Lunnøy: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Linje 57: Linje 57:
|}
|}


*Det vart ikkje halde folketeljing i landet i 1940 pga. krigen. Talet byggjer på Tufteland 1979
*Det vart ikkje halde folketeljing i landet i 1940 pga. krigen. Talet byggjer på Tufteland 1979.


==Den nødvendige båten==
==Den nødvendige båten==
Det naturleg at øya hadde gode båtar til ulike gjeremål. Med båten skaffa Lunnøy-folket seg mellom anna nødvendige pengeinntekter. Båtane var [[Leksikon: færing|færing]], [[Leksikon: seksæring|seksæring]], [[storbåt (fiskebåttype)|storbåt]], [[jekt]], [[spelbåt]], [[slupp]], motorbåtar (sjekter), [[gavlbåt]], [[skøyte]] for å nemna dei viktigaste.  
Det var naturleg at øya hadde gode båtar til ulike gjeremål. Med båten skaffa Lunnøy-folket seg mellom anna nødvendige pengeinntekter. Båtane var [[Leksikon: færing|færing]], [[Leksikon: seksæring|seksæring]], [[storbåt (fiskebåttype)|storbåt]], [[jekt]], [[spelbåt]], [[slupp]], motorbåtar (sjekter), [[gavlbåt]], [[skøyte]] for å nemna dei viktigaste.  
 
===Nokre av båtane===
===Nokre av båtane===
Som nemnt ovanfor hadde Lars Eriksen på 1600-talet fiskebruk og jekt, og han gjorde gode turar på fiske, særleg silde- og brislingfisket.  
Som nemnt ovanfor hadde Lars Eriksen på 1600-talet fiskebruk og jekt, og han gjorde gode turar på fiske, særleg silde- og brislingfisket.  
Linje 74: Linje 75:
Opne motorbåtar mellom 20 og 25 fot, sjekter som dei blir kalla, kom til øya særleg etter krigen, og no var det slutt på seglinga. Den første motorbåten kom tidlegare, og var ein ombygd seksæring med ein 4 1/2 hestekrefters Sleipner-motor. Den vanlege motoren i dei første sjektene var Sabb semidisel, ein såkalla oppfyrings-sabb, og frå 1960-åra kom Sabb-diselen.
Opne motorbåtar mellom 20 og 25 fot, sjekter som dei blir kalla, kom til øya særleg etter krigen, og no var det slutt på seglinga. Den første motorbåten kom tidlegare, og var ein ombygd seksæring med ein 4 1/2 hestekrefters Sleipner-motor. Den vanlege motoren i dei første sjektene var Sabb semidisel, ein såkalla oppfyrings-sabb, og frå 1960-åra kom Sabb-diselen.


***
==Skulen==
==Fiskarbonden==
Den første fastskulen kom i 1860-åra, og undervisninga føregjekk i ei lita bu bnr 1. Bua var trekkfull og vart snart for lita, og frå omkring 1910 (?) fekk elevane undervisning i den eine stova i bustadhusaet på bnr 4. Ordninga var slik: To veker skulegong, to veker fri. Dei to vekene med undervisningsfri var ikkje leksefri. Læraren gav dei vanlegvis lekser som skulle gjerast til han/ho kom tilbake. Men leksene kom i andre rekkje, for ungane måtte hjelpa til på småbruket og ved sjøen. Difor vart skulearbeidet ofte gjort like før skulen begynte igjen. Det var rekne- og skriveoppgåver, og pugging av salmevers og bibelsogetekstar. Dessutan måtte dei læra utanåt namna på dei høgaste fjella, dei største elvane og innsjøane, byar, høge fjell og mykje anna i verdsdelane. Skulen var ei kjærkommen fristund frå det fysiske arbeidet. Elevane konkurrerte om å seia fram det dei pugga frå lærebøkene. <ref> Opplyst av Lars Lunnøy og Marta Våge i juli 1978</ref>. Stilar frå 1920-åra viser at dei drøymde seg bort frå den daglege verksemda. <ref>Stilbøker frå 1920-åra</ref>
Frå vi møter den første oppsitjaren Lunnøy på 1600-talet og fram til den siste i 1980-åra, var lunnnøyfolket [[fiskerbonde|fiskarbønder]] som kombinerte landbruk og fiske. Nokre skaffa seg tilleggsinntekter, f. eks. garnbinding, notbøting, å laga hummar- og krabbeteiner og i mellomkrigstida og seinare nokre vekers hyre på eit fraktefartøy. <ref>Folketeljingane 1801-1910 og Anders Grasdal juli 1999</ref>


I mellomkrigstida og fram til 1980-åra hadde mennene inntekter av ulikt fiske. Om vintrane reiste mannfolka på stor- og vårsildfiske, og om våren dreiv dei ulike slag garnfiske. Om sommaren hyrte mennene og dei konfirmerte sønene seg med større båtar som dreiv drivgarnsfiske ved Island fram til det tok slutt omkring 1960, og om vintrane med snurparar som dreiv fiske etter stor- og vårsild. På ettersommaren sette dei makrellgarn faste plassar øya. Makrellen vart salta i tunner og seld til oppkjøparar i Bergen. Den største og feitaste makrellen blei røykt, og for denne var prisen høg. I tillegg dreiv dei garnfiske med djupnegarn, trollgarn, flyndregarn og line- og snørefiske vest for øyane i kommunen og i Møksterfjorden. Større fisk som lange og brosme, vart seld til oppkjøparar eller tørka under upsene for å vera mat til kone og ungar når mennene og dei konfirmerte gutane var vintersildfiske.
I 1936 stod nytt skulebygg ferdig, og no var talet skulebarn det høgaste. Etter andre verdskrigen var det vanskeleg å oppretthalda skulen, og for å behalda skulenr gjekk ungar frå andre øyar Lunnøy-skulen. Dei budde hos slektningar i dei to vekene. Ordninga med to veker skule i månaden vart til skulen vart nedlagt i 1959.
Hummar- og krabbefiske om haustane, vanlegvis frå 1. oktober, gav god inntekt. Oppkjøparar reiste med skøyter til øyane i kommunen og kjøpte levande hummar og krabbe.
Nokre år etter nedlegginga selde kommunen huset, og det vart ombygd til fritidsbustad.  


Det er ikkje utan grunn at ein gjev denne ufullstendige definisjonen på ein fiskarbonde: Fiskarbonden er ein mann som driv fiske og ei kvinne som driv garden. Det var kvinnene saman med dei yngste barna som tok seg av det meste på gardsarbeidet. Slik var det også på Lunnøy fordi fiskeria krevde at mannen og dei eldste sønene var bortreist i lange periodar. Den vanlege arbeidsfordelinga var at alt arbeid med husdyra fall kvinnene og barna, men mannfolka var heime i våronna når ein skulle spa åkrane, og i slåttonna når høyet skulle i hus. Det var likevel ofte slik at nokre av mennene ikkje var til stades i slåtten. Då var dei på drivgarnsfiske ved Island.
Lunnøy var ein av dei første 15 skulekrinsane i kommunen som i 1920 innførte [[Språkskiftet til nynorsk i Austevoll|nynorsk som opplæringsmål]]. Lærebøker som kunne skaffast nynorsk, vart straks kjøpte inn til Lunnøy-skulen i motsetning til i dei fleste andre skulekrinsane. Ved ein bispevisitas i 1928 i kyrkja på [[Stolmen]] var ei 13 år gamal jente frå Lunnøy den einaste som sa fram salmevers nynorsk frå Landstads salmebok og tekstar frå bibelsoga og Martin Luthers katekisme. Det var den ihuga nynorskmannen biskop [[Peter Hognestad]] som stod for visitasen av den tettpakka rekkja av skulungar som stod mellom kyrkjebenkane. Bruken av nynorsk vart grundig kommentert av  biskopen Peter Hognestad, og lunnøyfolket sat og smilte i kyrkjebenkane. <ref>Opplyst av Lars Lunnøy i 10. juli 1978 og Marta Våge i mars 1997</ref>.  


== Skule ==
Lærarinne [[Ingeborg Strømme]] (f. 1886) var tilsett ved skulen i 25 år. Ho budde på bnr. 3 dei to vekene ho arbeidde på Lunnøy.


Før Lunnøy fekk eige skulehus i 1936, fekk ungane undervisning i stova i eit av bustadhusa. Læraren kom til øya og underviste ungane to veker om gongen. Det var tidvis vanskeleg å oppretthalda skulen, og i slike år henta dei ungar frå andre øyar som i dei to vekene budde hos slektningar. Skulen ble nedlagt i 1959. Kommunen selde huset som blei ombygd til fritidsbustad.
== Veg og kai ==
I 1932 begynte mennene og gutungane å byggja veg frå heimehusa til Gjermundsvika.  Arbeidet vart gjort som pliktarbeid, det vil seia at kvar husstand måtte arbeida eit visst tal dagar i året. Arbeidet vart gjort med handemakt mellom onnene og sesongfiskeria. Difor gjekk arbeidet sakte.  Kommunen løyvde pengar til sprengstoff og skytebas, men i 1950-åra fekk arbeidsfolket løn av kommunen for vegarbeidet. Samtidig fekk dei handboremaskin, og det letta minearbeidet som til denne tid minte med bor og feisel, og den omlag 300 meter lange vegen stod ferdig midt i femtiåra.


Lunnøy var ein av dei første av 15 skulekrinsar i kommunen som i 1920 førte inn [[Språkskiftet til nynorsk i Austevoll|nynorsk som opplæringsmål]]. Lærebøker som kunne skaffast på nynorsk, vart straks kjøpte inn i motsetning til i dei fleste andre skulekrinsane. Ved ein bispevisitas i 1928 i kyrkja på Stolmen var ei 13 år gamal jente frå Lunnøy den einaste som brukte nynorsk når ho sa fram tekstar frå salmeboka, katekisma og forklaringa. Dette  vart grundig kommentert av den ihuga nynorskmannen biskop [[Peter Hognestad]] som stod for visitasen.
I 1954 vart det bygd ein 10 meter lang kai. Innbyggjarane søkte om rutebåtstopp, men fekk avslag. Dei måtte halda fram med å borda rutebåten som likevel la til kaien når tunge eller større varer skulle lossast. Seinare fekk øya stjernestopp, og den lokale snøggbåten har i 2023 stopp for dei som skal til og frå fritidsbustadane på øya.  


== Veg og kai ==
==Telefon, straum og post==
Det vart fart på utbygginga av telefonen i Austevoll kommunen i 1950-åra, og det vart det løyvd pengar til telefonlinje. Øyfolket meinte det var viktigare å få vegen ferdig, og difor gjekk pengane til vegarbeidet. I 1954 vart det lagt telefonkabel frå Rabben til Lunnøy. Karane var med og sette opp telefonstolpane saman med folk frå Telegrafverket, og for det fekk dei to kroner timen som vart trekt  frå tilknytingsavgifta.
Etter utskiftinga i 1932 begynte mennene og gutungane å byggja veg som pliktarbeid frå heimehusa til sjøen. Kvar husstand måtte arbeida eit visst tal dagar i året. Arbeidet vart gjort med handemakt mellom onnene og fiskesesongane, og den 300 meter lange vegen sto ferdig i 1962. Det vart løyvd pengar til sprengstoff og skytebas, og først i 1950-åra fekk dei arbeidsløn. Samtidig fekk dei handboremaskin, og fram til denne tid minte dei med bor og feisel.
 
Elektrisiteten kom i 1956 gjennom sjøkabel frå [[Stolmen]]. På dekket til fiskesløyta «Lundø» vart det montert kabeltrommel, og kabelen vart lagt på sjøbotnen til Lunnøykalven, og derifrå vart det sett opp lysstolpar til busetnaden nord på øya.  


I 1954 vart det bygd ein 10 meter lang kai, og innbyggjarane søkte om rutebåtstopp, men fekk avslag. Dei måtte halda fram med å borda båten, men ofte la likevel rutebåten til kaien. Seinare fekk øya stjernestopp, og snøggbåten har i 2014 dagleg stopp for dei to pendlarane.
I eitt av husa kosta det 515, 45 kroner å leggja inn straum. Mannen i huset reiste straks til Bergen med rutebåten og kjøpte seg tre lysekruner for 238,60 kroner og ny komfyr for 715 kroner <ref>Olav Lunnøys 7de sans 1956</ref>. Dei gamle lyskjeldene som oljelampar og talglysstakar vart rydda bort. Primuslyktene derimot vart framleis brukte når ein i mørke kveldar skulle i uthusa og i naustet.


==Straum, telefon og post==
Lunnøyfolkets sin post hadde adresse til posthuset på Rabben på [[Selbjørn]], og den som hadde ærend dit eller andre stader med færingen eller sjekta, henta posten til husstandane på øya.


Like etter krigen vart det løyvd pengar til telefon. Øyfolket meinte det var viktigare å få vegen ferdig, og difor gjekk pengane til vegarbeidet. I 1954 kom telefonen. Folket var med og sette ned telefonstolpane, og for det fekk dei eit par kroner timen som vart trekt frå tilknytningsavgifta.
== Utbetring av hamna i Vågen ==
I 1965 begynte eit lenge etterlengta hamnearbeid med mudring og anna utbetring av Vågen. Det tok 30 år frå den første søknaden vart sendt til kommunen og arbeidet var i gong. Grunnen var at styresmaktene var uvillige til å bruka store summar på ei hamn der det budde så lite folk. Hamnearbeidet var ferdig i 1967, og etter den vart det bygd naust og bryggjer der. I seinare tid har fastbuande og hytteigarar bygd mange bryggjer, naust og lendingsplassar i Vågen.


Elektrisiteten kom i 1956 gjennom sjøkabel frå Stolmen.
==Fiskarbondens årssyklus==
Frå vi møter den første oppsitjaren på Lunnøy på 1600-talet og fram til den siste i 1970-åra, var gardbrukarane fiskarbønder som kombinerte landbruk og fiske. Det er ikkje utan grunn at ein defininerer fiskarbonde slik: Fiskarbonden var ein mann som dreiv fiske og ei kvinne som dreiv garden. Fiskarbonden var altså eit par: ein fiskar i bukse og ein bonde i stakk. Desse to var hovudpersonane i ein type hushald som utgjorde over 90 % av kystfolket til langt inn på 1900-talet. For at hushaldet skulle fungera, var innsatsen og nærværet til begge partar like viktige, i alle fall som ein økonomisk einskap. Men ulikskapen var stor: Kvinnene levde og fungerte i ein sjølvbergingsøkonomi, mens mennene tilhøyrde ein penge- og marknadsøkonomi.


Post og aviser kom til posthuset på Rabben på [[Selbjørn]], og den som reiste og handla matvarer og anna, henta posten til alle øya.
Årstal for årssyklusen til fiskarbonden er ikkje fastsett her, men tidfestinga gjeld særleg første halvdel av 1900-talet, og særleg mellomkrigstida. Verken det første eller andre [[Det store hamskiftet|hamskiftet]] i jordbruket viser seg i liten grad på øya. Jordbruket vart difor driven på ein tungvinn måte, og særleg krevde slåtten mange arbeidshender. Lars Lunnøy uttrykkjer det slik: «Kvar einaste neve, frå ungane sine små nevar til dei gamle og utslitne mennene og kvinnene sine nevar, var like viktige i alt arbeidet land og sjø heile året, og særleg når det gjaldt jordbruket». <ref>Sitert etter Lars Lunnøy 10. juli 1979</ref>. Folketalet gjekk ned i heile etterkrigstida, og gardsbruka vart nedlagde eitt etter eitt frå 1960-åra.  


