lokalhistoriewiki.no:Hovedside

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk

Månedens dugnad

Månedens dugnad blir et fast innslag på Lokalhistoriewiki framover. Hele wikien er et dugnadsprosjekt, og på denne måten vil vi gjøre brukerne kjent med mangfoldet i wikien. Mange opplever at de kan bidra med mer enn de trodde når de først tar seg en tur utafor vante stier. Vi tenker også at selv om brukerne på Lokalhistoriewiki er vant med dugnadsånd, er det ikke sikkert at de har tenkt på behovet for «digital løvraking», disse små ryddeoppgavene som gjør alt litt triveligere. Ved å ta tak i temaer eller områder som trenger litt omsorg kan vi også bidra til å skape bedre balanse i artikkelutvalget, gjøre små spirer til fyldigere artikler og rett og slett gjøre wikien enda bedre.

Frå Torget under Åker ved Hokksund. Hans Nielsen (omkr. 1822–1910) sit på tunet. Bilete frå Eiker Arkiv.

Husmannsdugnad! Det skal godt gjerast for ein nordmann å ikkje støyte på ein husmann når ein granskar ætta si grundig nokre ledd bakover. Slektsgransking kan såleis vere ein god grunn til å interessere seg for husmannsvesenet. Og det finst mange andre viktige grunnar. Det var eit fenomen som til dei grader har prega det norske samfunnet frå 1600-talet til det tidlege 1900-talet, og med etterverknader som kan sporast den dag i dag.

Landslaget for lokalhistorie har stilt seg bak eit prosjekt som vil trekkje fram husmannsvesenet på nytt, og spesielt belyse sider ved fenomenet som ikkje har kome så godt fram tidlegare. Det gjeld mellom anna regionale og lokale forskjellar, det gjeld kjønnhistorie og generasjonsforskjellar, yrkeskombinasjonar og mykje, mykje meir. Lokalhistoriewiki.no ønskjer å vere med på ein dugnadsinnsats for dette. Så vi oppfordrar brukarane, lek og lærd! til å skrive:

  • Biografiar over plassmenn, plasskoner så vel som dei som vart fødde på plassane, men som kanskje fekk ei anna framtid. NB! Nesten alle husmannsbiografiar så langt er om menn, men husmannskonene treng òg artiklar.
  • Om einskilde plassar – nedlagde så vel som slike som vart sjølveigde småbruk.
  • Om plassgrender
  • «Husmannsvesenet i bygda her» sjå t.d. Husmannsvesenet i Lørenskog
  • Avskrifter av kontraktar
  • Før opp manglande titlar i Bibliografi:Husmannsvesenet, T.D. frå lokalhistoriske årbøker
  • … og mykje, mykje meir

Smakebiter fra artiklene

Vangs Sparebank, der Statsarkivet i Hamar hadde tilhold 1917-58.
Foto: Jensens (Wikimedia Commons) 2008
Statsarkivet i Hamar (SAH) er en regional institusjon innen Arkivverket med ansvarsområde som omfatter fylkene Hedmark og Oppland. Statsarkivet markerer i 2017 sitt 100-årsjubileum. Det ble opprettet i 1917 under navnet Stiftsarkivet i Hamar, men endret navn i 1919, da stiftsarkivene fikk den nye betegnelsen statsarkiv. SAH skal primært ta vare på og tilgjengeliggjøre arkivmateriale fra den lokale statsadministrasjonen innen de to fylkene, men tar også i mot bevaringsverdige privatarkiver. Arkivet har i dag ca. 10 000 hyllemeter arkivmateriale, derav 600-700 hyllemeter privatarkiv etter bedrifter, foreninger og enkeltpersoner (ca. 300 enkeltarkiver). Av større privatarkiver kan nevnes brenneriene Løiten, Atlungstad og Strand, bankarkiver og arkivet til Rena Kartonfabrik A/S. Materialet strekker seg fra 1600-tallet til 1990-årene.   Les mer …

