Moland (Kvinesdal gnr. 186)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Moland
Moland oversikt.jpg
Moland med Bjørneheia i bakgrunnen (Foto:ukjent)
Sokn: Fjotland
Fylke: Agder
Kommune: Kvinesdal
Gnr.: 186
Ant. bruksnr.: 12 (2018)
Type: Matrikkelgard

Moland er ein matrikkelgard i Fjotland sokn i Kvinesdal kommune. Garden har i dag gardsnummer 186. Han hadde tidlegare gnr. 17 i Fjotland kommune, i 1838 matrikkelnummer 188 og gamalt matrikkelnummer 373.

Geografi

Sørvendt i enden av Einerdalen, i kroken der Kvina må gjera ei stor vending rundt Molandsnes, ligg Moland. I nyare tid har det også kome til eit bruk på Øyna: Nordstrand.

Gardsvaldet er avlangt og strekker seg sør frå Smidsneset ved sørenden av Molandsfjell vest for Solli. Storåne, eller Kvina, utgjer vestgrensa i omkring sju kilometer, nord til skiftet med Netlandsnes ved nedre del av Kvitingen. I aust skifter Moland med Solli på toppen av Molandsfjell nordover til Holmetjødna. Herifrå går skiftet med Håland over Holedalsknuden til og med Hoskuldshommen.

Mykje av utmarka består av bratte fjellsider, medan små elvesletter og myrar innimellom har blitt drenerte og nytta til dyrking, noko som har ført til ei nokså spreidd innmark på Moland.

Gardsnamnet

Namnet Moland er sett saman av to ledd. Førstelekken Mo- tydar grus- eller sandslette. Andrelekken –land er brukt i tydinga mark eller opparbeidd område. -land er av dei vanlegaste endingane på gardsnamn på Agder og i Rogaland, og namnedanninga blir ofte knytt til ei tid med stor befolkningsutvikling og mange nyryddingar i perioden 4-800 e. Kr. –land-gardane var gjerne sekundærgardar under eldre gardar.

Namn i innmark og utmark

På gamle kart finn ein namn på fleire stader i inn- og utmark på Moland. Nokre er beskrivande, medan andre fortel om aktivitet. Nedre og øvre Dalan, Storemyr, Bjørnehei, Vindhei, Myran, Kveldsmyr, Lefsetjørn, Lomstjørn, Løli, Molandsdalen og Einerdalen fortel alle om karakteristika knytt til stadane. Av dei namna som viser til aktivitet og funksjon, har me Stølsmyra, Stemtjørn, Kvednebekken og Sauetjørn. Namn som Brodeslåtten eller Sjustakkslåtten fortel at her har vore slåtter, men begge plassane er gjengrodde no.

På slåttar der ein ikkje hadde løe, eller ikkje nok plass i løa, sette dei høyet i stakk. Då trødde og stampa dei høyet kring ei høg stong til stakken blei lagleg høg. Den blei gjerne tilpassa slik at den svarte til eit vinterlass for ein hest.

Gardsbeskrivingar og livsgrunnlag

I matrikkelforretninga frå 1723 blir verdiane til garden rekna opp. Dei har «Skog til brensel og husbehov», men ingen støl. Dei har ei flaumkvern, men ikkje fiskeri. Gardens «situasjon og beleilighed» blir beskriven som ein «Landgård i sol- og bakli, tungvunnen, skarp og skiemmen jord». Ikkje dei aller beste tilhøva, kanskje. Det har opp igjennom vore mange forskjellige eigarar og mange har prøvt lykka her, men det ser ut til at mange har gitt opp eller flytta vidare når høvet har tillate det.

Det er nemnt ei kvern i 1723 og i 1803. Det kan vera denne kverna det er restar etter i Kvernebekken der Kyrkjevegen kryssar bekken.

