Lindeland (Kvinesdal gnr. 181)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Lindeland
Sokn: Fjotland
Fylke: Agder
Kommune: Kvinesdal
Gnr.: 181
Ant. bruksnr.: 23 (2018)
Type: Matrikkelgard

Lindeland er ein matrikkelgard i Fjotland sokn i Kvinesdal kommune. Garden har i dag gardsnummer 203181, og hadde tidlegare gnr. 12 i Fjotland kommune, i 1838 matrikkelnummer 183 og gamalt matrikkelnummer 311.

Geografi

Der Selandsåna renn ut i Kvina, ligg Lindeland. Sør for garden renn Selandsåna ut i ei lon, før den kjem ut i ein større kil, Kilen, der elvene møtest. Innmarka strekker seg langsmed lona og heile Kilen. Utmarka på Lindeland er stor og inneheld mange åsar og toppar.  

Sørgrensa går frå bytet med Gyland ved «Hedda i Skaret» i nesten rett line austover til Ruganfossen. Her byter garden med Krågeland og Stakkeland. Frå Ruganfossen følger grensa Kvina nordover forbi Kilen, omtrent på høgde med Kvenåsen, før ho snur vestover gjennom Bukhomdalen til Selandsåna. Grensa følgjer Selandsåne eit stykke før ho strekker seg over Lille Novassheia og vestover til kommunegrensa. Grensa går tett oppunder tunet på Seland.

Gardsnamnet

Namnet utgjer to ledd. Førsteleddet –linde set ein ofte i samanheng med treslaget lind, medan andreleddet –land tydar eit lende eller område. I gardsnamnsamanheng peiker leddet –land mot at garden har kome frå ein større gardseining, der Lindeland – eit område særmerkt av at det veks lind der – har fått sitt namn i kontrast til andre område på garden med andre kvalitetar.

Like nord for garden ruvar Lindeknuden, og gardane Lindefjell, Lindhommen og Lindeland ligg alle tett oppunder denne toppen. Truleg er det gardane som har fått namn etter toppen og ikkje motsett.

I ein artikkel frå 1976 tar Hans Try til orde for at namneleddet -linde kan koma frå omgrepet line, som i grense. Han peiker på at dei fleste linde-gardane i Noreg faktisk ligg i nærleiken av riksgrensa i Indre Østfold og Hedmark, eller i nærleiken av gamle sokne- eller landsdelsgrenser. Mange ligg også så langt inn på heia at det umogleg kan vera snakk om at det har vakse lindetre der. Try sett namneforklaringa i samband med ein omstridt teori om eit sør-vestnorsk rike som skal ha blitt kolonisert frå Sverige i merovingartida (7-800 e. Kr).[1] I Sverige finst –linnstavinga i mange gardsnamn. Teorien om det sør-vestnorske kongeriket var i utgangspunktet utvikla av Asgaut Steinnes på 1950-talet.[2] Det er dette riket Harald Hårfagre skal ha kjempa mot under slaget i Hafrsfjord.

Lindeland har vestgrensa si mot Sirdal eit langt stykke. Vidare møtest vest- og sørgrensa ved «Hedda i Skaret» som er ei «tre-riksrøys» der kommunegrensene mellom Sirdal (Tonstad sokn), Flekkefjord (Gyland sokn) og Kvinesdal (Fjotland sokn) møtest. Sørgrensa til Lindeland er eit kontinuum av den gamle soknegrensa mellom Gyland og Tonstad.

Motargumenta mot denne namneteorien er likevel fleire. Kanskje mest at line er eit latinsk omgrep og at det var omgrepet streng som blei nytta om gardsgrenser i gamal tid.

Namn i innmark og utmark

Dei fire bruka på garden har fått namn etter geografisk plassering. Lengst aust ligg Dør aust, i midten har ein Dør framme (også kalla Livodden) og Dør heima. Før ein lengst vest finn Dør nord. Dette kan synast som eit paradoks, men omgrepet «nord» og «nordover» blei ofte nytta om lengre inn, innover eller oppover i dalen. I eldre tid blei det òg nytta om vest. Dør nord er det inste og vestlegaste bruket på Lindeland inn mot åsen og elva.

Innmarka omkransar dei fire bruka. Her har ein fleire skildrande namn på jordteigar; Velfóre, Gunnufsågeren (og Gunnufsægra), Sjelta, Reinkonnstykke og Norågeren.

I nærleiken av Dør nord har ein òg Elskovsheddaren, ein hellar ein (eller kanskje helst to) kunne sitta under. Ikkje langt borte ligg ei rekke med steinblokkar kalla Fuglesteinan.

I utmarka finn ein namn som Svartavigje, Mørkeskogsdalen, Mørkeskogsbekken og Helvete. I ei steinur i Helvete skal det vera gravlagd røvarar; kanskje ikkje alltid like greitt å ferdast her. Langs med Kvina er òg namn som Tråseviga, der det som flyt nedover elva driv i land, og Selandsvadet. Ved Selandsåne finn ein Stemmen, Heimetjødna og Vaèt der bufeet blei drive over til bumarka.