== Hamnearbeid ==
===Arbeidsåret===
Det var kvinnene saman med dei yngste barna og dei eldre menneska som tok seg av det meste av gards- og husarbeidet fordi fiskeria krevde at mannen og dei konfirmerte sønene var bortreiste i lange periodar. Hovudansvaret for hushaldet hadde kona til fiskarbonden heile året, og barna og dei eldre hjelpte til. 
===Vintersildfisket===
I januar reiste mennene saman med dei konfirmerte sønene på stor- og vårsildfisket med større snurpenotfartøy eller på landnot- og drivgarnsfiske. Utrusta med klede av ull og vadmel, og som kvinnene i huset hadde laga hausten før, drog dei på dette fisket som gjekk føre seg fram til påsketider.


I 1965 begynte eit omfattande og lenge etterlengta hamnearbeid med mudring og anna utbetring av Vågen. Det tok 30 år frå første søknaden vart sendt til arbeidet var i gong. Grunnen var at styresmaktene var uvillige til å bruka store summar på ei hamn der det budde så lite folk. Hamna var ferdig i 1967, og etter den tid har fastbuande og hytteigarar bygd mange bryggjer og naust i Vågen.
===Arbeidet på bruket om vinteren===
Mens mennene var på fiske, måtte smågutane ofte skaffa fersk fiskemiddag. Dei sette trollgarn og dorga med robåten langs Lunnøy-landet både på milde og sure vinterdagar. Elles måtte dei hjelpa til med nødvendig arbeidet i hushaldet. Jentene følgde tett på husmora og bestemora i deira mangslunge arbeid i huset og i flor og løe. Elles måtte både gutane og jentene henta brensel som torv og rekved til den daglege matlaginga og husoppvarminga. Brenselen vart boren i kiper som vanlegvis dei gamle mennene laga, og som var tilpassa ungane sin storleik. Fottøyet deira var tresko som og var heimelaga.


==Den nødvendige båten==
===Vårarbeidet===
For ei øy som var avhengig av båt, var det naturleg at det fanst båttypar til gjeremål som var viktige for drifta på sjøen. Båten var einaste mulegheit å koma til og frå øya, og med båten skaffa Lunnøy-folket seg nødvendige pengeinntekter. Difor har folket alltid hatt gode båtar. Det var [[Leksikon: færing|færing]], [[Leksikon: seksæring|seksæring]], [[storbåt (fiskebåttype)|storbåt]], [[jekt]], [[spelbåt]], motorbåt (sjekter), [[gavlbåt]], [[skøyte]] og [[slupp]].


===Slåtten===


===Brislingfisket og drivgarnsfisket ved Island===


===Årssyklus===
===Arbeidet med korn og poteter===


===Innearbeidet fram mot jul===


==Referansar==
==Noter==
<references/>
<references/>


== Kjelder og litteratur ==
== Kjelder og litteratur ==


=== Munnlege kjelder ===
===Munnlege kjelder===
 
*Anders Grasdal (1917-2001)
*Anders Grasdal (1917-2001)
*Lars Lunnøy (1899-1984)
*Lars Lunnøy (1899-1984)
*Marta Våge (1915-1999)
*Marta Våge (1915-1999)


=== Skriftlege kjelder ===
===Skriftlege kjelder===  
*Folketeljingane 1801, 1865, 1900, 1910 og 1920.
*[http://www.arkivverket.no/eng/content/view/full/5462 Manntalet 1664-1666].
*[https://arkivverket.no/arkivverket/Digitalarkivet/Om-Digitalarkivet/Om-kjeldene/Realistisk-ordnet-avdeling/Matrikkelforarbeidet-1723 Matrikkelforarbeidet 1723].
*[http://da2.uib.no/cgi-win/WebBok.exe?slag=lesside&bokid=skatthordaland1647&sideid=1&storleik= Skattematrikkelen 1647].
 
===Litteratur===
*Berggreen, Brit: «Kystens kvinner – kystens bønder». I ''Norges kulturhistorie. Bind 5''. Oslo 1980.
*Gjertsen, Karl Ragnar: «Årssyklusen i ei Nordhordlandsbygd». I ''Dugnad. Tidsskrift for etnolog.'' Nr.i 2/1977.
*Høibo, Roy Annar: ''Jordbruk og fiske i Austevoll 1890-1920. Magisteravhandling i etnologi''. Bergen 1977.
*Høibo, Roy: «Kvinna sin plass var på bruket». Kronikk i ''Bergens Tidende'' 16. januar 1978.
*Johansen, Karl Egil: ''«…men der leikade fisk nedi kavet». Fiskarsoga for Hordaland 1920-1990''. Bergen 1989.
*[http://www.dokpro.uio.no/rygh_ng/rygh_felt.html ''Rygh, Oluf: Norske Gaardnavne. XI''. Kristiania 1910].
*[[Johan Tufteland|Tufteland, Johan]] (red.): ''Austevoll gard og ætt I. Møkster sokn.'' Utgjevar: Austevoll herad. 1978.
*Våge, Nils Steinar (red.): ''Historier og minne frå Lunnøy''. Stolmen 1997.
 


