Berge (Høyanger)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Berge i Høyanger kommune i Vestland fylke er ei bygd på nordsida av Høyangsfjorden. Gardane ligg 130-250 moh. på ein terrasse over ei stupbratt li.

Namnet «Berge» kjem av dativ for Berg. Genitivsforma er Ber(g)s som for eksempel Bergsvikja og Bergsvatnet.

Historiske skriveformer er Berghi (1344). I Vicentius Lunges Jordebok (1535[1]) brukast namnet Heanghrsbergh (1535), altså Høyangs-Berge, truleg for å skille frå andre stader i Sogn med same namnet.

Namnet vert tradisjonelt uttalt Berrje, moderne uttale er Berge.

Busetnad[endre | endre wikiteksten]

Bygda har 10 bruk fordelt på 3 gardar. Før utbygginga av Høyanger frå 1914 var Berge største bygda i Høyanger.

Dei tre gardane er alle nemnd før 1600. Ifølge tradisjonen er Indre Berge, gard nummer 55, den eldste garden. Ytre Berge, gard nummer 57, var muligens støl for Nordeide før han blei eigen gard. Nordeide var tidlegera berre kalla Eide, men Nord blei lagt til namnet for å skille det frå Sør Eide på sørsida av Sognefjorden. Vi finn framleis att Eide namnet i Eiesteigane og Eiesmyra. Øvre Berge, gard nummer 56, er yngste garden og blei skilt ut frå Indre Berge. Anders Berge er nemnd som øydegardsmann på Øvre Berge i 1603. Altså kan eit av bruka ha vore øydegard opp til rundt 1600, men ein må og merke seg at øydegard òg var ei eiga skatteklasse. I 1914 blir bruket Nyheim 56/3 skilt ut frå 56/1. Etter eit snøras i 1928 blir ikkje bruket bygd opp att.Tidlegare heitte staden Nykvia og det vart bruket heitande på folkemunne.

Gardane har teigar langs Bergsstronda på nordsida av Høyangsfjorden. Gardsnummer 58, Pylseteigen, ligg til bruk 55/5, men det har aldri vore busetnad her.

Fordelinga av utmarka på fjellet vart fastsatt av tingretten i 1690, men har truleg vore den same lenge før dette. Gard/bruksnr 55/1-5 og 57/3 har felles eigedom i utmarka under Skålebotnfjellet og Langfjellet og har støl på Karthaugane. 56/1-2 og 57/1-2 har felles eigedoma i utmarka i Bergsdalen, med tilhøyrande sommarsstøl i Steinkvia. Dei sistnemnde bruka hadde òg vår og haust støl på Oppheim og på Furuhaugane.

Det finst ikkje dateringar av busetnad eller gardsdrift på Berge. Bygda kan vere blant dei eldre busetnadene i Høyanger. Ein gjetnad er at det var busetnad før år 800.

Stiar og vegar

Historiske stiar og vegar til Berge i Høyanger. Kartet er teikna av Sverre Berge (1933-1993).

Fram til 1875 var det kun gangstiar til Berge. Frå Nordeide gardane gikk ein sti som endte opp på Trohaugen. Det gjekk og gangstiar opp frå Bergsvika til Ytre Berge. Stien som endte på Lassegarden har no jernstige opp frå Bergsvegen på Øvste Linja. Ein sti frå Svingskiva opp Nautedalen og mot Le og vidare mot Eiesmyra kan ha vore god nok til å trekke opp last på slede før Gamlevegen.

"Stigen" eller "Stejen" gjekk frå Furuhaugen opp til Sigurd myra på Indre Berge. Fram til 1855 måtte klatre i ein trestige opp eit stup på 10 meter. I 1855 fekk dei laga ei steinfylling slik at ei brur frå Øyra, «fekk gå på folkevis ved heimkoma si til Berge». Ein kan merke seg at Ragnhild Sjursdotter Øyra gifte seg med Ole Botolvson Berge i nettopp 1855.

Før det var veg blei bufe driven opp gjennom Nautedalen og opp til Ytre Berge. Det skal og ha vore modeleg å drive bufe eller fenad frå Strandsbøen opp Fenadsfletene til Indre Berge.

Gamlevegen blei bygd rundt 1875. Det var ein steinsett køyreveg frå Indre Berge ned til Bergsvik. Gamlevegen blei satt i samband med vegen mellom Klævold og Bergsvika som blei i bygd i 1880 åra. Standarden på vegen Klævold-Bergsvika var såpass dårleg at, når dei første bilane kom, var tilrådd fart 15 km/t.

Først i 1912 vart den første køyrevegen av betre standard bygd. Folket på Berge kosta halvparten av kostnaden på 12 000 kr. Dei kunne dermed køyre med hest og vogn til Kyrkjebø for å handle og gå i kyrkja. Bergingane var ikkje vant til å køyre i starten, det gjaldt å komme seg raskt ut av vegen, fordi dei køyrde fort, uøvd og uvørent.

Denne vegen blei utvida og møteplassar lagt til rundt 1970. Dette var naudsynt for å få fram tankbilar med mjølk frå bygda. I dag er mjølkebilen tyngre, breiare og lengre og sjølv røynde sjåførar kan kvi seg for å møte mjølkebilen sommar som vinter. Ytste svingen lyt sjåførane ta i to operasjonar. Sjølv om det er vakker utsikt, køyrer dei nok med hjartet i halsen innimellom.

Bakgrunnstoff

Nykvia gard 56/3.

Referansar

  1. Jordebog over Hr. Vincentius Lunges Gods i Norge omlag 1535