Almuevennen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Framsida på siste utgåva av Almuevennen.
Foto: fotograf/kilde

Almuevennen var eit illustrert vekeblad grunnlagt i 1849 av Christian Johnsen. Fyrste nummeret kom ut den 6. januar 1849, det siste juleaftan 1892. Det gjekk frå 1893 inn i det konservative Fædrelandet, som frå da av heldt fram som dagsavisa Landsbladet. Johnsen var eigar av og redaktør i Almuevennen gjennom alle dei 44 åra bladet eksisterte. Han skreiv også eigenhendig ein stor del av stoffet. Bladet vart heile tida trykt i Kristiania, men vart i åra 1849-1853, inntil Johnsen flytta til hovudstaden, redigert i Stavanger.

Almuevennen hadde som føremål «Oplysnings Fremme blandt Menigmann». I Salmonsens leksikon (1915) heiter det om bladet at det «i 1850-60'erne [var] et af de betydeligste Presseforetagender i Norge saavel m.H.t. politisk Indflydelse hos Almuen som til økonomisk Udbytte.» I glansperioden ca. 1870 kom opplaget opp i 22 000 eksemplar. I tillegg til hovudbladet kom fyrst veketillegget Adressebladet frå 1855, frå 1888 med to utgåver i veka. Som bonus til abonnentane kom ei illustrert bok kvart år under serietittelen Almenlæsning (1873-1888). Frå 1876 kom også Følgeblad til Almuevennen to gonger i veka.[1] Frå 1870-åra av gjekk utbreiinga noko attende, mellom anna som følgje av konkurransen frå Søren Jaabæks Folketidende

Typografen og sosialistpioneren Christian Holtermann Knudsen byrja i 1870 ved trykkeriet til Almuevennens trykkeri. Han vart faktor der frå 1878, men slutta da han starta sitt eige blad Vort Arbeide i 1884.

Til å byrje med var Almuevennen rekna som eit liberalt blad, seinare gjekk det i meir konservativ retning i pakt med endringar i det politisk grunnsynet til redaktøren.

Referansar

  1. Halvorsens forfatterleksikon (1892).

Kjelder og litteratur