Åmelfot notlag – Notbruk i Dalsfjorden (Volda)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
MB «Levan» 1950-1951.

Åmelfot notlag vart truleg skipa på midten av 1930 åra. Det har sikkert eksistert notbruk i Åmelfot langt attende i tida, men ein manglar skriftlege kjelder på det.

Sverre Lyngnes skriv i boka Dalsfjord gard og ætt om notbruka i indre Dalsfjord, og nemnar at Dalsfjordingane endåtil hadde vore utabygds – i Østefjorden/Austefjorden – på sildefiske.

Parteigarane i det nye notlaget

  • Rasmus H. Åmelfot, f. 1887, Martingarden
  • Sverre E. Åmelfot, f. 1904, Massagarden (notbas)
  • Rasmus O. Åmelfot, f. 1882, Peragarden
  • Sivert K. Åmelfot, f. 1885, Samundegarden
  • Per J. Vassbakke, f. 1904, Jogarden (Vassbakke)
  • Daniel Selbervik, f. 1894, Jogarden (Åmelfot)

Båtane i Åmelfot notlag

«Gamlespelbåten»

Den første notbåten var ein gavlbåt med to keipepar. Dette var ein «snidbetning», og etter det ein veit kom den frå Høydal notlag rundt 1937-38, då laget i Åmelfot vart skipa. Den er truleg bygt av Sjur Straume (Straumshamn) ved hundreårsskiftet 1800/1900. Denne båten vart seinare nemnt «Gamlespelbåten», og var i bruk i Åmelfot til ut i 1960-åra. Den har såleis vore ein trugen «slitar» for notlaget. Snidbetningen var brukt til storenota, og det var vanlegvis 3 mann som rodde når dei sette nota.

Båten hadde desse måla: Lengste lengde målt etter senterlinje i riphøgde er 5.4 m til senter notrull bak. Største breidde 1.94 m og djupte 0.65 m. Breidde og djupte er målt ved speltofta som er 3 m frå forstamnen. Breidde på spegelen er 1.55 m og høgda er 0.38 m.

Båten hadde 2 par keipar, minste åreparet var på framkeipane og kunne høve for ein mann. Bakårane høvde vel best for ein mann på kvar åre. Spantet for speltofta kan sjå ut som det er kappa ned til ripa på eit seinare tidspunkt. Truleg har spjakespelet vore lagra der. Når mekanisk spel vart montert på tofta så er nedkappinga av spantet forståleg.

Færingane

Utanom «Gamlespelbåten» måtte dei ha hatt fleire store færingar til bruk til stengjenøter. Dette utstyret var i bruk fram til 1946. I 1947 kjøpte dei notbruk frå Vatnelaget i Vatne. I kjøpet var det med spelbåt, basbåt, storenot og stengjenot. Dei to båtane som var med vart kalla «Grønen» og «Gulen» etter fargen på båtane. «Grønen» var den største på 20,3 fot, og den vart brukt til å setje storenota frå. Den hadde septer på sidene som notrullen låg i. Når dei sette nota var det 3 mann som rodde, og ein mann sveiva ut nota. Det var vanlegvis Hans R. Åmelfot som hadde denne jobben. «Grønen» var registrert med M 27 D. «Gulen» vart av og til brukt som spelbåt, men vanlegvis som basbåt.

«Levan» / «Gimbra»

Hausten 1951 kjøpte Åmelfot notlag brukt notbåt (gavlbåt) frå Holsvik notlag i Austefjorden.[1] Det var ein gavlbåt på 25 fot, breidde på 8 fot og djupte på 5 fot. Den var utstyrt med ein 8-10 hk Levahn oppfyringsmotor frå 1919. Båten var opprinneleg bygt i 1924 som klinkerbygd robåt, men vart ombygt i 1936 til gavlbåt. Han fekk no innsett motor. Reg.nr. M 10 VA.

Det var Rasmus Løfoll som var leiaren i Holsvik notlag. Namnet på båten i Holsvika var «Levan» – med utnamnet «Gimbra» – det årsgamle dyret av sau som framleis fyl mor si. Før han fekk motor, vart han slepa av «Rollo» fordi kvart notlag før 1937 berre fekk ha ein forbrenningsmotor.

