Rasmus Løland (fødd 24. mai 1861 i Suldal, død 12. oktober 1907 i Asker) var forfattar og målmann. Mest er han kjend som barnebokforfattar, og som ein fornyar av den sjangeren. Også som organisasjons- og bladmann innan norskdomsrørsla gjorde han seg mykje gjeldande. Han var ein av dei sentrale landsmålsstrategane som tilhøyrde den såkalla Askerkretsen rundt førre århundreskiftet.Rasmus Løland var bondeson, fødd og oppvaksen på garden Løland ved Hylsfjorden, i Sand i nåverande Suldal kommune i Ryfylke.Heilt frå barndomen av var Løland nokså veikhelsa, mellom anna med hjartefeil og nerveproblem. Han budde heime på garden til i vaksen alder, til han flytta til Bergen som trettiåring i 1892. Han reiste til Kristiania tre år seinare, og vart buande der fast frå 1897.
Heime hadde hjelpt broren Lars med gardsdrifta, men tungt kroppsarbeid tåla Rasmus dårleg, så han skøytte heller på inntektene med å lage sopelimar og tiner og slikt noko. Da broren hadde overteke garden etter foreldra, vart det avtala at Rasmus skulle «kome på folga», dvs. ha underhald av garden så lenge han levde. Dei rekna ikkje med at han kom til å bli i stand til å forsørgje seg sjølv. Dette var nok bakgrunnen for at han i lokalmiljøet gjekk under tilnamnet Tussen.Da han flytta til Kristiania i 1895, var Løland alt ein etablert og særs produktiv forfattar. Det skal ha vore forlagsredaktøren Bertrand Jensen som fekk Løland til å slå seg ned i hovudstaden. Dei fyrste forteljingane hans hadde kome på prent i 1888, og i 1891 gav Mons Litleré ut den fyrste boka frå Lølands hand, Folkeliv. I 1892 kom heile tre bøker: Skuld og barnebøkene Ungar og Paa sjølvstyr. Året etter kom Skattegravaren, og i 1894 Kor vart det av jola? (barnebok). Alt i alt gav han ut om lag 30 bøker, i tillegg til ei lang rekkje artiklar og forteljingar i blad. Les mer …
Heia kvinneforening i Strand i Rogaland ble grunnlagt i 1879. Formålet var å støtte virksomheten til Det Norske Misjonsselskap.
Første kvittering for mottatt gave står i « Norsk Missionstidende, no. 22. November 1880. 35te Aarg.», under overskriften «Gavefortegnelse [...]. Til Stavangers Kredsbestyrelse indkommet i 3die Kvartal d. A.: [...] Heiens Kvf. i Strand ved Lisebet Helland [kr.] 9.60. [...] Stavanger den 1ste Oktober 1880. B. Bergesen, jr.» (s. 439-440). Les mer …
Kvitsøy fyr i 2004. Foto: Roar Johansen
Kvitsøy fyr ligg i Kvitsøy kommune. Det blei etablert i 1700 og er såleis eit av dei eldste fyra i landet.
I følgje lokal tradisjon skal det liggja ei dramatisk hending bak opprettinga av Kvitsøy fyr. Ei vinternatt i året 1700 kjempa eit skip seg innover mot Stavanger i ein forrykande storm. Fartøyet unngjekk såvidt dei farlege skjera ved Kvitsøy. Ombord var Henrik Petersen Ystad. Han hadde rundt 1690 etablert seg som skippar og skipsreiar i Stavanger. Henrik skal medan stormen rasa, ha lova Vårherre at dersom dei kom trygt fram til Stavanger, skulle han sørgja for å få reist fyr på Kvitsøy og ved Karmsundet. Ein meir dramatisk variant av denne historia går ut på at skipet forliste og Henrik hamna i sjøen. Der skal han så ha gjeve lovnaden om å bli fyrbyggjar, viss han vart berga. Les mer …
Årdalskrusifikset stammar frå Årdal gamle kyrkje i Hjelmeland. Det kan daterast til tida rundt 1220-1230. Den lokale lensmannen bidrog til at krusifikset blei overdratt til Stavanger Museum i 1908. Kristusfiguren mangla då begge armane, venstre fot, samt krossen. Hovudet hadde dessutan losna frå kroppen. Det dreier seg om eit såkalla triumfkrusifiks, skore i selje og med ei lengde på 116 cm. Dermed er Årdalskrusifikset størst av dei bevarte mellomalderske krusifiksa i Rogaland. Det blir rekna som eit av dei vakraste i landet innanfor sin type. Særleg ansiktet er av høg kvalitet. Krusifikset vart restaurert og undersøkt i 1980-åra. Det hadde vorte reist spørsmål ved om hovud og kropp er laga samstundes på grunn av noko ulik stil. Bruk av computertomograf viste at årringane på begge sider av brotet høyrde saman, slik at hovudet er skore frå same stamme som resten av figuren. Les mer …
|