykke, står det i skøytet. Likevel kjende Tarjei seg einkorleis snytt, og strauk kort etter åt Flateland for å krevje at Olav skulle reka oppatt handelen med Ånund Pålsson.

Då Tarjei kom til Flateland for å forlange at Olav skulle gjera handelen med Ånund Pålsson om inkje, var også Jon, den yngre bror av Olav, til stades. Han vart så arg over dette påfunnet at han tok og jula opp far sin, og jaga han avgarde med uforretta sak. Etter dette melde Tarjei sonen til lensmannen, og la opp til rettssak for å få han straffa. Så vidt me kan sjå må han likevel ha trekt saka fyrr ho kom for retten, så ho var nok for eit skremmeskot å rekne, men han let det gå så langt at ei lang rekkje vitne hadde vorte innstemnde.

Men framleis sat Ånund Stavenes med bruket her, og det passa ikkje Tarjei. I 1813 sette han difor i gang med endå ei odelssak. Korleis han kunne vente å koma nokon veg med denne er eit stort spursmål, for såvidt me kan oppfatte hadde han ingen odel i Trydal. Merkeleg nok gav Ånund Pålsson likevel opp saka utan å lata henne gå til retten, så i 1814 fekk Tarjei atter skøyte.

Dette var ei tid med inflasjon og ugreie i det norske pengevesenet: Prisen på dei 9 skinna i Trydal vart nå sett til 1225 «Riksbankdaler Nævneverdi», som vert oppgjeve å svara til 7350 riksdalar «Dansk Kurant». Så gjekk det eit år att, med Tarjei i Trydal og Olav på Flateland, men i 1815 bytte dei. Olav overlet Flateland til faren og broren Jon mot at han sjølv fekk Systog Trydal og eit mellomlag på 200 «Riksbankdaler Sølvverdi». Olav vart etter dette verande her.

  • Olav Tarjeisson Trydal, f 1792, d 1883
g 1812 m Eli Åsmundsdtr. Rygnestad, f 1791, d 1864. Born:
  • Tore, f 1814, d 1889, ug., sjå Støylo, bnr 17
  • Tarjei f 1817, g 1. m Tone Salmundsdtr. Ryningen, g 2. m Birgit Taraldsdtr. Mosdøl, sjå nedanfor
  • Birgit, f 1820, d 1884, ug., sjå Støylo, bnr 17
  • Anne, f 1823, g 1844 m Tor Olsson Haugen, Valle, til Amerika 1852, sjå Utistog Stavenes, gnr 16, bnr 4 og 5
  • Ingebjørg, f 1826, d 1891, g 1846 m Olav Torleivsson Bjørnarå sjå Utistog Stavenes, gnr 16, bnr 4 og 5
  • Åsmund, f 1829 g 1850 m Ingebjørg Ånundsdtr. Stavenes f 1829, til Amerika 1852, sjå nedanfor
  • Folke, f 1834, d 1909, til Amerika 1852, g m Sara Benson, sjå nedanfor

Eli Tarjeisdotter var frå Rygnestad Der atte, dotter åt Åsmund Kjetilsson på det bruket og kona, Birgit Folkesdotter, fødd Flateland.

Sommaren 1816 meinte Olav Tarjeisson i Systog og Såve Eivindsson i Storstein at Torleiv Åsmundsson i Nordstog beitte med kretura sine over dei gamle deildelinene på garden. Torleiv nekta i fyrste omgang å gå med på noko forlik, men i røynda var han nok ikkje særleg sikker på kvar deildene gjekk. Hallvard Knutsson, som åtte Der inne (men budde i Hisdal), skulle fylgje same grensene mellom aust og vest i Trydal som Olav og Torleiv.

Det vart difor funne praktisk å gjera liksåvel Hallvard til part i saka, endå han i og for seg ikkje hadde noko skuld i at ho kom opp, men liksåvel han måtte vera interessert i at det vart orden på deildene. Etter kvart synte det seg at også Torleiv i Nordstog heller ville gå inn på forlik enn å liggje i rettssak med grannane.

I mars 1817 var det avsluttande møtet i forlikskommisjonen om denne saka, og partane kom til om den fylgjande avtala, som me tek inn i sin heilskap slik ho står:

Sitat Deelningen mellem de faste byttede Eiendomme tar sin Begyndelse paa Trydalsfjeldet hvor en liden Bæk rinder og deeler alt ned til Tjernet. Den Bæk som rinder ud af Tjernet deeler alt ud til en Bæk kaldet Bjorhaag- eller Grovelsdalsbækken. Denne Bæk tilligemed Grovledalsfjeldet deeler alt til Heiskoven. Imellom Heiskoven, som er fælles paa dette Stæd for alle 4 Opsiddere, og Hjemskoven, befindes en Deelesten paa en Høj imellem Osmundsbod og Bikkjeskaap, og saa lige nordefter Fjeldristerne i en forfalden Deelesteen, som Parterne ere enige om, og fra den lige i Dakkebekken. Siden avdeeles Heiskov fra Hjemskov med høie Fjelde og rister alt nord til Fossen ved Trydalsfjeldet. Bærstøyls, Nystøyls og Tindalsstøyls Beeder ere fælles for alle 4 Trydals Opsiddere m H. t. Eng og Løvskov. Den østre Part som ligger indenfor disse Grenser østenfor Tjønnet og

Grensebekken tilhører Salve Evensen og Ole Tarjesen med Skov og Mark, dog ei Granskov og Furu benævnt, som er fælles for alle 4 Opsiddere.

Indenfor Bjorhaagbekken eier Hallvard Knutsen Eng og Løvskov alt op til Heien, undtagen et Stykke som er solgt til Aanon Paulsen [Stavenes]. Fra Bjorhaagbekken og nedigiennom saa langt nogen finder for godt at beede sine Kreature, har været, og skal være, fælles Beede for alle 4 Trydals Opsiddere, alt østenfor Grensebekken.

Ole Tarjesen bevilger Hallvard Knutsen fri Buvei fra hans Sommerfjøs nedenfor Tjernet og nedefter Aalmanveien til Optestøyl og derfra til Fællesbeedet nedenfor Bjorhaagsbækken, dog saaledis at de ei underveis opholder sig og ei lade Kreturerne komme ovenfor Aalmannveien. Hallvard Knutsen bevilges paa samme Maade fri Buvei op giennem Myrbuskodet og Grovledalen til Fællesbeedet ved Bærstøyl, hvor begge Parter har Ret til at giæte hjemmefra og fra deres Vaarstøler det de finder for godt, dog at bevogte Slaatterne det bedste de kunde.

Bærstøyls, Nystøyls og Tindalsstøyls Beeder ere fælles for alle 4 Trydals Opsiddere m H. t. Eng og Løvskov. Den østre Part som ligger indenfor disse Grenser østenfor Tjønnet og Grensebekken tilhører Salve Evensen og Ole Tarjesen med Skov og Mark, dog ei Granskov og Furu benævnt, som er fælles for alle 4 Opsiddere.

Den vestre part, Nordskoven kaldet, vestenfor Trydalstjernet og Kvernbekken, tilhører Tallef Osmundsen og Hallvard Knutsen med Skov og Mark, dog ikke med Gran og Furu, der er fælles over det hele. Indenfor Bjorhaagbekken eier Hallvard Knutsen Bar og Løvskov alt op til Heien, undtagen et Stykke som er solgt til Aanon Paulsen [Stavenes]. Fra Bjorhaagbekken og nedigiennom saa langt nogen finder for godt at beede sine Kreature, har været, og skal være, fælles Beede for alle 4 Trydals Opsiddere, alt østenfor Grensebekken.

Ole Tarjesen bevilger Hallvard Knutsen fri Buvei fra hans Sommerfjøs nedenfor Tjernet og nedefter Aalmanveien til Optestøyl og derfra til Fællesbeedet nedenfor Bjorhaagsbækken, dog saaledis at de ei underveis opholder sig og ei lade Kreturerne komme ovenfor Aalmannveien. Hallvard Knutsen bevilges paa samme Maade fri Buvei op giennem Myrbuskodet og Grovledalen til Fællesbeedet ved Bærstøyl, hvor begge Parter har Ret til at giæte hjemmefra og fra deres Vaarstøler det de finder for godt, dog at bevogte Slaatterne det bedste de kunde.

Dog bemerkes at dette Forlig innrømmer Hallvard Knutsen for saa vidt hans Gaardepart andgaar, men at Ole Tarjesen og Salve Evensen forbeholder sig deres Ret mod Tellef Osmundsen, da Forliget ei andgaar ham. Heieskoven, som er fælles for alle 4 Opsiddere bruges herefter som tilforn.

Under Forligets Udførelse infandt sig Tellef Osmundsen, og forbandt sig at holde dette Forlig og iakttage alt hvad deri er forpliktende. Han, saa vel som de øvrige Parter erkjendte Riktigheden av Grenserne, samt at nyde godt av alle hinanden indrømte Fordeele.

Videre bleve Parterne eenige om at saasnart Sneen er av Marken skulle de oppgaa en rensegang mellem Hjem- og Heiskoven, hvor renserne antas at være, og rette Deelestene opsættes der hvor Parterne Salve Evensen og Hallvard Knutsens Hustru unvor Tellefsdtr forevise.

Hjemmefra skal ingen beede i Bergstøylsbeedet, det Aar som de der sitter til Støls, førend de alle flytte til Støls.

Sitat

Dette var ei grei nok semje, som tykkjest ha vore godt i samsvar med dei gamle deildene. Likevel vart det utetter 1820- og 1830-åra stadig strid mellom Systog og Nordstog om beite og driftevegar. Desse trettene dreia seg mest om småtteri, så me skal ikkje gå nøyare inn på dei, men Olav Tarjeisson tykte tydelegvis mon i å krangle, og såleis kan ein vel seia at han var skyld far sin.

Men han var med på laget då oppsitjarane på dei 4 bruka i Trydal i 1843 kaupte attende Trydalsskogen hjå trelashandlarenka K.G. Høyer i Kristiansand. Som me har vore inne på i bolken om Nordstog, hadde denne skogen vore på utanbygds hender sidan slutten av 1600-åra. I 1843 gav trydalsbøndene ialt 1000 speciar, 250 kvar, og dela skogen i 4 like store partar.

I 1850 tok Olav foddog for seg og Birgit, og overlet eigedomen til odelsguten for 200 speciar attåt foddoget. Dei ugifte døtrene Tore og Birgit fekk då plassen Støylo på livetida. Mot slutten av livet tykkjest Olav å ha mist fotfestet. Såleis seier folketeljinga frå 1865 at han då hadde vore «sindssvag» i mange år, og i teljinga frå 1875 vert han stempla som «tulling».

Me kjem til sonen som overtok garden om litt, men fyrst skal forteljast noko om dei to yngre brørne hans, som reiste til Amerika. Me tek den eldste av dei fyrst:

