Strandestøyl (Bykle gnr 17/62)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 2. des. 2014 kl. 09:44 av Cnyborg (samtale | bidrag) (Ny side: {{Infoboks gard | målform = nn | bgfarge = | navn = Strandestøyl | bilde = | bildetekst = | altnavn = | førstnevnt = | ryddet = om...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Strandestøyl
Rydda: omkr. 1950
Utskilt: 1974
Stad: Trydal
Sokn: Bykle
Fylke: Aust-Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 17
Bnr: 62
Type: Bustadeigedom

Strandestøyl i Trydal ligg midt på Trydalsstrondi, mellom Kåvehagjen og Bergsflottåkeren. Det var Salve O. Trydal, eldste son åt Olav S. Trydal på Strondi, bnr 5, som sette seg opp hus her kring 1950. Tomta gjekk ut frå Storstein då, men vart ikkje matrikulert fyrr i 1974, derav det høge bruksnummeret.

  • Salve O. Trydal, f 1923, d 1965
g 1951 m Marta Nilsine Løyte, f 1925, d 1999. Born:
  • Ragnhild, f 1951 g m Nils Uleberg, busett Moisund, Hornnes
  • Anne Brita, f 1955 g 1973 m Rune Thorsen, Drangedal, f 1950, busett Kragerø
  • Eivind f 1960, g m Kari Glomsaker, sjå nedanfor

Marta Nilsine kom frå Gjerstad. Ho var dotter åt Ole Olsen Løyte og kona, Anne Kristine Ommundsdotter.

Salve O. Trydal dreiv drosjeforretning i alle år. I 1951 overtok han Storstein, bnr 3, etter farbroren Eivind Såvesson. Sonen overtok huset her etter at mora døydde.

  • Eivind S. Trydal, f 1960
g 1998 m Kari Glomsaker, f 1968. Born:
  • Martha, f 2000

I yrkeslivet vekslar Eivind mellom skulebusskøyring og snikkararbeid. Kari er lærar, og arbeider i Valle. Ho er frå Evje, og dotter åt Svanhild og Roald Magne Glomsaker

Eivind eig også Storstein, bnr 3, som han overtok frå faren i 1974.


0941 Bykle komm.png Strandestøyl (Bykle gnr 17/62) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder