Thomas Olai Bloch (1647-1717) var prest i Moland kyrkje i Fyresdal frå 1672 til 1717 og prost i Øvre Telemarken Prosti frå 1701–1717.

Thomas Bloch måla i 1706
Foto: Ukjend kunstnar / Foto: Olav Momrak-Haugan 2003

Prost Qvisling skriv at dette målarstykket skal ha vore ein del av eit altarbilete i den eldre kyrkja. På den nedre delen av oljemåleriet står skrive:

”Gud til Ære og Menigheden til Opljusning om wores trofaste frelseris Jesu Christi smertefulde lidelse, Pine oc død, oc hans dyrebare blods udgydelse til ales ævige forløsning, Haver Jeg Thomas Bloch, Provst ofver Øffre Tellemarchens Provstie oc Sogne Prest for Fyrrisdals Prestegjeld ladet gjøre dette Schilderie oc det til denne Fyrrisdals Hoved Kirke foræret. Den 7de Aprilis Anno 1706.”

Abel seier i fylgje J. L. Qvisling: "Denne kontrafei er ham så lig, som han gik paa jorden."

Kjelder

  • Qvisling, J. L. Fyresdals historie. Rasmussen & Aarhus’ boktrykkeri. Skien 1912, ny utgåve 2001. (Om Bloch på s. 133 i fyrste del.)