Då båten kom til Åmelfot fekk han nytt reg.nr., og no M 27 D. Han vart registrert i fiskeriregisteret 10/5-1952 med namnet MB «Gimbra». I åra framover var det denne båten og nemnde notutstyr som vart brukt. Ved kommunesamanslåinga med Volda i 1964 vart reg. nr. endra til M 128 VA, men med same eigar. Etter det vart den ombygt i 1952, og fekk no styrehus og lugar framme. Det var Jon E. Åmelfot og Rasmus O. Åmelfot som stod for dette arbeidet

Båten vart brukt med landnot i konkurranse med fleire landnotlag i indre Dalsfjord.

Levan/Gimbra vart seld til ein mann i Bremanger rundt 1976. Då hadde den nye eigaren sett inn ein annan motor. Levahnmotoren står i dag ihoprusta i notanaustet på Vauleneset.

«Sputnik»

Vinteren 1958-59 vart det kjøpt brukt basbåt frå Herøy. Den fekk namnet «Sputnik» og hadde ein Marna bensinmotor på 8-11 hk. Det var endåtil ekkolodd i båten, som var 16 fot. Han vart seld til Peder Stave. På slutten av 1960-talet vart den seld ut frå Dalsfjorden.

Nøtene i Åmelfot notlag

Storenota som dei brukte ombord i tidlegare nemnde snidbetningen (gamlespelbåten), som dei fekk midt i 1930 åra, var på ca. 90 famner og omlag 14 famner djup. Utover denne hadde dei eit par stengjenøter. Som nemnt ovanfor kjøpte dei brukt notbruk frå Vatne (Vatnelaget) i 1947. I dette kjøpet var med storenot på 100 famner og djupte på 18 famner. Vidare var her med nokre stengjenøter og orkastenot på ca. 25 famner. Den siste var brukt til å kaste inne i stengjenota når ein skulle levere fangst.

Det fanst også ei gamal seinot tilhøyrande notbruket. Eigarane gjorde eit storarbeid då dei forlengde denne nota og sette inn mindre lin i «bussen». Den vart no på 145 famner lang og 15 famner djup, men denne nota vart brukt berre i eit kast på inste Løvikbugen. Bandet i «jeilane» (dvs. landendane på nota, eit stort band/store mauskar/maskar i sildegarnstørrelse, som gjer at silda går seg fast, som i eit sildegarn) var så stort at silda «netja» seg, så nota gjekk til botns. Det vart eit storarbeid med å tine (dvs. riste/plukke silda ut av mauskane) silda ut av nota.

Notarbeid

Kvar vinter, seinhaustes, samlast karane i notlaget på «MassaJohuset» (sjøhuset til MassaJo) for å bøte og skifte ut notlin (namn brukt på notdelen, berre mauskane/maskane). Dette kunne naturlegvis vere eit storarbeid om her var rive i nota.

Årvisst måtte dei også ha nøtene til barking (impregnering - laga på turr bjørkebork - og litt anna som tjøre-stoff som ein gav eit oppkok). På 1950 talet vart det slutt på å barke nøtene sjølve, for då fekk ein gjort dette i Spjelkavikområdet, på dei store notbøteria der, som Hjellens notbøteri.

Levering av sild

Når ein leverte sild til guano vart det målt i hektoliter. Til ansjos vart silda levert i skjepper. Ei skjeppe er ca. 20 liter. Det gjekk såleis 5 skjepper pr. hekto-liter. Var silda levert til agn var målet hektoliter, men den vart så lagt over på brett for ising.

Før 1950 var det vanleg at båt frå Christian Bjelland kom direkte frå Stavanger for henting av sild. Dei hadde med tomtynner og tynner med ferdig krydderblanding (krydde/salt/sukker). Ein brukte å halde til på kaia i Åmelfot og la ned kryddasilda i tynner. Ei lita historie om dette: Det hende at ei tynne med ferdigblanda krydde vart skada under transport. Då kunne bygdefolket overta kryddeblandinga gratis, og dette var naturlegvis populært.

Notanaustet

Det første notanaustet var oppsett på Vauleneset. Når dette var bygt veit ein ikkje sikkert. Her var trekrokar som ein hengde kavl og grunn på, men notlinet vart hengt på små jarnkrokar. I det gamle notanaustet var det støypt eit kar for barking av nøter. Der var også ein rund «treså» på ca. 3 m³. Borken - stort sett teken på eigen skog i Åmelfot - var naturlegvis av bjørk. Blandinga kunne vere tilsett andre impregneringsstoff og gjerne kokt for å få fram den beste impregneringsstyrken. Å barke nøter var eit skikkeleg «griseri».

Nytt notanaust vart bygt vinteren 1951-52. Dette var oppsett på gamlenausttomta, og deler av det gjekk inn i nybygget. Størrelsen var 19 x 6,2 m. I tillegg del av gamlenaustet 15 x 2,9 m.

Oppe på bitane var det rullar som nota vart ført innover på ved henging. Rullane vart sveiva for hand. Når båtane skulle inn om hausten vart nøtene lagra oppe på bitane.

Notanaustet står også i dag. Det vart restaurert i 2009, og her vart då skifta ein del takplater og deler av kledninga på veggane. Ståle Åmelfot (f. 1950) og Arvid Eidså (f. 1928) var pådrivarar i dette arbeidet.

Andre notbruk i Åmelfot

I indre Åmelfot fanst tidlegare også eit anna notlag. Dette er truleg det eldste notlaget i Åmelfot, men her var det berre 3 parteigarar. Når dette laget var skipa veit ein ikkje sikkert. Notanaustet stod ved nausta i indre Åmelfot.

Parteigarane i notlaget

  • Sverre E. Åmelfot, f. 1904, Massagarden (notbas)
  • Rasmus H. Åmelfot, f. 1887, Martingarden
  • Daniel Selbervik, f. 1894, Jogarden. (Rasmus Nordal), f. 1886, Jogarden

Som ein ser var dette berre eit 3-mannslag, og difor vart laget på folkemunne kalla «Trettelaget». Dei hadde ei relativt lita not på ca. 50 famner. Notbåten var ein robåt med spegel bak.

Då Åmelfot notlag vart skipa, gjekk dei 3 karane nemnde ovanfor inn som parthavarar i det nye notlaget, men det hende dei også kunne ta eit kast med si eiga not, dersom alt låg til rette for det, og nota vart brukt både til sild, brisling og makrell.

Fotnote

Kjelder og informantar

Lokale informantar for Notbruk i Dalsfjord

  • Jakob Koppen
  • Olav H. Velsvik
  • Robert Welsvik
  • John Thorvik
  • Jon J. Kornberg
  • Sverre Kvangarsnes
  • Ivar A. Sætre
  • Andè Sætre
  • Solfrid Nautvik
  • Asbjørn Åsebø
  • Ola S. Løvik
  • Lauritz S. Løvik
  • Lars K. Løvik
  • Ola K. Hjelle
  • Arvid Rossetvik
  • Annfred Lillenes
  • Einar Furnes
  • Bjarne Myklebust
  • Olav Dalebø
  • Jarle Dalebø
  • Harald Mårstøl
  • Jostein Mårstøl
  • Norvald Mårstøl
  • Åsta Mårstøl
  • Arvid Eidså
  • Rolf Eidheim,
  • Arne Eidset
  • Harald Eidset
  • Jon M Steinsvik
  • Hans J. Steinsvik
  • Svein Øverberg
  • Bjarne Drivdal
  • Nils Jakob Drivdal


Ekset, Møre og Romsdal - Riksantikvaren-T314 01 0069.jpg Åmelfot notlag – Notbruk i Dalsfjorden (Volda) er ein del av prosjektet Kulturminneregistrering i Volda og er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Artiklar i Kjeldearkivet skal ikkje endrast, bortsett frå at lenkjer kan leggjast inn.
Fleire artiklar finn du i denne alfabetiske oversikten og på prosjektforsida.