Forside:Jødisk historie og kultur

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 26. okt. 2017 kl. 21:55 av Olve Utne (samtale | bidrag)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

RELIGION OG LIVSSYN
buddhisme • folketru • hinduisme • islam • jødedom • kristendom • samisk religion •
URFOLK OG NASJONALE MINORITETER • NYERE MINORITETER
samisk • skogfinsk • kvensk • rom • romani • jødisk

Om Jødisk historie og kultur
I St. Jørgensveita 7 i Trondheim låg den første synagogen i byen — eit midtpunkt for jødane i Midt-Noreg frå slutten av 1800-talet.
Foto: ukjent

Jødar (nynorsk) eller jøder (bokmål/dansk) er ei folkegruppe av hovudsakleg semittisk opphav som tradisjonelt praktiserer religionen jødedom med sine variantar. I Nord-Europa er har det tradisjonelt vore to hovudgrupper av jødar — portugisarjødar, som er den vest- og nordeuropeiske undergruppa av sefardím, og høgtyske jødar, som det same som asjkenazím. Jødar har vore nemnt i offisielle dokument i Noreg sidan 1400-talet, og vi veit om jødar som har hatt varierande tilknyting til Danmark-Noreg sidan tida kring 1600. Fram til 1814 var hovudregelen at høgtyske jødar hadde generelt innreiseforbod, medan portugisarjødar hadde lov til å reise til og i Danmark-Noreg og livnære seg med eller utan leidebrev i nokre periodar. Frå 1814 til 1844 var det totalforbod mot jødar i Noreg, og dei fleste jødane i Noreg i dag ættar frå jødar som kom inn etter 1851. Jødane er ein av dei nasjonale minoritetane i både Noreg og Sverige.   Les mer ...

 
Smakebiter
Judith Becker, fra Våre falne.

Judith Nina Becker f. Zemechmann (født 2. januar 1888 i St. Petersburg, død 3. mars 1943 i Auschwitz) var pianist og musikklærer. Hun ble et av ofrene for folkemordet på jøder under andre verdenskrig.Etter å ha tatt studenteksamen arbeida Judith Zemechmann som musikklærer, og særlig som klaverpedagog for barn i velstående familier. Hun fikk være med på flere dannelsesreiser i Europa, så hun var ei bereist kvinne.

I januar 1915 kom hun til Kristiania. Hennes forlovede, Hille Elieser Becker, hadde ankommet byen i august 1914, og ventet på henne. De gifta seg hos byfogden i Oslo, slik man måtte gjøre ved dissenterekteskap. De bosatte seg først i Rosteds gate 5. Hille Becker ville gjerne etablere seg som urmaker, men hadde ikke egenkapital. Derfor måtte han jobbe som butikkmedhjelper. For Judith Beckers del var det vanskelig å jobbe som musikkpedagog i Kristiania, ettersom hun ikke kunne språket. Da de fikk sitt første barn i 1916 ble det også, som forventa både i det norske samfunnet generelt og i jødisk kultur, naturlig for henne å være hjemmeværende husmor.   Les mer …

Thina Bild, fra Våre falne.
Thina Bild f. Pihl (født 1. juli 1877 i Litauen, død 1. desember 1942 i Auschwitz) var husmor i Ås da hun ble arrestert og deportert fordi hun var jøde. Hun ble drept i Auschwitz sammen med mannen og tre barn, og hadde tidligere under krigen mista en annen sønn i konsentrasjonsleir. Hun var født i Laskowa i Litauen, og kom til Norge i 1905. Hun var gift med skomakermester Herman Bild, som opprinnelig var fra Ukraina og som også kom til Norge i 1905. Ettersom hun kom fra Litauen og han ankom via Russland, og deres eldste barn ble født i 1906, får vi anta at de gifta seg kort tid etter at de kom hit til landet.   Les mer …

Gerson og sonen Samuel under slåttonna sommaren 1939.
Foto: ukjent
Gerson Karpol (f. 27. januar 1865 i noverande Litauen; d. 1947), òg skrive Gerson Karpel og Gernos Karpol, var ein litauisk-fødd, jødisk handelsmann og gardbrukar som kom til Norge i 1890-åra og er nemnt i Den israelitiske menigheds protokoll i 1897. Under anleggstida til Raumabanen frå 1913 av dreiv Gerson ein butikk i Verma øvst i Romsdalen. Frå 1918 til andre verdskrigen dreiv han og familien eit gardsbruk på Harpefoss i Sør-Fron kommune i Gudbrandsdalen. Gerson og kona Jette overlevde krigen, men tre av borna deira vart deporterte og drepne av nazistane vinteren 1942/43. Gerson og Jette døydde i 1947 og vart gravlagde på Helsfyr gravlund i Oslo.   Les mer …

Lafta asjkenazisk sjul (synagoge) i Kurkle (jiddisch; litauisk Kurkliai) i Litauen.
Foto: Hagen Pelka, 2004
Asjkenaziske jødar eller asjkenazím, òg kalla (høg)tyske jødar og austjødar, er den gruppa av jødar som tradisjonelt har jiddisch til morsmål og som dei siste kring 1000 åra tradisjonelt har heldt til i Sentral- og Aust-Europa. Asjkenazim hadde i nokre kortare periodar innreiserett til Noreg føre 1814, vanligvis med leidebrevsplikt. I 1851 fikk asjkenaziske jødar full innreise-, busettings- og arbeidsrett i Noreg. Fleirtalet av dei norske jødane i dag er asjkenaziske.   Les mer …

Karl Herschel (1821/22–1891).
Karl Herschel (1821/221891), òg kjend som Kiewe Herschel, var ein bukovinskfødd asjkenazisk jøde som blant anna er kjent for å ha skrive boka Nyt Lys. De fem Mosebøger og for å ha debattert med blant andre Bjørnstjerne Bjørnson. Karl Herschel vart fødd i 1821 eller 1822 i Czernowitz (no Cernăuţi i Romania) i Bukowina i det daverande Austerrike-Ungarn. Kring 1852 gifte han seg med Anna Kaufmann frå Brody i Galicja, og dei flytte snart etter til Göteborg.   Les mer …

Synagogen og det jødiske museet i Arkitekt Christies gate i Trondheim.
Den noverande synagogen i Trondheim ligg i Arkitekt Christies gate 1B i Trondheim. Bygninga vart opphavleg bygd som endestasjon for Trondhjem-Størenbanen i 1864, med arkitekt Georg Andreas Bull, men vart seinare kjøpt av Frelsesarméen. Det Mosaiske Trossamfund kjøpte så bygninga i 1924, og etter omfattande ombyggingsarbeid vart den nye synagogen innvigd tysdag kveld den 13. oktober 1925.   Les mer …
 
Kategorier for Jødisk historie og kultur
 
Andre artikler
 
Siste endringer for Jødisk historie og kultur


Flere endringer ...