Underoffiser

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Deltakarar på landsmøtet i Underoffisersforbundet i Trondheim 1898.
Våpenjakke og lue for kommandersersjant, modell 1894. Kragespeglane har avdelingsmerket HB for Hallingdal Bataljon, medan gradsdistinksjonen er dei tre raude stripene nedst på ermane.

Underoffiser var fram til 1930 yrkesnemning for militære befalingsmenn under sekondløytnants (fenriks) grad.

Underoffiserane sin yrkesfunksjon bestod i å føre militære einingar på lags- og troppsnivå, å vere detaljinstruktørar for rekruttane, og å ta seg av mykje av det administrative og forvaltningsmessige arbeidet i hæren og marinen. Særleg i artilleriet og i marinen var oppgåvene også mykje knytta til dei tekniske sidene ved våpen og fartøy.

Underoffiserane var skarpt skilde frå offisersstanden med omsyn til utdanning og moglege karrierevegar, og det var stor ulikskap i den sosiale rekrutteringa til dei to befalsgruppene. Dei avspeila den sosiale klassedelinga i samfunnet på den tida. Underoffiserane var i stor mon bondesøner, medan offiserane i all hovudsak kom frå sosiale elitesjikt da Krigsskolen krevde examen artium.

Ei ny befalsordning frå 1930 kom primært på bakgrunn av tidas politiske og sosiale motsetningar, og var ikkje primært funksjonelt begrunna i kompetansebehovet til Forsvaret. I den nye ordninga vart yrkesnemninga underoffiser oppheva i og med innføringa av den særnorske ordninga med einskapsbefal. Det vart da innført gjennomgåande befalsutdanning. Det innebar at alt yrkesbefal i hæren frå og med sersjants grad måtte ha gjennomgått befalsskole. Med eksamen artium kunne ein så gå vidare til Krigsskolen. Ein kunne nå oppnå offisersgrad utan å ha gått Krigsskolen, dette vart særleg aktuelt for avdelingsbefalet. Før kunne det skje berre unntaksvis. Noko tilsvarande skjedde i marinen. Underoffiserane der vart «spesialoffiserar» med grader frå fenrik til kapteinløyntant, og det vart innført ei felles eller parallell grunnutdanning for alt befal i sjøforsvaret ved Sjømilitære korps (Befalsskolen for Sjøforsvaret) i Horten.

Det samla talet på underoffiserar i hæren utgjorde ca. 1400 mann i 1814, ca. 2000 i 1914, og ved avviklinga i 1930 om lag 2700 mann. I marinen var det om lag 300 underoffiserar i 1927.[1]

Frå 1. januar 2016 vart ein ny type underoffiserskategori innførd, kalla spesialistbefal. Slik vart ordninga med einskapsbefalet oppheva, og atter må ein no ha tatt Krigsskolen for å oppnå offisersgrad. Rangsmessig er dog dei nye spesialistane på same nivå som offiserane.

Terminologi og grader

Skiljet underoffiser/offiser

Nemninga underoffiser brukt om befal under fenriks/løytnants grad, ser ut til å ha festa seg i kongelege forordningar osv. på slutten av 1600-talet.[2] Tidlegare finn ein nemninga brukt både om subalterne offiserar og stundom om alt befal som stod under regimentssjefen (obersten). Underoffisersgrader vart også mykje nytta for offisersaspirantar, til dømes søner av offiserar som var under opplæring eller venta på ledig offisersstilling.

Det skarpe skiljet mellom yrkeskategoriane offiserar og underoffiserar vart eigentleg formalisert fyrst etter 1814. I 1815 for hærens vedkomande og 1817 for marinen vart det obligatorisk med krigsskole for å få tittelen offiser. Krava til forutdanning ved inntak til krigsskolane, og dertil økonomiske og sosiale faktorar, gjorde dermed denne vegen stengd for dei fleste underoffiserar «av folket». Dette medførte ar det samlande befalskorpset vart prega av ein gjensidig mistillit, eit dårlig samarbeidsforhold mellom offiserane og underoffiserane, og meir prega av klassekamp enn av ein felles militær profesjonskultur. Noe forenkla kan ein seie at offiserane kom fra byborgerskapet og stemte Høgre, mens underoffiserane kom fra bygda og stemte Venstre, og etter kvart og i tiltakande grad også Arbeiderpartiet.[3]

Allereie frå 1786 vart det rett nok bestemt at ingen underoffiser kunne tilsetjast som offiser utan å avleggje offiserseksamen.[4]Men både før og etter dette var skotta mellom offiser og underoffiser mindre tette enn dei vart utover på 1800-talet. Venteleg med bakgrunn i røynslene frå dei store utkommanderingane til Holstein 1758-1764, vart det i forordning av 24. mars 1764[5] positivt fastslege at underoffiserar kunne avansere til offiser når dei elles var dugande nok. I krigsåra 1807-1814 vart ei rekkje underoffiserar utnemnde til offiserar utan krigsskoleeksamen.

Underoffisersgrader i hæren

Gradmerke i hæren 1928, offiserar og underoffiserar
Foto: Norsk soldatbok (1928).

Underoffisersgradane i hæren var ved avviklingstidspunktet (1930):

Grad (frå øvst til nedst) Merknader
Fanejunker I artilleriet stykkjunker, i kavaleriet standartjunker Oppretta som æresgrad 1824, frå 1893 alminneleg avansementsgrad.
Kommandersersjant Innført ca. 1747. Fram til 1747 var Capitaine des Armes nokonlunde tilsvarande. I kavaleriet før 1854: Vaktmeister.
Furér I kavaleriet før 1854: Kvartermeister.
Sersjant
Korporal I artilleriet før 1911: Overkonstabel. I kavaleriet før 1887: Overjeger. Korporal/overkonstabel/overjeger vart ikkje rekna til underoffiserskorpset etter 1854, berre som menig med underoffisers oppgåver

Underoffisersgrader i marinen

Gradmerke i marinen 1923, offiserar og underoffiserar.
Foto: Norsk soldatbok (1923).

Dei sjømilitære styrkane var før 1814 i all hovudsak integrerte i den dansk-norske fellesflåten med tilhøyrande landinstallasjonar. Viktigaste tilhøyrande etablissementet i Noreg var Fredriksvern verft (Stavern) frå 1750.

I 1817 vart det oppretta to korps for det nye norske sjøforsvaret. Sjømilitære korps omfatta dei stridande underoffiserar og menige, og Verftskorpset var for handverksunderoffiserar og menige handverkarar. Alt dette var verva mannskap. Sjømilitære korps var oppsett med ei ramme på ca. 250 mann, Verftskorpset ca. 320. Det var ca. 20 underoffiserar i kvart av korpsa. Same året vart krigsskulen for sjøoffiserar oppretta, Det kgl. Norske Søcadetinstitutt. Både dei to korpsa og sjøkadettinstituttet låg ved Fredriksvern, og vart flytta til Karljohansvern (Horten) frå 1850. Verftskorpset heitte frå 1857 Handverkskorpset, og heile etaten gjennomgjekk mange organisatoriske endringar frå 1817 til innføringa av einskapsbefalet. Sjømilitære korps og handverkskorpset vart slegne saman under det fyrste namnet frå 1933. På same tid (frå 1934) vart Kystartilleriet overført frå hæren til sjøforsvaret.

Underoffisersgradene i marinen, både dei «sjømilitære» og «handverkarane», skulle dekkje ei lang rad stillingar og funksjonar, og vart såleis grupperte i fem nummererte grader, som dei ulike funksjonane/stillingsnemningane på ulike avansementstrinn vart fordelte på. Om lag 1920 var systemet slik:

Sjømilitære korps:

Grad (frå øvst til nedst) Merknader
1. grad Korpssersjant, stabssersjant, artilleriassistent, takkelassistent m.m. NB! Desse vart løytnantar frå 1916.
2. grad Overkanonér, høgbåtsmann, kompanisersjant, overfurér
3. grad Kanonér, båtsmann, furér
4. grad Underkanonér, båtsmannmath
5. grad Kanonskyttar med over tre års teneste og menig som utførte underoffisersteneste

Handverkskorpset:

Grad (frå øvst til nedst) Merknader
1. grad Mineassistent, skipsbyggingsassistent m.m. NB! Desse vart løytnantar frå 1916.
2. grad Overminør, overmaskinist, våpenhandverkar av 1. klasse, skipsbyggingshandverkar av 1. klasse, overfyrverkar, overmekanikar.
3. grad Minør, maskinist, våpenhandverkar av 2. klasse, skipsbyggingshandverkar av 2. klasse, mekanikar av 1. klasse, fyrverkar.
4. grad Underminør, undermaskinist, våpenhandverkar av 3. klasse, skipsbyggingshandverkar av 3. klasse, mekanikar av 2. klasse.
5. grad Undermekanikar, menig som utførte underoffisersteneste

Gevorbne og nasjonale, garnisonerande og i distriktsteneste, fastlønte og vernepliktige

Gravsteinen til handverksfurer Johan Fr. Bredli (1869-1947), Nordlia kirkegardToten. Bredli var salmakar på Gardermoen.
Foto: Trond Nygård (2011).

Ut frå tilsetjingstilhøvet bestod det fastlønna underoffiserskorpset av to grupper, dei garnisonerande (eller «stadig tenestegjerande») og dei som var i distriktsteneste. Dei garnisonerande var heiltidstilsette i byane der det var militære stabar, avdelingar, skolar og verkstader. Dei som var i distriktsteneste, budde ute i kompanidistrikta. Desse tenestegjorde ved rekruttskolane og ved øvingar, og hadde administrative oppgåver ved avdelingane sine. Det vart sjeldan heiltidsverksemd av dette, og mange av desse underoffiserane var gardbrukarar eller hadde andre yrke ved sida.

Fram til den store hærreformen 1889 var det ved sida av utskrivingshæren (dei vernepliktige) også ein del verva (gevorbne) avdelingar. Dei fastlønte, garnisonerande underoffiserane her vart følgjeleg kalla gevorbne til skilnad frå dei nasjonale, som var dei i distriktsteneste.

I tillegg til dei fastlønte underoffiserane var det også eit betydeleg tal folk med underoffisersutdanning som ikkje hadde søkt eller fått fast tilsetjing. Dei hadde ei viss pliktteneste (eit bestemt tal øvingar og rekruttskolar), og dei var mobiliseringspliktige som befal. Desse vart kalla ulønte , vernepliktige underoffiserar, altså reservebefal.

Underoffisersskolar

Hæren

«Kavaleriets Underofficerskoles 3de Klasse 1903».

På 1600- og det meste av 1700-talet vart underoffiserane tekne ut blant dei menige og gjevne individuell vidareopplæring i avdelingane. I 1786 kom den fyrste underoffisersskolen («skriverskole»), nemleg for verva artilleristar, med tilhald på Akershus festning. I 1791 fekk eliteavdelinga Det norske gevorbne jegerkorps sin skole på Kongsvinger. I 1804 vart det oppretta skrivarskolar for infanteriet i Halden (Fredrikshald), Fredrikstad, Christiania, Fredriksvern (Stavern), Kristiansand, Bergen og Trondheim. Kavaleriet fekk sin «ekserser- og rideskole» på Akershus tre år seinare. Frå da av kan ein seie at systemet med underoffiserskolar var etablert for heile hæren.

Etter at hærordninga av 1887 innførde ei rekkje spesialvåpen, vart det oppretta tilsvarande nye underoffisersskolar for desse:

Ingeniørvåpenets underoffisersskole vart skipa i 1886 (Kristiania) og festnings-/kystartilleriet fekk sin på Oscarsborg i 1888. Sanitets-, intendantur- og trenunderoffiserar fekk spesialutdanning ved tilleggskurs for folk frå ein av hærens underoffisersskolar.

Hærens flyvåpen, oppretta 1912, utdanna sine underoffiserar ved ein eittårig flygeskole og i ein toårig mekanikarskole. Den siste var basert på føregåande sivil teknikarutdanning.

Marinen

Konstablar II klasse frå Sjømilitære korps.
Foto: Marinemuseet (1903).

Utdjupande artikkel: Sjømilitære korps

Oppgåver og stillingar som underoffiserar skulle fylle i marinen har kravd skolering og opplæring innan eit vidt spektrum av tekniske og handverksmessige spesialfag. Slik fagutdanning har nødvendigvis foregått i Noreg alt frå Sjømilitære korps vart etablert i 1750 på Fredriksvern. Den seinare Befalsskolen for Sjøforsvaret kan via Sjømilitære korps på sett og vis føre historia si attende til den tid.

Frå 1817 vart det etablert skolar innan kvart av dei to korpsa (det sjømilitære og verfts-/handverkskorpset). Dei var berekna for både menige handverkarar og dei som skulle bli underoffiserar.

Fram til 1846 var det ved arbeidskompaniet under Verftskorpset ein «drengeskole» som gav elementærundervisning til gutar frå åtteårsalderen. Som konfirmerte 15-åringar var det da meininga at desse skulle bli handverkslærlingar. Drengeskolen skulle også danne rekrutteringsmark for det sjømilitære.

Etter at drengeskolen vart avvikla, vart rekrutteringa til Sjømilitære korps basert på halvbefarne matrosar (minst 12 månaders utanriks sjøfart) og dertil gutar i 16-18-årsalderen som ikkje hadde vore til sjøs. Å bli underoffiser tok vanlegvis seks år i veksling mellom teori og praksisperiodar til sjøs og i land. Etter 1896 vart underoffisersutdanninga konsentrert om heilbefarne sjøfolk (minst 30 månader i utanriksfart). For desse tok utdanninga vanlegvis fire år.

Handverksunderoffiserar vart opplærde ved vekselsvis kurs (allmennfag) og praksis ved verkstadene. I 1854 vart det starta ein eigen handverksskole med ei høgare avdeling for dei som skulle bli underoffiserar, og ei lågare for dei som skulle bli handverkslærlingar

For å oppnå høgare underoffisersgrader vart det frå 1887 for dei sjømilitære og 1891 for handverkarane oppretta obligatoriske vidaregåande underoffisersskolar.

For kystartilleriet sjå under hæren ovanfor.

Marinens flyvåpen, oppretta i 1916, etter ein sped start med flyverksamheit frå 1912, og utdanna mekanikarar ved lærlingordningar for folk med 18 månaders verkstadteneste bak seg. Dei vart underoffiserar etter fire år.[6]

Fagorganisering

Hæren

Underoffisersbladet byrja å kome ut i 1878. Det er direkte kontinuitet frå dette til Befalsbladet som i dag blir utgjeve av Norges offisersforbund.

Underoffiserane var pionerar i fagleg organisering her til lands. Christiania Underofficersforening vart skipa 24. oktober 1847. Bergen kom etter 1. desember same året, og Trondhjem Underofficersforening tok til 4. januar 1850. Harstad underiofficersforening ble stiftet 25. november 1900. Kjernen i desse var dei garnisonerande (fastlønte og heiltidstilsette) underoffiserane. Underoffiserane i distriktsteneste (deltids tilsette ved avdelingane utover i landet) byrja organisere seg i lokale foreiningar frå 1870-talet av, med auka takt i 1890-åra. Frå 1878 kom Underofficersbladet ut.

Harstad Tidende 3. desember 1900.

Fram til 1880-åra var tilsetjing og oppseiing av underoffiserar tillagt dei einskilde militære sjefane fyrst på regimentsnivå, seinare (frå 1815) på bataljonsnivå. Det vart ei viktig sak for underoffisersforeiningane å oppnå betre vern som tilsette. Foreiningane tok initiativ til eit lovforslag, som etter fleire utsetjingar og kongeleg sanksjonsnekt vart vedteke i modifisert form av Stortinget med verknad frå 1. januar 1886. «Underoffiserslova» gjekk mellom anna ut på at underoffiserane etter tre års prøvetid skulle få fast tilsetjing med rett til å stå i teneste til 52 års alder for sersjantar og 60 år for høgare grader. Det var den gongen eineståande for offentleg tilsette under embetsnivået.

Landssamskipnaden Den norske Landsunderofficersforening vart stifta den 7. februar 1896. Det er direkte kontinuitet frå denne samskipnaden til dagens LO-tilslutta Norges Offisersforbund.

Marinen

Også marinens underoffiserar organiserte seg tidleg. Marinens underoffisersforening vart stifta 1. desember 1880. Etter kvart vart det danna eigne foreiningar for dei ulike bransjane innan etaten. Mot slutten av 1. verdskrigen tok tre av desse samskipnadene, Marinens underoffisersforening, Marinens mineunderoffiserers forening (skipa i 1907)[7] og Marinens maskinistforening initiativ til danning av ein samorganisasjon. Det resulterte i danninga av Marineoffiserenes forbund 25. juni 1918. Følgjande foreiningar slutta seg til: Marinens underoffisersforening, Mineunderoffiserenes forening, Sjømilitære korps' underoffisersforening, Våpenhåndverkernes forening, Skisbygningshåndverkernes forening, Flymekanikernes forening, Intendanturens underoffisersforening, Fyrverkernes forening, Sanitetsunderoffiserenes forening. Maskinistforeningen slutta seg til frå 1. januar 1920, og det nye forbundet hadde da 514 medlemmer.[8]

Medlemsbladet Marine-Underofficeren kom ut frå det same året som forbundet vart stifta.

I pakt med den nye befalsordninga frå 1930 skifta forbundet namn til Spesialoffiserenes forbund.

Underoffiserane som kompetanseressurs

Frå ca. 1800 fram til 1930 var underoffisersskolane, og deretter i nokon mon dei nye befalsskolane, eit svært godt tilbod om vidareutdanning for gutar. Det galdt særleg for bygdegutar som ikkje såg seg utveg til å søkje høgare allmennskolar i byane (middelskole og gymnas). Underoffiserskolane gav gode allmenndannande, tekniske og administrative kvalifikasjonar som var særs brukelege også i sivil samanheng. Storparten av yrkesbefalet blant underoffiserane var deltidstilsette i distriktsteneste (sjå ovanfor). I tillegg til yrkesbefalet var det dessutan til kvar tid eit stort tal vernepliktige underoffiserar (reservebefal) som var sivilt sysselsette på full tid. Såleis representerte det samla underoffiserskorpset ein betydeleg skolert ressursbase.

Sivile stillingar reserverte for underoffiserar

Styresmaktene, både under eineveldet og under det konstitusjonelle styret etter 1814, la medvite til rette for at underoffiserane sin kompetanse skulle kunne utnyttast også i sivile offentlege tenestestillingar. I forordningar frå 1767, 1771 og 1804 vart det bestemt at ei heil rekkje slike stillingar skulle fyllast med underoffiserar etter nærare bestemte kriteriar (mellom anna minimum militær tenestetid og utvist dugleik). Forordninga om dette av 18. mars 1804 vart stadfesta av det nye regimet 2. mars 1815. Ei rekkje tenester og stillingar blir opprekna her. Underoffiserane kunne få tilbod om å bli politibetjentar, undertollbetjentar, postmeistrar ved «smaa postmesterier», hamnefogdar, arrestforvararar, stillingar ved vege-, måle- og vraketenesta, i «Skorsteensfeier-Inspectør-Tjenester» m.m.[9]

Underoffiserar i mange bransjar og etatar

Bjørn Christophersen (1978) har teke føre seg innslaget av folk med underoffiserutdanning innan forskjellige bransjar og spesielt i offentlege etatar. Av dette framgår mellom anna følgjande klåre indikatorar på kor viktig underoffiserskolane har vore for tilgangen til kvalifisert arbeidskraft:

  • Ved Oslo-politiets konstabelkorps, oppretta 1858, var i perioden fram til 1940 jamt over 40% underoffiserar. Blant overordna tenestemenn (betjentar og over) var andelen i perioden 1915-1940 heile 70%.
  • Av 470 lensmenn ca. 1930 var ein tredel underoffiserar, og det galdt nær halvparten av 600 lensmannsbetjentar på same tidspunkt.
  • Innan jordskifteverket på 1800-talet var 20 av vel 100 faste utskiftingsformenn underoffiserar. I tillegg vart underoffiserar svært ofte nytta til meir kortsiktige oppdrag.
  • Dei mangesidige maritime kvalifikasjonane ein kunne tileigne seg ved å gjennomgå befalsutdanning i marinen, gav rom for mange underoffiserar i handelsflåten, som styrmenn, skipsmaskinistar, radiotelegrafistar m.m.

Christophersen tek også føre seg det betydelege innslaget av underoffiserar blant folke- og ungdomsskolelærarar (amtsskolar, framhaldsskolar mm), stillingar i brannvesen, fengselsvesen, vegvesen, jernbanen, sporvegar, televerket, postverket, Norges geografiske oppmåling, tollvesenet og skogvesenet, og han gjev ei rad døme på innslag av standen innan frivillig arbeid som skyttarvesen, idrett, ungdomsrørsle og fråhaldslag og i kommunale ombod og politisk verksemd. Etter datidens målstokk hadde underoffiserane ein omfattande utdanning med fire års underoffisersskole, og vart da ofte bland utdanningseliten i bygda.[3]

Attende til eit underoffiserskorps, kalla spesialistbefal i 2016

Distinksjoner, spesialistbefal.
Foto: Forsvaret (2015).

Utdjupande artiklar: Spesialistbefal og Forsvarets befalsskole

Ordninga med einskapsbefal medførte imidlertid med åra at det blei et meir utydeleg skille i funksjon og utdanning mellom dei som hadde spesialiserte fagoppgåver og dei som hadde generelle oppgåver gjennom ein krigsskoleutdanning.[3] Den særnorske ordninga med einskapsbefal medførde og at dei norske gradane på mange område korresponderte dårleg med kolleger frå allierte land i internasjonale operasjonar.

Stortinget vedtok 12. juni 2015 at det frå 1. januar 2016 skulle innførast ny karriereordning for militært befal i Forsvaret, kalla spesialistbefal. I praksis medfører den nye ordninga at underoffiserskorpset blir innført att, etter at det vart avvikla i 1930.

Ein årsak for denne nyordninga var å hamonisere dei norske befalsgradane med NATOs gradssystem, og dei nye spesialistgradane har same rang, myndigheit og avløning som dei tilsvarande offiserane, det vart fleire og høgare gradar for spesialtbefalet. Den nye ordninga ga også denne gruppa betre tilsettingsvilkår, mellom anna vart åremålstilsetting og aldersgrensa på 35 år avskaffa, slik at dette vart ein eiga karriereveg og den store personellutskiftinga kunne reduserast.

Referansar

  1. Alle tala henta frå Christophersen, B. 1978.
  2. Odlaug 1928:154-156.
  3. 3,0 3,1 3,2 Stein Helge Kingsrød: Ny personellordning i Forsvaret – betydning for profesjonsidentiteten, 15. august 2017, Pacem – Tidsskrift for militær etikk
  4. Odlaug 1928:163. Forordninga?
  5. Odlaug 1928:163. Forordninga?
  6. Framstillinga av marinens utdanningssystem er all hovudsak basert på Christophersen, B. 1978.
  7. Norsk militærhistorisk bibliografi innførsel nr. 4008 og 4009.
  8. Marinens Underofficersforening 1. desember 1880-24. juni 1918...
  9. Skriv om dette under 1. april 1815 i Love, Anordninger etc.. Jf. Odlaug 1928:163-164.

Kjelder og litteratur