I 1665 dyrka dei litt meir enn ei tønne korn, i 1723 noko meir, tre tønner. I 1803 blei det oppgjeve berre 2 ½ tønner korn og 1/2 tønne jordeple. Det kan sjå ut til at det har vore ein nedgang også i folketalet på 1700-talet. Både i 1740-åra, 1780-åra og dei første 10-15 åra av 1800-talet var det fleire gonger uår i jordbruket. Dette råka spesielt dei marginale bruka, slik det kan verka som om Moland har vore.

Våningshuset på Moland ca. 1950 (Foto: ukjent)

Med innføringa av jordeple blei det ei volumauke i jordbruket fram mot midten av 1800-talet. Færre uår og betre jorddyrkingsmetodar førte til folkeauke. I 1865 dyrka dei 4 ½ tønne korn og sju tønner jordeple. Dei blei også nokre fleire folk på Moland, spesielt utover 1900-talet.

Jordbruk og husdyrhald

1668 1723 1865 1939
Korn 5/4 t 3 t 4 1/2 t
Jordeple 7 t
Hestar 1 2
Storfe 4 5 9
Småfe 6 10 37

Folketal

Kor mange bebuarar (M: Berre vaksne menn)

1665 1769 1801 1865 1900 1920
2M 8 11 13 16

Kulturminne

Kyrkjevegen, som var offentleg rideveg fram til 1908, gjekk over Moland. Den kom frå Solli på nedsida av vestsida av Molandsfjell og gjekk forbi Bjornes, Kjerringbakkan og Kjerringhola. Ein kan gå den gamle kyrkjevegen framleis i dag.

Då dei skulle bygga køyreveg oppover dalen på starten av 1900-talet, vurderte dei å legga han over den gamle ridevegen, men alternativet på vestre side av Kvina over Lindefjell blei valt. Moland gjekk frå å ligga nett i leia, til å hamna i ei bakevje. Skulebygningane blei plasserte på vestre side av elva, der trafikken var størst.

Som regel måtte dei ro over åna, men om vinteren var det verre med det, då elvebreidda var islagd medan straumen framleis flaut fritt midtelvs. Men molendingane visste råd. I «Mange bekker små» blir det fortalt at «dei hogg laus eit sterkt isflak og flota ned til der dei ville ha brua, vanlegvis der dei rodde. Dette kalla dei Å leggja åne[1]

I 1955 kom det bru over åna. Spenna er av stål og ein del av den gamle Kattfoss jernbanebru i Skien som opphaveleg blei reist i 1865 og tatt ned igjen i 1909. Brua på Moland har fire spenn på tretten meter og eitt på 30 meter. Brudekket er av tre.

Eigedomsforhold

Som dei fleste av dei mindre gardane i Fjotland låg Moland aude etter seinmellomalderen, men garden var tatt opp i matrikkelen i 1639, så da må det ha vore folk her. Garden har vore i bondeeige sidan.

Matriklar

1639 1661 1723 1803 1838 1886 1950 2019
Nr - - 128 373 188 17 17 186
skyld 1/2 h 1/2 h 1/2 h 6 eng 6 eng -
Tal på bruk 2* 1 1 1 (1) 4 7

*tal på oppsittarar

Delingar og utskiftingar

Garden var i hovudsak einbølt fram til midten av 1800-talet. Det har truleg budd fleire familiar her samstundes før det, og på sluten av 1600-talet kan det sjå ut til at garden var delt i to bruk. Frå om lag 1700 er det eitt bruk her. I 1860 blei garden delt i to, og omkring 1906 kom eit bruk til. Det var òg ein husmannsplass her på 1800-talet.