Gardsbeskrivingar/Livsgrunnlag

Både i 1665 og i 1723 skal det ha vore god skog på Lindeland. Her var det nok til brenne og anna heimebehov. Det blei påpeika i 1723 at det òg var «ekstra» skog her og støl til garden. Det var ein såkalla landgard i sol- og bakli, men med «tungvunnen» jord. Dei hadde to kverner.

I motsetning til andre gardar i Fjotland viser tabellen nedanfor at det faktisk var ein nedgang i sånaden gjennom 1800-talet. I 1802 sådde dei 9 tønner korn, medan dei i 1865 sådde 5 ½ korn. Mykje av dette tapet blei likevel tatt att med at dei sette jordeple. Dei sette to tønner jordeple i 1802, men 10 ½ tønner 63 år seinare. Talet på krøtter var òg relativt jamt frå 1700- til 1800-talet.  

1665 1723 1865
Korn 3 3/4 t 8 t 5 1/2 t
Jordeple - - 10 1/2 t
Hestar 1 2 1
Storfe 9 10 17
Småfe 12 40 48

Folketal

Kor mange bebuarar (M: Berre vaksne menn)

1665 1801 1865 1900 1920
2M 18 23 19  28

Størrelsen på garden og maksimalt utkome av jorda kan sjå ut til å ha vore nådd allereie på 1600-talet. Dei relativt få bruksdelingane vitnar også om det.

Kulturminne

I lia sør for dagens Lindeland skal det gamle Lindeland ha lege.[3] Her var det truleg busetnad fram til seinmellomalderen og folkenedgangen etter Svartedauden. Det er registrert ein øydeåker her.

Det står restar etter tre bruer over Kvina ved Selandsvegen, og dei er alle særmerkte av tida dei blei bygde i og si tids tekniske moglegheiter og samferdselsmessige trong. Av den eldste brua finst berre restar av steinmurar og brukar. Den blei fleire gonger tatt av flaum og bygd opp att heile tre gonger mellom 1776 og 1796. Dessutan blei den nytta av driftekarar frå Rogaland som kom med store fedrifter. Dette førte til så stor slitasje at bøndene på Lindeland og Seland søkte amtmannen om å kunna krevja pengar av utanbygdes folk med kreatur; tre skilling for ein hest, to skilling for kveg og to skilling for ein til fire sauer.[4]

Då haustflaumen i 1892 nok ein gong tok med seg brua, blei det bygt ny steinbru som var ferdig i 1900. Dette var i samband med bygginga av ny køyreveg opp Vesterdalen. Brua er ei steinkvelvbru og står framleis i dag.  

Den tredje brua stod ferdig i 1972 og er ei bru støypt i betong.

Matriklar og folketal

1639 1661 1723 1802 1838 1886 1950 2019
Nr - - 126 311 183 12 12
Skyld 1/2 h 1 h 1 1/2 h 1 h 6 eng 1 h 6 eng -
Tal på bruk 2 3 4 4 7 16

*tal på oppsitjarar

Eigedomsforhold

Lindeland var ein av få gardar i Fjotland som kongen eigde. Lindeland blei skild ut i frå Seland, som òg var kongens gods. Garden hadde tre oppsittarar i 1723 og det blei berre skilt ut eitt bruk til på 1800-talet. Det tyder på at jorda og livsgrunnlaget var fullt utnytta tidleg. I 1727 blei garden kjøpt av oppsittarane.  

Bruk og eigedomar

Bnr. Bruksnamn Type eigedom Utskild frå Matrikulert Løpenr. (før 1886) Skyld 1950 Eigar 1886 Eigar 1950 Notat
1 Lindeland Gardseigedom/Fritid før 1838 669 1 mark 44 øre Andreas Jonsen Helene T. Lindeland husa nyttast som fritidseigedom
2 Lindeland Gardseigedom før 1838 670a 0 mark 89 øre Andreas Torkelsen Tore T. Kvinlog
3 Lindeland bruk 2 1874 670b 0 mark 09 øre Andreas Jonsen Helene T. Lindeland slått saman med bruk 1 i 2007
4 og 5 Lindeland Gardseigedom bruk 2 1874 670c (og 672) 0 mark 21 øre Peder Børildsen Johannes B. Lindeland
7 Lindeland Skogeigedom 671 1 mark 30 øre Staale Torkelsen Peder B. Lindeland
8 Lindeland bruk 2 1885 0 mark 20 øre Helene T. Lindeland slått saman med bruk 1 i 2007

Folket på Lindeland

Dør heima

Bruk 1/Lnr. 669

Lindeland 95

I lensrekneskapa for 1613/1614 kan ein lesa om dei første som kom til Lindeland. Det var brørne Per og Lars Torgrimssøner som hadde rydda garden på eit område mor deira hadde anvist. Sjå meir om dei under Lindefjell. Det hadde vore gard på Lindeland før Svartedauden òg, men då truleg i lia sør for dagens gard. Myndigheitene på 1600-talet ønskte fleire skatteobjekt, og den som rydda ein såkalla øydegard, fekk tre års skattefritak. I 1617 er første året det blei betalt skatt. Då hadde garden òg fått ny oppsittar, Olav Eielsson.

