Viki (Bykle gnr 10/10)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Viki
Nesland 42.jpg
Viki. Teikning Tove Krogh 2003.
Rydda: 1937
Utskilt: 1927
Stad: Nordbygdi
Sokn: Bykle
Kommune: Bykle
Fylke: Aust-Agder
Gnr.: 10
Bnr: 10
Type: Bureisningsbruk
Viki 1965.
Foto: Fjellanger Widerøe

Viki var eit bureisingsbruk i Nordbygdi i Bykle kommune. I kapittelet om Systog har me fortalt at Bjørgulv Folkesson åtte heile Viki frå 1938. Men det vart ikkje tinglyst, alt det som skjedde av jordbyte og eigedomshandel på dette bruket heller, så på papiret var broren framleis eigar av halve bruket. I samband med utskiftinga av gamalt hopehav mellom Neslands-gardane i 1988 vart dette rydda opp i, slik at kvart bruk nå har sin eigedom fullt ut, då bortsett frå heiesameiget med Tveiten. Viki sto oppført som bnr 10 til 2003. Då vart det bruksnummeret sletta, slik at Viki og Systog saman nå har bnr 4.

Bjørgulv F. Nesland i Viki var nest eldste son av Folke T. Stavenes på Nesland Der heime og kona, Ingebjørg Bjørgulvsdotter, f Nesland. I 1927 reiste han til farbroren Hallvard i Sør-Dakota.

Sitat Men «der var heller ikkje gode tider», fortalde han sidan, «så det tok meg lang tid, berre å tene oppatt reisa. Eg tente berre hjå farmarar, for eg hadde ikkje lært noko handverk, og det var mykje hardt arbeid. Eg var der i 6 1/2 år, men eg hadde ikkje meir enn 2000 kr att.» Sitat
.

Pengane bruka han til å løyse ut Systog og halve Viki hjå faren, slik me har fortalt i artikkelen om Systog. Å verta gardbrukar i Systog fortona seg ikkje som rådeleg, der var små og bratte jorde, og ikkje rom for utviding. Då tyktest det noko flatare lendet i Viki liggje betre til rette. Me tek med ein passasje til av Bjørgulvs eiga forteljing om arbeidet sitt i Viki (Ny jord 3/1951, 85):

Sitat Så var det å byrje som nybrotsmann. Eg arbeidde i 4 år på husa. Løa er 18 m lang og 9 m brei, og stovehuset er 11 m langt og 5 m breitt. Det var Olav G. Holen som sette opp husa. Eg var berre med han, og den tid hadde eg ikkje hest, så eg hadde mykje strev med å få til materialar til husa. Mykje av tida arbeidde eg 15-16 timar om dagen [...].

Då husa var omtrent ferdige, byrja eg for alvor med jordarbeid. Det var å rydja opp i ville skogen, og det var berre med spade og hakke eg måtte få opp jorda [...].

Sitat
Slåttonn i Viki ca 1970.
Foto: Folke Nesland
Bjørgulv Nesland køyrer slåmaskin i Viki ca 1970.
Foto: Folke Nesland
Gyro O. Nesland med Jorunn og Ingebjørg i 1944. Bilete frå Folke Nesland.
Fire blide karar i skulen i Nordbygdi på slutten av 1950-talet. Frå venstre: Folke B. Nesland, Torgeir Å. Tveiten, Olav B. Nesland og Torgeir Å. Ryningen. Foto: Bjørgulv G. Holen, frå Folke Nesland.

For denne innsatsen fekk han i 1951 Selskapet Ny Jords diplom for «fortjenstfullt nydyrkingsarbeid». Ved dette leitet hadde han 30-35 mål med jorde, av desse hadde han hatt hest til hjelp berre med dei 2-3 siste. Sidan vart det endå dyrka ein god del, så då han avslutta nybrotsarbeidet, hadde han 42 mål med maskinslåtte på garden. Men han hadde ikkje vore åleine om alt arbeidet:

Sitat Eg hadde ikkje drive mange åra med leigehjelp før eg fann ut at eg måtte få meg ei flink kjering, som eg måtte heilt til Rygnestad i Valle etter, og ho har ikkje spart seg for arbeid. Attåt alt arbeidet inne har ho vore med og hjelpt meg med mang ein stein, og om kvelden gjekk me og skoda på stykket eg greidde bryta den dagen, og var svært interesserte båe to. Sitat
Bjørgulv strammar tømmerstokkane fast på sleden. Bilete frå 1976.
Foto: Folke Nesland
Her er Bjørgulv og Blakken på veg avstad med tømmerlasset. Bilete frå 1976.
Foto: Folke Nesland
  • Bjørgulv Folkesson Nesland, f 1909, d 1983
g 1940 m Gyro Olsdtr. Rygnestad, f 1909, d 2005. Born:
  • Ingebjørg, f 1941, adjunkt, g m Harald Odd Steen, f 1945, busett Mosby, born:
  • Gro Synnøve, busett Oslo, f 1972
  • Håkon Bjørgulv, busett Harpefoss, f 1976
  • Jorunn, f 1943, husmor, g 1965 m Bjørgulv Langeid, Bygland, sjå Øvre Sarv nr 10, born:
  • Folke, f 1948, ingeniør, g m Oddny Svendsen, sjå Lyngli, gnr 15, bnr 75
  • Olav, f 1949, politi, ug., busett Vinje, born:

Gyro Olsdotter var frå Heimre Åreholti på Rygnestad, bnr 10. Foreldra hennes var Olav Olsson Rygnestad og kona, Jorunn Knutsdotter, f Tveiten, Valle. Foreldra åt Jorunn att var Knut Olavsson Tveiten og kona, Angjerd Ditleivsdotter, fødd Bjørnarå (jfr Valle VI, 352).

«Då Gyro flutte her opp [i 1940], fekk me på garden fôr berre til 1/2 hest og ei ku», fortalde Bjørgulv. På 1950-talet var buskapen hest, 4 kyr, 1 kalv, 20 sauer, eit 20-tal geiter og nokre høns. Av geitemjølka gjorde dei ost, og denne var så god at han vart offentleg påskjøna: I 1956 fekk Gyro fyrstepremie for osten sin på Setesdalsutstillinga. I stoga i Viki heng diplomet for dette ved sidan av jorddyrkingsdiplomet åt Bjørgulv.

Bjørgulv og Gyro budde i Viki og dreiv garden til 1970. Då laut dei flytje ifrå på grunn av dei komande vassdragsreguleringane, og bygde seg eit hus i kyrkjebygdi, Systog Byklum, gnr 14, bnr 41. Tomta si der kalla dei Systog etter bruket på Nesland. Bjørgulv døydde i 1983, Gyro livde lenger og døydde på Bykle bygdeheim i februar 2005. Yngstesonen, Knut, har sett seg opp hus ved sidan av den nye foreldreheimen, på ei tomt han fekk skilt ut frå foreldra si (Øvre Systog, gnr 14, bnr 44).

I 1977 overtok Folke, eldstesonen eigedomen. Året etter sette han seg opp hus på byggjefeltet i Øvre Sarv, der han framleis bur. Det me vidare har å fortelje om han og familien hans står i bolken om den verestaden, gnr 15, bnr 75, Lyngli.

I Viki ligg det meste av den dyrka jorda ovanfor og attanfor husa. Dette gjorde at oppdemminga av Bossvatn ikkje reiste med meir enn eit par mål med jorde. Husa vart då også sparde, men når vatnet er fullt rekk det mest oppåt murane.

Utmarka til eigedomen vart i samband med utskiftinga i 1988 oppmælt til å vera på 2830 mål. I tillegg kjem då parten i heiesameiget av Neslands- og Tveitegardane. Sidan Folke overtok har bruket fungert som fritidseigedom, der dei har drive med vedhogst, fiske, og jakt på elg, reinsdyr og småvilt. Broren Olav og systera Ingebjørg har fått frådela tomter og sett seg opp hytter.

I 2006 overdrog Folke eigedomen til sonen, Bjørgulv.

Eksterne lenkjer


0941 Bykle komm.png Viki (Bykle gnr 10/10) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Systog • Neste bolk: Steinstøyl

Koordinater: 59.34198° N 7.26574° Ø