Forside:Heimar og folk i Bykle

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Om Heimar og folk i Bykle
Heimar og folk i Bykle, band I.

Heimar og folk i Bykle er ei gards- og ættesoge i fem band for Bykle kommune i Setesdal, forfatta av Aanund Olsnes og utgjeve i 2006. Bykle hadde ei ættesoge frå 1966, Gards- og ættesoge for Bykle, med eit stutt utdrag av kultursoga av Knut Gjerden og Bjørgulv Holen. Kring 1990 byrja folk i kommunen å sjå på om det var mogleg å få ei oppdatert soge, som også tok for seg historia til sjølve garden, og ikkje berre ætta.

Det vart nedsett ein komite med Bjarne Tveiten som leiar, og Aanund Olsnes frå Vinje vart tilsett som forfattar hausten 1998. Kommunens kulturkonsulent Astri Rysstad og vikaren hennar, Helene Fredly, var koordinator, medan nemnda og forfattaren tok seg av det faglege. Medlemene i nemnda var frå starten Tora Mosdøl, Gerd Fosse Hovden, Per Breivegen, Bjarne Tveiten og Folke Nesland. Tveiten og Nesland gjekk etter ei tid ut av nemnda, og i staden kom Leonhard Jansen og Angerd Mosdøl inn. Jansen vart ny leiar. Per Breivegen gjekk bort sumaren 2005, året før boka kom ut.

Bygdebøker i fleire band blir gjerne utgjeve over fleire år, men i Bykle valde ein å gje ut alle fem band samstundes.   Les meir ...

 
Smakebitar frå artiklar
Dette er stoga i Der nede ein gong i 1960-åra. Diverre brann dette huset 6.10.2005, så her ser ikkje lenger såleis ut. Bilete frå Torjus Lunden på grannebruket.

Bureisingsbruket Myro Der nede i Bykle kommune, som ligg vestom Bjørnarågardane, ned mot Bjørnaråhylen, vart utskilt frå Der heime i 1921. Det er litt rart at det skulle verta kalla Nordigard i matrikkelen, ettersom det ligg sør for det hitt, jamgamle bureisingsbruket i Bjørnarå, som vert kalla Uppigard, men såleis er det. Til dagleg går likevel båe bruka under namnet Myro, Nordigard er Myro Der nede, Uppigard er Myro Der uppe, og dette virkar meir logisk.

Det var Hallvard Knutsson Skarberg og kona, Jorunn, fødd Haugen, som fekk kaupe denne parsellen av Der Heime. Seljaren var Tarjei, son åt Jorunn, som hadde overteke Der heime etter faren. Jorunn var enke etter Bjørgulv T. Bjørnarå då ho gifte seg med Hallvard i 1910. Hallvard var son åt Knut Ånundsson Skarberg, som på denne tid var brukar i Der heime, og kona, Torbjørg Hallvardsdotter, fødd Uppstad.   Les mer …

Gjerden 1965. Frå venstre Der Nord, Derinne og Attistog. I øvre, venstre biletkant skimtar ein Huldreheimen.
Foto: Fjellanger Widerøe

Gjerden er ein matrikkelgard i Bykle. Dei gamle gardane i Kyrkjebygdi er Byklum, Mosdøl og Gjerden. Av desse er Byklum, som ligg i midten, klårt den eldste, medan Mosdøl i vest og Gjerden i nordaust er sekundære i høve til denne.

På denne bakgrunnen vil me meine at det peikar litt gale i veg, når Tarald Nomeland i den gamle gards- og ættesoga (217) seier at «Jarinn er ein eigen gamal gard, medan Mosdøl kan ha gått ut ifrå Byklum». Både Mosdøl og Gjerden har ein gong i tida gått ut frå Byklum, men desse delingane ligg sjølvsagt langt attende, heilt sikkert fyre 1350.

Utover den nemnde plasseringa i bygda er det fleire grunnar til å meine dette. Ein er landskyldsatsane i 1600-åra, som for Byklum er så mykje høgare enn for grannegardane. Ein tredje er gardsnamnet. Om det siste hermer me den fylgjande passasjen etter Amund B. Larsen (NG IX, 214):

Udtaleformene [dvs. Jarinne (Nom.) og Jåro (Dat.)] svarer saa korrekt som det er muligt mod oldn. *Jarðirnar og dets Dat. *Jǫrðunum, Flt. af Jǫrð, f. som meget hyppigt bruges i Betydningen Jordstykke, Jordeiendom. At navnet altid har været skrevet som om det var oldn. Gerði, n, Jorde, kan ikke opveie dette, thi dette Ord vilde havt ganske andre Bøiningsformer.

Denne tolkinga virkar innlysande rett, så me skriv under på henne utan vidare.

I den gamle gards- og ættesoga (119-130) ser det ut til at Attistog vert rekna som det eldste av dei tre gamle bruka i Gjerden. Det er smått med konkrete haldepunkt for å avgjera dette spursmålet heilt sikkert, men i den mon Gjerden fylgde det normale garddelingsmønsteret bør bruket i midten, dvs. Der inne, vera det eldste. Me har valt å satse på at det faktisk var såleis, og så langt dette er rett, var då den fyrste delinga ei to-deling, der Attistog vart kløyvd ifrå. Dinest vart den andre halvparten (Nordstog / Der inne) dela på nytt, slik at det vart 3 bruk. Desse var i hovudsak dei same som dei me kjenner idag.   Les mer …

Xylografi av August Schneider i Skilling-Magazin 1866. Teiknaren har teke seg ein del kunstnarleg fridom, skjønar me, men den næraste garden lyt vera Utistog, og det neste tunet er Innistog. Leonhard Jansen skaffa kopien av biletet.

Byklum er den sentrale garden i Kyrkjebygdi i Bykle, og sannsynlegvis også den eldste garden i bygda, som alle dei andre har utgangspunktet sitt i. At dette må vera såleis skjønar me både av at garden vart kyrkjestad, og dermed gav namn åt kyrkjesoknet, og av at han på 1600-talet framleis hadde den langt høgste landskylda i bygda.

Når det gjeld gardsnamnet Byklum, slår Amund B. Larsen fast at det er dativ, fleirtal, av innsjønamnet Bykil. Sjø-, fjord- og elvenamn «antager ofte flertal, naar de gaar over til Gaardnavne», skriv han. (Norske Gaardnavne VIII, 213). Dette har, såvidt me kan sjå, ikkje vore omstridt. Meir uvisst er det med tydingsinnhaldet. Larsen meiner at ordet «kanskje [kan] høre sammen med Verberne boka og bauka i Betydningen: pladske, skvulpe.». Eivind Vågslid (N A, 2, 689) aksepterer Larsens etymologi, men vil setje verbet bauka til å tyde 'grava'. Tarald Nomeland i den gamle gards- og ættesoga (216) satsar i staden på at grunnordet er bygill, m, som i gamalnorsk tyder noko som er buge eller bøygt på form: «Det høver på Bykilen, som ligg noko bugen midt i dalen», seier han. Alt det hermde høyrest i og for seg plausibelt ut, men me trur endå at det einaste ein kan vera nokonlunde trygg på, er konklusjonen frå Norsk Stadnamnleksikon (1975, 85), der det heiter at Bykil «ikkje er sikkert tolka.»

Om ein skulle gjeta på alderen på busetnaden her, er det vel rimeleg å satse på bronsealder eller yngre steinalder. Diverre har ein ikkje oldfunn som kan stadfeste denne tanken, så han lyt berre byggje på ei parallellføring med eldste gardane i Nordbygdi. Elles ligg det fyre ein bundel med gamal tradisjon, som samla sett tykkjest peike i retning av mykje høg alder.   Les mer …

Åsland 1965.
Foto: Fjellanger-Widerøe

Åsland er eit lite nybruk frå slutten av 1930-talet i Berdalen i Bykle kommune. Det var Sigrid Hoslemo som husa det opp og rudde det. Arealet vert oppgjeve til 7-8 mål.

Sigrid var frå Haugen Hoslemo, dotter åt Ånund Sigbjørnsson Vatnedalen og kona, Gro Hallvardsdotter, fødd Oddeskar. Systera Gyro hadde tidlegare rudt og bygt for seg i Haugen, bnr 10. Fyre ho kom hit hadde Sigrid budd mange år i Skien, og arbeidd i ei forretning der.

Ho kaupte denne teigen hjå Salmund Berdalen i Hagen i 1938, og fekk opp hus for seg same året. Ho ville taka imot turistar til overnatting, og bygde difor ei stoge på 14 x 8 m i to fulle høgder. I 1940 sette ho også opp ein liten uthusbygning, der ho sidan hadde ei handfull sauer og nokre høns. Ho skifte etternamn til Åsland i 1947, og nytta sidan det namnet.   Les mer …

Hovuddelen av gamlestoga i Kvæven vart oppført fyre krigen, men sidan har ho fått tilbygg både nordetter og søretter.
Foto: Aanund Olsnes
(2005)
Kvæven er det vestlegaste eller inste bruket i Bjåen i Bykle kommune. Det er også det nyaste i rekkja.

I panteregisteret og matrikkelen vert det kalla Bjåland, men dei som bur i Bjåen nyttar namnet Kvæven. Det siste er eit gamalt terrengnamn, medan Bjålandsnamnet var eit påfunn i samband med den formelle etableringa av eininga.

Bruket er ikkje fælt gamalt. Det var Olav Såvesson Bjåen som sette i gang med bureising på denne delen av farsgarden Nor i stoga Bjåen i 1930, og fekk skyldsett det som eige matrikkelbruk 3 år seinare.   Les mer …

Solbakken 18.8.2005.
Foto: Aanund Olsnes
(2005)

Solbakken er eit småbruk som ligg mellom Nordgarden og Midbø. Det vart formelt utskilt frå Nordgarden i 1928, då det vart tinglyst at Åsne O. Breive hadde kaupt denne parsellen hjå Hallvard Hallvardsson i Nordgarden. I røynda hadde ho og Knut T. Byklum, mannen hennes, båe budd her frå 1920, og Knut iallfall frå 1914.Åsne var dotter åt Olav Alvsson Breive i Der uppe og kona, Åshild Hallvardsdotter.

Me veit ikkje kva foreldra åt Tomas Jonsen heitte, men han tykkjest ikkje ha vore nærskyld dei andre samane me høyrer gjete i Bykle. I fylgje kyrkjeboka var han fødd i Vilhelmina sokn i Västerbotten i Sverige, og ettersom han vert oppført med reingjetar som yrkesnemning, reknar me med at han arbeidde for Breive Reindriftssamlag. Det kan tenkjast at han er identisk med den Tomas Jonsson frå Vilhelmina som vart fødd 11. mai 1882 i Susendalen i Hattfjelldal kommune av foreldra John Tomasson Slettfjell (f 1850) frå Susendalen og Elisabet Andrietta Larsdotter (f 1852) frå Lappmarken. Tomas og Åsne budde hjå far hennes i Der uppe det året dei var gifte. Sidan budde ho truleg hjå broren på Flaten til ho gifte seg omatt med Knut T. Byklum i 1920.   Les mer …
 
Se også
Eksterne ressursar
 
Kategoriar for Heimar og folk i Bykle
ingen underkategorier
 
Mest lest