  • Olav Eielsson Øvre Kvinlog (1586-1680)
  • g1. med [ukjent]
    • Andres (n. 1654- n. 1659) Anna Syvertsdotter Spikkeland (n. 1686 - d. 1696) Sjå Dør framme
    • Mari (-1698) Sjå nedanfor
    • Jente g. m. Olav Sørensson Lindhom. Sjå Lindhom
    • Siri (n. 1661) Sjå Krågeland
  • g2. med Adlaug Hansdotter  (n. 1680)

Olav blei fødd på Øvre Kvinlog og eigde hele Krågeland. Han er nemnd på Krågeland i 1651-1661. Adlaug hadde vore gift med Guttorm Kolbensson Josdal tidlegare.[5] I 1654 var det sonen Andres og svigersonen Lars som blei oppførte som skattebetalarar av garden. Ein kan rekna med at garden blei delt i to bruk då. Lars, og Mari som han var gift med, fekk dette bruket.

-

  • Mari Olsdotter (-1698)
  • Lars Tostensson Li i Gyland (1628-n. 1701)
    • Eiel (n. 1698-1711) Sjå Dør nord under Lindeland
    • Andres (n. 1690-1701[6]) Sjå nedanfor
    • Torborg (n. 1698) g. m. Torgrim Ormsson Førlandsås (1632-1716[7]) Sjå Solli
    • Tøri (n. 1738) g. m. Gudtorm Olsson Fjotland (1675- n. 1738) Sjå Fjotland
    • Gunnhild (n. 1698)
    • Randi (n. 1698)

Garden blei delt mellom Lars og Mari sine søner Andres og Eiel. Andres blei verande på Dør heima, medan Eiel rydda nye tufter på Dør nord.

-

  • Andres (n. 1690-1701[8])
  • Alette Svensdotter Urdal (-1707)
    • Ingen born

Alette gifta seg opp att med:

  • Per Tollaksson Seland (1681-1731)
    • Ingen born

Per og Alette gifta seg truleg i 1702 og Per overtok bygsla i 1703. Kort tid etter blei han stemna for retten av mennene til Andres sine søstrer, Torgrim Olsson Solli og Gudtorm Olsson Fjotland. Dei meinte at dei hadde krav på bygsla ettersom Andres og Alette ikkje hadde hatt born. Per svarte med ein avtale han hadde gjort med Andres sin bror, Eiel. Saka enda i eit forlik der Per måtte betala ei erstatning til dei saksøkande. Per var hovudperson i fleire rettssaker dei komande åra.[9]

Alette døydde i 1707 og Per gifta seg opp att med:

  • Anna Josdotter Lindeland (-1736) frå nabobruket Dør framme
    • Alette (-1782) g. 1721 m. Per Eielsson Lindeland (1694-1765) Sjå Dør nord
    • Atlak (1710-)
    • Atlak (1711-)
    • Joren (1713-)
    • Joren (1714-1794) g. 1743 m. Ingvor Jespersson Åmland (1715-1800) Sjå Åmland
    • Atlak (1715-)
    • Asgerd (1717-1743) g. 1739 m. Lars Jespersson Åmland (1697-1769) Sjå Åmland
    • Anna (1719-1774) g. 1744 m. Torgrim Larsson Eikeland (1721-1767) Sjå Eikeland
    • Torborg (1721-1762) g. 1757 m. Olav Nilsson Espetveit i Bakke (1726-1800) Til Bakke
    • Gunnhild (1722-)
    • Ingeborg (1724-1805) g. 1751 m. Tosten Ormsson Solli (1700-1785) Sjå Solli
    • Jo (1726-1805) Sjå nedanfor
    • Tollak (1728-1742)

Garden var inntil 1727 eigd av Kongen. Dei til ei kvar tid sittande bønder hadde berre bygselrett, ikkje eigedomsrett. Då Lindeland gjekk på auksjon i 1727 kjøpte Anne og Per dei 6 ¾ engelsk som høyrde til dette bruket. Siste avdrag blei betalt i 1731.

Same år døydde Per, og Anna gifta seg opp att i 1732 med:

  • Jesper Persson Øvre Kvinlog (1697-1773)
    • Ingen born

Anna døydde i 1736 og Jesper flytta tilbake til Øvre Kvinlog, les om han der òg. Annas eldste son og arvtakar til garden, Jo, var berre ti år gamal då mora døydde. Søstera Alette og Per på nabobruket hjelpte Jo inntil han var gamal nok til å driva garden åleine.[10]