Bruk og eigedomar

Bnr. Bruksnamn Type eigedom Utskild frå Matrikulert Løpenr. (før 1886) Skyld 1950 Eigar 1886 Eigar 1950 Notat
1 Moland 683a1, 684a1 0 mark 44 øre Sigbjørn Svendsen[2] Oskar Moland
2 Moland bruk 1 1860 683a2, 684a2 0 mark 55 øre Anne Birte[3] og Anne Tonette Torstensdøtre[4] Sigbjørn S. Moland
3 Moland utmark/innmark bruk 1 1854 683b1, 684b1 0 mark 17 øre Ole T. Guttormsen Mats Guttormsen Lindefjeld
4 Moland utmark/innmark bruk 3 1860 683b2, 684b2 0 mark 18 øre Ole T. Guttormsen Ola Tobias Guttormsen
5 Nordstrand bruk 1 1905 0 mark 03 øre Tore M. Moland

Folket på Moland

  • Knut (n. 1635-n. 1649)
  • [ukjent]

Knut blei nemnd på Moland frå 1643 til 1649. I 1643 eigde han Krågeland og er difor truleg same Knut som budde på Krågeland i perioden frå 1635-1637. Ein veit ikkje meir om kor han kom frå. I 1645 budde han her med ei «pige», ei tenestejente.

I 1643 eigde Tosten Homma i Gyland 5 engelsk i garden, i 1645-46 eigde han 3 engelsk. Knut har truleg hatt dei andre gardpartane (3 engelsk). I 1647 var Knut oppførd som eineeigar, men i skiftet etter Tosten Homma i 1649 er det han som har garden. I 1650 eigde Ådne og Jo, begge nemnd nedanfor, halvparten kvar.

-

  • Ådne (n. 1650)

Han eigde og brukte halve garden 1650, meir veit ein ikkje. Seinare blei Halvor Sporkland eigar og dottera hans Joren var her ei tid.

-

  • Joren Halvorsdotter Sporkland (n. 1668-d. 1700)
  • Nils Ellingsson Urdal (n. 1661-d. 1668)
    • Sven (n. 1668) g. m. Ingeborg Nilsdotter Rygg. Til Gyland
    • Alet (n. 1668)

Familien flytta til Skaret i Gyland.

-

  • Jo Ivarsson (1634-1677)
  • Anna Rolfsdotter Helle (n. 1677)  

Dei var truleg på Helle til 1651, då dei flytte til Moland. Om lag 1660 kom dei til Gunsteinsli. Les meir om familien under Gunsteinsli.

-

  • Osu Olsson (1628-n. 1664)

Han er nemnd som oppsitjar i 1664. Han kan ha vore sonen til Ingeborg Tostensdotter Homma (dottera til tidlegare nemnde Tosten Homma) og Olav Guttormsson Jerdal, som hadde garden på denne tida.

-

  • Sigbjørn (n. 1683-1701) er nemnd som brukar av garden.

-

  • Torgrim Ormsson Førlandsås (1648-1716) var eigar av garden, men har truleg ikkje budd her. Sjå under Solli om han.

-

  • Orm Torgrimsson Solli (1678-d. f. 1755) g. m. Anna Guttormsdotter Eftestøl (1689-1769) Dei var her frå om lag 1710-1718. Sjå under Solli om dei.

-

  • Lars Torgrimsson Solli (1700-1750)
  • Asgerd Toresdotter Håland
    • Torgrim (1719-)
    • Torgrim (1721-1767) g. 1744 m. Anna Persdotter Lindeland (1719-1774) Sjå Eikeland
    • Gunvor (1725-)
    • Torborg (1727-1799) g. 1749 m. Eiel Persson Lindeland (1726-1805) Sjå Lindhommen
    • Tore (1731-1809) g. 1752 m. Siri Olsdotter Lindeland (1728-1809) Sjå Midt Røynestad

Lars overtok i 1718, og dei kom truleg hit året etter. I 1738 makeskifta dei gardar med Olav Tostensson Lindhommen.

-

  • Sone Olsson Mjåvatn og familien leigde her nokre år frå 1718 før dei flytta til Helleland sokn i dagens Eigersund. Sjå meir under Mjåvatn.

