Forside:Heimar og folk i Bykle

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 24. nov. 2023 kl. 12:58 av Olve Utne (samtale | bidrag) (Teksterstatting – «[[kategori:» til «[[Kategori:»)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Om Heimar og folk i Bykle
Heimar og folk i Bykle, band I.

Heimar og folk i Bykle er ei gards- og ættesoge i fem band for Bykle kommune i Setesdal, forfatta av Aanund Olsnes og utgjeve i 2006. Bykle hadde ei ættesoge frå 1966, Gards- og ættesoge for Bykle, med eit stutt utdrag av kultursoga av Knut Gjerden og Bjørgulv Holen. Kring 1990 byrja folk i kommunen å sjå på om det var mogleg å få ei oppdatert soge, som også tok for seg historia til sjølve garden, og ikkje berre ætta.

Det vart nedsett ein komite med Bjarne Tveiten som leiar, og Aanund Olsnes frå Vinje vart tilsett som forfattar hausten 1998. Kommunens kulturkonsulent Astri Rysstad og vikaren hennar, Helene Fredly, var koordinator, medan nemnda og forfattaren tok seg av det faglege. Medlemene i nemnda var frå starten Tora Mosdøl, Gerd Fosse Hovden, Per Breivegen, Bjarne Tveiten og Folke Nesland. Tveiten og Nesland gjekk etter ei tid ut av nemnda, og i staden kom Leonhard Jansen og Angerd Mosdøl inn. Jansen vart ny leiar. Per Breivegen gjekk bort sumaren 2005, året før boka kom ut.

Bygdebøker i fleire band blir gjerne utgjeve over fleire år, men i Bykle valde ein å gje ut alle fem band samstundes.   Les meir ...

 
Smakebitar frå artiklar
Jeiskeli 5.8.2005.
Foto: Aanund Olsnes

Jeiskeli ligg på ein sete under lia eit par kilometer austanfor riksvegen ved Hegni i Bykle kommune. Vidare mod aust er der hei og høgfjell, og både nordom og sørom den dyrka jorda er der mest myr. Men der sjølve garden ligg er faste og fine vollar.

Jeiskeli er omtala som øydegard i ei skatteliste frå 1607, og i 1624 ser ein at garden hadde eiga landskyld, og sto i 3 kalveskinn, men det var ingen som budde her på den tida. Dette tyder på at her har vore busetnad i mellomalderen. Men sidan, og truleg heilt frå Svartedauden, var staden støyl for berdalsbøndene i langsameleg tid, inntil han vart selt ifrå til eit sjølvstendig bruk i 1890, og vart bnr 7 under Berdalen. Bruket gjekk då ut med 4 øre frå Der nede, 4 øre frå Hagen, og 4 øre frå Der uppe, slik at det fekk ei samla skyld på 12 øre.

Tarald Nomeland har tvillaust rett, når han seier at namnet Jeiskeli «må koma av geitskor, ei urt som veks i lier og åkrar» (Bykle kultursoge 1993, 368). I tillegg kan ein godt spandere den vanlegaste nemninga på planta, som er «geiterams», og det botanikkfaglege namnet epilobium augustofolium. Sjølve ordet, geiske, f, er etter Ivar Aasen ein dialektvariant av geitskor. Dermed torer me rekne namnet for tydd, men endå kan det vera gaman å få med seg den folketymologiske tydinga, som er attgjeve hjå Johannes Skar (Gamalt or Sætesdal II, 8): «I Geiskelidi sat Geiska. Geiska var rik og svær. Ho sat med tolv kyr. Brunnane syner enno, og dei er mura; so kann han sjå for svær ho var.»   Les mer …

Optestøyl 24.1.2006. Huset lengst til høgre er stoga etter Ånund K. Skarberg.
Foto: Aanund Olsnes

Optestøyl, også kalla Utigard, ligg lengst i sør i Trydal, sunnanfor Grasbrokke og Svingen, og langt ned imot Bjørnarå. Frå gamalt var det visseleg nytta som støyl for Systog, og dermed lyt me tru at her låg vel til rette for bureising.

Åsmund Olavsson Trydal frå Systog sette i gang med nybygg på denne staden i 1921, då han fekk skøyte av Tarjei, eldstebror sin. Nå veit me at han gifte seg i 1919, og kunne då fort tenkje at den røynlege overdraginga må ha funne stad eit par år fyre papirarbeidet og tinglysinga. Men då Åsmund gifte seg vart han notert i kyrkjeboka som «tømmermann» , same tittelen fekk han då eldste dottera vart døypt i 1920, men frå 1921 og frametter vert han kalla «sjølveigar og småbrukar», så då hadde det funne stad eit statusskifte.

Eit anna omskifte som skal noterast, er at bruket ved tinglysinga i 1921 vart kalla Utigard, men til dagleg vert det omtala som Optestøyl.   Les mer …

Løyning 1967. Dei gamle plassehusa brann, så det som står att er berre ei høyløe. Bilete frå Setesdalsmuseet.

Løyning låg oppi skogen eit par km nordaust for Tveiti i Bykle kommune, og helst noko løynleg. Alfred Ryningen meiner dette er forklaringa på namnet (h.oppgv., 56). Mest truleg var staden opphavleg heimestøyl for Ryningen, slik at her var ein støylsvoll og kanskje ei bu eller to då det byrja å verta fastbuande folk her.

Akkurat kva tid dette var kan me ikkje vita, men innførslene i kyrkjeboka tyder på at det var ein gong i åra 1826 til 1828. Dei som slo seg ned her var ei dotter åt Salmund Snæresson Ryningen og mannen hennes:

  • Margit Salmundsdtr. Ryningen, f 1806, d 1862-65
g 1826 m Olav Olavsson Skolås, f 1797, d Konsmo 1862, utflytt til Bjelland med kone og born 1846.   Les mer …

Viki 1965.
Foto: Fjellanger Widerøe

Viki var eit bureisingsbruk i Nordbygdi i Bykle kommune. I kapittelet om Systog har me fortalt at Bjørgulv Folkesson åtte heile Viki frå 1938. Men det vart ikkje tinglyst, alt det som skjedde av jordbyte og eigedomshandel på dette bruket heller, så på papiret var broren framleis eigar av halve bruket. I samband med utskiftinga av gamalt hopehav mellom Neslands-gardane i 1988 vart dette rydda opp i, slik at kvart bruk nå har sin eigedom fullt ut, då bortsett frå heiesameiget med Tveiten. Viki sto oppført som bnr 10 til 2003. Då vart det bruksnummeret sletta, slik at Viki og Systog saman nå har bnr 4.

Bjørgulv F. Nesland i Viki var nest eldste son av Folke T. Stavenes på Nesland Der heime og kona, Ingebjørg Bjørgulvsdotter, f Nesland. I 1927 reiste han til farbroren Hallvard i Sør-Dakota.

Men «der var heller ikkje gode tider», fortalde han sidan, «så det tok meg lang tid, berre å tene oppatt reisa. Eg tente berre hjå farmarar, for eg hadde ikkje lært noko handverk, og det var mykje hardt arbeid. Eg var der i 6 1/2 år, men eg hadde ikkje meir enn 2000 kr att.»
.   Les mer …

I Nordstog Bratteland ein gong i åra 1903-1910. Bak: Ingebjørg H. Bratteland g. Lien og Gunnar Dag Abrahamson. Framme: Olav K. Mosdøl, Borghild A. Bratteland, Ragna Abrahamson, Helleik A. Bratteland. Foto: August Abrahamson, frå samlinga til Setesdalsmuseet.

Nordstog er ein av Brattelandgardane i Bykle kommune. På bakgrunn av det som er fortalt i bolken om den udela garden vart Bjørgulv Tarjeisson Bratteland oppskriven som «gaardmand» då han gifte seg i 1859, medan Odd, broren måtte nøyast med å verta kalla «gaardbruger», for han bruka annan manns jord. Av folketeljinga frå 1865 ser me at Odd då framleis budde i Nordstog, men då hadde han vorte «gaardbruger og selveier», står det. Han må då einkorleis ha greidd å skaffe midlar til å løyse ut bruket. Olav G. Dysje døydde i 1863, og me reknar med at det var ervingane hans som selde attende til Odd.

Bjørgulv Tarjeisson og familien hans reiste til Amerika i 1866. Odd vart buande i Nordstog endå nokre år.

  • Odd Tarjeisson Bratteland, f 1835, til Amerika med kone og dotter 1880
g 1859 m Gro Bjugsdtr. Åkre, f 1829. Born:
  • Tarjei, f 1864, d 1864
  • Tarjei, f 1865, d 1871
  • Gunhild, f 1870, n 1880
  • Tarjei, f 1873, d 1874   Les mer …

Løyning pr 5.8.2005.
Foto: Aanund Olsnes

Løyning i Bykle kommune ligg sør for Dalen, på nordsida av vassføret frå Vatnedalsvatnet og ned mot Otra. «Bruket ligg noko løynleg til, med åsar og haugar ikring», skriv Olav Haslemo (h.oppgv. 1968, 78), og meiner at namnet grunnar seg på det løynlege lægjet. Me skal ikkje reise innvendingar mot denne tolkinga.

Johannes Skar (Gamalt or Sætesdal II, 257) fortel at rudningsmannen her var numedøl og heitte Kjetil Skavleim, og dette stemmer. Kjetil kom frå Rollag, øvst i Numedal, og foreldra hans var Eivind Kjetilsson Vindegg og kona, Ingebjørg Pedersdotter. Eivind døydde ung, og Ingebjørg gifte seg då omatt med Knut H. Kjemshus på Nordre Skavleim. Såleis kom Kjetil til Skavleim.

Kjetil åtte Nordre Skavleim frå 1774 til 1789. I det sistnemnde året selde han garden sin til verbroren, Steinar Helleiksson Kvisle. I bygdeboka frå Rollag (K. Hoff: Rollag bygdebok, II, 215) står det at «både Kjetil og kona må ha døydd straks etterpå» men det er berre avdi dei sidan ikkje er synlege i kjeldene i heimbygda, og det kjem altså av at dei hadde reist til Bykle.   Les mer …
 
Sjå også:
 
Eksterne ressursar
 
Kategoriar for Heimar og folk i Bykle
ingen underkategorier
 
Andre artiklar