  • Åsmund Olavsson Trydal, f 1829, d 1889, til Amerika 1852, farmar, busett York Township, Fillmore County, Minnesota
g 1850 m Ingebjørg Ånundsdtr. Stavenes, f 1829, d 1908. Born:
  • Ingebjørg, f 1850, g 1. m Knut Knutsson Kvósåk (jfr. Valle V, 142), g 2. m Jon Hallvardsson Kyrvestad (jfr. Valle IV, 125)
  • Eli (Ella), f 1854, g m Hallvard A. Flateland, 1880 busett Americus Township, Grand Forks County, Nord-Dakota, born iallfall:
  • Oliver, f 1871
  • Andrew, f 1877
  • Olav, f 1856, farmar, smed, g m Ingebjørg, 1900 busett Valle Township, Grand Forks County, Nord-Dakota, born:
  • Osmund
  • Theodore
  • Melvin
  • Albert
  • Inga
  • Inga
  • Eliza
  • Marie
  • Bessie
  • Emma
  • Anne
  • Alvina
  • Ånund, f 1857, lagnad ukj.
  • Joel, f 1858, d 1924, farmar, busett York Township, Fillmore County, Minnesota, g 1885 m Cornelia Arneson, d 1944, born:
  • Lena, f 1886
  • Alice, f 1889
  • Ole, f 1891
  • Juno, f 1893
  • Bertha, f 1895
  • Emma, f 1897
  • Osmund, f 1901
  • Lynda, f 1903
  • Mildred, f 1907
  • Tarjei, f 1860, farmar, g m Margit Olsdtr. Uppsal, 1900 busett Benterud Township, nær byen Thompson, Traill County, Nord-Dakota, born:
  • Oscar
  • Bert
  • Olav
  • Osmund (e.)
  • Osmund (y.)
  • Tilford
  • Tillie
  • Emma
  • Alice
  • John
  • Birgit (Betsy), f 1863, d 1894, farmarkone, g 1879 m Ed Kirklee, (= Eivind Arneson Kyrkjeled, Valle, sjå nedanfor), 1880 busett Traill County, Nord-Dakota, sidan York Township, Fillmore County, Minnesota: born:
  • Artie, f 1879
  • Gertie, f 1880
  • Ida, f 1884
  • Anna, f 1886
  • Arne, f 1888
  • Charlie, f 1890
  • Bert, f 1892
  • Anne, f 1864, farmarkone, g 1895 m em Ed Kirklee, 1910 busett Lincoln County, Minnesota, born, iallfall:
  • Helen, f 1906
  • Lori, f 1866, lagnad ukj.
  • Tora, f 1870, lagnad ukj.

Ingebjørg var dotter åt Ånund Pålsson Stavenes og andre kona Ingebjørg Kjetilsdotter, fødd Ørnefjødd.

Av ein eller annan grunn tok Åsmund og Ingebjørg ikkje ut frå Kristiansand, men frå Kragerø. Skipet dei reiste med var briggen «Alert», og dei kom til New York 16. august 1852. Ombord på det same skipet var Folke, den yngre bror åt Åsmund, Anne, syster deira, Tor Olsson Haugen, mannen hennes, og dei 4 borna deira. Dei sistnemnde hadde vore bruksfolk i Utistog Stavenes nokre år, og er omtala i bolken om det bruket.

Då Åsmund og Ingebjørg emigrerte hadde dei berre med seg den eldste dottera. Alle dei yngre borna vart fødde i Amerika. Åsmund deltok 3 år i den amerikanske borgarkrigen, og er den einaste byklaren me har funne som var med i den ota[1].

Døtrene Birgit og Anne var båe gifte med Ed Kirklee (eller Kirkeley), fødd 1858. Han var son åt Arne Eivindsson Kyrkjeled (1827-1896), som hadde emigrert saman med foreldra sine i 1846, og kona, Gyro Tjøstovsdotter Hoftuft (1829-1910), som hadde emigrert saman med sine foreldra i 1856 (jfr. Valle V, 213 f og 542 f). Birgit fekk 8 born innan ho døydde i 1894. Året etter gifte Ed seg omatt med Anne. I det ekteskapet vart det berre eitt barn. Ed dreiv fyrst i fleire år som farmar i Mayville Township, Traill County, Nord-Dakota, men ein gong fyre 1900 slo seg ned som eigedomsmeklar i Harmony Township, Lincoln County, Minnesota, der foreldra hans budde.

