Anne Malene Skjeie

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Anne Malene Skjeie (fødd 26. oktober 1901 på garden Dør Nere (lnr. 693) på Risnes i Fjotland, død 28. juli 1982), kjent som "Malena" var telefonstasjonstyrar og lokalpolitikar. Foreldrene hennar var Jakob Olson Risnes (1864-1948) og Antonetta Torusdotter Eigeland. Ho vart gift med Karl Ommundson Skeie (1907-1978) og fekk tre born.

I 1937 kjøpte ho garden Dør Nere (bnr. 3) av broren Alv Jakobsen Risnes, då han flytta til Vågsbygd.[1]

I 1918 byrja ho å arbeide ved Risnes sentral i Fjotland. I 1935 fekk tok ho over styringa av sentralen. Frå 1. januar 1948 styrte ho også postkontoret på Risnes, i tillegg til å ha styrt det i 15-20 år før då det hadde status av brevhus.[2]

På kommunestyremøte i Fjotland i slutten av 1949 foreslo Einar Wirak å danne ei nemnd for innsamling av frivillige bidrag til sjukehuset (flekkfjord?). Dette vart vedtatt og Malene var ei av dei som vart valt til å sitte i denne nemnda.[3]

I kommunevalet i 1955 vart Malena historisk då ho vart den fyrste kvinna som vart valt inn i Fjotland heradsstyre. Ho fekk 170 stemmer og vart den fjerde og siste innvalte representanten til KrF.[4]

Ho vart deretter også valt som domsmann.[5]

Malena vart ein talsperson for den øvre delen av bygda og jobba blant anna for betre vegar. I møte 31. mars 1958, talte og stemte ho blant anna for å få ein raskast mogleg start på arbeid med Salmelidvegen.[6]

I 1959 fekk ho fornya tillit då ho igjen vart valt inn i Fjotland heradsstyre, og ho vart med det òg den einaste kvinna som hadde sete i heradsstyre i Fjotland. I 1963 vart Fjotland ein del av den nye storkommunen Kvinesdal, og difor vart også vallistene slått saman i 1962. Dermed hamna Anne Malene på 26. plass på lista og vart dermed ikkje ei av dei som fekk plass i det nye kommunestyret.[7]

Ho var likevel ikkje ferdig i politikken. Ho vart einaste politisk valde medlem som satt i helserådet saman med distrikslegen og formannskapet. I tillegg fekk ho plass som ein av fire i «Edruelighetsnemnd».[8]

1. juli 1961 vart Anne Malene tildelt kongens fortenestemedalje for si tru teneste som telefonstasjonstyrar på Risnes. Anne Malene sin innsats under krigen blei òg nemnd under tildelinga, ho vart skildra som hjelpsom og ei som alle kjende.[9]

I 1971 overlot ho ansvaret for postkontoret til dottera Anne Tonette.[10]

Referansar

  1. Jerstad, Johan & Veggeland, Tor: Gards og ættesoge: Fjotland, 1979, Digital versjonNettbiblioteket, side 637-338
  2. Fædrelandsvennen (21. desember 1961) Kongens fortjenestemedalje til telefonbestyrerinne i Fjotland, Digital versjonNettbiblioteket, side 2
  3. Agder (9. januar 1950) Fjotland heradstyre, Digital versjonNettbiblioteket, side 3
  4. Agder (5. oktober 1955) Fjotland, Digital versjonNettbiblioteket, side 2
  5. Fædrelandsvennen (16. november 1955) Val i Fjotland, Digital versjonNettbiblioteket, side 5
  6. Agder (14. april 1958) Frå Fjotland Kommunestyre, Digital versjonNettbiblioteket, side 4
  7. Agder (29. august 1962) Kr. Folkeparti ved kommunevalet i Kvinesdal, Digital versjonNettbiblioteket, side 2
  8. Fædrelandsvennen (11. desember 1962) Travelt møte i storkommunen Kvinesdal, side 12
  9. Agder (18. desember 1961) H. M. Kongens fortjenstmedalje til Fjotland, Digital versjonNettbiblioteket, side 2
  10. Geir (27. oktober 1980) Poståpnere i to generasjoner, Avisen Agder, Digital versjonNettbiblioteket, side 5

Litteratur og kjelder