*[http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/sok/1801 Folketeljinga 1801]
*[http://digitalarkivet.arkivverket.no/en-gb/ft/sok/1865 Folketeljinga 1865]
*[http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/sok/1900 Folketeljinga 1900]
*[http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/sok/1910 Folketeljinga 1910]
*Johansen, Karl Egil: ''”…men der leikade fisk nedi kavet”. Fiskarsoga for Hordaland 1920-1990''. Bergen 1989.
*[http://da2.uib.no/cgi-win/WebBok.exe?slag=lesside&bokid=skatthordaland1647&sideid=1&storleik= Skattematrikkelen 1647]
*[http://www.arkivverket.no/eng/content/view/full/5462  Manntalet 1664-1666]
*[https://arkivverket.no/arkivverket/Digitalarkivet/Om-Digitalarkivet/Om-kjeldene/Realistisk-ordnet-avdeling/Matrikkelforarbeidet-1723 Matrikkelforarbeidet 1723]
*[http://www.dokpro.uio.no/rygh_ng/rygh_felt.html Rygh, Oluf: Norske Gaardnavne. XI. Kristiania 1910].
*[[Johan Tufteland|Tufteland, Johan]] (red.): Austevoll gard og ætt I. Møkster sokn. Austevoll sokn. Utgjevar: Austevoll herad. 1978.
*Våge, Nils Steinar (red.): Historier og minne frå Lunnøy. 1997.


[[Kategori:Austevoll kommune]]
[[Kategori:Austevoll kommune]]

Sideversjonen fra 12. jun. 2023 kl. 06:18

Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.


Øya Lunnøy (utheva) i Austevoll.

Lunnøy er ei fråflytta øy i Austevoll kommune. Ein finn spor etter menneske frå førhistorisk tid ved at det ligg ein gravhaug og fleire mindre klebersteinsbrot frå yngre jernalder her. Dei første skriftlege kjeldene som fortel om busetjinga, er frå 1600-talet [1]. Det har aldri vore fleire enn fire gardsbruk på øya, og det høgaste folketalet var 40 personar i 1940. Gardbrukarane på den 0,6 kvadratkilometer store øya var fiskarbønder. I 2019 flytta den siste fastbuande frå Lunnøy. Fleire fritidsbustader har blitt bygd dei siste tiåra, og den lokale snøggbåtruta har stjernestopp her.

Namnet kjem av norønt hlunnr som betyr lunne eller rund stokk, ein såkalla rullestokk, som vart lagt under båten når den skulle dragast på land. Ser ein øya frå nord, skrår ho austover, og dei runde haugane på austsida liknar lunnar som ligg etter kvarandre oppover eit båtoppdrag. [2] .

Gravhaug og klebersteinsbrot

På ein av dei høgaste haugane, Grefta, ligg ein gravhaug frå yngre jernalder. Gravhaugen er ikkje utgravd, men vart tidfesta av ein arkeolog i 1950-åra.[3]

Det er fleire merke etter klebersteinsuttak på øya. I Naustvika og på Grøneviksnakkane er det gryteemne som ein ikkje har greidd å løysa frå berget. Det er funne ei klebersteinsgryte her. I Gjermundsvika tok ein ut fiskesøkke og stein til garn og nøter fram til omkring 1900. Det er funne ei spesiell borvinne som truleg vart brukt til å bora hol i fiskesøkka og notsteinane.[4]

På ein av dei høgaste haugane, Grefta, ligg ein gravhaug frå yngre jernalder. Haugen er ikkje utgravd, men vart tidfesta av ein arkeolog frå Universitetet i Bergen i 1950-åra [5].

Det finst fleire merke etter klebersteinsuttak. I Naustvika og på Grøneviksnakkane kan ein sjå gryteemne som ein ikkje har greidd å løysa frå berget. Det er funne ei klebersteinsgryte på eitt av gardsbruka. I Gjermundsvika tok ein ut fiskesøkke til fiskesnøre og garn- og notstein fram til omkring 1900. I eit naust ligg det ei spesiell borvinne som vart brukt til å bora hol i den mjuke klebersteinen. [6].

Busetjing

Lars Eriksen (1584-1669) rydda Lunnøy i 1630-åra. Sidan han er nemnd som øydegardsmann, var øya busett lenge før, men låg øyde fordi menneska døydde ut under Svartedauden. Lars Eriksen har difor gjenrydda Lunnøy. Fram til 1667 var øya krongods, dvs. at det var kongen som eigde jorda og fekk bygsel- og skatteinntektene. Frå 1667 eigde Peder Andersen bruket, og frå 1684 til 1834 var Enkjefattighuset i Bergen eigar av dei to bruka. [7].

I 1669 hadde Lars Eriksen 10 kyr, hest, geiter, sauer og grisar, og han avla 15 åttingar korn [8]. Storleiken på skatt, skyld, avling og buskap viser at Lønnøy-bruket var større enn gjennomsnittsbruka i Austevoll. Under bruket var det ein husmannsplass der Størch Lundøen var husmann i 1673. Lars Eriksen hadde fiskebruk og jekt, og han gjorde gode turar på fiske, særleg etter sild og brisling. Han leverte fangsten salta i tønner til oppkjøparar i Bergen og Stavanger. Elles brukte han jekta til føring av fisk og andre varer for andre.

Lars Eriksen var gift med Christi Gundersdotter, og dei hadde seks barn, tre søner og tre døtre.[9] Den tredje eldste sonen, Niels (1629-1708), overtok garden og sjøbruket i 1669, og i manntalet frå 1701 er han oppført som fattig bonde. Grunnen til fattigdommen er mest sannsynleg dei dårlege sildefiskeria dei siste tiåra på 1600-talet.[10]. Samtidig kan dei klimatisk kalde tidene hatt negative verknader på jordbruket. Husmannen er og borte.

Matrikkelførebuinga frå 1723 fortel at det var to brukarar på øya, og dei er oppførte som fattige [11]. Det er framleis to brukarar ifølgje folketeljinga i 1801 [12]. Folketeljinga i 1865 har med at at det var tre bruk her, og alle var leilendingar og fiskarar. I 1900 hadde øya tre bruk og fire brukarar, og i 1930 var det fire matrikulerte bruk her.

Folketalet

Manntalet frå 1664-1666 fortel at det budde fire vaksne menn på Lunnøy, og dei hadde til saman fem søner som var i byrjinga av 20-åra [13]. Kvinnene vart ikkje talde før i folketeljinga i 1801. Tala i tabellen byggjer på folketeljingane. Bortsett frå 1940, 2014 og 2019 byggjer tala i tabellen på folketeljingane.

År Folketal
1801 12
1865 21
1891 25
1900 27
1910 27
1920 31
1940 40*
1960 32
1980 4
1990 2
2014 2
2019 0
  • Det vart ikkje halde folketeljing i landet i 1940 pga. krigen. Talet byggjer på Tufteland 1979.

Den nødvendige båten

Det var naturleg at øya hadde gode båtar til ulike gjeremål. Med båten skaffa Lunnøy-folket seg mellom anna nødvendige pengeinntekter. Båtane var færing, seksæring, storbåt, jekt, spelbåt, slupp, motorbåtar (sjekter), gavlbåt, skøyte for å nemna dei viktigaste.

Nokre av båtane

Som nemnt ovanfor hadde Lars Eriksen på 1600-talet fiskebruk og jekt, og han gjorde gode turar på fiske, særleg silde- og brislingfisket.

Spelbåten Sam som var bygd før 1900, blei rodd og segla, og denne båttypen som hadde notrull tvers over akterenden, vart brukt til ulike føremål, særleg landnotfiske og fiske på havet med liner og snøre. Båten vart dessutan brukt til å frakta tunge varer til øya, til dømes bygningsmaterialar.

Ole Ottesen Lunnøy (1880-1961) kjøpte ein 60 fots slupp (seglkutter) frå England omkring 1910. Båten fekk namnet Hardangeren, og blei brukt til makrelldorging i Nordsjøen og drivgarnsfiske ved Island. På Nordsjø-fisket hadde sluppen eit mannskap på 7-8, og i gode sesongar kunne kvar mann oppnå ein lut på omkring heile 400 kroner. På drivgarnsfisket ved Island hadde «Hardangeren» med vel 200 tønner der silda blei salta. Ole slutta brått med fiskeria. På ein norsk fiskarheim på Island kom han i kontakt med tilreisande norske emissærar, og vart omvend. Vel heime i Norge selde han båt og bruk og vart omreisande emissær.

Den 55 fots store skøyta Lundø med einsylindra 25 hk Rubb-motor vart kjøpt til øya som nybygg i 1917 av Hallvard Lunnøy (f. 1892) m. fl. Skøyta vart brukt til notfiske etter brisling om somrane og drivgarnsfiske etter sild om vintrane. På stor- og vårsildfisket vart skøyta også brukt til hjelping, eller boms som denne funksjonen var kalla. Mellom sesongfiskeria låg skøyta sjeldan roleg, og då vart ho brukt til fraktfart. For øyfolket var skøyta svært nødvendig når det skulle fraktast større og tunge varer til for eksempel husbygging. Når eit brudepar skulle fraktast til kyrkja eller nokon skulle gravleggjast, var skøyta framkomstmiddelet. Ei svært viktig frakt var å føra sauene på øya til fjellbeite i Tysse i Samnanger.Lundø vart kondemnert og søkkt i 1965.Etter at Lundø var kondemnert, kjøpte dåverande eigar, Anders Grasdal, gavlbåt. Med den trålte han etter reke i Møksterfjorden og Selbjørnsfjorden, i Bekkjarviksundet og Stolmasundet.

Olav Lunnøy (1901-1967) kjøpte i 1936 ein 32 fots motorbåt med styrehus bak og ein liten lugar framme. Folket på øya kalla båten Korkjen, men er oppført i Merkeregisteret med namnet «Øybuen». Motorbåten hadde ein 11 hestekrefters Rapp-motor. «Øybuen» vart mellom anna brukt til følgjebåt for «Lundø» på brislingfisket, på landnotfiske etter sild og makrell og havfiske vest for øyane med line og snøre.

Opne motorbåtar mellom 20 og 25 fot, sjekter som dei blir kalla, kom til øya særleg etter krigen, og no var det slutt på seglinga. Den første motorbåten kom tidlegare, og var ein ombygd seksæring med ein 4 1/2 hestekrefters Sleipner-motor. Den vanlege motoren i dei første sjektene var Sabb semidisel, ein såkalla oppfyrings-sabb, og frå 1960-åra kom Sabb-diselen.

Skulen

Den første fastskulen kom i 1860-åra, og undervisninga føregjekk i ei lita bu på bnr 1. Bua var trekkfull og vart snart for lita, og frå omkring 1910 (?) fekk elevane undervisning i den eine stova i bustadhusaet på bnr 4. Ordninga var slik: To veker skulegong, to veker fri. Dei to vekene med undervisningsfri var ikkje leksefri. Læraren gav dei vanlegvis lekser som skulle gjerast til han/ho kom tilbake. Men leksene kom i andre rekkje, for ungane måtte hjelpa til på småbruket og ved sjøen. Difor vart skulearbeidet ofte gjort like før skulen begynte igjen. Det var rekne- og skriveoppgåver, og pugging av salmevers og bibelsogetekstar. Dessutan måtte dei læra utanåt namna på dei høgaste fjella, dei største elvane og innsjøane, byar, høge fjell og mykje anna i verdsdelane. Skulen var ei kjærkommen fristund frå det fysiske arbeidet. Elevane konkurrerte om å seia fram det dei pugga frå lærebøkene. [14]. Stilar frå 1920-åra viser at dei drøymde seg bort frå den daglege verksemda. [15].

I 1936 stod nytt skulebygg ferdig, og no var talet på skulebarn på det høgaste. Etter andre verdskrigen var det vanskeleg å oppretthalda skulen, og for å behalda skulenr gjekk ungar frå andre øyar på Lunnøy-skulen. Dei budde hos slektningar i dei to vekene. Ordninga med to veker skule i månaden vart til skulen vart nedlagt i 1959. Nokre år etter nedlegginga selde kommunen huset, og det vart ombygd til fritidsbustad.

Lunnøy var ein av dei første 15 skulekrinsane i kommunen som i 1920 innførte nynorsk som opplæringsmål. Lærebøker som kunne skaffast på nynorsk, vart straks kjøpte inn til Lunnøy-skulen i motsetning til i dei fleste andre skulekrinsane. Ved ein bispevisitas i 1928 i kyrkja på Stolmen var ei 13 år gamal jente frå Lunnøy den einaste som sa fram salmevers på nynorsk frå Landstads salmebok og tekstar frå bibelsoga og Martin Luthers katekisme. Det var den ihuga nynorskmannen biskop Peter Hognestad som stod for visitasen av den tettpakka rekkja av skulungar som stod mellom kyrkjebenkane. Bruken av nynorsk vart grundig kommentert av biskopen Peter Hognestad, og lunnøyfolket sat og smilte i kyrkjebenkane. [16].

Lærarinne Ingeborg Strømme (f. 1886) var tilsett ved skulen i 25 år. Ho budde på bnr. 3 dei to vekene ho arbeidde på Lunnøy.

Veg og kai

I 1932 begynte mennene og gutungane å byggja veg frå heimehusa til Gjermundsvika. Arbeidet vart gjort som pliktarbeid, det vil seia at kvar husstand måtte arbeida eit visst tal dagar i året. Arbeidet vart gjort med handemakt mellom onnene og sesongfiskeria. Difor gjekk arbeidet sakte. Kommunen løyvde pengar til sprengstoff og skytebas, men i 1950-åra fekk arbeidsfolket løn av kommunen for vegarbeidet. Samtidig fekk dei handboremaskin, og det letta minearbeidet som til denne tid minte med bor og feisel, og den omlag 300 meter lange vegen stod ferdig midt i femtiåra.

I 1954 vart det bygd ein 10 meter lang kai. Innbyggjarane søkte om rutebåtstopp, men fekk avslag. Dei måtte halda fram med å borda rutebåten som likevel la til kaien når tunge eller større varer skulle lossast. Seinare fekk øya stjernestopp, og den lokale snøggbåten har i 2023 stopp for dei som skal til og frå fritidsbustadane på øya.

Telefon, straum og post

Det vart fart på utbygginga av telefonen i Austevoll kommunen i 1950-åra, og det vart det løyvd pengar til telefonlinje. Øyfolket meinte det var viktigare å få vegen ferdig, og difor gjekk pengane til vegarbeidet. I 1954 vart det lagt telefonkabel frå Rabben til Lunnøy. Karane var med og sette opp telefonstolpane saman med folk frå Telegrafverket, og for det fekk dei to kroner timen som vart trekt frå tilknytingsavgifta.

Elektrisiteten kom i 1956 gjennom sjøkabel frå Stolmen. På dekket til fiskesløyta «Lundø» vart det montert kabeltrommel, og kabelen vart lagt på sjøbotnen til Lunnøykalven, og derifrå vart det sett opp lysstolpar til busetnaden nord på øya.

I eitt av husa kosta det 515, 45 kroner å leggja inn straum. Mannen i huset reiste straks til Bergen med rutebåten og kjøpte seg tre lysekruner for 238,60 kroner og ny komfyr for 715 kroner [17]. Dei gamle lyskjeldene som oljelampar og talglysstakar vart rydda bort. Primuslyktene derimot vart framleis brukte når ein i mørke kveldar skulle i uthusa og i naustet.

Lunnøyfolkets sin post hadde adresse til posthuset på Rabben på Selbjørn, og den som hadde ærend dit eller andre stader med færingen eller sjekta, henta posten til husstandane på øya.

Utbetring av hamna i Vågen

I 1965 begynte eit lenge etterlengta hamnearbeid med mudring og anna utbetring av Vågen. Det tok 30 år frå den første søknaden vart sendt til kommunen og arbeidet var i gong. Grunnen var at styresmaktene var uvillige til å bruka store summar på ei hamn der det budde så lite folk. Hamnearbeidet var ferdig i 1967, og etter den vart det bygd naust og bryggjer der. I seinare tid har fastbuande og hytteigarar bygd mange bryggjer, naust og lendingsplassar i Vågen.

Fiskarbondens årssyklus

Frå vi møter den første oppsitjaren på Lunnøy på 1600-talet og fram til den siste i 1970-åra, var gardbrukarane fiskarbønder som kombinerte landbruk og fiske. Det er ikkje utan grunn at ein defininerer fiskarbonde slik: Fiskarbonden var ein mann som dreiv fiske og ei kvinne som dreiv garden. Fiskarbonden var altså eit par: ein fiskar i bukse og ein bonde i stakk. Desse to var hovudpersonane i ein type hushald som utgjorde over 90 % av kystfolket til langt inn på 1900-talet. For at hushaldet skulle fungera, var innsatsen og nærværet til begge partar like viktige, i alle fall som ein økonomisk einskap. Men ulikskapen var stor: Kvinnene levde og fungerte i ein sjølvbergingsøkonomi, mens mennene tilhøyrde ein penge- og marknadsøkonomi.

Årstal for årssyklusen til fiskarbonden er ikkje fastsett her, men tidfestinga gjeld særleg første halvdel av 1900-talet, og særleg mellomkrigstida. Verken det første eller andre hamskiftet i jordbruket viser seg i liten grad på øya. Jordbruket vart difor driven på ein tungvinn måte, og særleg krevde slåtten mange arbeidshender. Lars Lunnøy uttrykkjer det slik: «Kvar einaste neve, frå ungane sine små nevar til dei gamle og utslitne mennene og kvinnene sine nevar, var like viktige i alt arbeidet på land og sjø heile året, og særleg når det gjaldt jordbruket». [18]. Folketalet gjekk ned i heile etterkrigstida, og gardsbruka vart nedlagde eitt etter eitt frå 1960-åra.

Arbeidsåret

Det var kvinnene saman med dei yngste barna og dei eldre menneska som tok seg av det meste av gards- og husarbeidet fordi fiskeria krevde at mannen og dei konfirmerte sønene var bortreiste i lange periodar. Hovudansvaret for hushaldet hadde kona til fiskarbonden heile året, og barna og dei eldre hjelpte til.

Vintersildfisket

I januar reiste mennene saman med dei konfirmerte sønene på stor- og vårsildfisket med større snurpenotfartøy eller på landnot- og drivgarnsfiske. Utrusta med klede av ull og vadmel, og som kvinnene i huset hadde laga hausten før, drog dei på dette fisket som gjekk føre seg fram til påsketider.

Arbeidet på bruket om vinteren

Mens mennene var på fiske, måtte smågutane ofte skaffa fersk fiskemiddag. Dei sette trollgarn og dorga med robåten langs Lunnøy-landet både på milde og sure vinterdagar. Elles måtte dei hjelpa til med nødvendig arbeidet i hushaldet. Jentene følgde tett på husmora og bestemora i deira mangslunge arbeid i huset og i flor og løe. Elles måtte både gutane og jentene henta brensel som torv og rekved til den daglege matlaginga og husoppvarminga. Brenselen vart boren i kiper som vanlegvis dei gamle mennene laga, og som var tilpassa ungane sin storleik. Fottøyet deira var tresko som og var heimelaga.

Vårarbeidet

Slåtten

Brislingfisket og drivgarnsfisket ved Island

Arbeidet med korn og poteter

Innearbeidet fram mot jul

Noter

  1. Skattelister frå 1600-talet (1647, 1657, 1664, 1657, 1668)
  2. Rygh 1910 s. 248 og Tufteland 1976 s. 134
  3. Opplyst av Lars Lunnøy 10. juli 1979
  4. Opplyst av Lars Lunnøy 10. juli 1979
  5. Opplyst av Lars Lunnøy (1899-1984) 10. juli 1979
  6. Opplyst av Lars Lunnøy 10. juli 1979
  7. Skattelister frå 1600-talet (1647, 1657, 1664, 1668)
  8. Tufteland 1978 s. 139
  9. Tufteland 1978 s. 139
  10. Norges kyst- og fiskerihistorie 2014, bind 1 s.
  11. Matrikkelforarbeidet 1723
  12. Folketeljinga 1801
  13. Manntalet 1664-1666
  14. Opplyst av Lars Lunnøy og Marta Våge i juli 1978
  15. Stilbøker frå 1920-åra
  16. Opplyst av Lars Lunnøy i 10. juli 1978 og Marta Våge i mars 1997
  17. Olav Lunnøys 7de sans 1956
  18. Sitert etter Lars Lunnøy 10. juli 1979

Kjelder og litteratur

Munnlege kjelder

  • Anders Grasdal (1917-2001)
  • Lars Lunnøy (1899-1984)
  • Marta Våge (1915-1999)

Skriftlege kjelder

Litteratur

  • Berggreen, Brit: «Kystens kvinner – kystens bønder». I Norges kulturhistorie. Bind 5. Oslo 1980.
  • Gjertsen, Karl Ragnar: «Årssyklusen i ei Nordhordlandsbygd». I Dugnad. Tidsskrift for etnolog. Nr.i 2/1977.
  • Høibo, Roy Annar: Jordbruk og fiske i Austevoll 1890-1920. Magisteravhandling i etnologi. Bergen 1977.
  • Høibo, Roy: «Kvinna sin plass var på bruket». Kronikk i Bergens Tidende 16. januar 1978.
  • Johansen, Karl Egil: «…men der leikade fisk nedi kavet». Fiskarsoga for Hordaland 1920-1990. Bergen 1989.
  • Rygh, Oluf: Norske Gaardnavne. XI. Kristiania 1910.
  • Tufteland, Johan (red.): Austevoll gard og ætt I. Møkster sokn. Utgjevar: Austevoll herad. 1978.
  • Våge, Nils Steinar (red.): Historier og minne frå Lunnøy. Stolmen 1997.

Koordinater: 60.0236652° N 5.1377635° Ø