Joel Åsmundsson skaffa seg ein farm nær farsgarden i York Township, og budde der heile si livetid, bortsett frå at han arbeidde eit par år hjå Ed Kirkeley i Nord-Dakota frå 1879, og var ein tur til Noreg i 1883. Han dreiv med korn- og mjølkeproduksjon, hadde telefonstasjon, og tok seg elles av ei rekkje med tillitsombod i lokalsamfunnet (jfr. Curtiss-Wedge, Franklyn (ed.): History of Fillmore County, Chicago 1912).

Om dei andre syskena har me ikkje funne meir enn det som står i familielista ovanfor. Som ein vil sjå vantar det ikkje så få fødselsår på borna, noko som kjem av at det ikkje er oppgåver om desse i den amerikanske kjelda der desse namna er henta (Centennial Celebration 1895-1995 of East Valle Lutheran Church, Thompson, ND, June 24-25, 1995).

Då har me ikkje meir om Åsmund og huslyden hans, og skal gå over til den yngre broren, som også var med på briggen «Alert» frå Kragerø sumaren 1852:

  • Folke Olavsson Trydal, f 1834, d 1909, til Amerika 1852, farmar, busett York Township, Fillmore County, Minnesota
g 1862 m Sigrid Bjørnsdtr Haugum (Sarah Benson), f 1830, d 1909. Born:
  • Olav, f 1864, d 1864
  • Olav, f 1865, farmar, busett Spring Valley, Fillmore County, Minnesota, g m Sarah Austin, f 1868, d 1908
  • Bjørn, f 1867, d 1919, farmar, g 1906 m Mary Saucer, busett York Township, Fillmore County, Minnesota
  • Thomas, f 1869, d 1939, g 1895 m Hanna Engelbret, d 1953, busett St. Paul, Minnesota
  • Eli, f 1871, farmarkone, d 1958, g m Carl Engelbret, busett York Township, Fillmore County, Minnesota
  • Osmond, f 1875, dødsår ukj., g 1897 m Carrie Halvorsen Sivert f 1879, d 1882

Sigrid Bjørnsdotter var frå Haugum i Valle, bnr 1. Foreldra hennes var Bjørn Eivindsson Dale på det bruket og kona, Birgit Torleivsdotter, fødd Åkre. Bjørn døydde i 1855, og i 1861 reiste Birgit til Amerika med dei 3 yngste borna sine (jfr. Valle V, 255f). Ei eldre dotter, Store-Sigrid, f 1825, hadde gift seg med Tarjei Drengsson Hoftuft, og emigrert saman med han i 1851.

Folke var farmar, og han og kona vart verande heile livet der dei fyrst slo seg ned, i York Township, Fillmore County, i det søraustre hyrnet av Minnesota. Der gjekk Folke under namnet «Frank Oleson», og etterkomarane nytta etternamnet Frankson.

Kjelda vår til det me har kunna melde om Folke og familien hans, og også til sumt av det som framanfor er fortalt om broren, Åsmund, er eit manuskript me har fått tilsendt frå Mrs. Beverly Erickson: Descendants of Ole Tarjesen Trydal, Clarendon Hills, Illinois, 2004.

Så langt komne kan me sleppe desse amerikanske ættgreinene av syne, og vende attende til Trydal, til den av brørne åt Åsmund og Folke som fekk garden:

  • Tarjei Olavsson Trydal, f 1817, d 1885
g 1. 1845 m Tone Salmundsdtr. Ryningen, f 1824, d 1846. Born:
  • Tone f 1846, d 1846
g 2. 1849 m Birgit Taraldsdtr. Mosdøl, f 1826, d 1892. Born:
  • Olav, f 1852, g 1881 m Gunvor Ånundsdtr. Berdalen, sjå nedanfor
  • Tarald, f 1855, g 1880 m Gunvor Mikkelsdtr. Rygnestad, sjå Hagen, bnr 9
  • Eli, f 1856, g 1873 m Torleiv Olavsson Stavenes, sjå Utistog Stavenes, gnr 16, bnr 4
  • Åsmund, f 1859, g 1881 m Birgit Olavsdtr. Trydal, sjå nedanfor
  • Torleiv, f 1862, utv. til Amerika fyre 1890, då busett Thompson, Grand Forks County, Nord-Dakota, ikkje kjent familie
Dryftetrog. Dette var ein reiskap dei nytta til å reinse det ferdigtreskte kornet ('visten') for rusk og lause agner. Som ein ser er botnen i troget skore ut, og erstatta med ei blekplate med fullt av hol. Holene var av ein slik storleik at dei heile korna vart liggjande, medan agnene draus igjennom. Troget på biletet mæler omlag 40 H 85 cm. Det ligg i Henriksen-samlinga, med reg.nr MOR 0206, og Setesdalsmuseet skaffa biletet.

Tone Salmundsdotter var frå Ryningen, og dotter åt Salmund Snæresson og kona, Margit Olsdotter, fødd Stoplestog. Tone døydde etter berre eitt års ekteskap. To-tre månader seinare døydde den lisle dotter hennes, som også heitte Tone.

Tre år etter dette gifte Tarjei seg omatt med Birgit Taraldsdotter, ei dotter åt Tarald Olavsson Mosdøl og kona, Ingebjørg Ånundsdotter, fødd Trydal.

I 1865 sat Tarjei og Birgit med hest, 10 storfe, 22 sauer og 17 geiter. Sånaden på bruket då var 4 1/2 tunner bygg og 6 tunner jordeple.

Dei som budde her dette året var Tarjei og Birgit og borna deira, Olav, far hans, og tenestejenta Anne Torleivsdotter Holen, ei dotter åt Torleiv Hallvardsson Tveiten og kona, Asgjerd Hallvardsdotter. Anne gifte seg i 1867 med Bjørgulv Olavsson på Nesland Der heime.

I 1875 vart buskapen oppgjeven til hest, 5 kyr, 7 kalvar, 25 sauer og lam, 14 geiter og kje. Dei sådde det året 3 tunner bygg og sette 2 tunner jordeple, så åkerarealet var noko redusert, endå dei som budde her var omtrent dei same som 10 år tidlegare.

Einaste skilnaden var at det hadde kome ei ny tenestejente. Ho heitte Tore Olavsdotter, og var fødd i 1859 som dotter åt Olav Salmundsson Tveiten og kona, Åse Folkesdotter. Foreldra budde i 1875 i Åsdokk. Tore tok ut til Amerika i 1882, og gifte seg sidan der med syskenbarnet Gunnar Snæresson Tveiten. I 1894 budde dei i McIntosh, Polk County, Minnesota.

Same året som Tore reiste til USA, drog også ein av sønene åt Tarjei og Birgit til det landet:

  • Åsmund Tarjeisson Trydal, f 1859, til Amerika med huslyden i 1882
g 1881 m Birgit Olavsdtr. Trydal, f 1856. Born, iallfall:
  • Birgit, f 1880
  • Tarjei, f 1881
  • Åse, f 1882
  • Sophie, f 1890

Birgit var dotter åt Olav Salmundsson Tveiten og kona, Åse Folkesdotter, og altså syster til ovanomtala Tore. Då dei heldt skifte etter Tore Olavsdotter, farsyster åt Åsmund, i 1890, budde Åsmund og familien hans i McIntosh, Polk County, Minnesota. Sidan hadde dei adresse Oklee, også det i Polk County. Men attende til Trydal.

I 1882 tok Tarjei Olavsson foddog for seg og Birgit, og overdrog bruket sitt til eldstesonen:

  • Olav Tarjeisson Trydal, f 1852, d 1918
g 1881 m Gunvor Ånundsdtr Berdalen, f 1856, d 1948. Born:
  • Tarjei, f 1881, d 1882
  • Tarjei, f 1883, g m Angjerd Åsmundsdtr. Ryningen, sjå nedanfor.
  • Ånund, f 1885, g 1.m Gunnhild Mikkelsdtr. Holen, g 2. m Ingebjørg Knutsdtr. Haugen, (Byklum) sjå Støylo, bnr 17
  • Birgit, f 1887, g m Pål Åsmundsson Ryningen, sjå Ryningen, gnr 11, bnr 4
  • Ingebjørg, f 1890, g m Auver Helleiksson Bratteland, sjå Bratteland, gnr 9, bnr 1
  • Åsmund, f 1892, g 1919 m Gunvor Knutsdtr. Skarberg, sjå Optestøyl, bnr 19
  • Tore, f 1895, d 1896
  • Tore, f 1898, g 1915 m Torleiv Mikkelsson Holen, sjå Haugo, Holen, gnr 12, bnr 4

Gunvor var dotter åt Ånund Asbjørnsen Berdalen og kona, Ingebjørg Arnesdotter, fødd Berdalen. Då Gunvor gifte seg, fylgde mora henne hit, og budde her til ho døydde i 1909.

I 1876 kaupte Olav nokre slåtter i Stavenesmarka hjå Olav Hallvardsson Nesland i Nordstog. Desse vart matrikulerte til eit eige bruk med ei landskyld på 3 skilling, og står framleis i matrikkelen med bnr 3 under Stavenes og ei skyld på 5 øre.

I 1882 vart den delen av Trydalsskogen frå 1843 som hadde høyrt til Systog og Storstein skyldsett som to separate bruk. Systogparten fekk lnr 46 a, medan storsteinparten vart 46 d. I 1897 gjekk 46 a på tvangsauksjon etter krav frå heradskassa, og Torleiv Olavsson i Nordstog Stavenes fekk tilslaget. Dette er opphavet til den utmarksteigen, bnr 4, som framleis høyrer til Stavenes (Nybu).

I 1908 selde Olav ifrå ein parsell kalla Strandehagen til Olav Tarjeisson Sanden. Me kjem attende til det bruket, som vart matrikulert med ei landskyld på 1 øre og fekk bnr 9. Utpå hausten 1912 vart Olav og Gunvor foddogsfolk, og overdrog bruket til eldstesonen:

Angjerd Å. Trydal, fødd Ryningen. Bilete frå Ingebjørg Vegestog.
  • Tarjei Olavsson Trydal, f 1883, d 1967
g 1907 m Angjerd Åsmundsdtr. Ryningen, f 1879, d 1921. Born:
  • Olav, f 1908 g m Gyro Folkesdtr. Trydal, sjå nedanfor
  • Åsmund, f 1910, til Amerika 1928, d 1974, g m Ida, 7 born, busett Alberta, Kanada.
  • Gunvor, f 1911, g 1947 m Ånund Austegard Der nord (1891-1971), Åseral, born:
  • Olav (sjå Liestøl, Tarjei.: Åseral, Gard og Ætt, bd I, Mandal 1976, s 441)

Angjerd var frå Ryningen, dotter åt Åsmund Pålsson Byklum på det bruket, og kona, Jorunn Drengsdotter.

I 1912 selde Tarjei, saman med Hallvard Knutsson i Der inne og Tor Knutsson på Moen, ein strekning med fallrettar langs Otra til ein ingeniør Jacobsen, som i sin tur overdrog han vidare til Otteraaens Brugseierforening. Dette stykket, som heiter Båsidefossane og Raukleivfossen, fekk bnr 10, og vart matrikulert med ei landskyld på 217 øre. Av dette gjekk 70 øre ut frå bruket her, som dermed hadde att 326 øre.

Frå 1914 og frametter selde Tarjei ifrå ei rekkje med parsellar. Fyrst var det bnr 14, Nordstog Grasbrokke, som vart selt til Kjetil T. Trydal, og matrikulert med ei landskyld på 1 øre. Samstundes gjekk bnr 15, Systog Grasbrokke, til Åvold T. Trydal med ei landskyld på 1 øre. Det neste salet var bnr 17, Støylo, som i 1919 gjekk til Ånund, bror av Tarjei, med ei landskyld på 16 øre. Vidare var det Optestøyl, som gjekk til broren Åsmund i 1921. Dette stykket vart matrikulert til bnr 19 same året under nemninga Utigard, og fekk ei landskyld på 6 øre. Endeleg var det bnr 22, Svingen, som vart selt til Eivind S. Trydal i 1943. Dette siste bruket gjekk ut med ein teig frå Systog og ein teig frå Storstein, og fekk ei landskyld på 2 øre. Alle dei nemnde eigedomane vart bureisingsbruk. Me kjem attende til dei i eigne artiklar.

Tarjei dreiv garden til 1942, då han overdrog han til eldstesonen. At det var då overdraginga fann stad, har me frå Norges Bebyggelse, som me vil tru byggjer på informasjon innhenta frå den nye eigaren sjølv. Skøytet hans vart ikkje tinglyst. Etter at han hadde vorte foddogsmann nytta Tarjei mykje av tida si på å arbeide som emissær for kinamisjonen. Han var også ein av pådrivarane attom byggjinga av Trydal bedehus, som vart reist i 1943.

Men nå over til sonen som overtok garden i 1942:

Systog Trydal 24.1.2006.
Foto: Aanund Olsnes
Loptet i Systog har årstalsinnskrifta 1528, og er tvillaust det eldste huset i Trydal.
Foto: Aanund Olsnes (2006)
  • Olav Torgeirsson Trydal, f 1908, d 1989
g 1939 m Gyro Folkesdtr. Trydal, f 1913, d 1990. Born:
  • Torgeir, f 1941, g m Marit Stræte, sjå nedanfor
  • Knut, f 1942, ing., g m Marit Næss, busett Lier, born:
  • Per Øyvind, f 1970
  • Odd Egil, f 1971
  • Anne Grethe, f 1974
  • Angjerd, f 1945, lærar, g m Rasmus Heggheim, busett Kristiansand, born:
  • Jon, f 1969
  • Ole Kristian f 1972
  • Roald, f 1979
  • Tora, f 1950, frisør, g m Arnold Pedersen, busett Lier, born:
  • Tom André, f 1979
  • Stian René, f 1986

Gyro var frå Hisdal, bnr 2, og dotter åt Folke Knutsson Trydal og kona, Tore Jonsdotter, fødd Brotteli.

Olav sette opp ny driftsbygning i 1949. I fjoset vart det i 1953 registrert 1 hest, 4 kyr, 2 kalvar, 33 sauer og nokre høns. Han bygde også på den gamle stoga på bruket, og kledde henne inn. Etter ombyggjinga hadde ho ei grunnflate på 5 x 12 m i to fulle høgder, og ark over det frambygde inngangspartiet.

På tunet står også eit gamalt lopt som har årstalsinnskrifta 1528. Etter tradisjonen skal det vera oppsett av dei same tømrarane som bygde Rygnestadloptet for Vond-Åsmund.

Olav og Gyro hadde kretur på garden til i 1967. Etter dette vart det slutt på gardsdrifta, men dei budde båe her livet ut. I 1974 overdrog dei eigedomen til sonen Torgeir.

Torgeir er bygningssnikkar av yrke og busett i Våler i Solør. Han og kona, Marit, fødd Stræte, har også gard med buplikt i Våler. Dei har sønene Odd Olav, fødd 1986, og Geir Kristian, fødd 1988.

I 1953 vart det oppgjeve at her var 37 mål innmark og 600 mål produktiv skog I tillegg kjem ein god del heiareal, slik at den samla flatevidda er på kring 6.000 mål.

Referansar / noter

  1. Jfr. Civil War på vesterheim.org.

Eksterne lenkjer


0941 Bykle komm.png Systog (Bykle gnr 17/2) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Trydal Der inne • Neste bolk: Storstein