Moland (Kvinesdal gnr. 186)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 24. mai 2020 kl. 21:25 av AP (samtale | bidrag) (ny tekst)
Hopp til navigering Hopp til søk
Moland
Sokn: Fjotland
Fylke: Agder
Kommune: Kvinesdal
Gnr.: 186
Ant. bruksnr.: 12 (2018)
Type: Matrikkelgard

Moland er ein matrikkelgard i Fjotland sokn i Kvinesdal kommune. Garden har i dag gardsnummer 186. Han hadde tidlegare gnr. 17 i Fjotland kommune, i 1838 matrikkelnummer 188 og gamalt matrikkelnummer 373.

Geografi

Sørvendt i enden av Einerdalen, i kroken der Kvina må gjera ei stor vending rundt Molandsnes, ligg Moland. I nyare tid har det også kome til eit bruk på Øyna: Nordstrand.

Gardsvaldet er avlangt og strekker seg sør frå Smidsneset ved sørenden av Molandsfjell vest for Solli. Storåne, eller Kvina, utgjer vestgrensa i omkring sju kilometer, nord til skiftet med Netlandsnes ved nedre del av Kvitingen. I aust skifter Moland med Solli på toppen av Molandsfjell nordover til Holmetjødna. Herifrå går skiftet med Håland over Holedalsknuden til og med Hoskuldshommen.

Mykje av utmarka består av bratte fjellsider, medan små elvesletter og myrar innimellom har vorte drenerte og nytta til dyrking, noko som har ført til ei nokså spreidd innmark på Moland.

Gardsnamnet

Namnet Moland er sett saman av to ledd. Førstelekken Mo- tydar grus- eller sandslette. Andrelekken –land er brukt i tydinga mark eller opparbeidd område. –Land er av dei vanlegaste endingane på gardsnamn på Agder og i Rogaland, og namnedanninga blir ofte knytt til ei tid med stor befolkningsutvikling og mange nyryddingar i perioden 4-800 e. Kr. –Land-gardane var gjerne sekundærgardar under eldre gardar.

Namn i innmark og utmark

På gamle kart finn ein namn på fleire stader i inn- og utmark. Nokre er beskrivande, medan andre fortel om aktivitet. Nedre og øvre Dalan, Storemyr, Bjørnehei, Vindhei, Myran, Kveldsmyr, Lefsetjørn, Lomstjørn, Løli, Molandsdalen og Einerdalen fortel alle om karakteristika knytt til stadane. Av dei namna som viser til aktivitet og funksjon, har me Stølsmyra, Stemtjørn, Kvednebekken og Sauetjørn. Namn som Brodeslåtten eller Sjustakkslåtten fortel at her har vore slåttar, men begge plassane er gjengrodde no.

På slåttar der ein ikkje hadde løe, eller ikkje nok plass i løa, sette dei høyet i stakk. Da tredde og stampa dei høyet kring ei høg stong til stakken blei lagleg høg. Den blei gjerne tilpassa slik at den svarte til eit vinterlass for ein hest.

Gardsbeskrivingar og livsgrunnlag

I matrikkelforretninga frå 1723 reknar kommisjonen opp verdiane til garden, dei har «Skog til brensel og husbehov», men inga seter. Dei har ei flaumkvern, men ingen fiskeri. Gardens «situasjon og beleilighed» blir beskriven som ein «Landgård i sol- og bakli, tungvunnen, skarp og skiemmen jord». Ikkje dei aller beste tilhøva, kanskje. Det har opp igjennom vore mange forskjellige eigarar og mange har prøvt lykka her, men det ser ut til at mange har gitt opp eller flytta vidare når høvet har tillate det.

Det er nemnt ei kvern i 1723 og i 1803. Det kan vera denne kverna det er restar etter i Kvernebekken der Kyrkjevegen kryssar bekken.

I 1665 dyrka dei litt meir enn ei tønne korn, i 1723 noko meir, tre tønner. I 1803 blei det oppgjeve berre 2 ½ tønner korn og 1/2 tønne jordeple. Det kan sjå ut til at det har vore ein nedgang også i folketalet på 1700-talet. Både i 1740-åra, 1780-åra og dei første 10-15 åra av 1800-talet var det fleire gonger uår i jordbruket. Dette råka spesielt dei marginale bruka, slik det kan verka som om Moland har vore.

Med innføringa av jordeple blei det ei volumauke i jordbruket fram mot midten av 1800-talet. Færre uår og betre jorddyrkingsmetodar førte til folkeauke. I 1865 dyrka dei 4 ½ tønne korn og sju tønner jordeple. Dei blei også nokre fleire folk på Moland, spesielt utover 1900-talet.

Jordbruk og husdyrhald

1668 1723 1865 1939
Korn 5/4 t 3 t 4 1/2 t
Jordeple 7 t
Hestar 1 2
Storfe 4 5 9
Småfe 6 10 37

Folketal

Kor mange bebuarar (M: Berre vaksne menn)

1665 1769 1801 1865 1900 1920
2M 8 11 13 16

Kulturminne

Kyrkjevegen, som var offentleg rideveg fram til 1908, gjekk over Moland. Den kom frå Solli på nedsida av vestsida av Molandsfjell og gjekk forbi Bjornes, Kjerringbakkan og Kjerringhola.

Då dei skulle bygga kjøreveg oppover dalen på starten av 1900-talet, vurderte dei å legga han over den gamle ridevegen, men alternativet på vestre side av Kvina over Lindefjell blei valt. Moland gjekk frå å ligga nett i leia, til å hamna i ei bakevje. Skulebygningane blei plasserte på vestre side av elva, der trafikken var størst.

Som regel måtte dei ro over åna, men om vinteren var det verre med det, då elvebreidda var islagd medan straumen framleis flaut fritt midtelvs. Men Molendingane visste råd. I «Mange bekker små» blir det fortalt at «dei hogg laus eit sterkt isflak og flota ned til der dei ville ha brua, vanlegvis der dei rodde. Dette kalla dei Å leggja åne

I 1955 kom det bru over åna. Spenna er av stål og ein del av den gamle Kattfoss jernbanebru i Skien som opphaveleg blei reist i 1865 og tatt ned igjen i 1909. Brua på Moland har fire spenn på tretten meter og eitt på 30 meter. Brudekket er av tre.

Eigedomsforhold

Som dei fleste av dei mindre gardane i Fjotland låg Moland aude etter seinmellomalderen, men garden var tatt opp i matrikkelen i 1639, så da må det ha vore folk her. Garden har vore i bondeeige sidan.

Matriklar

1639 1661 1723 1803 1838 1886 1950 2019
Nr - - 128 373 188 17 17 186
skyld 1/2 h 1/2 h 1/2 h 6 eng 6 eng -
Tal på bruk 2 1 1 1 (1) 4 7

Bruk og eigedomar

Bnr. Bruksnamn Type eigedom Utskild frå Matrikulert Løpenr. (før 1886) Skyld 1950 Eigar 1886 Eigar 1950 Notat
1 Moland 683a1, 684a1 0 mark 44 øre Sigbjørn Svendsen Oskar Moland
2 Moland bruk 1 1860 683a2, 684a2 0 mark 55 øre Anne Birte og Anne Tonette Torstensdøtre Sigbjørn S. Moland
3 Moland utmark/innmark bruk 1 1854 683b1, 684b1 0 mark 17 øre Ole T. Guttormsen Mats Guttormsen Lindefjeld
4 Moland utmark/innmark bruk 3 1860 683b2, 684b2 0 mark 18 øre Ole T. Guttormsen Ola Tobias Guttormsen
5 Nordstrand bruk 1 1905 0 mark 03 øre Tore M. Moland


1037 Kvinesdal komm.png Moland (Kvinesdal gnr. 186) er ein del av Bygdebokprosjektet for Kvinesdal med Amund Pedersen som forfatter, og er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Kvinesdal kommune er eit samarbeid mellom forfattaren og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen.