Forside:Heimar og folk i Bykle

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Om Heimar og folk i Bykle
Heimar og folk i Bykle, band I.

Heimar og folk i Bykle er ei gards- og ættesoge i fem band for Bykle kommune i Setesdal, forfatta av Aanund Olsnes og utgjeve i 2006. Bykle hadde ei ættesoge frå 1966, Gards- og ættesoge for Bykle, med eit stutt utdrag av kultursoga av Knut Gjerden og Bjørgulv Holen. Kring 1990 byrja folk i kommunen å sjå på om det var mogleg å få ei oppdatert soge, som også tok for seg historia til sjølve garden, og ikkje berre ætta.

Det vart nedsett ein komite med Bjarne Tveiten som leiar, og Aanund Olsnes frå Vinje vart tilsett som forfattar hausten 1998. Kommunens kulturkonsulent Astri Rysstad og vikaren hennar, Helene Fredly, var koordinator, medan nemnda og forfattaren tok seg av det faglege. Medlemene i nemnda var frå starten Tora Mosdøl, Gerd Fosse Hovden, Per Breivegen, Bjarne Tveiten og Folke Nesland. Tveiten og Nesland gjekk etter ei tid ut av nemnda, og i staden kom Leonhard Jansen og Angerd Mosdøl inn. Jansen vart ny leiar. Per Breivegen gjekk bort sumaren 2005, året før boka kom ut.

Bygdebøker i fleire band blir gjerne utgjeve over fleire år, men i Bykle valde ein å gje ut alle fem band samstundes.   Les meir ...

 
Smakebitar frå artiklar
Denne teikninga av Assor Hansen frå 1916 viser noko av tunet i Jåro, slik det såg ut på den tida. Stoga i midten og loptet til høgre er dei same husa som står i Attistog idag. Det næraste loptet på teikninga er «Margitsloptet», dvs loptet i Der inne, som nå står i Huldreheimen.

Attistog er eitt av bruka på Gjerden i Bykle. Dei tre gamle gardsbruka i Gjerden ligg tun i tun, og som namnet tilseier, ligg tunet her like attanfor dei hine.

Etter det me kom til i bolken om den udela garden, vart denne halvparten av garden kløyvd ifrå kring 1650, og den fyrste kjende oppsitjaren her var ein Augund, som me trur heitte Augund Jonsson. Me meiner helst at han var son åt Tore Kjetilsdotter Byklum og fyrste mannen, Jon Augundsson Homme. Augund er nemnd som oppsitjar her i 1647 og 1649.

Men 2 år seinare, i 1651, ser ein at det er Knut [Olsson] Åmli og Jon [Torleivsson ] Rygnestad som brukar denne halvparten av garden saman. Som me har fortalt i bolken om den udela garden, hadde Knut Åmli ervt ein part her etter Åsmund Rygnestad. Det same hadde Torleiv Åsmundsson, far åt Jon Torleivsson gjort, les me i Vallesoga (VI, 362), og det må vera parten hans Jon hadde overteke.

Etter dette tykkjest tilhøva noko uklåre ei tid frametter, men ein ser likevel at det har ymsa, både med omsyn til kven som åtte bruket, og kven som bruka det. I 1659 er det nemnt ein Sigurd, som skal eige og bruke 3 geiteskinn. Den einaste kjende Sigurd-en det kan vera tale om, er Sigurd frå Mosdøl, som hadde sete på den garden frå eit stykke attende på 1640-talet, men korleis han eventuelt kan ha hamna her, veit me ikkje. Me ser heller ikkje meir til han nokon stad etter 1659, så kanskje han har døytt ved dette leitet? Iallfall tykkjest han sidan å kverve sporlaust or kjeldene våre.   Les mer …

Loptet frå Gjerden Der inne vert tidfest til 1600-talet. I dag står det i Huldreheimen, og då dette biletet vart teke, 20.7.2005, var det under restaurering.
Foto: Dag Rikard Olsnes

Der inne er eit av dei eldste bruka på Gjerden i Bykle. Etter det me kom til i bolken om den udela garden er Åvold Tarjeisson den fyrste kjende oppsitjaren her. Nett kva tid han døydde er uvisst, men siste venda me har funne han nemnd er i 1661. Sidan er han ikkje med i kjeldene våre, så han har vel lide av ein gong ved dette leitet. Rett nok vart ikkje skiftet etter han tinglyst fyrr i 1667, men at det stundom kunne taka nokre år mellom eit dødsfall og bokføringa av erveoppgjeret, var ikkje uvanleg. Sorenskrivaren utførde ikkje tinglysingar frå Bykle på kvar tingsamling, men tok fyre seg ein bunt når han tykte han hadde høveleg mange.

Åvold og kona hans hadde rett nok bruka 15 skinn veit me, men det dei åtte var berre 4 nottungar, står det i skiftet, og ettersom 1 nottung landskyld i Bykle tykkjest vera det same som 1/2 kalveskinn, var heile den faste eiga i buet berre 2 kalveskinn, dvs. 2/15 av den jorda Åvold hadde bruka, som då han døydde svara omtrentleg til dei seinare Der Inne og Nordstog.

Me set inn oversynet over familien hans på denne staden:

  • Åvold Tarjeisson Gjerden, n 1623, d ca 1661
g 1. m ukj., d fyre 1645.   Les mer …

Haugebakk i Bykle ligg vestom Kroné og litt høgre i terrenget, altså ikkje fullt så langt ut på bruna mot åjuvet. Tilliks med Kroné har Haugebakk gått ut ifrå Uppistog, og også tilliks med Kroné vart det eit sjølveigande småbruk. Men Haugebakk vart aldri matrikulert for seg sjølv, og difor er eigedomen utan eiga landskyld og eige bruksnummer. Ein grunn til at dette i seinare tid ikkje har vorte oppfatta som nødvendig, er rimelegvis at oppsitjaren i Haugebakk etter 1949 også har ått Kroné, og at dei to bruka sidan då har vore rekna som eitt, med bnr 6 under Byklum, men utan at denne faktiske samanslåinga nokon gong har vorte formalisert.

Bruket kom til ved at Hallvard Torleivsson kaupte ein utmarksteig av Ånund Pålsson på Kultro i 1883, dyrka han opp, sette seg opp hus, og flutte hit.

Hallvard var frå Uppistogshaugo, foreldra hans var Torleiv Torleivsson Holen og kona, Margit Knutsdotter, fødd Hisdal.   Les mer …

Gamlestoga i Nystog 9.4.2003.
Foto: Aanund Olsnes

Nystog er eit småbruk under Mosdøl i Bykle kommune. I 1916 sette Knut Hallvardsson Byklum i gang med å byggje seg eit bureisingsbruk på denne parsellen av Torsbu. Storleiken på bruket nå vert oppgjeve til omlag 31 mål, av dette 7 mål med jorde.

Knut kom frå Haugebakk, og foreldra hans var Hallvard Torleivsson Byklum og kona, Birgit Knutsdotter, fødd Byklum. Gunhild, syster åt Knut, var gift med Pål Mikkelsson Byklum i Torsbu, og det var vel ein grunn til at Knut hamna her. Etter at han fyrst hadde fått jordvegen i stand, sette Knut seg opp stoge i 1918. I 1920 kom fjos og løe på plass, og året etter fekk han tinglyst skøyte på at han hadde kaupt bruket av verbroren. I 1926 bygde han på stoga si, så ho vart på i alt 65 m² i to fulle høgder. I 1941 sette han dertil opp eit eldhus.

Det dyrka arealet på bruket var ikkje meir enn 7 mål, så det gjekk ikkje an å liva berre av jorda. Knut var vegarbeidar og sidan oppsynsmann på vegen.   Les mer …

Vodden Nesland i 1965.
Foto: Fjellanger-Widerøe

Vodden er ein av Neslandgardane i Bykle kommune. Som me har fortalt i bolken om hovudbølet vart dette bruket, som er det vestlegaste av dei gamle gardsbruka på Nesland, utskilt som ein eigen verestad med ei landskyld på 6 kalveskinn alt i 1682, og den fyrste oppsitjaren her var Olav Knutsson.

  • Olav Knutsson Nesland, n 1645-1682, d fyre 1689
g 1. m ukj. Born, iallfall:
  • ? Bjørgulv, n 1664-66, d fyre 1670
  • Tarjei, f ca 1648, d 1720, sjå nedanfor
g 2. m Asgjerd, n 1666-70. Born, ialfall:
  • Knut, f ca 1659, n 1666, seinare lagnad ukj.

Når me trur at Asgjerd må ha vore andre kona av Olav Knutsson er det avdi Tarjei Olavsson ikkje kalla nokon av dei tre døtrene sine for Asgjerd, og då er det snautt om ho var mor hans.

Olav døydde ein gong på 1680-talet, få år etter at han hadde fått deilda ifrå Vodden som eige bruk, og sonen Tarjei vart neste oppsitjar.   Les mer …

Nigard Hoslemo sett frå bygdevegen 7.2.2006.
Foto: Aanund Olsnes

Som namnet Nigard tyder på er dette det nedarste bruket på Hoslemo i Bykle kommune, og ligg i botnen av lia.

I 1838-matrikkelen har Uppigard løpenummer 9 og Nigard lnr 11. Kvifor matrikkelkommisjonen på 1880-talet valde å tildele Nigard sitt eige gardsnummer, i staden for å gjeva eigedomen eit bruksnummer under gnr 4, har me ikkje greidd å finne ut. Men såleis vart det gjort, og garden er framleis gnr 5.

Me har kome til at dette var den fyrste eininga som vart kløyvd ut frå det opphavlege hovudbølet, og me trur vidare at denne garddelinga iallfall må liggje så langt attende som slutten av 1500-talet, og helst endå ein god del lenger att i tida. Bakgrunnen for denne tanken er det brevet me var inne på i innleiingsbolken, der Vetle Knutsson i Hoslemo skreiv under på at han hadde pantsett halve Hoslemo «og fjerdeparten av den andre halvparten» til Torleiv [Åsmundsson] Rygnestad for 32 riksdalar (jfr. den gamle gards- og ættesoga 168).

Denne passasjen har me tolka som teikn på at Hoslemo på denne tid var dela i to halvpartar, som vart rekna for separate eigedomar, slik at dei laut pantsetjast kvar for seg. Om dette ikkje hadde vore såleis, vil me tru at Vetle i staden ville ha skrive at han pantsette 5/8 av eigedomen. Men om det er rett at Nigard var ei separat eining på 1500-talet, er det sannsynleg at den fyrste delinga låg endå mykje lenger attende, ein eller annan gong fyre 1350. Grunnen til dette er at det er vanskeleg å tenkje seg at det var bruk for garddelingar dei fyrste par hundreåra etter Svartedauden.   Les mer …
 
Se også
Eksterne ressursar
 
Kategoriar for Heimar og folk i Bykle
ingen underkategorier
 
Mest lest