Fredtun (Bykle gnr 2/315): Forskjell mellom sideversjoner
m (Retting frå Birgit Lidtveit) |
m (Siri J flyttet siden Nordbø (Bykle gnr 2/315) til Fredtun (Bykle gnr 2/315): Brukerdiskusjon:Astri.rysstad#Nordbø) |
Sideversjonen fra 17. feb. 2015 kl. 11:31
Fredtun | |
---|---|
Utskilt: | 1977 |
Stad: | Hovden |
Sokn: | Bykle |
Fylke: | Aust-Agder |
Kommune: | Bykle |
Gnr.: | 2 |
Bnr: | 315 |
Type: | Bustadseigedom |
Fredtun er ein bustadseigedom på Hovden i Bykle kommune. Dette huset nedlengst i Kleivi, rett imot Shell-stasjonen, vart opp- sett av Kjetil Lidtveit og kona hans i 1976. Kjetil er son åt Såve Torbjørnsson Lidtveit og kona Åshild Kjetilsdotter, fødd Hovden (sjå Furumo, bnr 51).
Kjetil Såvesson Lidtveit, f 1946
- g m Birgit Bjørgulvsdotter Breive, f 1946. Born:
- Sverre Bjørn, f 1975, snikkar, p.t. [2005] Ny-Ålesund, ug
- Gunn Åse, f 1978, bed.øk., p t (2004) Longyearbyen, ug
- Anne Liv, f 1988
Birgit er dotter åt Bjørgulv Knutsson Breive og kona Gunhild Torleivsdotter, fødd Haugen (sjå Haugly gjesteheim, bnr 21). Kjetil er maskinist i Agder Energi. Birgit eig og driv Haugly Gjesteheim, bnr 21, som ho overtok frå foreldra i 1974. Vidare arbeider ho med å saume dalebukser. Ho held også kurs i det faget.
I 1974 overtok ho og Kjetil også bensinstasjonen Tappen (Shell), bnr 383, frå foreldra hennar. Der har dei sett bort drifta til andre. Endeleg tek me med at Birgit og systera Annelise Skjævesland har kvar sin ideelle tredjepart i fjelleigedomen Veringsdalen, gnr 1, bnr 8 og 10, som dei overtok etter far hennes i 1974 og bror hans i 1994.
Den siste tredjeparten av den eigedomen vart overteken av son til syskenbarnet Arne Kristian Helgøy på Nærbø, Jæren, som er son åt ei dotter av Sigrid Lund i Stavanger (sjå Breive Flaten, gnr 1, bnr 6).
Fredtun (Bykle gnr 2/315) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no. Sjå også: Forside • Føreord • Innleiiing • Litteratur og kjelder Førre bolk: Bekkemo • Neste bolk: Malmvegen 1 |
Koordinater: 59.55924° N 7.35751° Ø