-

  • Jo Persson (1726-1805)
  • g. 1751 med Torborg Atlaksdotter Håland (1733-1821)
    • Per (1752-1789) g. 1776 m. Mari Kolbensdotter Håland (1758-1844) Sjå Eftestøl
    • Anna (1755-1813) g. 1782 m. Adam Steinsson Røyland (1750-1843) Sjå Røyland
    • Maren (1758-1833) g. 1786 m. Torkel Ivarsson Risnes (1757-1841) Sjå Risnes
    • Atlak (1759-1827) Sjå nedanfor  
    • Tore (1761-1791)  
    • Asgerd (1764-)
    • Tollak (1767-1844) Han var målar i 1801
    • Torborg (1769-1851) I teneste hjå broren Atlak 1801
    • Asgerd (1771-1843) g. 1798 m. Evert Masson Josdal i Sirdal (1764-1849) Til Sirdal
    • Gunnhild (1774-1851) g. m. Even Kolbensson Netland (1773-1806) Sjå Netland  
    • Olav (1777-) målar i 1801

Då Atlak, nest eldste son, skulle gifta seg, i 1794, blei garden delt i to. Atlak fekk eine parten og avdøde eldstesonen Per sin son, Jo Persson, blei tildelt den andre parten. Som sin farfar med same namn var Jo berre ti år gamal då han skulle ta over, men han busette seg etter kvart Dør aust som blei hans part. I panteboka kan ein lesa at bruket allereie i lang tid hadde hatt utkomme til to familiar. Jo, som skulle dela bruket og jorda, argumenterte at bruket og jorda «med Trælsomhed og Vindskibelighed kand underholde tvende Familier».

-

  • Atlak Josson (1759-1827)
  • g. 1794 med Siri Knutsdotter Lindefjell (1776-1863)
    • Jo (1797-1797)
    • Torborg (1798-1799)
    • Torborg (1799-1842) g. 1817 m. Ingvor Karlsson Nedre Kvinlog (1792-1870) Sjå Nedre Kvinlog
    • Jo (1803-1866) Sjå nedanfor
    • Anna d. e. (1807-1869) g. 1843 m. Osu Osusson Lindefjell (1794-1871) Sjå Lindefjell
    • Knut (1810-1884) g. 1839 m. Anna Tronsdotter Veggeland (1816-1888) Sjå Årstøl
    • Anna d. y. (1814-1847) g. 1843 m. Gabriel Toresson Knibestøl (1814-1903) Sjå Knibestøl
    • Siri (1818-1818)
    • Tore (1819-1848) g. 1848 m. Siri Tolleivsdotter Knaben (1825-1896) Skulehaldar. Sjå Knaben

I 1841 gav Siri opp garden og overførte den «med hus og herligheder» til sonen Jo for 268 speciedaler og 24 skilling. I bytte skulle ho i tillegg ha folge som blei verdsett til 136 spd.

-

  • Jo Atlaksson (1803-1866)
  • g. 1840 med Ingeborg Jakobsdotter d. y. Lindeland (1811-1867) frå Dør framme
    • Siri (1844-1900) g. 1871 m. Andreas Torkelsson Seland (1843-1917) Sjå Dør aust
    • Joren (1847-1931) Ugift. Budde på Mygland
    • Andreas (1851-1917) Sjå nedanfor
    • Jakob (1856-1915) g. 1895 m. Torborg Andersdotter Jensen frå Greipstad (1873-1958) Målarmeister. Til Kristiansand

-

  • Andreas Josson (1851-1917)
  • g. 1876 med Karen Tonetta Torkelsdotter Seland (1850-1940)

Dei hadde ikkje born og selde garden i 1906 til Ole Salvesson og kona Helene Tolleisdotter.

-

  • Ole Salvesson Lindefjeld (1881-1917)
  • Helene Tolleisdotter Knaben (1877-1957)
    • Anna (1899-1900) g. 1923 m. John Egeland (1897-1972) Sjå Vigjebakken u/Fjotland
    • Torborg (1902-1995) g. 1930 m. Anton Netland (1906-1989) Sjå Netland
    • Sigrid (1905-1990) g. m. Anders Andersen Knaben (1900-1963) Sjå Knaben
    • Sigurd (1908-1938) Til USA
    • Gunhild (1911-1991) g. 1931 m. Ole Nøkland (1906-1951) Til Lyngdal
    • Tollef (1913-1992) Sjå nedanfor
    • Marie (1916-2009) g. 1939 m. Palmer Stakkeland (1915-1986) Sjå Nedre Stakkeland

Etter Ole døydde i 1917, dreiv Helene (Lena) garden vidare. Dei hadde bygd ny låve før Ole døydde, og der hadde ho ei ku og nokre geiter. Det blir fortalt om at det var eit strevsamt liv for ho å klara seg på garden som enke med sju born gjennom mellomkrigstida. I 1954 kom lyset og elektrisiteten til Lindeland, men Lena flytta frå Lindeland i 1955.

Om lag 1960 overtok Tollef garden.

-

  • Tollef Lindefjeld (1913-1992)
  • g. 1943 med Olivia Lovise Larsen (1915-1993)
    • Fire born

Familien flytta til Ytre Øye og heimegarden til Olivia. I 1974 overtok borna Lindeland som sameige. Det er Leif og Jorunn Karin som har hovudhuset, medan dei andre har bygd seg fritidsbustadar.

-

Dør aust

Bruk 2 – lnr. 670

Lindeland 52

Bruket kom til då Per Josson delte Dør heima i to bruk i 1794.

  • Jo Persson Lindeland (1784-1850) frå Dør heima
  • Ingeborg Adamsdotter Røyland (1789-1870)
    • Mari (1812-1867) g. 1834 m. Jo Torkelsson Risnes (1801-1894) Sjå Risnes
    • Anna (1815-1896) g. 1852 m. Per Isaksson Netland (1820-1895) Sjå Netland
    • Per (1817-1857) Sjå nedanfor
    • Andreas (1820-1890) g. 1853 m. Anna Tollaksdotter Åsen (1828-1896) Sjå Høydal
    • Karen Tonetta (1823-1897) g. 1844 m. Tosten Torgrimsson Seland (1812-1874) Sjå Seland
    • Joren (1826-1826)
    • Jo (1827-1827)
    • Joren (1830-1830)
    • Ingeborg (1831-) g. 1858 m. Sven Toresson Øvre Kvinlog (1833-1883) Reiste til USA. Sjå Øvre Kvinlog

-

  • Per Josson (1817-1857)
  • g. 1855 med Juliane Jakobsdotter Skaret (1832-1893)
    • Ingeborg (1856-1899) g. 1875 m. Per Tobias Ivarsson Stakkeland (1847-1925) Sjå Øvre Stakkeland

Per døydde tidleg, to år etter bryllaupet. Juliane gifta seg på nytt og flytta til Eiesland. Les meir om henne der. Ingeborg hadde odelsretten og dei heldt på garden og leigde han ut Olav Tobias Sørensson Gyland og Kolben Asbjørnsson Josdal og familiane deira. Då Ingeborg gifta seg og flytta til Stakkeland selde dei garden til Siri Josdotter frå Dør heima og mannen Andreas Torkelsson Seland i 1879. Samtidig blei fleire parsellar selde ut.

-

  • Olav Tobias Sørensson Gyland (1825-1870)[11]
  • g. 1858 med Karen Stålesdotter Heggland (1833-1906)
    • Johanne Sofie (1860-)
    • Søren (1861-1900) g. 1884 m. Karen Sofie Andreasdotter Lavstøl
    • Ståle (1863-1863)
    • Kristian (1863-1863)
    • Berte Sofie (1865-) g. 1895 m. Kornelius Jørgensson Maberg
    • Ståle (1868-) Til USA

Dei budde på Lindeland frå 1860-1863, før dei flytta heim til Gyland. Søren og Johanne Sofie er fødde på Lindeland.

-

  • Johanne Markusdotter Åsemoen (1822-)
  • g. med Kolben Asbjørnsson Josdal i Sirdal (1836-)
    • Ragnhild (1858-) fekk Oline Martine (1886-) med Olav Martin Andreasson Norås (1864-)
    • Inger Maria (1863-)

I 1865 var dei på Lindeland. I 1875 er familien nemnd på Fossdal under Fjotland.

-

  • Siri Josdotter Lindeland (1844-1900) frå Dør heima
  • g. 1871 med Andreas Torkelsson Seland (1843-1917)
    • Tobias (1873-) Til USA
    • Ingeborg (1877-1968) Ugift. Ho fekk sett opp eit lite hus på garden. Ho blei kalla «Ingeborg forsynemeg»[12]
    • Karen Tonetta (1879-1879)

Andreas blei kalla «Andreas Seland» for å skilja han frå svogeren. Dei parsellerte ut fleire stykke av garden, og i 1910 selde dei til Nils Tronsson Risøen (1840-1925) og Kari Tonetta Ivarsdotter Øvre Kvinlog (1851-1902). Les meir om denne familien under Risøya. Dottera Tøri budde her med familien sin.

-

  • Tøri Malene Nilsdotter (1885-1974)
  • s. m. Andreas Sigbjørnsson Moland (1881-1963)
    • Anton (1911-1977) g. m. Tonette Øksendal (1915-1999) Faren var i USA då Anton blei fødd. Til Øksendal i Sirdal og Kristiansand
  • g. 1918 med Oskar Abel Johannesen Torp (1875-1922)
    • Mikal Albert (1916-1963) g. 1939 m. Vigdis Skjærstad (1920) frå Øyslebø. Han vaks opp på Stakkeland. Krigsseglar. Sjå Stakkeland
    • Konrad (1918-2006) g. 1955 m. Lenuwkje (Jocke) (1931-2000) frå Amsterdam. Krigsseglar. Til Mandal.[13]
    • Tora (1920-2014) g. 1945 m. Andreas Øksendal (1919-2009)

Brørne Albert og Konrad var begge krigsseglarar og reiste ut saman i 1940 med D/S Drottningholm frå Gøteborg til New York. Men dei blei skilde då Konrad blei sjuk. Deretter valde Mikal Albert å verva seg i den norske marinen 12. mars 1941. Albert hadde òg hyre på fleire minesveiparar gjennom krigen. Begge brørne var til sjøs òg etter krigen.

Garden blei seld i 1927 etter Nils var død. Kjøparen var Tønnes T. Kvinlaug. Han overdrog garden til søstera Ingeborg og mannen Bernt. Skøytet blei ikkje tinglyst før i 1962.