-

  • Olav Tostensson Lindhommen (1698-1765) g1. 1722 m. Ingerid Kolbensdotter Knaben (1710-1748), g2. 1749 Siri Ingvorsdotter Nedre Kvinlog (1710-1788). Olav og Ingerid kom til Moland etter eit makeskifte i 1738. Sonen Tosten Olsson (1729-1802) overtok garden i 1755. Familien var her til 1762 då makeskiftet blei gjort om etter ein rettssak. Les meir om rettssaka og familien under Lindhommen.

Det var Tore Larsson (1731-1809), nemnd ovanfor, som fekk tilbake garden i 1762, men han og kona flytta til hennar odelsgard Midt Røynestad. Garden blei leigd ut nokre år før han i 1767 blei seld til Lars og Gjertrud.

-

  • Gjertrud Olsdotter Knabenes (1744—1827) g1. 1775
  • Lars Salvesson Lindefjell (1736-1776)
    • Ingen born

Olav Olsson Knabenes, faren til Gjertrud, har truleg leigd og budd her med familien etter at Tore Larsson overtok. Les meir om den familien under Knabenes. Lars døydde tidleg, allereie året etter at han gifta seg med Gjertrud. Gjertrud gifta seg opp att med Hoskuld Olsson Mygland i 1779 og flytta dit. Sjå Mygland.

-

  • Erik Eilefsson Liland (1743-) frå Sirdal g. 1773
  • Torborg Asbjørnsdotter Liland (1747-)[5]
    • Marta (1773-1852) g. 1805 m. Ommund Jørgensson Lunde (1769-1837) Til Sirdal
    • Ingeborg (1775-1839) Til Sirdal
    • Eilef (1778-1862) g. 1801 m. Ingeborg Ommundsdotter Liland (1757-1831) Til Sirdal
    • Asbjørn (1781-)
    • Mikkel (1784-) g. 1824 m. Torid Jørgensdotter Lunde. Til Sirdal
    • Jo (1788-1861) g. 1815 m. Kirsti Jørgensdotter Lunde (1785-1855) Til Sirdal

Erik og Torborg kom hit om lag 1788. Erik sin filleonkel, Olav, budde også her denne tida med familien sin.  

-

  • Olav Eilefsson Liland (1744-1821)
  • g. 1784 med Siri Salvesdotter Guddal (1759-)
    • Eilev (1785-1873) g. 1817 m. Kari Torjesdotter Risnes (1786-) Til Sirdal
    • Salve (1788-) g. 1816 m. Todne Torjesdotter Netlandsnes (1796-) Sjå Netland
    • Gunvor (1792-1846) g. 1830 m. Rasman Svensson Rosstøl i Sirdal (1798-1866) Til Sirdal
    • Astrid (1795-1826) g. 1826 m. Hans Abraham Olsen Abelsnes i Hidra. Til Hidra
    • Tora (1799-) g. 1837 m. Andreas Atlaksson Kvelland i Hidra. Til Hidra
    • Siri (1804-1865) g. 1847 m. Rasman Svensson Rosstøl i Sirdal (1798-1866) Til Sirdal
    • Olav (1805-1881) g. 1838 m. Mari Tollaksdotter Risnes (1801-1891) Sjå Risnes

Olav og Siri budde ei kort tid på Moland. Dei kom i frå Seland og Listøl i Sirdal.[6] Dottera Gunvor blei fødd på Moland. Seinare kom dei til Liland i Sirdal.

Då Erik og Torborg kjøpte garden, følgde det med ei hefting, ei gjeld på 48 riksdalar til Bucholm i Flekkefjord frå skiftet til Lars Salvesson Lindefjell, nemnt ovanfor. Heftinga blei gjord om til pant då Erik ikkje kunne innfri denne. Om det var dette som førte til at han seinare måtte selja garden veit ein ikkje. Men frå 1797 var Knut Salvesson Lindefjell, tidlegare nemnde Lars Salvesson Lindefjell sin bror, eigar. Han budde truleg aldri på Moland, men makeskifta garden mot 4 ½ engelsk som Sven Torkelsson Netland hadde i Lindefjell.[7] Sven og Helena kom til Moland om lag 1797.