Jostedal kyrkje i 1926. Originalen finst hos Norsk Folkemuseum.
Jostedal kyrkje står ved Jostedøla i Jostedalen i Luster kommune i Sogn og Fjordane. Det er ei langkyrkje i tre som stod ferdig i 1660. Kyrkja er soknekyrkje i Jostedal sokn i Indre Sogn prosti, og var tidlegare hovudkyrkje i Jostedal prestegjeld. 1660-kyrkja er den andre kjende kyrkja på staden. Den fyrste var truleg ei stavkyrkje som vart bygd i mellomalderen, kanskje på 1200-talet. Mellomalderkykja er kjend frå to dokument daterte til 1318/19 og 1322/23 som fortel at Jostedalen hadde kyrkje og prest. Ein gong etter Svartedauden vart Jostedalen lagt øyde, og bygda vart truleg ikkje teken opp att før i andre halvdel av 1500-talet.   Les mer …

Per Vigstad, truleg ved hytta til A.I. Odden i Skjåk. Fotograf ukjent.
Per Vigstad (fødd i Skjåk 9. oktober 1867, død i Oslo 6. januar 1959) var skulemann, jurist og embetsmann. Han var tilsett i Kyrkje- og undervisningsdepartementet frå 1902 til han vart pensjonist i 1938. Som ekspedisjonssjef ved departementets avdeling for folkeskulevesenet frå 1919 stod han sentralt i arbeidet med å realisere einskapsskulen. Vigstad var oppvaksen i yttarste fattigdom. Som elleveåring flytta han heimefrå for å vere gjetargut på Vestlandet. Såleis visste han godt frå eiga livserfaring kor viktig det var å skape utvegar til fullverdig utdanning for alle og einkvar med evner og vilje til det.Foreldra var Anne Persdotter frå Larskvea under Nord i Lund i Skjåk (1830-1927) og Sylfest Syversen frå Blikka under Bakke i same bygda (1830-1887). Per var den femte av i alt sju sysken (eit av borna døydde som spebarn). Dei tre fyrste var fødde før foreldra gifta seg. Da den fjerde vart døypt 23. juni 1861, var foreldra nyleg blitt gift og budde på plassen Kvernroa under Holmork.   Les mer …

Ukas artikkel

Familien Skappel på Skapal i 1893. Simen Skappel nr. 2 frå venstre med foreldra Halvor og Julie nærast på hans venstre side.
Foto: Anton Øhre/Digitalt museum

Simen Skappel (fødd i Ringsaker 7. februar 1866, død i Oslo 15. juli 1945) var agronom, statistikar, landbruks- og lokalhistorikar. Mest kjend i ettertid er han for avhandlinga Om husmandsvæsenet i Norge frå 1922, som framleis er eit standardverk for studiet av emnet. Han stod sentralt i utviklinga av jordbruksstatistikken i dei fyrste tiåra av 1900-talet. Han var fødd og oppvaksen på Skapal, ein av dei største og beste gardane i Ringsaker. Foreldra var gardbrukarparet Halvor Skappel (1829-1906) og Julie fødd Flifleth (Hersoug) (1833-1909). Faren var mellom anna bankmann, ordførar og hadde ei rekkje andre tillitsverv, engasjert i Venstre-rørsla frå 1870-åra. Det er openbert at Simen Skappel må ha hatt mykje erfart kunnskap frå oppveksten både om landbruk og sosiale forhold som skulle kome han til nytte i hans yrkesgjerning.Les mer...

Ukas bilde

Fredriksten Camping, Halden. - no-nb digifoto 20160511 00187 NB NKF P 01 B 039.jpg
Fredriksten camping i Halden i Østfold sommeren 1966. Bildet er hentet fra Nasjonalbibliotekets bildesamling.

Halden,
Foto: ukjent


Om lokalhistoriewiki.no

lokalhistoriewiki.no er en fag- og forskningswiki som drives av Norsk lokalhistorisk institutt (NLI) ved Nasjonalbiblioteket. Wikien har rundt 1 million besøk i året, og vi ønsker både at leserne skal møte et best mulig produkt og at wikien skal fungere som et laboratorium. Her skal aktive brukere med et mangfold av bakgrunner få eksperimentere og prøve seg fram. Det skal også være lov å feile uten å bli hengt for det. Vi mener at alle har noe å lære av alle. Om vi er fagfolk på et område, er vi amatører på andre.

Wikien har akkurat nå 44 583 artikler og 164 853 bilder. Om du vil bidra med å skrive, redigere eller laste opp bilder, er det bare å registrere seg som bruker! Hvis du trenger starthjelp, kan du ta en titt på Nybegynnerbrosjyren eller hjelpesidene. Ta gjerne kontakt med Norsk lokalhistorisk institutt. Du finner oss i Siste endringer og via ansattsidene våre!

Les mer...