Vedbakk under Mosdøl

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Vedbakk
Alt. namn: Vedbakk under Mosdøl
Vedbakk under Lunden Mosdøl
Stad: Bykle (Kyrkjebygdi)
Sokn: Bykle
Kommune: Bykle
Fylke: Aust-Agder
Gnr.: 13
Type: Husmannsplass / støyl

Vedbakk er ein gamal støyl under Lunden Mosdøl. Han ligg heilt i vestenden av mosdølgardsvaldet, like nordom Storetjønn. Nokre hundremeter vestanfor Vedbakk kjem ein til Nygård Holen. Vedbakk var ikkje lenge busett, berre eit bil kring midten av 1860-talet.

Dei som budde her var Olav Olavsson Bratteland, kona hans, som heitte Gyro Knutsdotter, og ein son deira som heitte Olav. Bakgrunnen for at desse slo seg ned her var at dei ikkje hadde greidd økonomien i Myri Holen, som Olav hadde hatt sidan 1823, og hadde måtta lata det bruket gå på auksjon i 1852. Sidan var dei brukarar der for Torleiv Taraldsson og Tarald Olavsson Mosdøl, men då Jon Taraldsson overtok Myri i 1864 laut dei ifrå.

Olav Olavsson døydde kort etter at dei hadde flutt inn i støylsbua i Vedbakk, men enka budde her til ho døydde i 1868. I hovudomtalen av denne familien, som er å finne i bolken om Myri Holen, har me freista å finne ut kvar det vart av borna. Eit par av dei har me oppspora i andre bygder, men Olav, som var fødd i 1832, og budde ilag med mora i Vedbakk i 1865, har me ikkje sett noko til etter det sistnemnde året. Venteleg har også han flutt ut.

Etter at Gyro Knutsdotter døydde i 1868, veit me ikkje om at det har budd nokon i Vedbakk.


0941 Bykle komm.png Vedbakk under Mosdøl er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Skadden • Neste bolk: Bykilsmoen