-

  • Sven Torkelsson Netland (1748-1798)
  • g. 1775 med Helena Sigbjørnsdatter Haughom (1750-1842) frå Sirdal
    • Osmund (1777-1853) Sjå nedanfor
    • Torkel (1778-1853) Til Bjerkreim
    • Sigbjørn (1782-1831) g. 1814 m. Kristine Olsdotter Håland (1792-1855) Sjå Håland
    • Tøri (1784-1866) g. 1810 m. Torje Ådnesson Austdal i Bjerkreim (1789-1872) Til Bjerkreim
    • Marta (1787-)
    • Olav (1790-1882) g. 1818 m. Ingrid Tolleisdotter Kvittingen (1784-) Til Sirdal
    • Håvard (1796-1829)
    • Helga (1797-)

Sven døydde året etter dei kom til Moland og Helena dreiv garden vidare saman med borna fram til ho døydde i 1842. Osmund overtok garden i 1798 og stifta eigen familie her i 1803.

-

  • Osmund Svensson (1777-1853)
  • g1. 1803 med Ingeborg Ivarsdotter Øvre Kvinlog (1774-1844)
    • Sven (1804-1876) Sjå nedanfor
    • Helene (1807-1864) g1. 1842 m. Ivar Torkelsson Risnes (1789-1846), g2. 1853 m. Ånen Jakobsson Risnes (1818-1880) Sjå Risnes
    • Dordi (1809-1841) g. 1835 m. Ivar Torkelsson Risnes (1789-1846) Sjå Risnes
    • Ivar (1812-)
    • Salve (1815-1828)
    • Helena (1817-n. 1837)
  • g2. 1845 med Ingerid Jakobsdotter Førlandsås (1788-1846)
    • Ingen born

Garden blei overdradd til sonen Sven i 1837.

-

  • Sven Osmundsson (1804-1876)
  • g. 1831 med Helene Sigbjørnsdotter Øksendal (1811-) frå Sirdal
    • Olav (1832-1908) Sjå nedanfor (bruk 1)
    • Ingeborg (1834-) g. 1865 m. Søren Tobias Olsson Josdal i Sirdal (1823-)
    • Engel Sofia (1837-) g. 1859 m. Torje Tolleisson Knaben (1815-1870) Sjå Knaben
    • Sigbjørn (1839-1919) Sjå nedanfor (bruk 2)
    • Ellen Dortea (1842-1926) g. 1877 m. Tobias Tjølsson Røyland (1828-1889) Sjå Røyland
    • Siri (1844-) Til USA
    • Johan (1847-) Eigde bruk på Netland. Til USA
    • Inger Henrikke (1850-1850)
    • Anne Sofie (1853-) Til USA
    • Per Andreas (1856-) g. m. Inger Tobine Torkelsdotter Netland (1853-) Til USA

Fem av ni born som levde opp reiste til Amerika. Dei selde 1 engelsk i garden, Molandstranda, for første gong til Salve Olsson Lindefjell. Etter noko fram og tilbake gjekk teigen til Lindefjell for godt. I 1860 blei garden delt mellom dei to eldste sønene Olav og Sigbjørn.

-

Dør borte

Bruk 1

  • Olav Svendsson (1832-1908)
  • g. 1853 med Olene Torgrimsdotter Eikeland (1823-)
    • Sven (1854-)
    • Anne Malene (1856-d. f. 1891) g. m. Abraham Severin Abrahamsson (1857-)
    • Helena (1860-) g. 1897 m. Andreas Martinius Madsson Berge (1831-1903)
    • Torgrim (1862-)  

Olav var lærar. Familien flytta til Vanse og Farsund i 1868. I 1891 budde dei i Lille Vestregade i Farsund. Olav overlèt garden i 1872 til broren Sigbjørn på bruk 2, og Sigbjørn hadde begge bruka ei stund. I 1907 delte Sigbjørn bruk 1 mellom sønene Martin og Andreas. Martin fekk bruk 1 (dette bruket), medan Andreas fekk nyoppretta bruk 6.

-

  • Martin Sigbjørnsson (1884-)
  • g. 1906 med Elen Tonetta Tobiasdotter Røyland (1885-1968)
    • Sigbjørn (1907-)
    • Kristine (1909-1909)
    • Selma (1910-1995) g. 1950 m. Aslak Persson Kvinlaug (1899-1994) Sjå Øvre Kvinlog
    • Tore (1912-1988) g. 1935 m. Ingrid Netland (1910-1993) Sjå Nordstrand
    • Oskar (1914-1979) Sjå nedanfor
    • Theodora (1916-2002) g. 1937 m. Karl Johan Kvinlaug (1909-1997) Sjå Nedre Kvinlog
    • Helga (1918-2004) g. 1939 m. Kastberg Øksendal (1914-1986) Til Kristiansand
    • Peder (1920-) g. m. Ingjerd Jakobsen frå Lista.[8] Til USA
    • Ester (1921-2015) g. m. Albert Breimoen (1914-2004) Til Lyngdal
    • Kåre (1924-1988) g. 1946 m. Anna Øksendal (1923-) Til Tveit
    • Roald (1926-1989) Budde i Kvinesdal

Martin sat ei tid i Fjotland heradsstyre. Han reiste til USA i 1927. Bruk 6 blei slått saman med bruk 1 igjen i 1951.  

-

  • Oskar Moland (1914-1979)
  • g. 1936 med Tonny Josdal (1915-1994)
    • Elly (1936-) g1. Olaf Egeland (1929-2002) Til Farsund
    • Magne (1938-1970) Til USA
    • Torkel (1942) Sjå nedanfor
    • Kjellaug (1945) g. m. Birger Egeland (1937-1993)
    • Tre born til

-

  • Torkel Moland (1942)
  • Else Brit Eiesland (1945-2008)
    • To born

-

Dør heima

Bruk 2

Bruket kom til då Sven Osmundsson delte garden mellom dei to sonene Sigbjørn og Olav i 1860. Sven selde likevel dette bruket til Anna Gunnarsdotter Seland og Lars Tobias Øksendal

  • Anna Gunnarsdotter Seland (1813-1891)
  • g. 1852 med Lars Tobias Øksendal (1831-1881)
    • Ingeborg Oline (1856-1881)

Anna og Lars hadde budd i Haughom i Sirdal tidlegare. Dei var her i 1865, men etter kort tid reiste dei vidare til Jødestøl.[9] Salet blei gjort om og garden seld vidare til dei ugifte søstrene Berte og Antonette Tostensdøtre frå Lindhommen.

-

  • Anne Berte Tostensdotter Lindhommen (1823-1887)
  • Anne Tonette Tostensdotter Lindhommen (1830-1902)
  • Inger Tonette Tostensdotter Lindhommen (1826-1886)

Ei tredje søster, Inger Tonette, flytta med. Då begge dei eldre søstrene var døde, gifta Anne Tonette seg og flytta til Gunsteinsli og seinare Netlandsnes. Garden gjekk på auksjon og kjøparen var den som opphaveleg var tiltenkt denne garden, og som då hadde eigd Dør nord i mange år; Sigbjørn.

