Thomas Bloch

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Thomas Bloch måla i 1706
Foto: Ukjend kunstnar / Foto: Olav Momrak-Haugan 2003

Thomas Olai Bloch (1647-1717) var prest i Moland kyrkje i Fyresdal frå 1672 til 1717 og prost i Øvre Telemarken Prosti frå 1701–1717.

I denne kyrkja har ein eit epitaf over presten Thomas Bloch. Prost Qvisling skriv at dette målarstykket skal ha vore ein del av eit altarbilete i den eldre kyrkja, i den nye hang det på ein vegg i skipet der fotografiet er tatt. På den nedre delen av oljemåleriet står skrive:

”Gud til Ære og Menigheden til Opljusning om wores trofaste frelseris Jesu Christi smertefulde lidelse, Pine oc død, oc hans dyrebare blods udgydelse til ales ævige forløsning, Haver Jeg Thomas Bloch, Provst ofver Øffre Tellemarchens Provstie oc Sogne Prest for Fyrrisdals Prestegjeld ladet gjøre dette Schilderie oc det til denne Fyrrisdals Hoved Kirke foræret. Den 7de Aprilis Anno 1706.”

Abel seier i fylgje J. L. Qvisling: "Denne kontrafei er ham så lig, som han gik paa jorden."

I 2021 er dette epitafiet deponert til Vest-Telemark Museum for trygg oppbevaring, og i kyrkja heng det ein kopi i gallerigangen.

Fotogalleri

Kjelder

  • Taraldlien, Bendik. Fyresdal. Med bilæte. Fyrste utgåve 1910. Alb. Cammermeyers forlag
  • Veum, Lars (red): Kyrkjene i Fyresdal. Fyresdal sokneråd 2013. 143 s.
  • Qvisling, J. L. Fyresdals historie. Rasmussen & Aarhus’ boktrykkeri. Skien 1912, ny utgåve 2001. (Om Bloch på s. 133 i fyrste del.)