-

  • Ingeborg Tønnesdotter Øvre Kvinlog (1896-1981)
  • g. 1919 med Bernt Johansson Homme (1893-1981)
    • Johan (1920-1988)
    • Tønnes (1922-2002) Sjå nedanfor
    • Johannes (1922-2001) g. 1951 m. Ingfrid Vik frå Sauda. Til Sauda[14]
    • Kåre (1926-2012) g. 1951 m. Brynhild Haraldsen (1933-2006). Til Kristiansand
    • Borgny Irene (1934-) g. 1954 m. Bjørn Ansgar Eie (1932-2020)
    • Magne (1936-) g. 1968 m. Grete Karin Larsen (1944-1977)

Sonen Tønnes kjøpte garden i 1975 mot fritt husvære for foreldra.

-

  • Tønnes Homme (1922-2002) Han var ugift.

-

Dør nord

Bruk 4 og 5/ lnr. 672

Lindeland 109

  • Eiel Larsson Lindeland (n. 1698- n. 1711)
  • [ukjent]
    • Mari (-1770) g. 1732 m. Salve Torgrimsson Fjotland (-1770) Sjå Fjotland
    • Per (1694-1765) Sjå nedanfor

-

  • Per Eielsson (1694-1765) g. 1721
  • Alette Persdotter Lindeland (-1782)
    • Eiel (1726-1805) Sjå nedanfor  
    • Berte (-1749) g. 1746 m. Jakob Eielsson Mydland i Gyland (-1752) Til Gyland[15]
    • Karen (1729-1795)  
    • Karen (1730-1808) g. 1753 m. Reier Sigmundsson Engedal (1730-1808) Sjå Engedal
    • Per (1735-)
    • Per (1738-)

-

  • Eiel Persson (1726-1805)
  • g. 1749 med Torborg Larsdotter Lindhommen (1727-1799)
    • Asgerd (1750-1829) g. 1769 m. Ståle Øysteinsson Engedal (1730-1810) Sjå Engedal
    • Alette (1754-1831) g. 1789 m. Atlak Atlaksson Haddeland (1753-1809) Sjå Haddeland
    • Per (1760-1827) Sjå nedanfor
    • Kari (1761-1833) g1. 1782 m. Jo Tollaksson Vordal (1750-1790), g2. 1791 m. Torgrim Torgrimsson Eikeland (1760-1825) Sjå Vordal
    • Asgerd (1764-)
    • Lars (1765-1785)
    • Torborg (1771-1841) g. 1793 m. Ståle Olsson Knaben (1765-1808) Sjå Knaben

Sonen Per overtok bruket i 1796 i bytte mot folge for faren og mora.

-

  • Per Eielsson (1760-1827)
  • g1. 1795 med Dorte Annbjørnsdotter Ytre Åsen (1754-1797)
    • Ingen born
  • g2. 1801 med Torborg Ingvorsdotter Nedre Kvinlog (1763-1844)
    • Torborg (1803-1877) Sjå nedanfor

Torborg Persdotter (1803-1877) g. 1827 m. Gunnu Nilsson Eiesland (1805-1855) hadde garden frå 1827, men etter kort tid flytta dei til heimegarden til Gunnu. Les om familien under Eiesland. I perioden om lag 1830-1835 leigde dei til Olav Tostensson Røyland (1798-1866) g. 1824 m. Siri Torjesdotter Førlandsås (1802-1864). Les meir om dei på Røyland.

I 1835 kjøpte Børel Jakobsson Lindeland frå Dør framme garden for 750 speciedaler.

-

  • Børel Jakobsson Lindeland (1807-1897)
  • g. 1828 med Anna Persdotter Stakkeland (1811-1873)
    • Jakob (1830-1910) g. 1856 m. Anna Toresdotter Narvestad (1835-1904) Sjå Geiskeli under Øvre Kvinlog
    • Joren (1834-1835)
    • Per (1836-1901) Sjå nedanfor
    • Joren (1842-1927) g. 1865 m. Olav Torjesson Røynebu (1843-1922) Sjå Røynebu
    • Jette Maria (1847-1927) g. 1867 m. Ståle Torkelsson Seland (1837-1909) Sjå Dør framme
    • Olav Andreas (1851-1903)

-

  • Per Børelsson (1836-1901)
  • g. 1870 med Ingeborg Sigmundsdotter Seland (1846-1936)
    • Anna (1871-1955)
    • Gunvor (1873-1956) g. m. Gustav Tau
    • Børel (1875-1877)
    • Børel (1877-1966) Sjå nedanfor
    • Simon (1881-) Til USA
    • Nils (1883-1952) Til USA[16]
    • Peder Johan (1886-1944) g. 1915 m. Siri Tolleisdotter Netland (1886-1971) Sjå Netland

-

  • Børel Persson Lindeland (1877-1966)
  • g. 1903 med Karen Tonetta Torgrimsdotter Seland (1878-1958)
    • Peder (1904-1977) Arbeidde som «floorlegger» i New York 1927-51.
    • Teodor (1907-1982) Arbeidde i Knaben Gruver
    • Ingvald (1909-1990) Arbeidde i Knaben Gruver
    • Johannes (1914-1996)  
    • Ingeborg (1919-2006) g. m. Nils Ånonsen Voilestøl (1911-1976) Sjå Knaben gruvor
    • Inga (1923-2005)

Dei bygde nye hus i 1914. Johannes dreiv garden saman med søstera Inga etter at foreldra døydde og fram til 1994. Ingeborg flytta heim til Lindeland i 1981 då ho gjekk av med pensjon.[17]

-

Dør framme

Lnr. 671/ Bruk 7

I 1654 var det to skattebetalarar på Lindeland, og ein kan rekna med at garden blei delt det året. Den eine av brukarane var Andres Olsson.

  • Andres Olsson Lindeland (n. 1654- n. 1659)  
  • Anna Syvertsdotter Spikkeland (n. 1686-d. 1696)
    • Joren (1645-1742) Sjå nedanfor
    • Anna g. m. Lars Torkelsson

-

  • Joren Andresdotter (1645-n. 1742)
  • Jo Olsson Li frå Gyland (n. 1669-n. 1711)
    • Jakob (-1696) g. m. Siri Knutsdotter (n. 1696)
    • Olav (1678-1728) Sjå nedanfor
    • Anna (-1736) g1. m. Per Tollaksson Seland (1681-1731), g2. 1732 m. Jesper Persson Øvre Kvinlog (1697-1793) Sjå Dør heima
    • Ellen g. 1712 m. Jo Tollaksson Haugland  

Jo var i klammeri med Øystein Hoskuldsson på Engedal i 1681, og fikk ein knivskade av han. Sonen Olav overtok garden i 1698.

-

  • Olav Josson (1678-1728)
  • g1. med Berte Helgesdotter Øvre Kvinlog (-1699)
    • Berte (1699-d. f. 1728)

Berte H. døydde truleg i barselseng. Skikken var at barnet skulle få namn etter ein av foreldra dersom vedkommande døydde før barnet blei fødd.

  • g2. med Siri Asbjørnsdotter Espetveit i Bakke (-1727)
    • Berte (1704-)
    • Jakob (1708-1795) Sjå nedanfor
    • Torborg (1711-)
    • Asbjørn (1714-1782)
  • g3. 1727 med Ingeborg Sigbjørnsdotter Røynestad
    • Siri (1728-1809) g. 1752 m. Tore Larsson Moland (1731-1809) Sjå Midt Røynestad

-

  • Jakob Olsson (1708-1795)
  • g1. 1729 med Ingeborg Alvsdotter Lyding (-1762)
    • Tøri (1730-)
    • Olav (1732-1792) Sjå nedanfor
    • Alv (1735-)
    • Alv (1737-1797) g. 1766 m. Ragnhild Torgrimsdotter Eikeland (1742-1808) Sjå Eikeland
    • Anders (1741-1772) Sjå nedanfor  
  • g2. 1765 med Joren Reiersdotter (-1782)
    • Ingen born

Joren hadde vore gift med Ståle Atlaksson Haddeland tidlegare, men det er uklart kor ho var fødd.

-

  • Anders Jakobsson (1741-1772)
  • g. 1770 med Siri Persdotter Stakkeland (1750-1834)
    • Jakob (1772-1772)

Anders var soldat då dei gifta seg i 1772. Dei budde på bruket saman med broren til Anders, Olav. Siri, enka etter Anders, gifta seg att og flytta til Vordal. Sjå meir om henne der.

  • Olav Jakobsson (1732-1792)
  • Anna Persdotter Stakkeland (1742-1824)

Dei hadde ingen born og let over garden til brorsonen Jakob.

-

  • Jakob Alvsson Eikeland (1766-1857) g. 1792
  • Joren Børelsdotter Eiesland (1772-1847)
    • Ragnhild (1793-1823) g. 1814 m. Ståle Larsson Knaben (1791-1841) Sjå Knaben
    • Liv (1796-1818)
    • Ingeborg d. e. (1799-1831) g. 1820 m. Markus Eriksson Åsemoen (1794-1845) Sjå Åsemoen
    • Alv (1802-1802)  
    • Olav (1803-1803)
    • Alv (1804-1876) Sjå nedanfor
    • Børel (1807-1897) g. 1828 m. Anna Persdotter Stakkeland (1811-1873) Sjå Dør nord
    • Ingeborg d. y. (1811-1840) g. 1840 m. Jo Atlaksson Lindeland (1803-1866) Sjå Dør heima
    • Joren (1815-1878) g. 1854 m. Tobias Børelsson Kvinog (1829-) Til USA

Jakob var son av Alv Jakobsson Eikeland som var broren til dei to føregåande brukarane.  

Då Alv blei gift og flytta til Stakkeland, var det nesteldste sonen Børel som overtok garden mot ei folgekontrakt for foreldra. Men eldestesonen Alv kom tilbake og overtok garden og folgekontrakta i 1833.

-

  • Alv (1804-1876) g. 1828 m. Inger Maria Persdotter Stakkeland (1805-1869), skild 1833. Alv og Inger Marie busette seg først på Stakkeland og fekk to born der, men ekteskapet gjekk ikkje godt. Dei skilde seg og i 1833 flytta Alv attende til Lindeland der han tok over farsgarden. Les meir om familien under Stakkeland. Eldstedottera Joren overtok garden.

-

  • Joren Alvsdotter Stakkeland (1829-1866)
  • g. 1864 med Ståle Torkelsson Seland (1837-1909)
    • Jakob (1866-1866)

Joren døydde i barselseng. Garden blei overført til Ståle året etter, mot at han skulle ta seg av svigerfaren.

Ståle gifta seg opp att med:

  • Jette Marie Børelsdotter Lindeland (1847-1916) frå Dør nord
    • Jakob Andreas (1868-1940)
    • Tønnes (1871-1871)
    • Karen Tonetta (1872-1932)
    • Torkel (1876-1876)
    • Anna (1877-1881)
    • Torkel (1880-) Til USA
    • Børel (1883-1883)
    • Anna (1884-1886)
    • Bernt Andreas (1888-1945) Sjå nedanfor

Buet etter Ståle var tynga av gjeld, og Jette Marie måtte selja garden til banken. Garden blei kjøpt av Karen og Sigbjørn Moland, som hadde garden frå 1910-1918. Les meir om deira familie under Moland. Dei selde frå mykje av utmarka, parsellen som blei kalla Novassli. I 1918 vann Bernt Andreas Lindeland retten til å kjøpa garden att på odel.

-

  • Bernt Andreas Stålesson Lindeland (1888-1945) vann odelen på garden i 1918. Han dreiv garden saman med søskena sine, Jakob Andreas og Karen Tonetta. I 1924 kjøpte Børel Person Lindeland på nabobruket Dør nord også dette bruket. Søskena fekk bu ei stund her fram til 1935. Då var Karen Tonetta død og dei to brørne budde hjå Karen Tonetta Torkelsdotter på nabobruket Dør heima. I 1938 fekk dei kjøpt eit lite hus som dei sette opp på garden. Dei budde der ut tida si. Joren Solesli (1879-1977) budde i huset frå 1945.[18] Huset har i dag adresse Lindeland 80.

-

Ikkje plasserte

  • Halvor Toresson (1628) var på Lindeland i 1664.

-

1037 Kvinesdal komm.png Lindeland (Kvinesdal gnr. 181) er ein del av Bygdebokprosjektet for Kvinesdal med Amund Pedersen som forfatter, og er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Kvinesdal kommune er eit samarbeid mellom forfattaren og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen.

 


Litteratur og kjelder

  1. Hans Try, «Om Utskyld og eventyr» i Rikssamlingstid på Agder, Agder historielag 1976, s. 57ff.
  2. Les meir i Asgaut Steinnes «Utskyld» i Historisk tidsskrift, 1953 og Asgaut Steinnes Husebyar, Oslo 1954.
  3. Kulturminnesok.no; Gamle Lindeland
  4. Mange bekker små. Kulturminner langs Kvinavassdraget. Red: Anne-Berit Erfjord, Johannes Hamre og Harald Aamodt. Utg. Kvinesdal historielag. 2004. 416 s. ISBN 82-997037-0-0. Digital versjonNettbiblioteket, s. 79
  5. Seland, Per: Sirdal, 3. Utg. Kommunen. Tonstad. 1988. Digital versjonNettbiblioteket, s. 348
  6. Seland, Per: Kvenåsen krets i Fjotland. Utg. [Forfatteren]. Oslo. 1980. Digital versjonNettbiblioteket, s. 212
  7. Seland, Per: Kvenåsen krets i Fjotland. Utg. [Forfatteren]. Oslo. 1980. Digital versjonNettbiblioteket, s. 312
  8. Seland, Per: Kvenåsen krets i Fjotland. Utg. [Forfatteren]. Oslo. 1980. Digital versjonNettbiblioteket, s. 212
  9. Les meir om rettssakene i Kvenåsen, Digital versjonNettbiblioteket, s. 213ff
  10. Seland, Per: Kvenåsen krets i Fjotland. Utg. [Forfatteren]. Oslo. 1980. Digital versjonNettbiblioteket, s. 218
  11. En del info om denne familien er henta frå Gyland 2008, s. 40-41
  12. Seland, Per: Kvenåsen krets i Fjotland. Utg. [Forfatteren]. Oslo. 1980. Digital versjonNettbiblioteket, s. 240
  13. Aage A. Wilhelmsen – Sjømenn i krig. Krigsseilerne forteller. 2009
  14. Informasjon om ein del av borna er henta frå Kvernåsen, Digital versjonNettbiblioteket, s. 241
  15. Gyland 1, s. 525
  16. Seland, Per: Kvenåsen krets i Fjotland. Utg. [Forfatteren]. Oslo. 1980. Digital versjonNettbiblioteket, s. 231
  17. Agder, 13. august 2001, s. 10
  18. Seland, Per: Kvenåsen krets i Fjotland. Utg. [Forfatteren]. Oslo. 1980. Digital versjonNettbiblioteket, s. 254