-

  • Sigbjørn Svensson (1839-1919)  
  • g1. 1865 med Anna Ivarsdotter Netland (1841-1879)
    • Helena (1866-)
    • Karen Tonetta (1868-)
    • Jette Sofie (1871-1968) g. 1896 m. Reinert Andreas Bjørnsen Ousdal (1857-1915) Til Sandnes
    • Sven (1875-1938) Sjå nedanfor
    • Johan Gustav (1877-1957) g. 1903 m. Hanna Oline Sigbjørnsdotter Skaren (1883-1980) Sjå Liknes
    • Anne Sofie (1873-)
  • g2. 1880 med Karen Sofia Alvsdotter Lindefjell (1850-1922)
    • Andreas (1881-1963)
    • Martin (1884-1961) Sjå Nordstrand
    • Anna (1886-1967) g. 1932 m. Jørgen Andreas Nikolai Johansen Schille (1893-1956) Sjå Lindefjell

Sigbjørn samla med dette garden, som var ei eining frå 1872-1906. Då delte han den opp att mellom to av sønene sine Sven og Martin. Sven fekk Dør heima. Sigbjørn og Karen Sofia flytta til Lindeland.

-

  • Sven Sigbjørnsson (1875-1938)
  • g. 1912 med Antonetta Torsdotter Bjørkeli u/Fjotland (1892-1973)
    • Anna (1913-2005)
    • Sigbjørn (1915-2000) g. m. Hjørdis (1923-2011) Anleggsarbeidar. Til Vikersund
    • Tor (1918-2008) g. 1947 m. Borghild Synnøve Lindefjeld (1924-2010), han var krigsseglar. Sjå Kvinlog sentrum
    • Olav (1922-1979) g. m. Reidun Lee (1925-1996) Til Meldal
    • Torbjørn (1930)  

Søskena Torbjørn og Anna budde i hop etter at foreldra døde. Torbjørn bur på Kvinesdalheimen (2021).

-

Nordstrand/Bjorneset

bruk 5 og 7

Bruk 5 blei matrikulert i 1905, medan bruk 7 blei skild ut i 1936.  

  • Tore Moland (1912-1988)
  • g. 1935 med Ingrid Netland (1910-1993)
    • Fem born

Garden er fritidsbustad i dag.

-

Husmannsplassar

Plassen

lnr. 684

  • Guri Kidelsdotter Risnes (1769-1863)
  • Elling Markusson Grostøl (1768-1834)

Dei bygsla ein plass under Moland i 1821 og fekk noko jord på Øyne og Slettevollen.[10] Det er vel denne plassen som blei Nordstrand seinare.

-

Referansar

  1. Mange bekker små. Kulturminner langs Kvinavassdraget. Red: Anne-Berit Erfjord, Johannes Hamre og Harald Aamodt. Utg. Kvinesdal historielag. 2004. 416 s. ISBN 82-997037-0-0. Digital versjon på Nettbiblioteket, s. 58
  2. Sigbjørn Svendsen i Historisk befolkningsregister.
  3. Anne Birte Torstensdotter i Historisk befolkningsregister.
  4. Anne Tonette Torstensdotter i Historisk befolkningsregister.
  5. Seland, Per: Sirdal, bind 3. Utg. Kommunen. Tonstad. 1988. Digital versjonNettbiblioteket, s. 150
  6. Seland, Per: Sirdal, bind 3. Utg. Kommunen. Tonstad. 1988. Digital versjonNettbiblioteket, s. 196
  7. I Fjotland sogebok og i Fjotland gard og ætt står det at Knut budde på Moland frå 1784-1797. Dette kan ikkje stemma. Alle borna hans blei fødd på Lindefjell. Se elles Lindefjell.
  8. Veggeland, Tor & Jerstad, Johan: Fjotland Gards- og ættesoge. Utg. [s. n.]. Kvinesdal. 1979. Digital versjonNettbiblioteket, s. 581
  9. Seland, Per: Sirdal, bind 4. Utg. Kommunen. Tonstad. 1988. Digital versjonNettbiblioteket, s. 375
  10. Jerstad, Johan: Fjotland sogebok. Fjotland. 1949. Digital versjonNettbiblioteket, s. 132


1037 Kvinesdal komm.png Moland (Kvinesdal gnr. 186) er ein del av Bygdebokprosjektet for Kvinesdal med Amund Pedersen som forfatter, og er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Kvinesdal kommune er eit samarbeid mellom forfattaren og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen.