Belglii 37 (Bykle)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 24. okt. 2014 kl. 13:49 av Cnyborg (samtale | bidrag) (Ny side: {{Infoboks gard | målform = nn | bgfarge = | navn = Belglii 37 | bilde = | bildetekst = | altnavn = | førstnevnt = | ryddet = | ut...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Belglii 37
Utskilt: 1983
Stad: Hovden
Sokn: Bykle
Fylke: Aust-Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 2
Bnr: 438
Type: Bustadseigedom

Belglii 37 er ein bustaseigedom på Hovden i Bykle kommune. Dette huset i Belglii vart bygt av Ole Prydz Bruun og kona hans i 1989-90.

Ole Prytz Bruun, f 1951

g m Kari Dagmar Westersø Bruun 1953. Born:
  • Thor Henrik, f 1984, under utdanning (2006), Oslo.

Ole er fødd i Gjerdrum som son til Milda Dorothea og Johan Henrik Bruun. Han byrja å arbeide ved Hovden høyfjellshotell i 1977, og overtok som direktør to år seinare. Etter kvart vart han eineeigar av hotellet. I 1986 fekk han skilt ut eit areal på omlag 20 mål i kanten av hotelleigedomen, og i åra som fylgde bygde han her opp verksemda Hovden Hyttepark, der han var, og framleis er, personleg eigar.

I 1989 overtok han bygget til Triangel Sportell frå Herbert Bachmann. I dette huset organiserte han sidan A/S Hovden Høyfjellsenter, som står for den praktiske drifta av hytteparken, og yter service til gjestene der. Ole er arbeidande styreformann i verksemda, og steller elles mest med eigedomsutvikling. Kari Dagmar er frå Oslo og dotter til Aase Evelyn og Thor Westersø. Ho har stått for rekneskapsføringa både ved hotellet og dei andre prosjekta til ektemaken.


0941 Bykle komm.png Belglii 37 (Bykle) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

 

Koordinater: 59.56091° N 7.36303° Ø